Hjem

Utdanning

Studieplan for BAHF-DIKUL Bachelorprogram i digital kultur, haust 2017

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i digital kultur har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidssstudium.

Undervisningsspråk

Undervisninga i Digital kultur foregår enten på norsk eller på engelsk avhengig av om det er påmeldte utanlandske studentar. Det er alltid mogleg å levere obligatoriske oppgåver og eksamenssvar på norsk, engelsk, dansk eller svensk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i digital kultur omhandlar sosiale, kulturelle, estetiske og etiske aspekt ved informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Studiet rettar spesiell merksemd mot digital kunst og kultur, og mot samspelet mellom kultur, samfunn og teknologi. Studiet legg vekt både på teoretiske, historiske og analytiske tilnærmingar og forståingar av digital kultur. I dette studiet er det viktig å byggje opp ei forståing ut frå eigne erfaringar, og mange av emna involverer praktisk arbeid i datalab knytt til webdesign, skriving på web og koding og strukturering av data.

Hovudmåla for bachelorprogrammet i digital kultur er:

  • å gjere studentane kjende med informasjonsteknologien sin historiske dimensjon, med dei etiske problema som teknologien reiser, med nye estetiske objekt som er knytte til digitale medium, og med nye nettverksbaserte forum og kommunikasjonsformer
  • å gi studentane ei brei og variert forståing av kulturelle, samfunnsmessige og estetiske sider ved informasjonssamfunnet
  • å gi studentane kulturell og historisk innsikt i forholdet mellom teknologi, kultur og menneskeleg sjølvforståing
  • å gi studentane praktisk og fagleg erfaring i sosiale medium, informasjonsarkitekturar og programvare

Bachelorprogrammet i digital kultur skal gjere studentane i stand til å vurdere dei nemnde sidene ved informasjonssamfunnet på ein sjølvstendig og kritisk måte.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar 
Kandidaten

  • har brei kunnskap om viktige tema, teoriar og metodar innan digital kultur, og om sentrale digitale verktøy
  • har kunnskap om digitale uttrykksmåtar, artefaktar, praksis og samhandlingsformer
  • kan oppdatere sin eigen kunnskap om digital kultur
  • har kunnskap om digital kultur si tverrfaglege historie, tradisjonar, kultur, eigenart og plass i samfunnet

Dugleikar
Kandidaten

  • kan nytte den akademiske kunnskapen og relevante forskingsresultat om digital kultur til å løyse praktiske og teoretiske problem innan design, koding og evaluering av informasjonssystem, identitetsutvikling, lese- og skrivedugleikar og estetikk, og vidare løyse utfordringar knytt til nettaktørar si sjølvforståing
  • kan finne, evaluere og referere til informasjon om digital kultur på ein fagleg relevant måte
  • kan meistre relevante faglege verktøy og kommunikasjonsformer innan digital kultur

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar.
  • har innsikt i etiske spørsmål som er relevante for forsking innan digital kultur
  • kan planleggje og utføre varierte oppgåver innan koding, utvikling av prosjekt innan digital formidling og leiing og utvikling av slike over tid, åleine eller som del av ei gruppe
  • har skrive- og formidlingskompetanse innan ramma av digitale plattformar
  • kan kommunisere om viktige akademiske teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • er kjend med ny tenking og innovasjon innan feltet digital kultur

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Det første semesteret i bachelorprogrammet i digital kultur skal innehalde 10 studiepoeng Examen philosophicum (1) og minimum 10 studiepoeng Examen facultatum.

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)

og eitt av desse emna:

  • EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 stp.)
  • EXFAC00TK Tekst og kultur (10 stp.)

Tekst og kultur er tilrådd.

I tillegg rår ein studentane til å ta DIKULT101 (10stp.) i det første semesteret.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng Examen philosphicum og maksimum 20 studiepoeng Examen facultatum.

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i Digital kultur på 90 studiepoeng.

Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Det er obligatorisk i spesialiseringa med eit emne med rettleidd semesteroppgåve som vurderingsform (emne med DIKULT25x-kode).

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa i Digital kultur, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i Digital kultur kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust):
- Examen philosophicum, Examen facultatum og DIKULT101

2. semester (vår):

- DIKULT103: Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspill (15 stp)

- DIKULT104: Datateknologi: historie, teori og praksis (15 stp)

3. semester (haust):

- DIKULT105: Webdesign I (15 stp)

- DIKULT106: Kultur og normer i informasjonssamfunnet: identitet, kjønn og samhandling (15 stp)

4.-6. semester:

- Spesialiseringsemne på 200-nivå, minst eitt av dei med rettleidd semesteroppgåve (DIKULT25x) (30 stp.)

- 60 frie studiepoeng.

Generelt gjeld at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå.

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtalar i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i Digital kultur eller for å ta valfrie emne i graden. Emna frå utlandet må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.

Digital kultur har i tillegg spesialoppretta utvekslingsavtalar med følgjande utanlandske institusjonar:

- Universitetet i Lund, Sverige

- IT-Universitetet i København, Danmark

- University of Jyväskylä, Finland

 I tillegg kjem tilrådde utvekslingsavtalar gjennom Erasmus+ med Universitetet i Strasbourg og Universitetet i Dresden.

Nærare informasjon hos studierettleiar.

Undervisningsmetodar

Gjennom programmet vert studentane prøvd i ulike vurderingsformer.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for kvart emne.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for videre studium

Bachelorgraden i Digital kultur gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i Digital kultur.

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar med bachelorgrad i Digital kultur:

  • kan skrive for digitale medium
  • vil kunne planleggje, leggje til rette, innovere og evaluere bruk av digitale medium i kulturinstitusjonar, offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.
  • vil ha kompetanse til å vurdere og formidle analysar av digital kunst og kultur og på denne måten ha grunnlag for å drive med plan- og utgreiingsarbeid både i offentlege etatar og i journalistiske samanhengar.
  • skal kunne planleggje og gjennomføre undervisnings- og opplæringsarbeid i bruk av digitale medium, og sjølv kunne delta i formidlingsarbeid gjennom digitale medium.

Generelt gir studiet i Digital kultur praktisk og teoretisk kompetanse i sosiale og kulturelle konsekvensar av digitale medium i dagens samfunn.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet. 

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@lle.uib.no.