Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Årsstudium i utviklingsstudiar

ingressbilde

Introduksjon

Utviklingsstudiar gir ei innføring i problemstillingar som gjeld sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske endringsprosessar i utviklingsland.

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år (60 studiepoeng). Du tek til saman 30 studiepoeng kvart semester. Du kan studere alle opne emne innan samfunnsfaga våre.

Det er tre måtar å fylle eit årsstudium på:

  1. Du kan studere emne frå eitt fag.
  2. Du kan setje saman emne som gir deg undervisningskompetanse i eit fag i vidaregåande skole.
  3. Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen.

Målgruppe

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet? Eit årsstudium i samfunnsvitskaplege fag er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå. Dersom du ønskjer eit lengre studium bør du velje eit bachelorprogram.

Studievegar

Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei «frie» bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei «frie» bachelorprogramma.

Oppbygging

Årsstudiet har oppstart kvar haust og går over to semester. Studentane følgjer eit felles opplegg. I det første semesteret tek studentane (1) examen philosophicum , (2) det tverrfaglege innføringsemnet; global utvikling (GLOB101) og (3) utviklingsøkonomi (ECON115), det første av i alt fire emne ("menyfag") frå ein meny av utviklingsrelaterte emne frå kvart enkelt deltakande institutt. I det andre semesteret tek alle studentane dei tre resterande menyfaga.

Årsstudiet omfattar utvalde disiplinbaserte emne (alle på 10 studiepoeng) frå dei fire medverkande faga; geografi, sosialantropologi, statsvitskap (administrasjon og organisasjonsvitskap) og økonomi. Innføringsemnet "global utvikling" blir gjennomført med forskingsbaserte bidrag frå alle dei fire faga. Menyfaga utgjer følgjande utval frå dei involverte institutta:

Administrasjon og organisasjonsvitskap: Emnet "stat og forvalting i utviklingsland" (AORG208) på 200-nivå er tilgjengeleg kvart vårsemester.

Geografi: Emnet "ressursforvalting og utvikling i den tredje verda" (GEO131) er tilgjengeleg på 100-nivå kvart vårsemester.

Sosialantropologi: Instituttet har to emne på 200-nivå kvart semester. Dei er basert på ein portefølje som omfattar totalt åtte forskingsbaserte fordjupingsemne som fokuserer på kultur- og samfunnsvariasjon i verda og på globaliseringsproblematikk. Fem av desse 200-emna (med komparativt fokus på religion, økonomi, nasjonalisme, makt og globalisering) inngår i menyen til studieprogram i utviklingsstudiar. For studentar med spesielle regionale interesser, kan ein alternativt vurdere å godkjenne to av instituttets regionaletnografiske emne (bl.a. Midtausten, Afrika, Søraust-Asia, Oseania) på 100-nivå. To av desse (kvart på 5 studiepoeng) er tilgjengelege kvart semester.

Økonomi: Emnet "utviklingsøkonomi" (ECON115) er tilgjengeleg på 100-nivå kvart haustsemester. Ein treng ikkje forkunnskapar i økonomi for å ta dette emnet.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i utviklingsstudiar

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ei liste over poenggrensene for 2009 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak"

Antall studieplasser

20 (Talet på studieplassar kan bli justert).

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/samfunn eller ta kontakt med studierettleiar på Institutt for sosialantropologi:

studierettleiar@sosantr.uib.no

Omfang

Studiet er eittårig (60 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Studiet sin overordna målsetting er å gi ei forskingsbasert innføring i studiet av problemstillingar knytt til sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske endringsprosessar i såkalla utviklingsland eller land i sør. Utviklingsstudiar er eit hovudsatsingsområde for Universitetet i Bergen, og dette årsstudiet skal gi studenten innsikt i ulike samfunnsvitskaplege fag sine tilnærmingar til denne spanande, globalt orienterte forskingstematikken. Undervisninga gjennomførast av erfarne utviklingsforskarar frå geografi, sosialantropologi, statsvitskap (administrasjon og organisasjonsvitskap) og økonomi, og det er eit uttrykt mål at studenten frå starten av skal engasjerast i tverrfaglege resonnement gjennom eksponering for aktuell forsking frå dei ulike fagdisiplinar og for dialog mellom faga sine perspektiv.

