Hjem

Utdanning

Integrert master/Profesjonsstudium

Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør)

  • Lengde5 år
  • Studieplassar15
  • SpråkNorsk og engelsk.
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng300

Introduksjon

Introduksjon

Energisituasjonen i verda er i rask endring. Dagens energiforsyning og energibruk er det viktigaste bidraget til den globale oppvarminga. Skal vi halde oss under 2-gradarsgrensa må vi legge om energiforsyninga og energibruken vår.

I dette studiet får du innsikt i ulike energiressursar som er i bruk, korleis dei blir omforma og brukte. Du får òg innsikt i fornybare energikjelder som i dag gir eit lite bidrag til global energiforsyning, men som er i rask vekst, som for eksempel vindenergi, solenergi, biodrivstoff. Teknologiar som i liten grad er tatt i bruk, men som har vesentleg potensial, som for eksempel bølgeenergi, tidevassenergi, geotermisk energi, tar vi òg opp i studiet. Introduksjon av nye, fornybare energikjelder vil gi nye utfordringar til energisystemet med omsyn til blant anna leveringssikkerheit. I studiet vil du få innsikt i teknologiske, samfunnsmessige og miljømessige konsekvensar av vår bruk av ulike energikjelder.

Gjennom studiet opparbeider du deg solid kompetanse i grunnleggande realfag. Dette gir deg evne til å følge med i den hurtige energiomstillinga. I tillegg får du en breiddekunnskap som hjelper deg å sette energi inn i eit samfunnsmessig perspektiv.

Studiet gir deg moglegheit til både å velje grunnleggande naturvitskapelege fag og meir praktisk orienterte fag. Dette får vi til blant anna ved å samarbeide med Høgskulen på Vestlandet. I studiet er det òg lagt inn tid til praksis i ei bedrift.

Studiet gir deg sivilingeniørkompetanse. Det betyr at du i tillegg til dei grunnleggande realfaga òg får kunnskap innanfor fag som programmering, teknologileiing og økonomi og miljøfag. Masteroppgåva er eittårig, det gir deg moglegheit for fordjuping. Her kan du velje ei rein naturvitskapeleg, ei teknologisk eller ei meir samfunnsorientert oppgåve.

Sivilingeniør i energi

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Studiet gir sivilingeniørkompetanse med ein solid basis i det naturvitskapelege grunnlaget for å forstå energiressursar og energibruk. Det vil vere behov for denne kompetansen både i offentleg sektor (kommunar, fylke og stat) og privat sektor (energiselskap, konsulentselskap m.m.) og innanfor undervisning og forsking. Basiskompetansen gir deg eit grunnlag for å forstå og vere med i den hurtige energiomstillinga. Det allsidige grunnlaget som sivilingeniørkompetansen gir, vil opne for ei stor breidde i framtidige arbeidsstader og oppgåver.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Kandidaten:
- har solide, vitskapeleg funderte kunnskaper om ulike energiressurser, deira utnytting og ulemper
- har kunnskap om etiske og samfunnsmessige tema knytt til energiproduksjon og bruk
- har spesialisert kunnskap innan eitt eller fleire felt slik som, vindenergi, marin fornybar energi, solenergi, vasskraft, geotermisk energi, energilagring, systemanalyse, optimering og miljøkonsekvenser
- har ein solid basiskunnskap i fundamentale fag som matematikk og fysikk som legg eit godt grunnlag for kontinuerleg oppdatering og utviding av kompetansen på energiområdet

Ferdigheiter

Kandidaten:
- kan bruke moderne metoder innan fagfeltet og har evne til å sette seg inn i nye metodar

- kan, innan sitt spesialfelt, foreta avanserte analyser av til dømes ressurser, nyttbar ener systemverknad og miljøkonsekvenser
- kan planleggje og gjennomføre eitt forskingsprosjekt saman med veileder, men med stor grad av sjølvstendigheit
-har evne til å sette seg inn i tilgrensande fagområde og samarbeide med spesialistar innan deira fagområde

