Hjem

Utdanning

Integrert master/Profesjonsstudium

Integrert masterprogram i medisinsk teknologi (sivilingeniør)

  • Studiepoeng300
  • PoenggrenseNYTT
  • Lengde5 år
  • Studieplassar15
  • StudiestartHaust
  • SpråkNorsk og Engelsk
  • StudieplanLes studieplan

Introduksjon

Introduksjon

Framtidige helsetenester blir utvikla i samspel mellom medisin og ny teknologi for identifisering av risiko, forstadia og tidlige stadium av sjukdom og moglegheit for meir persontilpassa behandling av sjukdom.

Ny teknologi gir store moglegheiter for utvikling i helsesektoren, men også store utfordringar ved aukande gap mellom etablerte fagutdanningar og nødvendig kompetanse for å kunne utnytte dei moglegheitene som ny teknologi opnar for.

Utdanning i medisinsk teknologi møter desse utfordringane ved at kunnskap frå teknologiske disipliner for fysikk, matematikk, kjemi og data-analyse blir integrert med kunnskap frå medisin og helsefag.

Studieprogrammet kombinerer tverrfagleg kompetanse med moglegheit for spesialisering og representerer derfor ein unik moglegheit til å vere med å prege det framtidige helsevesenet.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Helsesektoren og farmasøytisk industri har i aukande grad behov for teknologar med kompetanse i skjæringspunktet mellom teknisk utstyr, behandlingsmetodar, helsepersonell og medisinsk teknologi og utvikling. Kandidatar med integrert master i medisinsk teknologi (sivilingeniør) vil vere kvalifisert for jobb innan sjukehussektoren, farmasøytisk industri og annan teknologisk industri.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved gjennomført program ha læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Har betydelege basiskunnskapar i dei matematisk-naturvitskaplege emna matematikk, fysikk, kjemi, statistikk og informatikk som dannar grunnlaget for dei teknologiske og avanserte emna i begge spesialiseringane (kjemi og fysikk) i medisinsk teknologi.
  • Har inngåande kunnskapar innan eit eller fleire av dei faglege områda: signalopphav, avansert simulering og dataprosessering, instrumentering for kjemisk analyse og syntese, syntese av legemidler, teknologi for diagnose og strålebehandling.
  • Har kunnskapar om dei utfordringar og mogelegheiter som fins mellom teknologi og etikk, datatryggleik, økonomi og samfunn.

Ferdigheter

Kandidaten

  • Kan analysere og identifisere utferdingar og problemstillingar innan utvalt områder i medisinsk teknologi
  • Kan bidra med utviklingsarbeid i teknologi og metodar som vert nytta innan utvalde fagområde innan medisinsk teknologi
  • Kan planlegge eksperiment og gjere kvantitative berekningar og analyser av store datamengder relatert til medisinsk diagnose og behandling
  • Kan skildre og nytte teknologi som er viktig i medisinsk teknologi og tilgrensande fagområde
  • Kan kommunisere og samarbeide med andre yrkesgrupper innan medisinske fag

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan nytte sine ferdigheter og kunnskapar på ein nyskapande måte i avanserte vitskapelege studiar, arbeidsprosesser og prosjekt
  • Har kjennskap til vitskaplege metodar som er naudsynte i støtte til vitskapelege studium og analyser
  • Kan kommunisere skriftleg og munnleg om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar med både fagspesialistar og i popularisert form
  • Kan bidra til nytenking og innovasjon i utviklinga av ny mogeleggjerande teknologi (emerging technology) for medisinsk diagnose og terapi
  • Vise forståing og respekt for verdiar som etikk, openheit, presisjon og pålitelegskap
  • Kan jobbe sjølvstendig og i grupper med avanserte vit

Oppbygging

Oppbygging

Studieretning Kjemi

1. semester (haust):
PHYS101 MAT101 MTEK100

2. semester (vår):
KJEM110 PHYS102 MAT102

3. semester (haust):
KJEM120 INF109 BER105*

4.semester (vår):
MAT121 KJEM130 EXPHIL

5.semester (haust):
KJEM225 KJEM131 ING101*

6. semester (vår):
KJEM250 KJEM140 KJEM260

7. semester (haust):

KJEM230 PHYS225 KJEM231/MTEK300

8.semester (vår):

