Bachelorprogram i filosofi og idéhistorie
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Kontakt
- Studieplan
- Studieløp
Introduksjon
Kva er eit godt liv? Er det eit liv i individuell nyting, eller er det eit liv i indre kontemplasjon og harmoni? Eller finn ein det gode liv i fellesskap med andre menneske? Kva tankemønster er felles for ulike historiske epokar og nasjonale kulturar?
Filosofane har gjennom 2500 år stilt grunnleggjande spørsmål om menneskelivet og verda kring oss, til dømes om vår evne til å nå sann kunnskap om moralske spørsmål og om den fysiske røynda. I idéhistoria blir dei historiske samanhengane mellom ulike tankemønster i vidare tyding utforska - innan religion, politikk, kunst og vitskap.
I filosofistudiet får du eit oversyn over filosofihistoria og over problemstillingar og standpunkt i samtidsfilosofi. Du skal øve opp evna til å lese og analysere filosofiske originaltekstar, og til å ta del i aktuelle filosofiske diskusjonar.
Idéhistorie handlar om dei idémessige strøymingane som har hatt størst innverknad på tenkjemåtane våre, handlingsmønstra våre og sjølvforståinga vår. Fokus blir særleg retta mot overgangen frå renessansen til nytida, og frå opplysingstida til romantikken.
Studievegar
Bachelor
Bachelorprogrammet gir moglegheit for spesialisering i både filosofi og idéhistorie. Ein kan enten velje å spesialisere seg i eitt av faga eller ein kan spesialisere seg i begge i ein og same grad.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i filosofi, med studieretning i høvesvis filosofi eller idéhistorie.
Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du kombinerer filosofi eller idéhistorie med eit årsstudium i eit anna skulefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk påbygging. Sjå uib.no/utdanning for meir informasjon.
Forsking
Fagmiljøet har forskingskompetanse på ei rekkje område. Forskinga er organisert i ti forskingsgrupper, som omfattar Analytisk filosofi, Antikkens filosofi, Fenomenologi og eksistensfilosofi, Filosofi og retorikk, Filosofi, språk og kunst, Liberalisme, Miljøfilosofi, Sosialfilosofi og politisk teori, Subjektivering og senmodernitet og Wittgensteinrelaterte studiar.
Sjå også desse studia
Kjønnsstudium, kognitiv vitskap.
Visste du at ...
Sokrates blei dømt til døden for å ha villeia ungdommen i Athen. Det er nok ikkje like farleg å drive med filosofi i dag, men klagemålet kan likevel tyde på at filosofisk aktivitet til tider kan oppfattast som undergravande for etablerte sanningar.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i filosofi, idéhistorie eller begge faga. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på:uib.no/utdanning
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering
3. semester Spesialisering
4. semester Spesialisering
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
Utveksling
Du vil kunne ta delar av studiet i utlandet anten du spesialiserer deg i filosofi eller idéhistorie. Filosofi har avtaler med universitet i Frankrike (Paris), Tyskland (Berlin), England (Southampton, Durham og Warwick) og Italia (Genova). Idéhistorie har mellom anna avtaler med England (Wolverhampton). Idéhistoriestudentar kan også reise ut på nokre av filosofiavtalane.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie gir særskilt kompetanse til sjølvstendig kritisk analyse, og solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrke. Personar med denne kompetansen finn ein blant lærarar, kulturarbeidarar, innan offentlig forvaltning og administrasjon, i det private næringslivet og i ei rekkje ulike medieverksemder. Med ein mastergrad i filosofi blir du òg kvalifisert for forskarutdanninga, og formidling og undervisning på høgare nivå.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 45,0
Førstegangsvitnemål: 35,7
Antall studieplasser
45
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie har som mål å styrkje studenten si evne til å reflektere over spørsmål som er grunnleggjande for vitenskapleg såvel som meir ålmen forståing av mennesket, av verda, og av tilhøvet mellom mennesket og verda, slik som: "Kva er eit menneske?", "Kva kan vi vite?", "Kva kan vi gjere?" og "Kva kan vi håpe på?".
Studentar på programmet spesialiserar seg anten i filosofi eller i idéhistorie.
Anten ein spesialiserer seg i filosofi eller i idéhistorie må ein skrive ei bacheloroppgåve (FIL250 eller IDH250). Her får ein høve til å arbeide sjølvstendig med eit avgrensa filosofisk eller idéhistorisk tema. Det vert gjeve individuell rettleiing på bacheloroppgåva.
Spesialiseringa i filosofi
Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den og tek opp meir allmenne spørsmål som til dømes tilhøvet mellom vitskap, teknologi og kultur, viten og tru, individ og samfunn, makt og legitimitet osv. Gjennom innsikt i grunnleggjande filosofiske problemstillingar frå antikken fram til og med vår tid, vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).
