Bachelorprogram i digital kultur
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Er det sant at gutar og jenter liker heilt ulike dataspel? Kan du påverke dei store nyheitskanalane med bloggen din? Korleis kan poesi, kunst og teknologi høyre saman? Kva skjer med familierelasjonar når mor, far og bestemor er på Facebook?
Datamaskinar, internett og nye sosiale medium blir stadig meir sentrale i liva våre: i kvardagen, på skolen, i utdanninga og i yrkeslivet. I dag brukar dei fleste digital teknologi. Utfordringa vår er å forstå kva den nye teknologien kan tilby, kva vanskar teknologien kan medføre, og korleis vi kan forstå forhold og samspel mellom samfunn og teknologi.
Studium i digital kultur vil gi deg innsikt i korleis nye digitale medium verkar inn både på eigen identitet og på kulturproduksjon i samfunnet. Du vil òg få kunnskap om datahistorie, elektronisk litteratur, dataspel og digital kunst. I tillegg vil du få reiskapar du kan bruke som deltakar i samfunnsdebattar, slik at du kan kommunisere effektivt og kreativt på websider og i sosiale medium som bloggar, wikiar og andre.
Visste du at ...
Dersom Facebook var ein nasjon, ville den vore den fjerde største i verda.
Studievegar
Bachelor
Bachelorprogrammet i digital kultur er eit treårig studium som kombinerer studiet av nye digitale medium som kulturelle fenomen med praktiske kunnskapar om digitale medium.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i digital kultur. Du kan spesialisere deg i ulike emne innan digital kultur, og spesialisering vel du i samråd med rettleiar.
Forsking
Digital kultur ved UiB er sentral innan forsking på elektronisk litteratur, sosiale medium, og studium av kjønnsperspektiv på teknologi.
Sjå også desse studia
Språkfag, litteraturvitskap, kulturvitskap.
Utveksling
Som bachelorstudent i digital kultur kan du studere eitt eller to semester i utlandet. UiB er eit internasjonalt universitet som har utvekslingsavtaler med universitet i heile verda. Digital kultur er dessutan med i Nordplus Nordic Digital Culture Network, som opnar for studium i Danmark, Finland og Sverige.
Yrkesvegar
Ein bachelorgrad i digital kultur kvalifiserer til yrke der bruk og tilrettelegging av digitale medium står sentralt, både i kulturinstitusjonar og i offentleg og privat sektor. Tidlegare studentar har fått jobbar som til dømes medielærar, kulturarbeidar, journalist, webutviklar, programutviklar, spelutviklar og informasjonsarbeidar.
Undervisningsspråk
Undervisninga i Digital kultur foregår dels på norsk og dels på engelsk. Digital kultur tilrekkjer seg mange utanlandske studentar og nokre av emna i programmet blir derfor undervist på engelsk. Det er alltid mogleg å levere obligatoriske oppgåver og eksamenssvar på norsk, engelsk, dansk eller svensk.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Bachelorpgrogrammet i Digital kultur er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering i Digital kultur og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.
Bachelorprogrammet i Digital kultur omhandlar sosiale, kulturelle, estetiske og etiske aspekt ved informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Studiet rettar spesiell merksemd mot digital kunst og kultur, og mot samspelet mellom kultur, samfunn og teknologi. Studiet legg vekt både på teoretiske, historiske og analytiske tilnærmingar og forståingar av digital kultur. I dette studiet er det viktig å byggje opp ei forståing ut frå eigne erfaringar, og mange av emna involverer praktisk arbeid i datalab knytt til webdesign, skriving på web og koding og strukturering av data.
Hovudmåla for bachelorprogrammet i Digital kultur er:
- å gjere studentane kjende med informasjonsteknologien sin historiske dimensjon, med dei etiske problema som teknologien reiser, med nye estetiske objekt som er knytte til digitale medium, og med nye nettverksbaserte forum og kommunikasjonsformer
- å gi studentane ei brei og variert forståing av kulturelle, samfunnsmessige og estetiske sider ved informasjonssamfunnet
- å gi studentane kulturell og historisk innsikt i forholdet mellom teknologi, kultur og menneskeleg sjølvforståing
- å gi studentane praktisk og fagleg erfaring i sosiale medium, informasjonsarkitekturar og programvare
Bachelorprogrammet i Digital kultur skal gjere studentane i stand til å vurdere dei nemnde sidene ved informasjonssamfunnet på ein sjølvstendig og kritisk måte.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med bachelorgrad i Digital kultur frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal:
- ha brei kunnskap om viktige tema, teoriar og metodar innan digital kultur, og om sentrale digitale verktøy
- ha kunnskap om digital kultur i dagens samfunn
- kunne oppdatere sin eigen kunnskap om digital kultur
Kandidaten skal kunne:
- nytte den akademiske kunnskapen og relevante forskingsresultat om digital kultur til å løyse praktiske og teoretiske problem
- finne, evaluere og referere til informasjon om digital kultur på ein fagleg relevant måte
- meistre relevante faglege verktøy og kommunikasjonsformer innan digital kultur
Kandidaten skal:
- ha innsikt i etiske spørsmål som er relevante for forsking innan digital kultur
- kunne planleggje og utføre varierte oppgåver og prosjekt over tid, åleine eller som del av ei gruppe
- kunne kommunisere om viktige akademiske teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- vere kjend med ny tenking og innovasjon innan feltet digital kultur
Kandidaten skal kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i Digital kultur skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):
- EXPHIL Examen philosophicum
- EXFAC00AK Akademisk skriving
- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller
- EXFAC00TK Tekst og kultur
Tekst og kultur er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i Digital kultur på 90 studiepoeng.
