Bachelorprogram i kinesisk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Kontakt
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Kor mange skriftteikn må ein lære seg for å kunne lese kinesiske aviser? Stemmer det at kinesiske ord har eigne tonar? Lærer kinesiske born engelsk på skolen? Er det moderne Kina eit kapitalistisk samfunn? Korleis er forholdet mellom Kina og Nord-Korea?
Det siste tiåret les vi stadig om Kina i norske medium. Ofte er vinklinga systemkritisk, med fokus på manglande organisasjons- og ytringsfridom. Det er likevel få kommentatorar som kjenner Kina frå innsida og kan kinesisk språk.
Eit studium i kinesisk vil opne portane til verdas mest folkerike nasjon, ein av dei eldste og rikaste sivilisasjonar som finst. Mykje av studiet er dedikert teoretisk og praktisk opplæring i det offisielle kinesiske språket, mandarin. I tillegg vil du få kunnskapar om den historiske utviklinga i Kina, og dessutan samfunnsmessige og kulturelle forhold.
Visste du at ...
Kina blir rekna som verdas eldste samanhengande sivilisasjon. Starten på den kinesiske sivilisasjonen blir
av nokre historikarar datert heilt tilbake til år 6000 f.Kr.
Studievegar
Bachelor
I tillegg til språklege kunnskapar, fokuserer bachelorstudiet i kinesisk på kultur, historie og interkulturell kommunikasjon. Vi kan tilby til saman tre semester med kinesisk, som alle er obligatoriske i programmet. Studentane skal skrive bacheloroppgåve i det fjerde semesteret i programmet.
Master
Det er i dag ikkje mogleg å ta ein mastergrad i kinesisk ved UiB, men eit slik tilbod er under utvikling. Dersom det blir mogleg å ta ein mastergrad i kinesisk ved UiB eller ved andre lærestader i Noreg, vil det bli lagt ut informasjon om det på nettsidene våre.
Forsking
Forskingskompetansen i kinesisk ved UiB er språkleg og kulturelt orientert.
Sjå også desse studia
Språk og interkulturell kommunikasjon, japansk.
Utveksling
Vi kan tilby eit studieopphald på eit kinesisk universitet, helst etter det tredje semesteret i kinesisk spesialisering. Anbefalte samarbeidsuniversitet som kan nemnast er Fudan University og Yunnan Nationalities University.
Yrkesvegar
Blant sektorar der kompetanse i kinesisk og kjennskap til kinesisk er nyttig, kan nemnast næringsliv (for eksempel turistnæringa og fiskeeksport), internasjonalt retta organisasjonar, undervisning, forsking, presse og media. Kandidatar med særs god kjennskap til kinesisk er blant anna å finne i utanrikstenesta.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i kinesisk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Nytt studium
Antall studieplasser
20
Meir informasjon
Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no55 58 93 70
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i kinesisk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet ¿ blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) Akademisk skriving (EXFAC00AS) Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i kinesisk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KIN101 | Innføring i kinesisk språk | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| KIN102 | Kinesisk språk 2 | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| KIN103 | Kinesisk språk 3 | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| KIN104 | Kinesisk språk 4 | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| KIN201 | Kinesisk språk 5 | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| KIN251 | Kina: Kultur og samfunn med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| JAP231 | Japansk språk 5 | - | 1-6 | 5 | ||||||||
| JAP241 | Japansk språk 6 | - | 1-6 | 5 | ||||||||