Studentane vil få omfattande trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Oppøving av skriftleg og munnleg formidling står sentralt.
Studentane får og høve til å fordjupe seg i utvalde filosofiske valemne og vil få trening i å arbeide sjølvstendig med skriftlege oppgåver.
Spesialisering i filosofi gjev grunnlag for opptak til masterstudiet i filosofi, studieretning filosofi.
Spesialiseringa i idéhistorie
Idéhistorie er eit studium kor ein legg til rette for at studenten skal opparbeide ei forståing av mennesket som eit historisk og kulturelt vesen og vidare undersøkje kva dette inneber. Studentane skal studere handlingsmønstra og mentaliteten i den moderne vestlege kulturen. I denne samanhengen får studentane innblikk i periodar innan den (vesteuropeiske idéhistoria der ein kan peike på dei endringane som har gitt stor innverknad på utviklinga av kulturen vår. Politiske og sosiale idéar har difor ein sjølvskriven plass i faget, mellom anna gjennom å studere idéar som er knytte til retten til å tenkje fritt, toleranse, den rolla fornufta har spelt, kjenslene og deira rolle, etc. Studiet av idéar og tankeformer reiser spesielle metodiske spørsmål. Difor vektlegg og studiet nokre av dei metodologiske problema tverrfagleg og fleirfagleg arbeid inneber.
Studentane får høve til å fordjupe seg i utvalde idéhistoriske valemne og vil få trening i å arbeide sjølvstendig mot ei djupare innsikt i idéhistoriske metodar og problemstillingar.
Spesialisering i idéhistorie gjev grunnlag for opptak til masterstudiet i filosofi, studieretning idéhistorie.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat frå bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie frå Universitetet i Bergen skal, uavhengig av kva fag vedkomande spesialiserer seg i:
- kunne løyse ei gjeven problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ein avgrensa periode.
- raskt kunne trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur for å kunne handsame gjevne oppgåver.
- ha grunnlag for kritisk handsaming av ulike skriftlege og munnlege framstillingar både av fagleg og av meir allmenn art.
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
Ein kandidat med spesialisering i filosofi skal óg:
- ha oversikt over og innsikt i sentrale klassiske filosofiske originaltekstar frå antikken til våre dagar og vere i stand til på eiga hand å lese og fortolke desse.
- ha tileigna seg ei forståing for filosofien sin eigenart og for den rolla filosofihistoria spelar i filosofien.
- ha ei oversikt over sentrale filosofar og problemstillingar i samtidsfilosofien.
- ha grunnleggjande kjennskap til formal logikk.
- vere i stand til å lese og fortolke filosofiske originaltekstar som går utover pensum samt kunne orientere seg i relevant sekundærlitteratur.
- kunne formidle avgrensa filosofiske problemstillingar både skriftleg og munnleg.
Ein kandidat med spesialisering i idéhistorie skal óg:
- kunne gjere greie for idéar, verdiar, tankebilete, ulike kunnskapsformer og tradisjonar frå utvalde epokar som har vore med på å forme vår vestlege mentalitet.
- kunne identifisere skilnader i kva ulike omgrep (til dømes fridom, demokrati, politikk) tyder og har tydd både historisk og kulturelt, forstå skilnadar mellom ulike kulturar i vår tid og forstå korleis tankar frå ulike fag- og samfunnsområde verkar inn på kvarandre.
- kunne analysere og kontekstualisere komplekse idéhistoriske problemstillingar.
- meistre dei metodologiske problema som tverrfaglege og fleirfaglege arbeid i humaniora inneber, slik at ein både kan tileigne seg og vurdere idéar og tenkeformer innanfor ulike fagområde.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen utover opptakskrava.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i filosofi inneheld inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet), som er sett saman av:
- Examen philosophicum (Ex.phil.)
- Examen facultatum (Ex.fac.) herunder:
Akademisk skriving
Tekst og kultur eller Språk og kommunikasjon.
Fullført førstesemesterstudium frå andre fakultet og program ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar med eit minimumsomfang på 20 studiepoeng inklusive ex.phil kan godkjennast og innpassast i fakultetet sine bachelorprogram.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Spesialisering i filosofi
Spesialiseringa i filosofi har eit omfang på 90 studiepoeng (1½ år) og er samansett av fire obligatoriske og to valfrie emne. Kvart emne er på 15 studiepoeng.
Dei obligatoriske emna er:
FIL111 Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria
FIL112 Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon.
