Årsstudium i medievitskap
Programmet tilbys av
Introduksjon
Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse og omtale av medieinstitusjonane og av forholdet mellom publikum og medieinnhald og mellom media og samfunnet.
Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år (60 studiepoeng). Du tek til saman 30 studiepoeng kvart semester. Du kan studere alle opne emne innan samfunnsfaga våre.
Det er tre måtar å fylle eit årsstudium på:
- Du kan studere emne frå eitt fag.
- Du kan setje saman emne som gir deg undervisningskompetanse i eit fag i vidaregåande skole.
- Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen.
Målgruppe
Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet? Eit årsstudium i samfunnsvitskaplege fag er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå. Dersom du ønskjer eit lengre studium bør du velje eit bachelorprogram.
Årsstudiet i medievitskap gir undervisningskompetanse i ungdomsskulen og i vidaregåande skule i medievitskap dersom du fyller eit heilt år med tilrådde emne frå faget .
Studievegar
Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei «frie» bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei «frie» bachelorprogramma.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudiet i medievitskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Ei liste over poenggrensene for 2009 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak"
Antall studieplasser
20 (Talet på studieplassar kan bli justert).
Meir informasjon
studierettleiar.svfa@uib.no / 55 58 98 50
Institutt for informasjons- og medievitskap:
studierettleiar@media.uib.no / 55 58 91 00
For meir informasjon om emne, sjå studentportal.uib.no/studietilbod/sv
Mål og innhald
Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse av medieinstitusjonane og mediene sine tekstar, av forholdet mellom publikum og medieinnhald, og mellom medier og samfunn. I medievitskap kombinerer ein sosiologiske og statsvitskaplege perspektiv på massemediene med kultur- og tekstanalytiske perspektiv.
Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling. Mediene inngår i våre daglegliv, dei overskrir tradisjonelle sosiale skiljeliner og utfordrar etablerte skilje mellom elite- og populærkultur - med konsekvensar for identitetsdanning, kunnskapsnivå og høve til å delta aktivt i samfunnslivet. Eit sentralt utviklingstrekk i dag er konvergens mellom tradisjonelle medieteknologiar, telekommunikasjon og datateknologi. Mediene si rolle i offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar vert endra gjennom framveksten av nye kommunikasjons- og samhandlingsformer.
Dei samfunnsmessige konsekvensane av digitale teknologiar stiller medievitskapen overfor nye faglege utfordringar. I tillegg til massemediene si formidling mogleggjer interaktive medier og digitale nettverk tilgang til kulturprodukt og kunnskapsbasar i hittil ukjent skala. Mediene overskrir nasjonale grenser og er sentrale aktørar i ulike moderniseringsprosessar. Gjennom årsstudiet i medievitskap vert kunnskap om mediene sine historiske og samfunnsmessige vilkår mobilisert i ein analyse av mediene si rolle i dagens samfunn.
Eit årsstudium gir ikkje nokon form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd emnesamansetjing:
1.semester:
2. semester
Yrkesvegar
Eit årsstudium i medievitskap gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde. Eit fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i medievitskap, noko som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i medievitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Det er flere måter å sette opp et årsstudium på. Årsstudium med spesialiseringsemner anbefales studenter med tidligere studieerfaring (minst 10 studiepoeng fra universitet eller høyskole). Årsstudium med innføringsemner og Ex.phil anbefales studenter uten tidligere studieerfaring. Du kan også velge fritt blant åpne emner ved UiB som til sammen utgjør 60 studiepoeng. Veivalget kan endres senere dersom du ombestemmer deg. | ||||||||||||
| Emneval for årsstudium i medievitskap (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Følgjande emne gir undervisningskompetanse i informasjons- og medievitskap og opptaksgrunnlag til PPU: MEVI101, MEVI102, MEVI103 og MEVI104. Merk at: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU. | ||||||||||||
| Årsstudium med spesialiseringsemne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| MEVI103 | Medietekster: teori og analyse | 15 | 1-2 | 1 | ||||||||
| MEVI104 | Medier, representasjon og identitet | 15 | 1-2 | 1 | ||||||||
| MEVI101 | Medier: institusjonar og historie | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| MEVI102 | Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| Årsstudium med innføringsemne og Ex.phil. (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Anbefales studenter uten tidligere studieerfaring | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-SVEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| MEVI100 | Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| SV100 | Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| MEVI101 | Medier: institusjonar og historie | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| MEVI102 | Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng (krav: 60 SP) | ||||||||||||