Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i klassisk filologi

Introduksjon

Introduksjon

Klassisk filologi er studiet av dei historiske språka gresk og latin. Desse var dei viktigaste språka i antikken og mellomalderen i Europa og kom i bruk i andre delar av verda i den tidleg-moderne perioden. Dei som studerer klassisk filologi, får ein kompetanse som er etterspurd i institusjonar og marknader over heile verda der eldre historie er ein del av området for verksemda. I tillegg blir det undervist i latin ved fleire skular i Noreg.

Den greske imperiebygginga i antikken gjorde gresk til statsspråk og fellesspråk i landa rundt det austlege Middelhavet, og sidan gav Romarriket latinen same stilling i vest. Hellas og Roma gav med sin kunst og litteratur, filosofi og religion, vitskap og statskunst opphav til sentrale delar av sivilisasjonen i vestverda. For studiet av kulturhistoria og den politiske historia i middelhavsverda, Europa og den vestlege sivilisasjonen er latin og gresk derfor ikkje til å komme utanom. Dette gjeld òg studiet av eldre norsk historie, der mange av kjeldene er på latin.

Samtidig kan latin og gresk reknast for dei mest moderne språka i verda fordi ny terminologi innanfor vitskap og teknologi er henta frå desse. Ord som haptikk, superfluid og aerogel er danna av greske og latinske ordstammar. Studiet av latin og gresk, samanfatta under nemninga klassisk filologi, høyrer derfor til dei mest sentrale humanistiske fagfelta.

Studer klassisk filologi

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Studiet av klassiske språk gir praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Det øver opp evna til å skaffe seg oversyn over eit materiale, til å analysere det og å uttrykke seg nøyaktig. Det gir eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde. Arbeidsplassar der kunnskap i latin og gresk er etterspurde, er til dømes museum og andre antikvariske institusjonar, kyrkja, universitetet, bibliotek, skuleverk og kunst- og antikvitetshandel. Det er óg plass til klassiskfilologar i ein veksande spel- og underhaldningsbransje.

Vidare studium

Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i latin eller gresk. Ved påbygging til mastergrad kan du kvalifisere deg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Forsking
Dei siste åra har forskinga i Bergen vore konsentrert rundt gresk og latinsk poesi og versekunst, mellomalderleg latin, i tillegg til bruksmåtane til den greske og latinske litteraturen i seinare tider.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med avslutta bachelorprogram i klassisk filologi skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei generell kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan gammalgresk eller latinsk språk, litteratur og kulturhistorie
  • har tileigna seg gode språkkunnskapar som trengst for å skjøne tekstar på gresk eller latin
  • har inngåande kjennskap til eit representativt utval tekstar på gresk eller latin
  • er i stand til å oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet
  • har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
  • har kunnskap om fagområdets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan lese greske eller latinske tekstar sjølvstendig
  • kan omsetje greske eller latinske tekstar til norsk
  • kan bruke det kritiske apparatet i tekstutgåvene og ta stilling til problem knytte til forståing og omsetjing av tekstane
  • kan tolke tekstane med syn for deira eiga kulturelle og litterære kontekst
  • kan arbeide sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar
  • har bygd opp ei sjølvstendig og reflekterande haldning til stoffet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har opparbeidd seg ferdigheiter til å dra nytte av vekselspelet mellom dei to disiplinane språk og litteratur.
  • har medvit om dei konkrete uttrykka for korleis det greske og latinske språket og den antikke kulturen påverkar den vestlege kulturen i samtida
  • har medvit om korleis språklege og kulturelle faktorar påverkar omsetjingsprosessar
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer

Oppbygging

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i gresk eller latin. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Det vil vere mogeleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet mellom anna ved å ta spesialiseringa tidlegare eller seinare i studiet, eller ved å bruke eitt eller to semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgareutdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet nedst på sida.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av læringsutbyte.

Bachelorprogram i klassisk filologi (krav 180 SP)
Første semester (krav 20 SP)
Vel minst eit av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXFAC00ASExamen facultatum, Akademisk skriving101–61
EXFAC00SKExamen facultatum, Språk og kommunikasjon101–61
EXFAC00TKEKSExamen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen101–61
EXFAC00TKSEMExamen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell101–61
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-HFEKSExamen philosophicum - skuleeksamen101–61
EXPHIL-HFSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
LAT100Innføring i latin101–61
Spesialiseringar (krav 90 SP)
Spesialisering i gresk (krav 90 SP)
Spesialisering i gresk - 100-nivå (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GRE101Gresk elementærkurs151–62
GRE102Gresk prosa og grammatikk151–62
GRE103Gresk: Attisk prosa151–63
GRE104Gresk: Epikk og lyrikk151–63
Spesialisering i gresk - 200-nivå (krav 30 SP)
GRE251 som bacheloroppgåve (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GRE251Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa med bacheloroppgåve151–64
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
GRE202Gresk: Attisk drama151–65
GRE203Gresk: Stilskriving og attiske talarar151–64
GRE254Gresk: Fordypningsstudium med bacheloroppgåve151–65
GRE254 som bacheloroppgåve (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GRE254Gresk: Fordypningsstudium med bacheloroppgåve151–65
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
GRE202Gresk: Attisk drama151–65
GRE203Gresk: Stilskriving og attiske talarar151–64
GRE251Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa med bacheloroppgåve151–64
Spesialisering i latin (krav 90 SP)
Spesialisering i latin - 100-nivå (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
LAT102Latin: Prosa og grammatikk I151–62
LAT105Latinsk prosa og grammatikk II151–62
LAT104Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid151–63
LAT107Middelalderlatin151–63
Spesialisering i latin - 200-nivå (krav 30 SP)
LAT251 som bacheloroppgåve (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
LAT251Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgåve151–64
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
LAT202Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil151–65
LAT203Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi151–64
LAT254Latin: Fordypningsstudium med bacheloroppgåve151–65
LAT254 som bacheloroppgåve (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
LAT254Latin: Fordypningsstudium med bacheloroppgåve151–65
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
LAT202Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil151–65
LAT203Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi151–64
LAT251Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgåve151–64
Valfrie studiepoeng (krav 60 SP)
Valfritt
Utveksling 1/2 semester - 15 stp
Utveksling 1 semester
Utveksling 2 semester
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

I samarbeid med dei andre norske universiteta blir det halde ulike kurs i antikkens kultur ved dei norske institutta i Athen og Roma. Du kan for eksempel studere eit semester ved desse institutta og få kursa du har tatt, innpassa som del av bachelorgraden din i gresk. Elles underviser dei fleste større universiteta i utlandet i latin og gresk.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider.

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i klassisk filologi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184455

Kontakt

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no

55 58 93 70 (10.00 - 14.00)