Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Årsstudium i samfunnsøkonomi

ingressbilde

Introduksjon

Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr.

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år (60 studiepoeng). Du tek til saman 30 studiepoeng kvart semester. Du kan studere alle opne emne innan samfunnsfaga våre.

Det er tre måtar å fylle eit årsstudium på:

  1. Du kan studere emne frå eitt fag.
  2. Du kan setje saman emne som gir deg undervisningskompetanse i eit fag i vidaregåande skole.
  3. Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen.

Målgruppe

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet? Eit årsstudium i samfunnsvitskaplege fag er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå. Dersom du ønskjer eit lengre studium bør du velje eit bachelorprogram.

Årsstudiet i samfunnsøkonomi gir undervisningskompetanse i ungdomsskulen og i vidaregåande skule i samfunnsøkonomi dersom du fyller eit heilt år med tilrådde emne frå faget .

Studievegar

Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei «frie» bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei «frie» bachelorprogramma.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i samfunnsøkonomi

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ei liste over poenggrensene for 2009 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak"

Antall studieplasser

20 (Talet på studieplassar kan bli justert).

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/okonomi eller ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for økonomi
studierettleiar@econ.uib.no
55 58 92 00

Mål og innhald

Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å kunne auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte, kort sagt korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere!

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, til kva som ut frå bestemte føresetnader er «rett» billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysere slike problemstillingar og løyse dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar - i privat næringsliv, offentleg verksemd og i internasjonale organisasjonar.

Studiet bygger på eksisterende kurs og kan bygges videre ut og inngå som spesialisering i en bachelorgrad i samfunnsøkonomi. Det tilbys to varianter av årsstudier i samfunnsøkonomi der ett av de kan gi undervisningskompetanse i samfunnsøkonomi i videregående skole.

Rekkefølje for emne i studiet

Tilrådd emnesamansetjing:

ECON110, 130, 140, 210, 230 og 240 eller 10 studiepoeng valfrie emne i samfunnsøkonomi.

Delstudium i utlandet

Årsstudium opner ikkje for muligheiter til å ta delar av studiet i utlandet.

ÅRSV-SØK/Årsstudium i samfunnsøkonomi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Årsstudium i samfunnsøkonomi (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON100 Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi 10 1
ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori 10 2
ECON130 Makroøkonomi I 10 2
ECON140 Matematikk for økonomer 10 2
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON160 Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk 10 1
ECON121 Helseøkonomi 10 1
ECON115 Utviklingsøkonomi I 10 1