Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i litteraturvitskap

ingressbilde

Introduksjon

Kva er litteratur? Kvifor forandrar den seg? Kvifor er så få litterære meisterverk skrivne av kvinner? Kva las ein før romanen oppstod? Kan dikting medverke til å forandre verda?

Litteraturvitskap er eit studium for alle som liker å lese, men særleg for dei som liker å tenkje over og diskutere med andre det dei les. Studiet tek deg med på ei fascinerande reise i bøkene si verd - ei reise som går på kryss og tvers i historia og i geografien, for her studerer du litteratur frå fleire land og epokar.

Du vil òg lære å reflektere over dei store spørsmåla som har blitt stilt til diktekunsten opp gjennom tidene. Både spørsmåla, og svara som blir gitt, har endra seg heile vegen frå antikken og fram til i dag. Når du lærer om for eksempel Platon eller Nietzsche sitt syn på diktinga, får du eit betre grunnlag for å gjere deg eigne tankar om kva litteratur er og kva han kan brukast til.

Studievegar

Bachelor

I det treårige studiet spesialiserer du deg i litteraturvitskap.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i litteraturvitskap. Ved påbygging til mastergrad kan du kvalifisere deg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Forsking

Fagmiljøet i litteraturvitskap har kompetanse på ei rekke ulike sjangrar, epokar, forfattarskap og litteraturteoretiske problemområde. Eit større forskingsprosjekt handlar om forholdet mellom litteratur og lov og rett.

Sjå også desse studia

Framandspråk, nordisk, gresk, latin, retorikk, kjønns-studium, digital kultur.

Visste du at ...

Ordet «litteratur» kjem frå det latinske «littera», som betyr bokstav, og hadde opphavleg ikkje noko med det vi no kallar for «skjønnlitteratur» å gjere. Dagens skilje mellom tekstar som er litterære, og dei som ikkje er det, oppstod først med Romantikken for om lag 200 år sidan.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i litteraturvitskap. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Tabellen er eit døme på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning.

Semester og emne

1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum

2. semester Spesialisering i litteraturvitskap

3. semester Spesialisering i litteraturvitskap

4. semester Spesialisering i litteraturvitskap

5. semester Valfrie emne

6. semester Valfrie emne

Utveksling

Som del av graden kan du studere eitt eller to semester i utlandet. UiB har avtaler med mange universitet over heile verda. Litteraturstudentar har til dømes reist til Berlin, Paris, København, Chicago og Cape Town.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i litteraturvitskap kan gi grunnlag for arbeid med litteratur i forsking, undervisning, bibliotek og innanfor andre felt der litteratur blir produsert og formidla: forlag, mediebransje, næringsliv, forfattarverksemd og offentleg forvalting. Vi finn att tidlegare litteraturstudentar i alle desse verksemdene.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i litteraturvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 39,7

Førstegangsvitnemål: 34,6

Antall studieplasser

48

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart

Kvar haust

Mål og innhald

Bachelorpgrogrammet i litteraturvitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering i allmenn litteraturvitskap og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.

Bachelorprogrammet i allmenn litteraturvitskap har ein teoretisk profil og ei internasjonal, komparativ orientering. Studentane skal tileigne seg det sentrale litteraturvitskaplege omgrepsapparatet, og lære å bruke det i arbeidet med litterære tekstar og allmenne litteraturteoretiske problemstillingar.

Studiet skal gi

  • kunnskap om litterære sjangrar og teksttypar, og dei historiske variasjonane deira.
  • oversikt over teoretiske grunnlagsproblem (litteraturens forhold til t.d. forfattar, lesar, historie, kultur, samfunn, og til seg sjølv, og korleis litteraturen arbeider med både å konstituere og å endre slike storleikar).
  • historiske og analytiske innføringar i litterære kanondanningar, der også endringar i måtar å oppfatte denne kanonen på har sin plass.
  • innsikt i litteraturvitskapleg forsking og litteraturkritikk
  • djupare forståing av korleis skiftande epokar har drøfta litteraturen som teoretisk problem. Det vil bli lagt vekt på korleis litteraturen har hatt ulike funksjonar og spela ulike roller i samfunnet opp gjennom historia. Forholdet mellom litteratur, kjønn og sosiale klassar er vesentleg i denne samanhengen.

Det blir lagt stor vekt på å fremje ei kritisk holdning til den litterære og litteraturteoretiske tradisjonen.

Faglærarane vil freiste å halde studentane orienterte om nyare relevant internasjonal forsking.

Målet med studieprogrammet er å gi eit fast og breitt grunnlag for arbeid med litteratur i ulike yrke der litteratur blir produsert og formidla.

Læringsutbyte/resultat

Studentar med bachelorgrad i litteraturvitskap skal

  • sitje att med eit historisk og systematisk overblikk over dei fire hovudgenrane innanfor litteraturvitskapen og over litteraturhistoria frå antikken og fram til i dag.
  • ha innsikt i grunnleggjande problemstillingar innanfor moderne litteraturteori.
  • kunne reflektere over og arbeide sjølvstendig med litteraturteoretiske problemstillingar og litterære tekstar.
  • kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i litteraturvitskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 sp)
  • EXFAC00AK Akademisk skriving (10 sp)
  • EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 sp) eller
  • EXFAC00TK Tekst og kultur (10 sp)

Tekst og kultur er tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne / spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i allmenn litteraturvitskap på 90 studiepoeng.

Spesialiseringa er sett saman av dei fire emna ALLV101, ALLV102, ALLV103 og ALLV104, og to emne på 200-nivå.

