Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i kunsthistorie

ingressbilde

Introduksjon

Korleis ser vi verda rundt oss? Korleis opplever og tenkjer vi om dei visuelle uttrykka vi er omgitt av - frå kunst til reklame? Er pressefotografiet ei spegling eller ein konstruksjon? Er ikonet i kyrkja kunst eller blir det kunst først når det heng i galleriet?

Mennesket si oppleving av verda går i stor grad gjennom auga. Til alle tider har mennesket laga seg bilete for å forstå, formidle og uttrykkje seg. Den visuelle sida av kulturen er derfor heilt sentral for å forstå mennesket og mennesket si historie.

Gjennom bachelorprogrammet i kunsthistorie lærer du om visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Vi utforskar visuelle medium som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap, der tyngdepunktet er den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag. Nokre sentrale spørsmål er kunsten si rolle i samfunnet, kunsten sitt forhold til politikk og makt, og korleis kunsten kan bli forstått og tolka.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet tek sikte på å gi ei allmenn innføring i den historiske utviklinga av kunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken og fram til vår eiga tid. Vidare gir studiet ei fordjuping i spørsmål som gjeld fortolking, historiografi, visuell retorikk, kunstteoretiske og estetiske problem, i tillegg til fordjuping i eit kunsthistorisk emne.

Master

Etter bachelorgraden kan du gå vidare til ein master i kunsthistorie. I masterstudiet fordjuper du deg i eit kunsthistorisk emne og i teoretiske spørsmål, mellom anna gjennom eit sjølvstendig arbeid (masteroppgåva).

Forsking

Fagmiljøet forskar på eit breitt spekter av visuelle uttrykk, både historiske og samtidige. Tema knyttar seg mellom anna til synskultur, landskapsforståing, foto, arkitektur og byplanlegging, kunstarkeologi, nevroestetikk, kunstteoretiske problemstillingar og visuell retorikk.

Sjå også desse studia

Arkeologi, litteraturvitskap, kulturvitskap, historie, filosofi og idéhistorie.

Visste du at ...

Den kjente franske impresjonisten Claude Monet malte fleire vintermotiv i Noreg.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i kunsthistorie. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på: uib.no/utdanning

Semester og emne

1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum

2. semester Spesialisering i kunsthistorie

3. semester Spesialisering i kunsthistorie

4. semester Spesialisering i kunsthistorie

5. semester Valfrie emne

6. semester Valfrie emne

Utveksling

Som bachelorstudent i kunsthistorie kan du studere eitt eller to semester i utlandet. UiB er eit internasjonalt universitet som har utvekslingsavtaler med universitet i heile verda. Kunsthistoriestudentar reiser gjerne til Roma, Athen eller Paris - moglegheitene er mange!

Yrkesvegar

Bachelorstudiet i kunsthistorie gir deg kompetanse for å arbeide med kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar. Du kan jobbe med kulturjournalistikk og informasjonsarbeid innanfor kunst- og kulturfeltet. Kunsthistorikarar arbeidar også innanfor kulturminneforvalting og kunst- og kulturadministrasjon på sentralt og lokalt plan. Kunsthistorikarar har viktige oppgåver i samfunnet: Dei tek vare på fortida, er med på å planleggje framtida og er sentrale aktørar i utforminga av samtida.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.


Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i kunsthistorie.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 45,6

Førstegangsvitnemål: Alle

Antall studieplasser

30

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i kunsthistorie er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering i kunsthistorie og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.

Bachelorprogrammet i kunsthistorie skal gi teoretiske, analytiske og metodiske føresetnader for å forstå kunsthistorie og visuell kultur som historisk, kulturelt og sosialt fenomen.

Vi utforskar historia til biletmedia frå antikken til i dag - måleri, skulptur, masseproduserte bilete og moderne sjangrar som fotografi, film og elektroniske bilete, samt andre visuelle uttrykk; arkitekturhistorie og bygningsvern; byplanleggjing, hage- og landskapsarkitektur, kunsthandverk, kunstindustri og design; landskaps- og naturframstilling og visuell retorikk.

