Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i arabisk

ingressbilde

Introduksjon

Kva rolle spelar det arabiske språket i arabisk presse og politiske konfliktar? Korleis blir arabisk identitet uttrykt gjennom språk i skriftlege medium? Kva utfordringar møter muslimar i kristne samfunn?

Det arabiske språket er inngangsporten til ei ny og spennande verd, og det gir direkte innblikk i ein stadig meir aktuell kultur, som i stor grad er fundert på ein annan religion og tenkjemåte. Tilhøvet mellom Vesten og den arabiske kulturen blir ofte opplevd som ein konfrontasjon med uløyselege problem, men samstundes opnar møtet mellom dei to kulturane opp for både kulturelt og kommersielt samarbeid.

Gjennom studiet av arabisk får du spisskompetanse, som i kombinasjon med andre fagområde kan gjere deg attraktiv på arbeidsmarknaden. I bachelorgraden kan du for eksempel kombinere arabisk med arkeologi, helse- og sosialfag, historie, jus, klassiske studium, kunsthistorie, litteratur, medievitskap, midtaustenkunnskap, religionsvitskap, samanliknande politikk, andre språk og lingvistikk, sosialantropologi, utviklingsstudiar eller økonomi.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet gir deg grunnleggjande kunnskap om skriftleg og munnleg arabisk. Du lærer å lese forskjellige originale tekstar på klassisk arabisk og moderne standardarabisk, føre enkle samtaler, og du får kjennskap til hovudtrekka i ein arabisk dialekt.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram som vidareutviklar kunnskapane dine i arabisk og samstundes gir deg høve til å fordjupe deg i eit tema du er spesielt interessert i.

Forsking

Senter for Midtøsten- og islamske studier er knutepunktet for forskinga på Midtausten og den islamske verda ved UiB. Her blir det mellom anna forska på korleis muslimske forkynnarar sine ideologiske posisjonar blir kommuniserte gjennom media, på fraseologi og leksikologi, og ein jobbar med å lage ei norsk innføringsbok i arabisk.

Sjå også desse studia

Sosialantropologi, historie, samanliknande politikk, medievitskap og religionsvitskap.

Visste du at ...

Moderne standardarabisk er det sjette offisielle språket i FN. Likevel har ingen standardarabisk som sitt morsmål. Arabarar snakkar alle dialekt og må lære standardarabisk på skulen, fordi det vert brukt som eit fellesspråk for arabarar og muslimar frå heile verda.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i arabisk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Tabellen er eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på: uib.no/utdanning

Semester Emne

1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum

2. semester Spesialisering i arabisk

3. semester Spesialisering i arabisk

4. semester Spesialisering i arabisk

5. semester Valfrie emne

6. semester Valfrie emne

Utveksling

Du kan studere språket i eitt eller fleire semester ved eit arabisk universitet i Midtausten. Det er tilrådd at du reiser i det tredje semesteret av graden for å ta spesialiseringsemne. I tillegg kan du være ute i to semester til for å ta frie studiepoeng. UiB har avtale med American University of Cairo, men du kan også dra til andre universitet og land.

Yrkesvegar

Vi tilrår at du kombinerer studiet av arabisk med fagområde som i seg sjølv opnar for jobb. Kombinert med samfunnsfag er utanrikstenesta og offentleg administrasjon aktuelle arbeidsområde. Vel du økonomi eller handelsfag kan du jobbe i næringslivet, medan religionsvitskap, historie eller sosialantropologi opnar døra til integreringsarbeid i Noreg. Arabisk, kombinert med medie- og kommunikasjonsfag, kan også gi jobb i media.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i arabisk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.

Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.

Antall studieplasser

10

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no

55 58 93 70

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på arabiskemna er normalt norsk eller engelsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Arabisk er det offisielle språket og/eller morsmålet til majoriteten av befolkninga i 23 land. Språket blir talt av meir enn 200 millionar menneske i Midtausten og Nord-Afrika. I tillegg har om lag like mange menneske arabisk som andrespråk, og dessutan er arabisk det liturgiske språket til meir enn ein milliard muslimar. I mellomalderen var arabisk berar av ein av dei rikaste vitskaplege og litterære kulturane i verda og er framleis eit særs viktig språk både i religiøs og kulturell samanheng, òg når det gjeld politikk og økonomi. Arabisk er dessutan eitt av de seks offisielle språka i FN, og i Noreg utgjer arabisktalande ein av dei største språklege minoritetane.

