Hjem

Engelsk, bachelor, 3 år

Engelsk er antakeleg det mest utbreidde språket nokosinne. Når vi treff nokon med eit anna morsmål, kommuniserer vi oftast på engelsk, uansett kva det handlar om: Alt frå internasjonal politikk og diplomati til forsking og kultur. Ønsker du etterspurt kompetanse og større forståing av engelsk språk, litteratur og kultur? Da bør du velje engelskstudium!
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På bachelorstudiet vil du få ei innføring i engelsk språkvitskap, litteratur og kultur. Du blir kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket. 

Gjennom tolking av ulike tekstar, får du kunnskap om sambandet mellom litteratur og samfunnsforhold i USA, Storbritannia og andre engelskspråklege land. 

Vi diskuterer spørsmål som:   

  • Korleis fungerer det engelske språket?   
  • Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag?     
  • Korleis kan vi forstå kultur og historie gjennom litteraturen, og omvendt?   

Med denne utdanninga får du:   

  • kunnskap om engelsk lingvistikk og engelskspråklege litteraturar og kulturar   
  • ei vitskapleg tilnærming til språket, litteraturar og kulturar   
  • utvikle sjølvstendig, kritisk tenking på engelsk 
  • lære å analysere og argumentere for eigne synspunkt  
  • fordjupe deg i eit tema du er interessert i  

Studiekvardag 

Dette er eit fulltidsstudium. I løpet av ei typisk veke vil du ha rundt 10 timar undervisning, i form av  forelesningar og seminargrupper. I tillegg vil du lese litteratur og arbeide saman med medstudentane dine. I det andre semesteret kan du dra på studietur til Det norske studiesenteret i York, og få ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden, midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som? 

Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring og kunnskap om kulturen og samfunnet i engelskspråklege land. Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet og media er døme på område som treng folk med denne kompetansen.    

Studentar med språkutdanning finn du i mange ulike yrke:   

  • lærar   
  • i offentleg forvaltning (gjerne innan administrasjon/høgare utdanning)  
  • kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidar   
  • tolk og omsettar   
  • i frivillige organisasjonar  

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i engelsk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.   

Slik er studiet lagt opp:    

1. semester 

2. semester

3. semester

4. semester

Vel ei spesialisering: 

Spesialisering i moderne lingvistikk:

Spesialisering i språkhistorie: 

Spesialisering i britisk litteratur og kultur:  

Spesialisering i amerikansk litteratur og kultur:   

*Emna konsentrerer seg normalt om enten britisk eller amerikansk engelsk, men andre språkvariantar kan òg vere aktuelle.  

5. semester  

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)   

6. semester 

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB  eller utveksling (30 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Vi har samarbeid med universitet i heile verda. Vi anbefaler å reise til Norwegian Study Centre i York. Avtalen vi har gjer planlegginga av studieopphaldet enkel og grei. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter fullført bachelorgrad i engelsk kan du søke deg vidare til masterprogrammet i engelsk.  

Viss du allereie har ein mastergrad, kan du søke deg til praktisk-pedagogisk utdanning(PPU). Da kan du bli lærar og undervise i engelsk i ungdomsskole og vidaregåande skole. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@if.uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen 

Søk her