Årsstudium i informasjonsvitskap
Programmet tilbys av
Introduksjon
Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn.
Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år (60 studiepoeng). Du tek til saman 30 studiepoeng kvart semester. Du kan studere alle opne emne innan samfunnsfaga våre.
Det er tre måtar å fylle eit årsstudium på:
- Du kan studere emne frå eitt fag.
- Du kan setje saman emne som gir deg undervisningskompetanse i eit fag i vidaregåande skole.
- Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen.
Målgruppe
Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet? Eit årsstudium i samfunnsvitskaplege fag er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå. Dersom du ønskjer eit lengre studium bør du velje eit bachelorprogram.
Årsstudiet i informasjonsvitskap gir undervisningskompetanse i ungdomsskulen og i vidaregåande skule i informasjonsvitskap dersom du fyller eit heilt år med tilrådde emne frå faget .
Studievegar
Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei «frie» bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei «frie» bachelorprogramma.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudiet i informasjonsvitskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Ei liste over poenggrensene for 2009 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak"
Antall studieplasser
20 (Talet på studieplassar kan bli justert).
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/ikt eller ta kontakt med studierettleiar!
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar@info.uib.no
55 58 91 00
Studiestart
Årsstudium i informasjonsvitskap vil berre ha studiestart om våren f.o.m 2010. Det vil seie at opptak til årsstudium i informasjonsvitskap ikkje vil ha oppstart hausten 2010, men våren 2011.
Mål og innhald
Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Faget fokuserer på forholdet mellom teknologien og menneske som skaper og brukar kunnskapen og informasjonen. Informasjonsvitskap studerer dermed korleis handsaming av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av IKT, der IKT kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskiner, datanettverk eller Internettet. Sentrale oppgåver i informasjonsvitskap er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy.
Sidan kunnskap, informasjon og data er sentrale element i all forsking, er informasjonsvitskapen også til hjelp innanfor andre fagområde. I dei andre samfunnsvitskapane blir det nytta informasjonsvitskaplege metodar til for eksempel organisering, forvalting og analyse av store datamengder, som i nokre tilfelle også er generert av informasjonssystem gjennom simulering. Både humanistiske og andre samfunnsvitskaplege fag dreg nytte av informasjonsvitskapen, blant anna i samband med organisering og analyse av tekstar, bilete, lyd og video.
Eit årsstudium gir ikkje noko form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.
Opptakskrav
Det vert ikkje stilt formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse.
Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd emnesamansetjing:
INFO122, 123, 210, 214, 132, 102, 110, 114*
* det er berre mogleg å ta den tilrådde emnesamansetjinga som årsstudium med oppstart om våren.
Yrkesvegar
Årsstudiet gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde som er systemutvikling, datahandtering og programutvikling. Fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i informasjonsvitskap, som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i informasjonsvitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Emnevalg årsstudium i informasjonsvitenskap (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Følgjande emne gir undervisningskompetanse i informasjons- og medievitskap: INFO122, 123, 210, 214, 132, 102, 110 og 114. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| INFO132 | Grunnkurs i programmering | 10 | 2-3 | 2 | ||||||||
| INFO102 | Formelle metodar for informasjonsvitskap | 5 | 2-3 | 2 | ||||||||
| INFO110 | Informasjonssystem | 10 | 2-3 | 2 | ||||||||
| INFO114 | Den sosiale veven | 5 | 2-3 | 2 | ||||||||
| INFO122 | Innføring i databasehandsaming | 10 | 2-3 | 3 | ||||||||
| INFO123 | Utvalte emne i databasehandsaming | 5 | 2-3 | 3 | ||||||||
| INFO210 | Prosjekt i systemutvikling | 10 | 2-3 | 3 | ||||||||
| INFO214 | Systemutvikling | 5 | 2-3 | 3 | ||||||||