Arabisk høyrer til den semittiske språkfamilien, til liks med til dømes hebraisk og amharisk, nasjonalspråket i Etiopia. Moderne standardarabisk, som ein vektlegg i undervisninga, er ikkje morsmålet til nokon, men eit skriftspråk som arabarane må læra i tillegg til sine lokale dialektar. Standard skriftleg arabisk er felles for alle utdanna arabarar, utan omsyn til nasjonalitet og vert ofte brukt som talemål i formelle situasjonar. Språket har endra seg lite i løpet av dei 1400 åra som har gått sidan profeten Muhammad levde. Språket i Koranen og det moderne avisspråket er i hovudtrekk det same. Dei dialektane som blir talte, har derimot store ulikskapar.

På 100-nivået er målet hovudsakleg å utvikla dugleiken i det moderne skriftspråket, men samstundes tek ein på dette nivået sikte på å gi ein passiv grunnkompetanse i ein arabisk dialekt. Det vil seie at studentane skal skaffa seg hovudlinene i moderne arabisk grammatikk og uttale, oppnå ein viss lese- og skrivedugleik, akseptabelt ordforråd og kunna føra ein enkel samtale på språket, anten standardarabisk eller dialekt. Me ventar at studentane òg gjer seg kjende med den vitskaplege terminologien og omgrepsapparatet i faget.

På 200-nivået er målsetjinga å utvida studentane sin kjennskap til morfologi, syntaks og ordforråd slik at dei kan lesa tekstar som er skrivne på klassisk og moderne standardarabisk, og gi ein grammatikalsk analyse av dei. Dette grunnlaget, kombinert med ein del sjølvstudium og eit opphald i eit arabisktalande land, skal kunna gi studentane eit brukande godt språkkunnskapsnivå i arabisk, slik at dei kan bruka språket sjølvstendig til ulike formål og i ulike høve.

I tråd med denne målsetjinga, tilrår ein sterkt eit studieopphald i eit arabisktalande land i tida mellom ARA101 og ARA201.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført bachelornivå i arabisk skal studentane

  • ha brukande god dugleik i lesing og skriftleg omsetjing
  • ha enkel skrive- og taledugleik i moderne standardarabisk
  • ha lesedugleik i klassisk arabisk
  • ha god kompetanse i moderne arabisk grammatikk
  • bli kjende med eit breitt utval av skjønnlitteraturtekstar og fagprosa
  • ha grunnleggjande dugleik i lesing og forståing av arabisk pressespråk, til dømes i nettaviser
  • ha grunnleggjande dugleik i bruk av nokre arabiske ordbøker
  • kunna bruka sine kunnskapar om språket på ein kritisk og sjølvstendig måte
  • nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar

Arabisk er eit tidkrevjande språk å læra i høve til nære europeiske språk, ikkje minst grunna skriftssystemet. Det er derfor viktig å ha eit realistisk bilete av oppnåeleg språknivå.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

For å kunna gjennomføra eit studium i arabisk må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Det er ikkje naudsynt med forkunnskapar i arabisk, men det er ein føremon om studentar har kjennskap til den arabiske verda og/eller språkvitskap.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i arabisk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:

  • Examen philosophicum
  • Akademisk skriving
  • Tekst og kultur eller Språk og kommunikasjon

Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne / spesialisering

Bachelorprogrammet i arabisk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalda inntil 30 studiepoeng med innføringsemne og 90 studiepoeng med spesialisering i arabisk. Dei siste 60 studiepoenga er frie.

Emna ARA101, ARA103, ARA105, ARA201 og ARA252 inngår i spesialiseringa. ARA252 møter kravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jamfør Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet. ARA252 Arabisk språk og samfunn kan likevel skiftast ut, etter søknad, med ARA254. For fleire detaljar, sjå emneplanen for ARA252. For å oppnå spesialisering i arabisk på bachelornivå, kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet koma i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i arabisk. Slik utveksling vil normalt ikkje bli godkjend på 200-nivå.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i arabisk har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velja emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølje for emne i studiet

Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (H):

Førstesemesterstudiet ex.phil. og ex.fac. (30 sp)

2. semester (V):

ARA101 Innføring i moderne standardarabisk (30 sp)

3. semester (H):

ARA103 Standard skriftleg arabisk (15 sp)

ARA105 Munnleg arabisk (15 sp)

eller

Delstudium i utland der ein tar emne tilsvarande ARA103 og ARA105

4. semester (V):

ARA201 Moderne og klassiske arabiske tekstar (15 sp)

ARA252 Arabisk språk og samfunn (15 sp)

5. semester (H):

Frie studiepoeng eller delstudium i innland eller utland (30 sp)

6. semester (V):

Frie studiepoeng eller delstudium i innland eller utland (30 sp)

Studentar kan sjølv velja om dei vil følgja det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at arabiskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i arabisk før ein tar fatt på 200-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velja blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studera innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må godkjennast på førehand av UiB.

