Bachelorprogram i arkeologi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Korleis kommuniserte jegerfolk i Nord-Skandinavia for 6000 år sidan? Korleis nytta dei holer og hellarar i bronsealdaren og jernalderen? Kvifor vart det danna byar i mellomalderen? Kven var det som bygde dei greske templa? Kvifor steikte folk maten i nokre delar av verda, medan dei kokte han i andre område?
Arkeologistudiet femner vidt, både geografisk og kronologisk, frå tidlegaste steinalder i Afrika, Europa og Midtausten, gjennom den europeiske bronsealderen, jernalderen og til og med mellomalderen i Nord-Europa. I studiet kan du fordjupe deg i periodar innan Midtaustens arkeologi og nordeuropeisk og nordisk arkeologi, der du også får innsikt i teoriar om sosial endring, etniske relasjonar og symbolbruk. Du kan òg fordjupe deg innan klassisk arkeologi frå egeisk bronsealder til romartid. Ei tredje fordjuping er sørafrikansk arkeologi, der feltarbeid og analyse av utgrave materiale er sentrale element.
Visste du at ...
Menneska brukte symbol og pynt alt for 75 000 år sidan. Den gongen rissa dei inn små geometriske figurar på steinar og dei pynta seg med skjel og sniglehus.
Studievegar
Bachelor
Det treårige studiet gir ei god innføring i ulike sider ved faget arkeologi. Studentane vel undervegs retning for fordjuping i studiet. I løpet av studietida kan studentane studere eit semester eller to i utlandet. I tillegg til emna i arkeologi, vel studentane andre humanistiske fag eller samfunnsfag. På slutten av studiet skriv ein bacheloroppgåve, der ein fordjupar seg innanfor eit tema i arkeologi.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i arkeologi der du kan spesialisere deg vidare.
Forsking
Fagmiljøet ved arkeologi ved UiB har spisskompetanse på ei rekke område innanfor nord-europeisk arkeologi, klassisk arkeologi, Midtaustens arkeologi og afrikansk arkeologi.
Sjå også desse studia
Historie, kulturvitskap, religion, sosialantropologi, botanikk, geologi.
Utveksling
Fagmiljøet i arkeologi anbefaler studentar å dra på utveksling i løpet av bachelorstudiet. Arkeologi har utvekslingsavtaler med University of Durham, Université de Bordeaux I i Frankrike, Università degli studi di Messina i Italia og fleire nordiske universitet.
Yrkesvegar
Personar som har teke bachelorgrad i arkeologi har gode, solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekke yrkessamanhengar. Arkeologi opnar blant anna for arbeid i offentleg forvalting, på museum, i reiselivsnæringa, i skoleverket, i medieverksemder, i internasjonalt arbeid eller i organisasjonslivet.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Arkeologifaget har som mål å gi ei forståing av korleis menneska har tilpassa seg naturtilhøve og økologi, og av korleis dei har utvikla levemåtar og samfunnsformer opp gjennom tidene. Faget tek for seg heile tidsspennet frå dei første menneska fram til og med mellomalderen.
Sidan kjeldene til denne forståinga i hovudsak er ikkje-skriftlege, vil fortolkingane som arkeologane gjer av fortida, oftast basera seg på studiar av gjenstandar og av materiell kultur i vidare forstand.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Studentane har godt oversyn over nordisk, europeisk og global arkeologi frå menneska si tidlege utvikling og fram til og med mellomalder. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale arkeologiske tema, teoriar og forskingstradisjonar innanfor steinalder, bronsealder, jernalder, mellomalder, Midtausten sin arkeologi, Afrika sin arkeologi og klassisk arkeologi. Studenten vil ha god innsikt i arkeologisk teori og sentrale kjelde- og metodespørsmål.
Ferdigheiter:
Studenten kan drøfte arkeologiske problemstillingar og kritisk vurdere arkeologiske framstillingar. Studenten kan analysere arkeologiske data, kjelder og litteratur, samt dra konklusjonar basert på dette materialet.
Generell kompetanse:
Studenten har røynsle med å handsame store informasjonsmengder, og i å formidle arkeologisk kunnskap både munnleg og skriftleg. Studenten har kompetanse til å setje seg inn i nye problemfelt og analysere og diskutere tema og problemfelt. Studenten har kompetanse i akademisk drøfting og til å relatere seg til akademisk litteratur på ein vitskapleg måte.
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i arkeologi inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) Førstesemesterstudiet er sett saman av:
- Examen philosophicum
- Akademisk skriving
- Tekst og kultur
eller Språk og kommunikasjon
Tekst og kultur er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Spesialiseringa i arkeologi ved Universitetet i Bergen består av totalt 90 studiepoeng i arkeologi, fordelt på 4 emne på 100-nivå og 2 emne på 200-nivå. For dei fleste studentane er alle emne på 100-nivå obligatoriske å ta i spesialiseringa: ARK101, ARK102, ARK103, ARK104. Vidare er det obligatorisk å ta 2 emne på 200-nivå: eit metodeemne i arkeologi og ei rettleia bacheloroppgåve ARK250. Emna i metode er ARK201 og ARK211.
Studentane vel metodeemne i tråd med det studieprogrammet dei tilhøyrer. Høyr med studierettleiar om du er i tvil om kva for emne du skal velje.
Tilrådde valemne
Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Studiet startar med innføringsemne på førstesemesterstudiet i første semester (haust).
Dei to første semestra med arkeologi er sett saman av oversiktsemne (ARK101, ARK102, ARK103 og ARK104). I det tredje semesteret med arkeologi tar ein eit fordjupingsemne på 200-nivå (ARK 201/ARK211) kombinert med ARK250 (bacheloroppgåva).
