Bachelorprogram i engelsk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Korleis blir det engelske språket endra av si eiga leiande rolle i verda? Alle meiner noko om «Amerika», men kva kan amerikansk litteratur og popkultur fortelje oss om nasjonen sine eigne oppfatningar av seg sjølv? Og klarer filmatiseringar av Shakespeare sine skodespel å seie noko nytt om desse klassikarane?
Det er vanskeleg å unngå det engelske språket i det globale mediebildet. Engelsk er nytta overalt, men ikkje alle kan bruke språket godt nok, eller har nok kunnskap om engelskspråkleg litteratur og kultur. Spesialkompetanse på desse felta krev ei god forståing av historie og kulturelle strukturar, og vil gi store fordelar i det globale informasjonssamfunnet vi alle er ein del av.
Engelskstudiet vil gi deg god innsikt i det engelske språket og i engelskspråkleg litteratur og kultur. Du vil lære om grunnleggande språklege forhold med omsyn til engelsk grammatikk og uttale, og få ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket. Gjennom tolking av ulike tekstar, vil du også få kunnskap om sambandet mellom litteratur og samfunnstilhøve ¿ både i USA og Storbritannia.
Visste du at ...
Om lag 50 % av alle avisene i verda, over 90 % av faglitteraturen innanfor naturvitskap, og 82 % av fag-litteraturen innanfor humaniora blir gitt ut på engelsk.
Studievegar
Bachelor
Det treårige studiet handlar om engelskspråkleg lingvistikk, litteratur og kultur, både i fortid og notid. Du spesialiserer deg innanfor faga engelsk lingvistikk, amerikansk litteratur og kultur og britisk litteratur og kultur.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram, der du kan velje vidare spesialisering innan lingvistikk, amerikansk litteratur og kultur, britisk litteratur og kultur eller språklæring/språkundervisning (didaktikk).
Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du kombinerer engelsk med eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Forsking
Fagmiljøet i engelsk forskar på ei rekke område innan språk, litteratur og kultur. Mens enkelte for eksempel forskar på kvardagsspråket frå eit sosiolingvistisk perspektiv, har andre sett på korleis verka til William Shakespeare har blitt illustrerte gjennom århundra eller på korleis amerikansk-meksikansk litteratur grip fatt i minne og historie.
Sjå også desse studia
Lektorutdanning i framandspråk, språk og interkulturell kommunikasjon, kjønnsstudium.
Utveksling
Det blir sterkt anbefalt at studentane i løpet av studiet har eit opphald i Storbritannia eller i eit anna engelsktalande land. UiB har utvekslingsavtalar med universitet over heile verda der du kan ta ein del av spesialiseringa i programmet eller studere fagemne som UiB ikkje tilbyr. I tillegg har instituttet ei avtale om studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia (University of York).
Yrkesvegar
Ein bachelorgrad med spesialisering i engelsk, kombinert med eit anna skolefag og praktisk-pedagogisk utdanning, vil gi undervisningskompetanse i skoleverket. Kandidatar med gode engelskkunnskapar er også å finne i mange andre yrke der kommunikasjon står sentralt, for eksempel omsetting, journalistikk, media, kulturformidling, reiseliv, marknadsføring, offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråket på engelskemna er engelsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Engelsk er eit av dei mest brukte språka i verda. Det engelske språket har i dag ei sterk og dominerande stilling på mange område, t.d. i media og kulturlivet, i teknologi, utdanning og forsking, samt i næringslivet og i internasjonale relasjonar. Engelsk er òg det viktigaste framandspråket i den norske skolen, og står sterkt i norsk næringsliv.
I tillegg til arbeid med fagstoffet tek studiet sikte på å utvikla både den analytiske evna til studentane og evna til å kommunisere best mogleg på engelsk. Her står seminarundervisning sentralt.
Emna på 200-nivå tek sikte på å øva opp ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom større konsentrasjon og fordjuping enn det som er mogleg i den meir oversynsprega innføringa på 100-nivå. Dette skjer mellom anna gjennom studium av utvalte emne i dei tre studiedisiplinane engelsk lingvistikk, engelskspråkleg litteratur og engelskspråkleg kultur. I tillegg til krava om større teoretisk innsikt og betre kunnskapar i faget, blir òg krava til språkdugleik større.
Spesialiseringa i engelsk omfattar emna ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 og to emne på 200-nivå, der studentane vel eitt emne i lingvistikk og eitt i litteratur og kultur. Kombinasjonane på 200-nivå blir med dette anten ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251.