MTEK399 MTEK320 KJEM334/MTEK300

9.semester (haust):
Masteroppgåve MTEK399 og eit tilrådd valemne

10.semester (vår):
Masteroppgåve MTEK399

* Undervises ved Høgskulen på vestlandet

 Studieretning fysikk

 1. semester (haust):
PHYS101 MAT101 MTEK100

2. semester (vår):
KJEM110 PHYS102 MAT102

3. semester (haust):
KJEM120 INF109 BER105*

4.semester (vår):
MAT121 PHYS114 EXPHIL

5.semester (haust):
KJEM225 PHYS119 ING101*

6. semester (vår):
PHYS212 PHYS231 PHYS291

7. semester (haust):

PHYS116 PHYS225 PHYS213

8.semester (vår):

MTEK399 PHYS227 PHYS271

9.semester (haust):
Masteroppgåve MTEK399 og eit tilrådd valemne

10.semester (vår):
Masteroppgåve MTEK399

* Undervises ved Høgskulen på vestlandet

Integrert masterprogram i medisinsk teknologi (sivilingeniør) (krav 300 SP)
Innføringsemne (krav 20 SP)
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–71
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–71
Fellesemne spesialisering (krav 120 SP)
Obligatorisk emne
Anatomi og fysiologi
Teknologiledelse, økonomi og nyskaping (HVL)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF109Dataprogrammering for naturvitskap101–73
KJEM110Kjemi og energi101–72
KJEM225Planlegging av eksperiment og analyse av fleirvariable data101–75
MAT121Lineær algebra101–74
PHYS225Måleteknologi101–87
KJEM120Grunnstoffenes kjemi101–73
PHYS101Grunnkurs i mekanikk og varmelære101–71
PHYS102Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk101–72
MAT102Brukarkurs i matematikk II101–72
MTEK100Medisinsk teknologi i praksis101–71
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MTEK399Masteroppgåve i medisinsk teknologi608–108
Fordjupning spesialisering (krav 300 SP)
Studieretning i fysikk (krav 300 SP)
Spesialisering i fysikk (Sivilingeniør) (krav 90 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
PHYS114Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk101–84
PHYS116Signal- og systemanalyse101–87
PHYS227Laboratoriekurs i instrumentering og prosessregulering101–88
PHYS271Akustikk101–88
PHYS119Moderne fysikk II101–85
PHYS212Fysikk i medisinsk diagnostikk101–86
PHYS231Strålingsfysikk101–86
PHYS291Databehandling i fysikk101–86
PHYS213Medisinsk fysikk i stråleterapi101–87
Valemne (krav 10 SP)
Du vel 10 SP i samråd med rettleiar
Studieretning i kjemi (krav 300 SP)
Spesialisering i kjemi (Sivilingeniør) (krav 90 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
KJEM260Radiokjemi og radioaktivitet101–86
KJEM131Organisk syntese og analyse101–85
KJEM140Molekylær fysikalsk kjemi101–86
KJEM230Analytisk organisk kjemi101–87
KJEM250Analytisk kjemi101–86
KJEM130Organisk kjemi101–84
MTEK320Flow kjemi og teknologi101–88
Vel minst eit av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
KJEM231Vidaregåande organisk kjemi101–87
KJEM333Organisk massespektrometri101–87
KJEM334Syntese og retrosyntese151–88
MTEK300Kjemisk analyse av legemidler, råvarer og legemidler i biologisk materiale101–88
Valemne (krav 10 SP)
Du vel 10 SP i samråd med rettleiar
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Det er tilrettelagt for utveksling gjennom utvekslingsavtaler ved Kjemisk institutt (KI) og Institutt for fysikk og teknologi (IFT) i 6. semester i utlandet med forhåndsgodkjente emner som erstatter obligatoriske emner i studiet. For studenter ved Integrert master i medisinsk teknologi vil avtaleuniversitetene i Heidelberg (fysikk), Manchester (kjemi) og Århus (kjemi) være spesielt aktuelle, men også andre universiteter som de to instituttene har avtale med, vil være aktuelle.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april. For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars. Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider (http://www.samordnaopptak.no) Søk opptak til Universitetet i Bergen og til Integrert master i medisinsk teknologi (siv.ing). 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse samt opptakskode SIVING: Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskapar frå vidaregåande skule i matematikk, fysikk og kjemi er ei føremon.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. Studieprogrammet integrert master i medisinsk teknologi (siv.ing) er ikkje ope for overgang frå andre studieprogram.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184783

Kontakt

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@mnfa.uib.no

55 58 30 30