Generell kompetanse

Kandidaten:
- kan skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god naturvitskapeleg og teknologisk praksis
- kan setje fram og teste hypotesar og trekkje slutningar av eige arbeid med referansar til vitskapeleg li litteratur
- kan kritisk vurdere nye idear innan energiområdet, og sjølv bidra til utvikling av nye løysingar
- kan analysere og reflektere over aktuelle etiske problemstillingar knytt til energi
- demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Oppbygging

Oppbygging

1. semester (haust):
MAT111, INF109, ENERGI101

2. semester (vår):
MAT112, PHYS111, ING101

3. semester (haust):
GEOF105, PHYS113, KJEM110

4.semester (vår):
ENERGI230, MAT121, EX.PHIL-MNSEM

5.semester (haust):
GEOF210, MAT212, STAT110

6. semester (vår):
Valemne, Valemne, ENERGI240

7. semester (haust):

ENERGI220, Valemne, Valemne

8.semester (vår):

Valemne, Valemne, Masteroppgåve ENERGI399

9.semester (haust):
Valemne, Masteroppgåve ENERGI399I, Masteroppgåve ENERGI399

10.semester (vår):
Masteroppgåve ENERGI399, Masteroppgåve ENERGI399, Masteroppgåve ENERGI399

Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør) (krav 300 SP)
Innføringsemne (krav 20 SP)
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–62
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–62
Vel minst eit av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAT101Brukarkurs i matematikk I101–61
MAT111Grunnkurs i matematikk I101–61
Spesialisering i energi (Sivilingeniør) (krav 140 SP)
Obligatorisk emne
Teknologiledelse, økonomi og nyskaping (HVL)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ENERGI101Introduksjon til energikjelder og forbruk101–61
INF109Dataprogrammering for naturvitskap101–61
MAT112Grunnkurs i matematikk II101–82
PHYS111Mekanikk 1101–82
GEOF105Atmosfære- og havfysikk101–83
KJEM110Kjemi og energi101–83
PHYS113Mekanikk 2 og termodynamikk101–83
ENERGI230Miljø og energi101–84
MAT121Lineær algebra101–84
GEOF210Dataanalyse i meteorologi og oseanografi101–85
MAT212Funksjonar av fleire variable101–85
STAT110Grunnkurs i statistikk101–85
ENERGI240Praksisutplassering101–86
ENERGI220Energisystem og teknologi101–87
Masteroppgave (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ENERGI399IMasteroppgåve i energi608–108
Valgemner (krav 70 SP)
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

For utveksling er det mange relevante internasjonale universiteter som kan være aktuelle, bl.a. Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) i Stockholm og Carl von Ossietzky Universität Oldenburg. Listen over mulige utvekslingssteder vil tilpasses de aktuelle tema. Utenlandsopphold / bedriftsutplassering vil fortrinnsvis bli innpasset i studiets 4. eller 5. år da studenten kan koples til større prosjekt som helt eller delvis foregår hos utenlandske samarbeidspartnere. Disse kan også gi medveiledning, selv om ansvar for definisjon av masteroppgaven og hovedveiledningsansvar ligger på veileder i Bergen. Ved å legge utveksling til siste del av det integrerte studiet, vil studenten ha tilstrekkelige forkunnskaper til å kunne ha større nytte av spesialisert kompetanse og fasiliteter på utvekslingsstedet. Dette bidrar til å holde høy kvalitet.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april. For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars. Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider (http://www.samordnaopptak.no) Søk opptak til Universitetet i Bergen og til Integrert master i energi (siv.ing). 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse samt Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.
Opptakskode: SIVING

Tilrådde forkunnskapar

Valgemne Teknologi og forskningslære i videregående skole vil være relevant og nyttig, men ikke et krav.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. Studieprogrammet integrert master i Energi (siv.ing) er ikkje ope for overgang frå andre studieprogram.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

About the programme

Søkerkode i Samordna opptak
184769

Les heile studieplanen

Contact

Geofysisk institutt

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@mnfa.uib.no

55 58 30 30