Emnet TRANSHF ¿ omsetjing (med omsetjing mellom engelsk og norsk) kan eventuelt koma i staden for emnet i språk, ENG211, på 200-nivå i engelsk spesialisering. Studentane kan difor òg velja kombinasjonen ENG252 og TRANSHF.
For å oppnå spesialisering i engelsk på bachelornivå, kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet koma i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i engelsk.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført Bachelorgrad i engelsk skal studentane:
Kunnskap
- ha ei grunnleggjande innføring i:
- engelsk lingvistikk (fonetikk/fonologi og grammatikk)
- engelsk som globalt språk
- engelsk språkhistorie
- moderne engelsk lingvistikk
- ha eit omgrepsapparat som gjer dei i stand til å skildra sentrale aspekter ved det engelske språksystemet og teoretiske aspekter knytta til det engelske språket.
- ha grunnleggjande kunnskap om engelskspråkleg (hovudsakleg britisk og amerikansk) litteratur.
- ha grunnleggjande kunnskap om kultur og samfunnstilhøve i Storbritannia, USA og andre engelsktalande land.
- ha kjennskap til og forståing av hovudgenrane innanfor engelskspråkleg litteratur gjennom eit utval av litterære verk frå ulike periodar og engelskspråklege land, samt kjennskap til litteraturvitskapleg terminologi og til ulike tradisjonar innan litteratur og kultur studiar.
Dugleik
- kunna bruka sin kunnskap om engelsk lingvistikk til å analysere språkleg materiale.
- kunna analysera ulike typar engelskspråkelige litterære tekstar og vera i stand til å reflektera teoretisk over dei
- kunna forstå og samanlikna dei ulike kulturelle og samfunnsmessige trekka i engelskspråklige land.
- kunna kommunisera på akademisk munnleg og skriftleg engelsk
Generell kompetanse
- ha innsikt i relevante faglege problemstillingar om lingvistikk, litteratur og kultur.
- kunne formidla og problematisera sentralt fagstoff
- kjenna til nyskapning og nytenking om lingvistikk, litteratur og kultur.
gjennom arbeidet med BA oppgåva vera i stand til å organisera eit mindre forskingsprosjekt og bruka metode og teori som høyrer til den disiplinen kandidaten arbeidar innanfor.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Studiet i engelsk er teoretisk krevjande og føreset gode kunnskapar i engelsk. Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode resultat. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i engelsk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:
- Examen philosophicum
- Akademisk skriving
- Tekst og kultur eller Språk og kommunikasjon
Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Bachelorprogrammet i engelsk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), og 90 studiepoeng med spesialisering i engelsk. Dei siste 60 studiepoenga er frie.
Spesialiseringa i engelsk omfattar emna ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 og to emna på 200-nivå, der studentane vel eitt emne i språk og eitt i litteratur og kultur. Kombinasjonane på 200-nivå blir med dette anten ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251.
Emnet TRANSHF - omsetjing (med omsetjing mellom engelsk og norsk) kan eventuelt koma i staden for emnet i språk, ENG211, på 200-nivå i engelsk spesialiseringa. Studentane kan difor også velja kombinasjonen ENG252 og TRANSHF.
For å oppnå spesialisering i engelsk på bachelornivå, kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet kome i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i engelsk.
Rekkefølje for emne i studiet
Semester
Emne
1. Vår
ENG101 Engelsk lingvistikk I
ENG125 Britisk litteratur og kultur (f.o.m. v10)
2. Haust
ENG106 Engelsk lingvistikk II
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur
3. Vår
ENG211 Engelsk språk / ENG251 Semesteroppgåve i engelsk språk
ENG212 Engelskspråkleg litteratur og kultur / ENG252 Semesteroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur
Krav til progresjon i studiet
Normal studieprogresjon (30 stp/semester).
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Det blir sterkt tilrådd at studentane i løpet av studiet har eit opphald i Storbritannia eller i eit anna engelsktalande land.
For studentar på 100-nivået arrangerer instituttet kvart år studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia (University of York). Opplysningar om studiesenteret og om andre aktuelle kurstilbod kan ein få ved å venda seg til instituttet.
Det er mogleg å skifta ut emna på 200-nivået med kurs ved ein utanlandsk lærestad. Nærare opplysningar om dette kan ein få ved å venda seg til instituttet.
Undervisningsmetodar
Førelesingar
Seminar/gruppeundervisning
Vurderingsformer
Kvart emne blir avslutta med ein skriftleg eksamen. Dei eksamensformene som blir nytta er skuleeksamen, heimeeksamen og rettleid bacheloroppgåve og dei er gjort greie for under kvart einskilt emne.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Kompetanse for vidare studium
Engelsk kan vera ein del av spesialisering i bachelorprogramma Språk, Språk og interkulturell kommunikasjon, Kjønnsstudium og i Integrert lektorutdanning.