Årsstudiet sitt studieløp består av utvalte disiplinbaserte emne (alle på 10 studiepoeng) frå dei fire medverkande faga; geografi, sosialantropologi, statsvitskap (administrasjon og organisasjonsvitskap) og økonomi. Innføringsemnet "Global utvikling (GLOB101)" vert gjennomført med forskingsbaserte bidrag frå alle fire fag.

Menyfaga er eit utval frå dei involverte institutta:

Administrasjon og organisasjonsvitskap: Emnet "Stat og forvaltning i utviklingsland (AORG208)" vert tilbudd på 200-nivå kvart vårsemester.

Geografi: Emnet "Ressursforvaltning og utvikling i den tredje verden (GEO131)" vert tilbudd på 100-nivå kvart vårsemester.

Sosialantropologi: Emnet "Anthropology, intervention and development (SANT220)" vert tilbudd på 200-nivå kvart vårsemester. Emnet føreset ikkje forkunnskapar i sosialantropologi.

Økonomi: Emnet "Utviklingsøkonomi (ECON115)" vert tilbudd på 100-nivå kvart haustsemester. Emnet føreset ikkje forkunnskapar i økonomi.

Målgruppe
Årsstudium er eit søknadsalternativ for deg som berre har tenkt å studere fag ved Universitetet i Bergen i eitt år og som ikkje har planar om å ta ein grad. Årsstudiet kan også vere eit alternativ for deg som ønskjer å studere nokre fagemne for å supplere ei allereie påbegynt utdanning.

Læringsutbyte/resultat

Etter årsstudium i utviklingsstudiar skal studenten ha tileigna seg innsikt i globale utviklingsprosessar sett ut ifrå dei fire fagdisiplinane: geografi, sosialantropologi, statsvitskap eller økonomi. Studenten skal særleg ha utvikla ei forståing av utviklingsproblematikk knytt til, til dømes, fattigdom, miljø, kulturell identitet, kunnskap og demokrati. Studenten har opparbeidd kjennskap til korleis globale prosessar påverkar lokal utvikling og korleis ulike samfunn møter globale utfordringar og endring.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Rekkefølje for emne i studiet

1. semester:

GLOB101 (10 sp)

Ex.phil (10 sp)

ECON115 (10 sp)

2. semester:

GEO131 (10 sp)

AORG106 (10 sp)

SANT220 (10 sp)

Delstudium i utlandet

Årsstudium opnar ikkje for moglegheit til å ta deler av studiet i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nytter i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og munnleg eksamen

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)

Kompetanse for vidare studium

Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei "frie" bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet. Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei "frie" bachelorprogramma.

Yrkesvegar

Gjennomført årsstudium vil vere relevant for arbeid i norske og internasjonale organisasjonar og offentlege etatar som arbeider med bistand og utvikling.

Evaluering

Evalueringa av årsstudiet er regulert gjennom generelle kvalitetssikringsrutinar. Emna som inngår i studiet blir evaluert av studentar og faglærarar regelmessig.

Adminstrativ ansvarleg

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: post@sosantr.uib.no

Heimeside: http://www.uib.no/antro

Telefon (+47) 55 58 92 50

Faks: (+47) 55 58 92 60

ÅRSV-UTVIK/Årsstudium i utviklingsstudiar
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Årsstudium i utviklingsstudiar (krav: 60 SP)
Årsstudium i utviklingsstudiar fører ikkje fram til undervisningskompetanse og gir dermed ikkje opptaksgrunnlag til PPU i samfunnsfagdidaktikk ved Universitetet i Bergen.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
GLOB101 Examen facultatum - Global utvikling 10 1
ECON115 Utviklingsøkonomi I 10 1
GEO131 Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden 10 2
SANT220 Anthropology, Intervention and Development 10 2
AORG106 Stat og forvaltning i utviklingsland 10 2
Valfrie emne (krav: 60 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng