Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i japansk

ingressbilde

Introduksjon

Kor lang tid tar det å lære seg japansk, med alle dei kompliserte skriftteikna? Er Japan eit homogent samfunn eller har dei minoritetar? Kva slags religionar finst i Japan? Korleis er det historiske, språklege og kulturelle tilhøvet mellom Japan, Kina og Korea?

Det er ikkje så ofte norske media melder om nyhende frå eller anna stoff om Japan, og for mange verkar landet framleis ganske fjernt. Med internett har likevel Japan kome mykje nærmare enn før, ikkje minst gjennom populærkultur i ulike sjangrar.

Bachelorprogrammet i japansk vil hjelpe deg med å opne hovuddøra til denne kreative og fascinerande kulturen. Nøkkelen til hovuddøra går gjennom det japanske språket, som er svært ulikt vårt eige, og som er lett og vanskeleg på same tid. Programmet sitt hovudfokus er kunnskap om og dugleik i japansk språk, både munnleg og skriftleg. Du vil òg få breiare kunnskapar om historie, kultur og samfunn, både ved hjelp av norsk og gradvis gjennom det japanske språket.

Studievegar

Bachelor

I tillegg til språklege kunnskapar, fokuserer bachelorstudiet i japansk på kultur, historie og samfunnsorienterte emne. Vi kan tilby til saman tre semester med japansk, som alle er obligatoriske i programmet. Studentane skal skrive bacheloroppgåve i det fjerde semesteret i programmet.

Master

Det er i dag ikkje mogleg å ta ein mastergrad i japansk ved UiB. For opptak til masterprogrammet i japansk ved Universitetet i Oslo, må ein ha til saman 80 studiepoeng i japansk språk. Ein må derfor ta minst 20 studiepoeng ekstra i japansk språk ved eit japansk universitet gjennom utvekslingsavtalene til UiB for å kunne bli tatt opp. Det er òg mogleg å dra til Japan, USA eller til land i Europa for å ta ein mastergrad i japansk, men opptakskrava kan variere.

Forsking

Forskingskompetansen i japansk ved UiB er språkleg, i skjeringspunktet mellom allmenn lingvistikk, kontrastive studium og omsetjing.

Sjå også desse studia

Språk og interkulturell kommunikasjon.

Visste du at ...

Ein kan få kjøpt brunost på velassorterte supermarknader i Japan? Vanlegvis under namnet «Ski Queen».

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i japansk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på: uib.no/utdanning

Semester og emne

1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum

2. semester Spesialisering i japansk

3. semester Spesialisering i japansk

4. semester Spesialisering i japansk

5. semester Valfrie emne eller japansk

6. semester Valfrie emne

Utveksling

Vi kan tilby eit studieopphald på eit japansk universitet, helst etter det tredje semesteret i japansk spesialisering. Anbefalte samarbeidsuniversitet som kan nemnast er Hokkaido University of Education, Akita International University, Keio University, Waseda University, Ritsumeikan University og Hakuoh University.

Yrkesvegar

Blant sektorar der kompetanse i japansk og kjennskap til Japan er nyttig, kan nemnast næringsliv (for eksempel turistnæringa og fiskeeksport), internasjonalt retta organisasjonar, undervisning, forsking, presse og media. Kandidatar med spesielt god kjennskap til japansk er mellom anna å finne i utanrikstenesta eller som sysselsette med bibliotekarbeid eller omsetjingsoppgåver.

Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i japansk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 46,5

Førstegangsvitnemål: 37,2

Antall studieplasser

30

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no

55 58 93 70

Mål og innhald

Japan er i dag ei økonomisk og politisk stormakt som ikkje berre spelar ei viktig rolle i sin eigen region, Aust-Asia, men òg i ein global samanheng. Japansk kultur, historie og samfunn har gitt opphav til mange uttrykk som er blitt ein del av omgrepsverda vår, frå haiku, zen og karate, til sushi, manga og karaoke. Men framleis er japansk kultur på mange måtar svært ulik vår eigen. Gjennom studiet av japansk møter studenten ei ny og fascinerande verd, der kjente element går inn i ein framandkulturell kontekst.

Som tale- og skriftspråk for 126 millionar menneske er japansk det 9. mest talte språket i verda, og det dannar ein naturleg innfallsport til ein kultur der gamalt og nytt lever side om side. Store mengder ny informasjon kan verta tilgjengeleg for dei som lærer å kjenna japansk språk og kultur. Det kulturelle utbytet vil vera vesentleg. Japansk skil seg frå vestlege språk på viktige punkt, og det er både utfordrande og spennande å få innsikt i dette skriftspråket som nyttar to stavingssystem og kinesiske skriftteikn. Det blir òg lagt vekt på praktisk meistring av moderne japansk språk, der studenten får intensiv trening i å snakka, forstå, lesa og skriva japansk. Studenten får elles grunnleggjande kunnskapar om historie, samfunnstilhøve og kultur, ei oversikt over Japan si litteraturhistorie, og moglegheit for fordjuping i eit japanskrelatert tema.

