Bachelorprogram i italiensk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Kontakt
- Studieplan
- Studieløp
Introduksjon
Italia er humanismens vogge. Korleis har arven frå den italienske renessansen sett sitt preg på den europeiske kulturen? Ønskjer du å forstå meir om bakgrunnen for den politiske situasjonen i Italia slik han er i dag? Har du lyst til å kunne lese Machiavelli og Dante på originalspråket?
Italia har ca. 60 millionar innbyggjarar, er det fjerde største landet i EU og var i 2011 den 8. største økonomien i verda. Italia har alltid vore sentral i Europa si politiske, religiøse og kulturelle historie. Italia er landet som har dei fleste stadnamna i verda på UNESCO si kulturarvliste, og landet har gjennom fleire hundreår vore ei stormakt innan kunst og kultur.
Italienskstudiet gir varierte innfallsvinklar, men også rom for fordjuping i det du synest er mest interessant. Du kan få solid dugleik i det italienske språket, og ein grundig kulturhistorisk ballast gjennom studiet av eldre og nyare litteratur.
Studievegar
Bachelor
Det treårige studiet i italiensk har som mål å gi generell og spesialisert kunnskap om italiensk språk, kultur og litteratur. Gjennom studiet kan ein også skaffe seg god og praktisk dugleik i munnleg og skriftleg italiensk.
Master
Etter bachelorstudiet kan du ta eit toårig masterprogram. Masterprogrammet i italiensk gir moglegheit til spesialisering i språkleg eller litterær retning.
Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du kombinerer italiensk med eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk påbygging. Sjå uib.no/utdanning for meir informasjon.
Forsking
I italienskmiljøet ved UiB blir det forska både på eldre litterære tekstar frå renessansen, mellom anna Machiavelli, Tasso og Ariosto, og på nyare og samtidige tekstar. Forskinga har ofte eit idéhistorisk fokus, der ein ser på korleis tekstane står i samanheng med tida dei sprang ut av. Det lingvistiske miljøet forskar på grammatikk, språkhistorie og sosiolingvistikk.
Sjå også desse studia
Språk og interkulturell kommunikasjon.
Visste du at ...
Dei 20 regionane i landet er rike på eigne tradisjonar, kunst og historie, og at nasjonen Italia først blei danna i 1861.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i italiensk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på: uib.no/utdanning
Semester Emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i italiensk
3. semester Spesialisering i italiensk
4. semester Spesialisering i italiensk
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
Utveksling
Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant UiB sine avtalar i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. UiB har utvekslingsavtalar med fleire italienske universitet, mellom anna i Bologna, Roma, Pisa, Genova, Padova og Bari.
Yrkesvegar
Gode kunnskapar i italiensk er sterkt etterspurde innanfor næringsliv, informasjonsarbeid, media, omsetjing og kulturliv. Italia er ein viktig handelspartnar for Noreg. Turistnæringa er òg svært viktig for begge landa. Noreg er eit populært reisemål for italienske turistar, og potensialet for vidareutvikling er stort. Italienskstudiet, kombinert med eit anna skulefag og praktisk-pedagogisk utdanning, kvalifiserer for undervisning innanfor skuleverket.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i italiensk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Studiet krev gode språklege kunnskapar i italiensk. Studieprogrammet har eit innføringsemne i italiensk - ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass. Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
10
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Undervisningsspråk
Undervisningsspråket på italienskemna er italiensk og norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Bachelorstudium i italiensk har som mål å gje generelle og spesialiserte kunnskapar i italiensk språk og italienskspråkleg litteratur og kultur. Gjennom studiet av pensum og bruk av ulike læringsformer, skal ein tileigne seg god praktisk dugleik i munnleg og skriftleg italiensk, samstundes som ein utviklar ei sjølvstendig haldning til stoffet. Studentane skal på bachelornivå dessutan skaffe seg ein viss kjennskap til italiensk språk- og litteraturvitskap og til italienske kulturtilhøve i vid tyding.
