Hjem

Utdanning

Årsstudium

Årsstudium i sosialantropologi

Introduksjon

Introduksjon

Sosialantropologi er eit samanliknande studium av kultur og samfunn. Antropologar studerer mellom anna sosiale fellesskap, rituelle handlingar, etniske grenser, politiske konfliktar og relasjonar mellom natur og samfunn.

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år (60 studiepoeng). Du tek til saman 30 studiepoeng kvart semester. Du kan studere alle opne emne innan samfunnsfaga våre.

Det er tre måtar å fylle eit årsstudium på:

  1. Du kan studere emne frå eitt fag.
  2. Du kan setje saman emne som gir deg undervisningskompetanse i eit fag i vidaregåande skole.
  3. Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen.

Målgruppe

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønsker du å studere samfunnsvitskaplege fag i eitt år? Vil du ha undervisningskompetanse i eit nytt fag?

Eit årsstudium i samfunnsvitskaplege fag er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå. Dersom du ønskjer eit lengre studium bør du velje eit bachelorprogram.

Årsstudiet i sosialantropologi gir undervisningskompetanse i ungdomsskulen og i vidaregåande skule i samfunnsfag og samfunnskunnskap dersom du fyller eit heilt år med tilrådde emne frå faget .

Kva kan du bli

Studievegar

Undervisningskompetanse

Dei fleste samfunnsvitskaplege faga gir undervisningskompetanse dersom du fyller eit heilt år med anbefalte emne frå det aktuelle faget.

Følgande samfunnsvitskaplege fag gir undervisningskompetanse i ungdoms- skolen og i vidaregåande skole i samfunnsfag og samfunnskunnskap: administrasjon og organisasjonsvitskap, samanliknande politikk, sosialantropologi og sosiologi.

Følgande samfunnsvitskaplege fag gir undervisningskompetanse i sine fag: geografi, informasjonsvitskap, medievitskap og samfunnsøkonomi.

Vidare studium

Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt. Dette gjeld spesielt for dei bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet. Når du er tatt opp på eit årsstudium er det mogleg å søke intern overgang til fleire samfunnsvitskaplege bachelorprogram. Viss du vil bli lærar, kan du etter fullført bachelorgrad (med to undervisningsfag) ta påbyggingsstudium i praktisk pedagogikk (PPU).

Oppbygging

Oppbygging

 1. semester:

SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon (15 studiepoeng)

SANT105 Maktas uttrykk og løyning (15 studiepoeng)

2. semester:

SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv (15 poeng)

SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 poeng)

For studentar som ikkje ønskjer undervisningskompetanse anbefalast følgjande kurs i første semester (haust):

SANT100 Invitasjon til sosialantropologi (10 studiepoeng), Ex.phil (10 studiepoeng) og

SV100 Samfunnsvitskapelig tenkjemåtar (10 studiepoeng) 

Emnesamansetjing for undervisningskompetanse i samfunnsfag

Kvalifikasjonsgrunnlaget for samfunnsfagsdidaktikk i den praktisk-pedagogiske utdanninga ved UiB er som fylgjer:

Alternativ 1

Studenten tar 60 studiepoeng fordjuping innan eit av fylgjande fagområde. Kravet til kombinasjon av emne tilsvarar årsstudiet i faget :

Årsstudium i administrasjon og organisasjonsvitskap

Årsstudium i samanliknande politikk

Årsstudium i sosiologi

Årsstudium i sosialantropologi

Alternativ 2

Studenten tar 30 studiepoeng fordjuping innan eitt av faga:

Samanliknande politikk: (vel emne som samla blir minst 30 studiepoeng): SAMPOL105, SAMPOL106, SAMPOL107 og MET102

Sosiologi: (vel 2 emne): SOS101, SOS103 og MET102

Administrasjon og organisasjonsvitskap: (vel 2 emne): AORG104, AORG103, AORG107 og AORG101/MET102 (AORG101 og MET102 kan inngå i fordjupinga, men berre eit av emna)

Sosialantropologi (vel 2 emne): SANT102, SANT103, SANT104 og SANT105

I tillegg kan studenten fritt velja 30 studiepoeng frå emne som inngår i fylgjande årsstudier:

Årsstudium i administrasjon og organisasjonsvitskap

Årsstudium i samanliknande politikk

Årsstudium i sosiologi

Årsstudium i sosialantropologi

I tillegg vert fylgjande emne i samfunnsøkonomi godtekne: ECON110 (10 sp), ECON130 (10 sp), ECON210 (10 sp) og ECON230 (10)

Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.

Årsstudium i sosialantropologi (krav 60 SP)
Emnevalg årsstudium i sosialantropologi (krav 60 SP)
Det er flere måter å sette opp et årsstudium på. Årsstudium med spesialiseringsemner anbefales studenter med tidligere studieerfaring (minst 10 studiepoeng fra universitet eller høyskole). Årsstudium med innføringsemner og Ex.phil anbefales studenter uten tidligere studieerfaring. Du kan også velge fritt blant åpne emner ved UiB som til sammen utgjør 60 studiepoeng. Veivalget kan endres senere dersom du ombestemmer deg.
Årsstudium med spesialiseringsemner (krav 60 SP)
Emnesamansetjinga kvalifiserer til opptak til samfunnsfagdidaktikk (gir undervisningskompetanse).
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
SANT102Sosialt liv i globalt perspektiv151–22
SANT103Materialitet: miljø, stad og økonomi151–22
SANT104Culture, Meaning and Communication151–21
SANT105Makt: uttrykk og tilsløring151–21
Årsstudium med innføringsemne og Ex.phil. (krav 60 SP)
Anbefales studenter uten tidligere studieerfaring
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-SVEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101
SANT100Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi101
SANT150Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar101–21
SANT102Sosialt liv i globalt perspektiv151–22
SANT103Materialitet: miljø, stad og økonomi151–22
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng (krav 60 SP)
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudiet i sosialantropologi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184367

Kontakt

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/samfunn eller ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 94 51 / 55 58 98 50

Institutt for sosialantropologi
studierettleiar@sosantr.uib.no
55 58 92 50