I bachelorprogram i arabisk er det tilrådd at studentar tek delstudium i eit arabisktalande land på høgare 100-nivå, nærare bestemt emne som svarar til ARA103 og ARA105. For å få godkjent studiet, må det omfatta minst to tredjedelar standardarabisk språk. Resten kan innehalda studium i ein arabisk dialekt på begynnarnivå eller i eit anna språk frå Midtausten eller Nord-Afrika, til dømes arameisk, berbisk, hebraisk, kurdisk, nubisk, persisk, syrisk, tyrkisk, urdu, osb. Studiet opnar òg for at studentar kan reisa ut for lengre opphald, og/eller ta kurs som svarar til andre emne enn dei tilrådde.

Undervisningsmetodar

Emna inneheld normalt ulike komponentar med felles førelesingar og/eller seminar og undervisning i grupper. Desse omfattar opplæring i arabisk grammatikk, tekstgjennomgang av pensum bygd på klassiske og moderne arabiske tekstar, samt omsetjingsøvingar frå norsk eller engelsk til arabisk. På 100-nivået blir ulike munnlege øvingar gitt, inkludert høgtlesing, svar på spørsmål og enkel samtale i gitte tema.

Fagmiljøet tek aktivt del i internasjonaliseringsprosessen på universitetet, og mesteparten av undervisninga i eit gitt emne kan vera på engelsk. Det kan skje om utvekslingsstudentar eller andre utanlandske studentar er med i undervisninga. Skriftlege øvingar, andre oppgåver og eksamen (der ikkje arabisk skal brukast) skal alltid skrivast på anten norsk eller engelsk.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved skoleeksamen, munnleg eksamen og rettleidd oppgåve. Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  1. A-F, der F er stryk
  2. Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i arabisk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i arabisk.

Yrkesvegar

På grunn av den viktige rolla som arabisk spelar på det politiske og økonomiske området i dag, kan det vera interessant å kombinera dette språkfaget med fag som i seg sjølv opnar for ulike yrke. Arabisk kan med fordel kombinerast med til dømes handelsfag og marknadsføring, informasjonsvitskap, samanliknande politikk, offentleg administrasjon, jus, utviklingsstudium, mediefag eller journalistikk. Arabisk blir ofte kombinert med fag som historie, religionsvitskap, filosofi, midtaustenkunnskap, sosialantropologi, kunsthistorie, lingvistikk og andre språk. Språket er særskilt relevant for norskopplæring for framandspråklege, omsetjing og tolking, integreringsarbeid, helsesektoren, grunnskolelærarar i arabisk som valfag, utanrikstenesta og politiet med meir.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Fagansvarleg

Institutt for framandspråk

Administrativ ansvarleg

Studierettleiar ved Institutt for framandspråk.

E-post: studierettleiar@if.uib.no

BAHF-ARAB/Bachelorprogram i arabisk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS)
Akademisk skriving (EXFAC00AS)
Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller
Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS)

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1-6 1
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1-6 1
EXFAC00TKEKS Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen 10 1-6
EXFAC00TKSEM Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell 10 1-6
Spesialisering i arabisk (krav: 90 SP)
Emna ARA101, ARA103, ARA105, ARA201 og ARA252 inngår i spesialiseringa. ARA252 møter kravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng. ARA252 kan likevel skiftast ut, etter søknad, med ARA254.
  Minst 90 studiepoeng
Emnekode Emnetittel SP S A
ARA101 Innføring i moderne standard arabisk 30 1-6
ARA103 Standard skriftleg arabisk, vidareføring 15 1-6
ARA105 Munnleg arabisk 15 1-6
ARA201 Klassiske og moderne arabiske tekstar 15 1-6
ARA252 Arabisk språk og samfunn 15 1-6
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 2 semester - -