Hjem

Politikk og forvaltning, årsstudium

Politikk og forvaltning er studiet av politikk og demokrati, av rollene til stat og forvaltning, og av det organiserte samfunnslivet generelt.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar25
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Årsstudiet i politikk og forvaltning  gir 60 studiepoeng fordelt på to semester.  Det er eit spesialisert statsvitskapleg fag der du lærer om samanhengen mellom politikk, forvaltning og organisering i demokratiet. Du får grunnleggande forståing for sentrale tema innanfor statsvitskapen.  

Vi er opptatt av samfunnet si politiske organisering og styringsformer, korleis grunnlaget deira vert utvikla og endra, og kva slags konsekvensar dette har. Vi drøftar for eksempel 

  • korleis utforme og sette i verk offentleg politikk? 
  • Korleis blir innhald og organisering av offentleg politikk til? 
  • Kva konsekvensar har innhald og organisering av offentleg politikk for verdifordelinga i samfunnet? 

På årsstudiet får du blant anna:  

  • kjennskap til sentrale idear, teoriar og kunnskapsområde innafor faget 
  • analytisk og metodisk kompetanse og forståing for ein vitskapleg arbeidsmåte 
  • ei kritisk haldning til forskingsresultat og samfunnsdebattar 

Studiekvardag 

Årsstudiet i politikk og forvaltning er eit studium på fulltid. Det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupperkan du i ei vanleg veke ha 10-12 timar med forelesingar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.  

 Du vil høyre til Det samfunnsvitskapelege fakultet, der du finn både lesesalar, studentkafear og bibliotek. Undervisninga vil hovudsakleg gå føre seg i Laurits Meltzers hus (SV-bygget) og Ulrike Pihls hus.  

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet  

Kva kan du jobbe som? 

Årsstudiet passer for deg som vil utfylle tidlegare utdanning eller som vil studere i berre  eitt år. Spesialisering i politikk og forvaltning gir undervisningskompetanse i samfunnsfag i ungdomsskolen og vidaregåande skole.  

Årsstudiet er også eit viktig og nyttig springbrett inn i vidare utdanning og karrierevegar som krev kunnskap om politikk og samfunn og organisasjoner sin verkemåte.

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Årsstudium med innføringsemne passar for deg som ikkje har studert før. Dette er det same som første året i bachelorstudiet i politikk og forvaltning:  

1.semester 

  • GOV100 Innføring i politikk og forvaltning (20 studiepoeng) 
  • Examen philosophicum – EXPHIL-SVSEM seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS  skuleeksamen (10 studiepoeng) 

2.semester 

  • MET103 Kvalitative metodar (10 studiepoeng)  
  • GOV112 Organisasjonsteori (10 studiepoeng) 
  • GOV113 Norsk politikk (10 studiepoeng) 

Årsstudium med spesialiseringsemne passar for deg som har studert førog som vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse i samfunnsfag i ungdomsskolen og vidaregåande skole.  

1.semester 

  • GOV103 Norsk politikk (15 studiepoeng)
  • GOV107 EU og internasjonale organisasjoner (15 studiepoeng) eller GOV106 Rett og politikk (15 studiepoeng)

2.semester 

  • MET103 Kvalitative metodar (10 studiepoeng)
  • GOV112 Organisasjonsteori (10 studiepoeng) 
  • Eit valfritt GOV-emne på 200-nivå

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium. 

Vidare studiemoglegheiter

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i politikk og forvaltning. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter at du har fullført bachelorgraden, kan du gå vidare til masterprogrammet i politikk og forvaltning, Master`s Programme in Politics and Governance of Global Challenges eller masterprogrammet i samanliknande politikk

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 98 50 

E-post: studierettleiar.svfa@uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her