FIL103 Logikk, språk- og vitskapsfilosofi
FIL250 Bacheloroppgåve i filosofi
Dei to valfrie emna i spesialiseringa ("filosofiske valemne") kan veljast frå følgjande emne:
FIL211 Valemne 1 i filosofi
FIL212 Valemne 2 i filosofi
FIL213 Valemne 3 i filosofi
FIL214 Valemne 4 i filosofi
FIL222B Miljøfilosofi
FIL225 Moderne politisk teori
FIL226 Innføring i sinnfilosofi
FIL227 Innføring i etikk
Kvart semester vert det tilbydd ulike tema under FIL211, FIL212, FIL213 og FIL214 (valemne i filosofi).
Eit av dei filosofiske valemna kan erstattast av eit av følgjande emne:
LOG101 Gyldigheit og konsistens i setnings- og predikatlogikk
IDH201 Politisk idéhistorie
KVIK201 Kjønnsteori
KVIK205 Kjønn og filosofi
Spesialisering i idéhistorie
Spesialiseringa i idéhistorie har eit omfang på 90 studiepoeng (1½ år) og er samansett av fire obligatoriske og to valfrie emne. Kvart emne er på 15 studiepoeng.
Dei obligatoriske emna er:
IDH111 Innføring i den europeiske idéhistoria
IDH202 Idéhistorie; teori og metode
IDH201 Politisk idéhistorie
IDH250 Bacheloroppgåve i idéhistorie
Dei to valfrie emna i spesialiseringa ("Idéhistorisk valemne") kan veljast frå følgjande emne:
FIL111 Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria
FIL112 Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon.
FIL222B Miljøfilosofi
FIL225 Moderne politisk teori
ALLV102 Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700
ALLV103 Moderne litteratur og poetikk frå 1700 til i dag
HIS113 og HIS114 Fordjuping i eldre historie
HIS115 og HIS116 Fordjuping i nyare historie
KUVI104 Folketru og nyreligiøsitet
KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur
KUVII107 Hekseprosessane og den magiske verda
KVIK201 Kjønnsteori
KVIK205 Kjønn og filosofi
RELV102 Kristendom, jødedom og islam
TEAT112 Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar
I tillegg vil studentane kunne søkje om å få bruke emne som ikkje er med på denne lista, men som har eit idéhistorisk tema. Til dømes vil ein i sær- og spesialiseringsemne på ulike fag finne relevante tema i nokre semester. Studentar må sjølve sjekke kva tema som til ein kvar tid vert tilbydd på dei ulike faga.
Tilrådde valemne
Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Dette gjeld dei studiepoenga i graden som ikkje er fastlagde av programmet, og som blir omtala som frie studiepoeng.
Rekkefølje for emne i studiet
Spesialisering i filosofi
Anbefalt progresjon i studiet:
1. semester (haust): Førstesemesterstudier.
2. semester (vår): FIL111 og FIL112.
3. semester (haust): FIL103 og frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne") eller filosofisk valemne.
4. semester (vår): Frie studiepoeng og/eller filosofiske valemne.
5. semester (haust): Frie studiepoeng og/eller filosofiske valemne.
6. semester (vår): FIL250 og frie studiepoeng eller filosofisk valemne.
Spesialisering i idéhistorie
Anbefalt progresjon i studiet:
1. semester (haust): Førstesemesterstudier.
2. semester (vår): IDH111 og idéhistorisk valemne eller frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne").
3. semester (haust): og IDH201 og idéhistorisk valemne eller frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne").
4. semester (vår): IDH202 og idéhistorisk valemne eller frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne").
5. semester (haust): Idéhistorisk valemne eller frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne").
6. semester (vår): IDH250 og idéhistorisk valemne eller frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne").
Dobbel spesialisering i filosofi og idéhistorie
Det er mogleg med spesialisering i både idéhistorie og filosofi i ein og same bachelorgrad. Studentar som ynskjer ei slik dobbel spesialisering kan kontakte studierettleiar ved instituttet for å få sett opp ein tilpassa progresjonsplan (utdanningsplan). Studierettleiar vil og kunne hjelpe med å sjå på moglegheiter for dobbel spesialisering i idéhistorie og andre HF-fag.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i filosofi, studieretning filosofi og/eller studieretning idéhistorie.
Yrkesvegar
Spesialiseringa i filosofi gir særskild kompetanse til sjølvstendig kritisk analyse. Denne typen kompetanse kan nyttast på fleire felt som til dømes å identifisere problemområde innan eit saksfelt og vise forståing for desse i eit historisk perspektiv eller i meir systematiske samanhenger. Personar med denne kompetansen finn ein blant lærarar, kulturarbeidarar og personar som arbeider innan forvaltning og offentlig administrasjon, det private næringslivet og konsulentar innan forlagsverksemder. Ved påbygging til mastergrad vert du kvalifisert for vidare studium og for forsking, formidling samt undervisning på høgre nivå.