 

Alle emna på 100-nivået er obligatoriske:

 

ALLV101 / Analyse, tolking og genre (15 stp)

ALLV102 / Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700 (15 stp)

ALLV103 / Moderne litteratur og poetikk frå 1700 til i dag (15 stp)

ALLV104 / Moderne litteraturteori (15 stp)

 

På 200-nivå skal studenten setje saman eit litteraturteoretisk emne og eit litterært emne.

 

Som litteraturteoretisk emne kan studenten velje mellom:

  • ALLV201 / Litteraturteoretisk særemne (15 stp)
  • ALLV251 / Litteraturteoretisk særemne med bacheloroppgåve (15 stp)
  • RET206 / Litteraturvitskapleg retorikk (15 stp)
  • RET256 / Litteraturvitskapleg retorikk med bacheloroppgåve (15 stp)
  • LITTEHF / Fellesemne i litteraturteori (15 stp) (NB: blir ikkje undervist hausten 2010)
  • KVIK201 / Kjønnsteori (15 stp)
  • KVIK204 / Litteratur, kjønn, teori og analyse (15 stp)

 

Som litterært emne kan studenten velje mellom:

  • ALLV202 / Litterært særemne (15 stp)
  • ALLV252 / Litterært særemne med bacheloroppgåve (15 stp)
  • ANT202 / Antikkens litteratur (15 stp)
  • KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur (15 stp)

 

Eitt av emna på 200-nivået må ha bacheloroppgåve som eksamensform (ALLV251, ALLV252 eller RET256 ). Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

 

Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølje for emne i studiet

Tilrådd progresjon

1. semester (haust):

Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 sp)

2. semester (vår):

ALLV101 / /Analyse, tolking og genre (15 stp)

ALLV102 / Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700 (15 stp)

3. semester (haust):

ALLV103 / Moderne litteratur og poetikk frå 1700 til i dag (15 stp)

ALLV104 / Moderne litteraturteori (15 stp)

4.- 6. semester:

Spesialiseringsemna på 200-nivå; eitt litteraturteoretisk og eitt litterært emne (sjå ovanfor) (30 stp)

60 frie studiepoeng.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap eller for å ta valemne i graden. Emna må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i litteraturvitskap kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i litteraturvitskap kan gi grunnlag for arbeid med litteratur i forsking, undervisning, bibliotek og innanfor andre felt der litteratur blir produsert og formidla: forlag, mediebransje, næringsliv, forfattarverksemd og offentleg forvalting.

Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Fagansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Administrativ ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Læringsutbyte/resultat

Studentar med bachelorgrad i litteraturvitskap skal

  • sitje att med eit historisk og systematisk overblikk over dei fire hovudgenrane innanfor litteraturvitskapen og over litteraturhistoria frå antikken og fram til i dag.
  • ha innsikt i grunnleggjande problemstillingar innanfor moderne litteraturteori.
  • kunne reflektere over og arbeide sjølvstendig med litteraturteoretiske problemstillingar og litterære tekstar.
  • kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
BAHF-ALLV/Bachelorprogram i litteraturvitenskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne:
-EXPHIL Examen philosophicum - EXPHIL-HFSEM (seminarvariant) eller EXPHIL-HFEKS (eksamensvariant) EXFAC00AS Akademisk skriving
EXFAC00TK Tekst og kultur (tilrådd) - EXFAC00TKSEM (seminarvariant) eller EXFAC00TKEKS(eksamenvariant) eller
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.

  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1-6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00TKSEM Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell 10 1-6
EXFAC00TKEKS Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen 10 1-6
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1-6
Spesialisering i litteraturvitenskap (krav: 90 SP)
Ei spesialisering i allmenn litteraturvitskap er sett saman av dei fire emna ALLV101, ALLV102, ALLV103 og ALLV104. På 200-nivå skal studenten sette saman eit litteraturteoretisk emne og eit litterært emne. Som teoretisk særemne kan studenten velje mellom ALLV201 Litteraturteoretisk særemne, ALLV251 Litteraturteoretisk særemne med bacheloroppgåve, RET206 Allmenn litteraturvitskap: Spesialisering i litterær retorikk, LITTEHF Fellesemne i litteraturteori, KVIK201 Kjønnsteori og KVIK204 Litteratur, kjønn, teori og analyse.
Det litterære særemnet er ALLV202 Litterært særemne, ALLV252 Litterært særemne med bacheloroppgåve, ANT202 Antikkens litteratur eller KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur. Eitt av emna på 200-nivå må ha bacheloroppgåve som eksamensform.
  Minst 90 studiepoeng
Emnekode Emnetittel SP S A
ALLV101 Allmenn litteraturvitskap - Analyse, tolkning og genre 15 1-6
ALLV102 Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700 15 1-6
ALLV103 Moderne litteratur og poetikk fra 1700 til i dag 15 1-6
ALLV104 Moderne litteraturteori 15 1-6
ALLV201 Allmenn litteraturvitskap Litteraturteoretisk særemne 15 1-6
ALLV202 Allmenn litteraturvitskap: Litterært særemne 15 1-6
ALLV251 Litteraturteoretisk særemne med bacheloroppgåve 15 1-6
ALLV252 Litterært særemne med bacheloroppgåve 15 1-6
ANT202 Antikkens litteratur 15 1-6
KVIK201 Kjønnsteori 15 1-6
KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur 15 1-6
KVIK204 Litteratur, kjønn, teori og analyse 15 1-6
LITTEHF Litteraturteori - fellesemne - 1-6
RET206 Litteraturvitskapleg retorikk 15 1-6
RET256 Litteraturvitskapleg retorikk med bacheloroppgåve 15 1-6
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 2 semester - -