Emna vert tilbydd på denne måten:
Haust:
ARK101 Jeger-, sankarsamfunn i førhistorisk tid og i skriftlause samfunn
ARK102 Utvikling og framvekst av jordbruk, tidleg metallbruk og hierarkiske samfunn
ARK201 Teori og metode
ARK211 Feltkurs i Sør-Afrika
Vår:
ARK103 Kulturar ved Middelhavet, i Nord-Europa og Norden i tidsrommet ca. 1000 f.Kr. til 570 e.Kr.
ARK104 Mot ein historisk arkeologi: Yngre jernalder og mellomalder i Norden og Nord-Europa ca. 570 e.Kr. - 1500. e.Kr.
Haust og vår:
ARK250 Bacheloroppgåve i arkeologi
Krav til progresjon i studiet
Det blir tilrådd at studentane har avlagt eksamen i oversiktsemna og metodeemnet før dei melder seg opp til eksamen i ARK250 Bacheloroppgåve i arkeologi.
Delstudium i utlandet
Instituttet oppmodar til, og vil leggje til rette for, at studentane tar delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Studentane kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.
Vurderingsformer
Gjennom spesialiseringa i arkeologi vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, heimeeksamen, munnleg prøve og semesteroppgåve.
Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i ulike former for skriftleg presentasjon.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
- A-F der F er stryk
- greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
For studentar som planlegg vidare studium og mastergrad i arkeologi, inngår emnet ARK201 Teori og metode som ein obligatorisk del av spesialiseringa i arkeologi. Unntaket er studentar som planlegg å skrive masteroppgåve i afrikansk arkeologi. Då inngår i staden ARK211 Feltkurs i Sør-Afrika som eit obligatorisk emne i spesialiseringa. ARK250 Bacheloroppgåve i arkeologi er òg ein obligatorisk del av spesialiseringa i arkeologi.
Yrkesvegar
Personar som har tatt bachelorgrad i arkeologi har gode, solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar. Arkeologi opnar for arbeid mellom anna i offentlig forvaltning, på museum, i reiseliv, i skoleverket, i medieverksemder, internasjonalt arbeid eller i organisasjonslivet.
Evaluering
Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativ ansvarleg
studierettleiar@ahkr.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i arkeologi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 44
Førstegangsvitnemål: 38,6
Antall studieplasser
45
Overgangsordninger
Du kan byte studieprogram både haust og vår. På våre nettsider får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Studentane har godt oversyn over nordisk, europeisk og global arkeologi frå menneska si tidlege utvikling og fram til og med mellomalder. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale arkeologiske tema, teoriar og forskingstradisjonar innanfor steinalder, bronsealder, jernalder, mellomalder, Midtausten sin arkeologi, Afrika sin arkeologi og klassisk arkeologi. Studenten vil ha god innsikt i arkeologisk teori og sentrale kjelde- og metodespørsmål.
Ferdigheiter:
Studenten kan drøfte arkeologiske problemstillingar og kritisk vurdere arkeologiske framstillingar. Studenten kan analysere arkeologiske data, kjelder og litteratur, samt dra konklusjonar basert på dette materialet.
Generell kompetanse:
Studenten har røynsle med å handsame store informasjonsmengder, og i å formidle arkeologisk kunnskap både munnleg og skriftleg. Studenten har kompetanse til å setje seg inn i nye problemfelt og analysere og diskutere tema og problemfelt. Studenten har kompetanse i akademisk drøfting og til å relatere seg til akademisk litteratur på ein vitskapleg måte.
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i arkeologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølge på emna i programmet - blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan.
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i arkeologi
3. semester Spesialisering i arkeologi
4. semester Spesialisering i arkeologi
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne: -EXPHIL Examen philosophicum - EXPHIL-HFSEM (seminarvariant) eller EXPHIL-HFEKS (eksamensvariant) EXFAC00AS Akademisk skriving EXFAC00TK Tekst og kultur (tilrådd) - EXFAC00TKSEM (seminarvariant) eller EXFAC00TKEKS(eksamenvariant) eller EXFAC00SK Språk og kommunikasjon Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i arkeologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialiseringa i arkeologi ved Universitetet i Bergen består av totalt 90 studiepoeng i arkeologi, fordelt på 4 emne på 100-nivå og 2 emne på 200-nivå. Alle emna på 100-nivå er obligatoriske i spesialiseringa: ARK101, ARK102, ARK103, ARK104. Vidare er det obligatorisk å ta 2 emne på 200-nivå: eit metodeemne i arkeologi og ei rettleia bacheloroppgåve ARK250. Emna i metode er ARK201 og ARK211. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ARK101 | Jeger- og sankarsamfunn i forhistorisk tid og i skriftlause samfunn | 15 | 1-6 | |||||||||
| ARK102 | Utvikling og framvekst av jordbruk, tidleg metallbruk og hierarkiske samfunn | 15 | 1-6 | |||||||||
| ARK103 | Kulturar ved Middelhavet, i Nord-Europa og Norden i tidsrommet ca. 1000 f.Kr.-570 e.Kr. | 15 | 1-6 | |||||||||
| ARK104 | Mot ein historisk arkeologi: Yngre jernalder og mellomalder i Norden og Nord-Europa ca. 570 e.Kr. - 1500 e.Kr. | 15 | 1-6 | |||||||||
| ARK201 | Teori og metode | 15 | 1-6 | |||||||||
| ARK202 | Klassisk arkeologi | 15 | 1-6 | |||||||||
| ARK211 | South African Field Course | - | 1-6 | |||||||||
| ARK250 | Bacheloroppgåve i arkeologi | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||