Spesialiseringa i idéhistorie gir solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrke. Personar med denne typen kompetanse finn ein innanfor ulike bransjar, som til dømes i forlagsbransjen, i tidsskrift- og avisredaksjonar, i radio og fjernsyn, i biblioteka, som undervisarar på folkehøgskulane, eller som kulturarbeidar reint allment. Ein finn dei og som sakshandsamarar og som konsulentar i offentlege og private verksemder. Ved påbygging til mastergrad vert du kvalifisert for vidare studium, og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne: -EXPHIL Examen philosophicum - EXPHIL-HFSEM (seminarvariant) eller EXPHIL-HFEKS (eksamensvariant) EXFAC00AS Akademisk skriving EXFAC00TK Tekst og kultur (tilrådd) - EXFAC00TKSEM (seminarvariant) eller EXFAC00TKEKS(eksamenvariant) eller EXFAC00SK Språk og kommunikasjon Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialisering i filosofi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialiseringa er samansett av fire obligatoriske emne: FIL111 (V) FIL112 (V), FIL103 (H) og FIL250 (V og H), og to valfrie emne som kan veljast blant: FIL211, FIL212, FIL213, FIL214, FIL222B, FIL225 og FIL226. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| FIL103 | Logikk, språk- og vitskapsfilosofi | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL111 | Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL112 | Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL113 | Innføring i samtidsfilosofi | - | 1-6 | |||||||||
| FIL211 | Valemne 1 i filosofi | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL212 | Valemne 2 i filosofi | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL213 | Valemne 3 i filosofi | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL222B | Miljøfilosofi - 15 stp | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL225 | Moderne politisk teori | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL226 | Innføring i sinnsfilosofi - 15 | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL250 | Bacheloroppgåve i filosofi | 15 | 1-6 | |||||||||
| IDH201 | Politisk idehistorie | 15 | 1-6 | |||||||||
| KVIK201 | Kjønnsteori | 15 | 1-6 | |||||||||
| KVIK205 | Kjønn og filosofi | 15 | 1-6 | |||||||||
| LOG101 | Gyldigheit og konsistens i setnings- og predikatlogikk | 15 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i idehistorie (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Dei obligatoriske emna i spesialiseringa er: IDH101 Sentrale brytningar i den europeiske idéhistoria IDH102 Idéhistorie; teori og metode IDH201 Politisk idéhistorie IDH250 Bacheloroppgåve i idéhistorie Dei to valfrie emna i spesialiseringa ("Idéhistorisk valemne") kan veljast frå følgjande emne: FIL111 Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria FIL112 Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon. FIL222B Miljøfilosofi FIL225 Moderne politisk teori ALLV102 Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700 ALLV103 Moderne litteratur og poetikk frå 1700 til i dag HIS113 og HIS114 Fordjuping i eldre historie HIS115 og HIS116 Fordjuping i nyare historie KUVI104 Folketru og nyreligiøsitet KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur KUVII107 Hekseprosessane og den magiske verda KVIK201 Kjønnsteori KVIK205 Kjønn og filosofi RELV102 Kristendom, jødedom og islam TEAT112 Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar I tillegg vil studentane kunne søkje om å få bruke emne som ikkje er med på denne lista, men som har eit idéhistorisk tema. Til dømes vil ein i sær- og spesialiseringsemne på ulike fag finne relevante tema i nokre semester. Studentar må sjølve sjekke kva tema som til ein kvar tid vert tilbydd på dei ulike faga. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| IDH111 | Innføring i den europeiske idèhistorie | 15 | 1-6 | |||||||||
| IDH201 | Politisk idehistorie | 15 | 1-6 | |||||||||
| IDH202 | Idehistorie: teori og metode | 15 | 1-6 | |||||||||
| IDH250 | Bacheloroppgåve i idehistorie | 15 | 1-6 | |||||||||
| ALLV102 | Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700 | 15 | 1-6 | |||||||||
| ALLV103 | Moderne litteratur og poetikk fra 1700 til i dag | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL111 | Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL112 | Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL222B | Miljøfilosofi - 15 stp | 15 | 1-6 | |||||||||
| FIL225 | Moderne politisk teori | 15 | 1-6 | |||||||||
| HIS113 | Fordjuping i eldre historie | 15 | 1-6 | |||||||||
| HIS114 | Fordjuping i eldre historie | 15 | 1-6 | |||||||||
| HIS115 | Fordjuping i nyare historie | 15 | 1-6 | |||||||||
| HIS116 | Fordjuping i nyare historie | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI104 | Folkeleg kultur og populærkultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI106 | Kjønn, seksualitet, kultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI107 | Hekseprosessene og den magiske verda | 15 | 1-6 | |||||||||
| KVIK201 | Kjønnsteori | 15 | 1-6 | |||||||||
| KVIK205 | Kjønn og filosofi | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV102 | Kristendommen, jødedommen og islam | 15 | 1-6 | |||||||||
| TEAT112 | Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||