Læringsutbyte/resultat

Hovudvekta i studiet vert lagd på språktileigning og språkforståing. Japansk er eit tidkrevjande språk å læra i høve til nære europeiske språk, ikkje minst grunna skriftsystemet. Det er derfor viktig å ha eit realistisk bilete av oppnåeleg språknivå. Etter eit års studium skal studentane vera i stand til å halda enkle samtalar om avgrensa tema og skriva enkle stilar ved hjelp av ordbok. Etter to år opplever mange at dei har et stort passivt vokabular og teiknforråd, men at dei framleis ikkje meistrar alminneleg konversasjon. Vi oppmodar difor studentane til å nytta seg av UiB sine utvekslingsmoglegheitar i løpet av studiet, for å få den rette balansen mellom teoretiske og praktiske språkkunnskapar.

Den historiske og kulturelle konteksten til språket blir tatt hand om av ikkje-språklege emne. Forutan tileigning av solide kunnskapar om og innsyn i ulike sider ved det japanske samfunnet, vil det òg verta gitt oppøving i kritisk lesing av japanskrelaterte tekstar og forståing for ulike faglege tilnærmingar til Japan. Skjønnlitteratur og litteraturhistorie finst ikkje som eigne emne ved faget, men er fletta inn i dei språklege emna det siste semesteret.

Studenten kan nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i japansk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:

  • Examen philosophicum
  • Akademisk skriving
  • Språk og kommunikasjon eller Tekst og kultur

Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne / spesialisering

Bachelorprogrammet i japansk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalda inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), og 90 studiepoeng med spesialisering i japansk. Dei siste 60 studiepoenga er frie.

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret, følgt av emna JAP101, JAP102, JAP103, JAP104, JAP220 og JAP250 som alle er obligatoriske emne.

JAP250 tilfredsstillar gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultetet.

Me gjer merksam på at studentar som vert tekne opp på bachelorprogrammet i partalsår må ta til med innføringsemna i første semesteret, og så gå i gang med valfrie emne i andre og tredje semesteret, då japansk har oppstart annankvar vår, sjå alternativ utdanningsplan.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i japansk inneheld 60 frie studiepoeng. Studenten kan velja emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Instituttet vil likevel tilrå JAP230 og JAP240.

Rekkefølje for emne i studiet

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret etterfølgt av JAP101, JAP102, JAP103, JAP104, JAP220, JAP250 i gitt rekkjefølgje.

Studentar kan sjølv velja om dei vil følgja det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at japanskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i japansk før ein tar fatt på 200-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Delstudium i utlandet

Det blir sterkt tilrådd at studentane i løpet av studiet har eit opphald i Japan. Me kan gi tilbod om eit studieopphald på eit japansk universitet, helst i løpet av det tredje semesteret i japansk spesialisering. Søkjarar til studieopphald i Japan vil bli valde ut på bakgrunn av faglege kvalifikasjonar. Me gjer merksam på at det japanske studieåret byrjar 1. april. Kontakt studierettleiar eller faglærar for nærare informasjon.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar/gruppeundervisning, lydlab/videoframvising. Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. I tillegg skriv dei ei bacheloroppgåve. Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Yrkesvegar

Blant yrkesgrupper der kompetanse i japansk og kjennskap til Japan er nyttig, kan nemnast næringsliv (til dømes turistnæringa, fiskeeksport) og internasjonalt retta organisasjonar, og elles undervisning, forsking, presse og media. Kandidatar med japansk er òg å finna i utanrikstenesta, eller dei er sysselsette med bibliotekarbeid eller omsetjingsoppgåver.

For å kunna bruka japansk aktivt i jobbsamanheng er lengre opphald i Japan undervegs i eller etter studiet naudsynt.

Evaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

BAHF-JAP/Bachelorprogram i japansk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS)
Akademisk skriving (EXFAC00AS)
Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller
Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS)

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1-6 1
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1-6 1
EXFAC00TKEKS Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen 10 1-6
EXFAC00TKSEM Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell 10 1-6
Spesialisering i japansk (krav: 90 SP)
Spesialiseringa skal normalt innehalda JAP101, JAP102, JAP103, JAP104, JAP220 og JAP250 som alle er obligatoriske emne. JAP250 tilfredsstillar gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng
  Minst 90 studiepoeng
Emnekode Emnetittel SP S A
JAP101 Japan: Kultur og samfunn 15 1-6
JAP102 Japansk språk 1: Introduksjon til eit annleis språk 15 1-6
JAP103 Japansk språk 2 15 1-6
JAP104 Japansk språk 3 15 1-6
JAP220 Japansk språk 4 15 1-6
JAP250 Japan: Kultur og samfunn II 15 1-6
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 2 semester - -