Italiensk, som høyrer til dei romanske språka og altså går attende til latin, vert tala av oppunder 60 millionar menneske. Det er nasjonalspråk i Italia, og italiensk er eitt av dei fire offisielle språka i Sveits, der særleg kantonen Ticino er italienskspråkleg. Italiensk er berar av ein særs rik kultur som gjennom tidene har gjeve djuptgripande impulsar til resten av Europa og verda i det heile. I vår tid spelar Italia ei sentral rolle så vel kulturelt som politisk og økonomisk.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med bachelorgrad i italiensk skal kunne skjøne og bruke moderne italiensk skriftleg og munnleg. Studenten skal òg ha innsikt i italiensk språk- og litteraturvitskap. Det er lagt vekt på tileigning av kunnskapar og praktiske dugleik, men det er òg viktig at studentane byggjer opp ei sjølvstendig og reflekterande haldning til stoffet.
Språk- og litteraturstudiet høyrer nøye saman. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøne dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekstar er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det italienske språket. Difor er vekselspelet mellom desse to disiplinane grunnleggjande i studiet.
På 100-nivå høyrer det òg med ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i Italia. Kulturkunnskapsdisiplinen dannar ein naudsynleg bakgrunn for språk- og litteraturstudiet.
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har forkunnskapar i italiensk som svarar til nivå II frå vidaregåande skole, ITAL001 Innføringskurs i italiensk eller tilsvarande.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i italiensk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:
- Examen philosophicum
- Akademisk skriving
-Tekst og kultur eller Språk og kommunikasjon
Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Bachelorprogrammet i italiensk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i italiensk. Dei siste 60 studiepoenga er frie.
Spesialiseringa i italiensk omfattar emna ITAL111, ITAL112, ITAL113, ITAL114, ITAL201 og ITAL252
Studentane kan skifte ut ITAL201 med TRANSHF. Både ITAL252 og TRANSHF vil tilfredsstille gradskravet om eit sjøvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
For å oppnå spesialisering i italiensk på bachelornivå, kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet koma i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i italiensk.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i italiensk har 60 frie studiepoeng. Studenten kan her velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet ex.phil. og ex.fac. (30 stp)
2. semester (vår):
ITAL111 Italiensk språk I (15 stp)
ITAL113 Italiensk kulturkunnskap (15 stp)
3. semester (haust):
ITAL112 Italiensk litteratur (15 stp)
ITAL114 Italiensk språk II (15 stp)
4. semester (vår):
ITAL201 Italiensk grammatikk og omsetjing (15 stp)
ITAL252 Eldre italiensk litteratur (15 stp)
5. semester (haust):
Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
6. semester (vår):
Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
Studentar kan sjølv velje om dei vil følgje det tilrådde løpet eller om dei vil byte om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vere merksam på at italienskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i italiensk før ein tar fatt på 200-nivå.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Studentar som ønskjer å dra på utveksling som del av spesialiseringa, blir tilrådde å gjera dette på 200-nivå.
Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved rettleidd oppgåve, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet i italiensk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i italiensk.
Yrkesvegar
Italiensk er valfag ved nokre ungdomsskolar/vidaregåande skolar og folkehøgskolar, men dersom ein tek sikte på å arbeide i undervisningssektoren, vert det tilrådd å kombinere italiensk med eit meir sentralt skolefag.
Gode kunnskapar i italiensk er sterkt etterspurde i ulike yrkessamanhengar innafor næringsliv (irekna handel, kommunikasjon, reiseliv), kulturliv og offentleg sektor.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for framandspråk
Administrativ ansvarleg
Studierettleiar ved Institutt for framandspråk. E-post: studierettleiar@if.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) Akademisk skriving (EXFAC00AS) Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i italiensk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialiseringa skal normalt innehalda ITAL111, ITAL112, ITAL113, ITAL114, ITAL201 og ITAL252. Emnet TRANSHF Omsetjingsteori (med omsetjing mellom italiensk og norsk) kan eventuelt koma i staden for eitt av emna på 200-nivå. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ITAL111 | Italiensk språk I | 15 | 1-6 | |||||||||
| ITAL112 | Italiensk litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| ITAL113 | Italiensk kulturkunnskap | 15 | 1-6 | |||||||||
| ITAL114 | Italiensk språk II | 15 | 1-6 | |||||||||
| ITAL201 | Italiensk grammatikk og omsetjing | 15 | 1-6 | |||||||||
| ITAL252 | Eldre italiensk litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||