Følgjande emne utgjer fagtilbodet i Digital kultur på bachelornivå:
DIKULT111: Informasjonstryggleik (5 stp)
DIKULT103: Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspill (15 stp)
DIKULT104: Datateknologi: historie, teori og praksis (15 stp)
DIKULT105: Webdesign (15 stp)
DIKULT106: Kultur og normer i informasjonssamfunnet (15 stp)
DIKULT203: Elektronisk litteratur (15 stp)
DIKULT207: Praktisk forskningstrening i digital humaniora (15 stp)
DIKULT208: Collaborative Creativity in New Media (15 stp)
DIKULT251: Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve (15 stp)
DIKULT252: Nordic Digital Culture Network-emne med bacheloroppgåve (15 stp)
DIKULT250: Fordjuping i Digital kultur med bacheloroppgåve (15 stp)
Etter søknad og innpassing kan andre relevante emne inngå i spesialiseringa.
DIKULT250, DIKULT251 og DIKULT252 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet. Normalt tar studentane berre eitt emne med bacheloroppgåve, altså anten DIKULT250, DIKULT251 eller DIKULT252.
Tilrådde valemne
Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa i Digital kultur, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Studieløpet i bachelorprogrammet i Digital kultur kan til dømes sjå slik ut:
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 stp)
2. semester (vår):
DIKULT103: Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspill (15 stp)
DIKULT104: Datateknologi: historie, teori og praksis (15 stp)
3. semester (haust):
DIKULT105: Webdesign (15 stp)
DIKULT106: Kultur og normer i informasjonssamfunnet: identitet, kjønn og samhandling (15 stp)
4. semester (vår):
Valemne (30 stp)
5. semester (haust):
DIKULT203: Elektronisk litteratur (15 stp)
og 15 valfrie studiepoeng
6. semester (vår):
DIKULT251: Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve (15 stp)
og 15 valfrie studiepoeng.
Generelt gjeld at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå og at det vil vere hensiktsmessig å ta DIKULT250 eller DIKULT251 (med obligatorisk bacheloroppgåve) i siste semester av bachelorprogrammet.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtalar i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i Digital kultur eller for å ta valfrie emne i graden. Emna frå utlandet må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.
Digital kultur har i tillegg spesialoppretta utvekslingsavtalar med føljande utanlandske institusjonar:
- Blekinge Institute of Technology, Sverige
- IT-Universitetet i København, Danmark
- University of Jyväskylä, Finland
Undervisningsmetodar
Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorgraden i Digital kultur gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i Digital kultur.
Yrkesvegar
Kandidatar med bachelorgrad i Digital kultur:
- vil kunne planleggje, leggje til rette, innovere og evaluere bruk av digitale medium i kulturinstitusjonar, offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.
- vil ha kompetanse til å vurdere og formidle analysar av digital kunst og kultur og på denne måten ha grunnlag for å drive med plan- og utgreiingsarbeid både i offentlege etatar og i journalistiske samanhengar.
- skal kunne planleggje og gjennomføre undervisnings- og opplæringsarbeid i bruk av digitale medium, og sjølv kunne delta i formidlingsarbeid gjennom digitale medium.
Generelt gir studiet i Digital kultur praktisk og teoretisk kompetanse i sosiale og kulturelle konsekvensar av digitale medium i dagens samfunn.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i digital kultur.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 42,4
Førstegangsvitnemål: 28,4
Antall studieplasser
30
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med bachelorgrad i Digital kultur frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal:
- ha brei kunnskap om viktige tema, teoriar og metodar innan digital kultur, og om sentrale digitale verktøy
- ha kunnskap om digital kultur i dagens samfunn
- kunne oppdatere sin eigen kunnskap om digital kultur
Kandidaten skal kunne:
- nytte den akademiske kunnskapen og relevante forskingsresultat om digital kultur til å løyse praktiske og teoretiske problem
- finne, evaluere og referere til informasjon om digital kultur på ein fagleg relevant måte
- meistre relevante faglege verktøy og kommunikasjonsformer innan digital kultur
Kandidaten skal:
- ha innsikt i etiske spørsmål som er relevante for forsking innan digital kultur
- kunne planleggje og utføre varierte oppgåver og prosjekt over tid, åleine eller som del av ei gruppe
- kunne kommunisere om viktige akademiske teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- vere kjend med ny tenking og innovasjon innan feltet digital kultur
Kandidaten skal kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i digital kultur. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å settje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på: uib.no/utdanning
Semester Emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i digital kultur
3. semester Spesialisering i digital kultur
4. semester Spesialisering i digital kultur
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne: -EXPHIL Examen philosophicum - EXPHIL-HFSEM (seminarvariant) eller EXPHIL-HFEKS (eksamensvariant) EXFAC00AS Akademisk skriving EXFAC00TK Tekst og kultur (tilrådd) - EXFAC00TKSEM (seminarvariant) eller EXFAC00TKEKS(eksamenvariant) eller EXFAC00SK Språk og kommunikasjon Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering (90 stp) (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIKULT103 | Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspill | 15 | 1-6 | |||||||||
| DIKULT104 | Datateknologi: Historie, teori og praksis | 15 | 1-6 | |||||||||
| DIKULT105 | Webdesign | 15 | 1-6 | |||||||||
| DIKULT106 | Kultur og normer i informasjonssamfunnet | 15 | 1-6 | |||||||||
| DIKULT203 | Elektronisk litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| DIKULT207 | Praktisk forskingstrening i digital humaniora: utvikling av ein vitskapelig database om elektronisk litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| DIKULT250 | Fordjuping i Digital kultur med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| DIKULT251 | Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| DIKULT252 | Nordic Digital Culture Network-emne med BA-oppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||