Bachelorgrad med spesialisering i engelsk (eller tilsvarande) er opptaksgrunnlag for mastergradsstudiet i engelsk.
Yrkesvegar
I kombinasjon med lærarutdanning kvalifiserer engelsk 100-nivå for undervisning i grunnskolen. Mange med bachelorgrad i engelsk er lærarar på ulike nivå. Kompetanse i engelsk er òg relevant i mange andre yrke der kommunikasjon står sentralt, t.d. omsetjing, journalistikk, media og forlagsverksemd, kulturformidling, reiseliv, økonomi og marknadsføring, og offentleg administrasjon. Kompetanse i engelsk gir òg tilgjenge til internasjonalt arbeid.
Evaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for framandspråk
Administrativ ansvarleg
Studierettleiar ved Institutt for framandspråk. E-post: studierettleiar@if.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i engelsk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Studiet i engelsk er teoretisk krevjande og føreset gode kunnskapar i engelsk. Ein vil sterkt anbefale at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 43,4Førstegangsvitnemål: 30,9
Antall studieplasser
65
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført Bachelorgrad i engelsk skal studentane:
Kunnskap
- ha ei grunnleggjande innføring i:
- engelsk lingvistikk (fonetikk/fonologi og grammatikk)
- engelsk som globalt språk
- engelsk språkhistorie
- moderne engelsk lingvistikk
- ha eit omgrepsapparat som gjer dei i stand til å skildra sentrale aspekter ved det engelske språksystemet og teoretiske aspekter knytta til det engelske språket.
- ha grunnleggjande kunnskap om engelskspråkleg (hovudsakleg britisk og amerikansk) litteratur.
- ha grunnleggjande kunnskap om kultur og samfunnstilhøve i Storbritannia, USA og andre engelsktalande land.
- ha kjennskap til og forståing av hovudgenrane innanfor engelskspråkleg litteratur gjennom eit utval av litterære verk frå ulike periodar og engelskspråklege land, samt kjennskap til litteraturvitskapleg terminologi og til ulike tradisjonar innan litteratur og kultur studiar.
Dugleik
- kunna bruka sin kunnskap om engelsk lingvistikk til å analysere språkleg materiale.
- kunna analysera ulike typar engelskspråkelige litterære tekstar og vera i stand til å reflektera teoretisk over dei
- kunna forstå og samanlikna dei ulike kulturelle og samfunnsmessige trekka i engelskspråklige land.
- kunna kommunisera på akademisk munnleg og skriftleg engelsk
Generell kompetanse
- ha innsikt i relevante faglege problemstillingar om lingvistikk, litteratur og kultur.
- kunne formidla og problematisera sentralt fagstoff
- kjenna til nyskapning og nytenking om lingvistikk, litteratur og kultur.
gjennom arbeidet med BA oppgåva vera i stand til å organisera eit mindre forskingsprosjekt og bruka metode og teori som høyrer til den disiplinen kandidaten arbeidar innanfor.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i engelsk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet ¿ blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit eller to semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i engelsk
3. semester Spesialisering i engelsk
4. semester Spesialisering i engelsk
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) Akademisk skriving (EXFAC00AS) Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i engelsk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialiseringa i engelsk omfattar emna ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 og to emne på 200-nivå, der studentane vel eitt emne i lingivistikk og eitt i litteratur og kultur. Kombinasjonane på 200-nivå blir med dette anten ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251. Emnet TRANSHF ¿ omsetjing (med omsetjing mellom engelsk og norsk) kan eventuelt koma i staden for emnet i språk, ENG211, på 200-nivå i engelsk spesialisering. Studentane kan difor også velja kombinasjonen ENG252 og TRANSHF. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ENG101 | Engelsk lingvistikk I | 15 | 1-6 | |||||||||
| ENG106 | Engelsk lingvistikk II | 15 | 1-6 | |||||||||
| ENG122 | Amerikansk litteratur og kultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| ENG125 | Britisk litteratur og kultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| ENG211 | Engelsk språk | 15 | 1-6 | |||||||||
| ENG212 | Engelskspråkleg litteratur og kultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| ENG251 | Bacheloroppgave i engelsk språk | 15 | 1-6 | |||||||||
| ENG252 | Bacheloroppgave i engelskspråkleg litteratur og kultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| TRANSHF | Omsetjing | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||