Bachelorprogrammet i kunsthistorie tar sikte på å gi ei generell innføring i den historiske utviklinga av måleri, skulptur, arkitektur og visuell kultur i Europa frå antikken og fram til vår eiga tid, og frå nyare tid også i USA. Programmet skal òg gi ei fordjuping i spørsmål om tolking, historisk utvikling, den samfunnsmessige karakteren til den visuelle kulturen og tilhøvet mellom det estetiske og det historiske i kunsten.

Læringsutbyte/resultat

Bachelorprogrammet i kunsthistore gir kunnskap om visuell kultur og kunst frå antikken og fram til i dag. Det skal gi studentane kompetanse i å handsame teoretiske problem i omgangen med ulike visuelle uttrykk med konkrete døme frå historie og samtid.

Kandidaten skal dessutan kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i kunsthistorie skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

  • EXPHIL Examen philosophicum
  • EXFAC00AK Akademisk skriving
  • EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller
  • EXFAC00TK Tekst og kultur

Tekst og kultur er tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.

Obligatoriske emne / spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i kunsthistorie på 90 studiepoeng.

 

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa og programmet:

KUN110: Innføring i visuell kultur og kunsthistorie (15 stp)

KUN201: Frå biletteori til estetikk (15 stp)

 

I tillegg må studenten velje minst tre av desse emna:

KUN111: Antikk og mellomalder (15 stp)

KUN112: Tidleg visuell kultur (15 stp)

KUN114: Moderne biletekultur (15 stp)

KUN116: Arkitekturhistorie (15 stp)

KUN117: Visuell retorikk (15 stp)

KUN118: Kunst i Noreg (15 stp)

 

Studenten må dessutan velje eitt av desse emna: KUN252: Fotografiets estetikk og historie med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN253: Antikken og den klassiske tradisjon med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN254: Moderne kunst med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN255: Arkitektur med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN256: Områdestudium med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN257: Landskap og naturframstilling med bacheloroppgåve (15 stp)

 

I det valfrie emnet på 200-nivå skal studenten skrive ei rettleia semesteroppgåve (bacheloroppgåve). Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa i kunsthistorie, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i kunsthistorie kan til dømes sjå slik ut:

 

1. semester (haust):

Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 stp)

 

2. semester (vår):

KUN110: Innføring i visuell kultur og kunsthistorie (15 stp)

og eitt av desse emna:

KUN112: Tidleg visuell kultur (15 stp)

KUN114: Moderne biletekultur (15 stp)

KUN116: Arkitekturhistorie (15 stp)

 

3. semester (haust):

To av desse emna:

KUN111: Antikk og mellomalder (15 stp)

KUN117: Visuell retorikk (15 stp)

KUN118: Kunst i Noreg (15 stp)

 

4. ¿ 6. semester:

I dei siste tre semestra tar studentane 200-nivået i spesialiseringa i kunsthistorie og dessutan valemne tilsvarande 60 studiepoeng i andre fag.

 

200-nivået i spesialiseringa i kunsthistorie kan takast vår eller haust.

Det obligatoriske emnet KUN201 går både haust og vår, medan dei andre 200-emna går anten haust eller vår.

 

Om våren (4. eller 6. semester) kan ein velje mellom:

KUN253: Antikken og den klassiske tradisjon med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN254: Moderne kunst med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN256: Områdestudium med bacheloroppgåve (15 stp)

 

Om hausten (5. semester) kan ein velje mellom

KUN252: Fotografiets estetikk og historie med bacheloroppgåve (15 stp) eller

KUN255: Arkitektur med bacheloroppgåve (15 stp) eller

KUN257: Landskap og naturframstilling med bacheloroppgåve (15 stp)

 

Ei generelle tilråding som ligg til grunn for døma over er at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå, inkludert introduksjonsemnet KUN110.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i kunsthistorie eller for å ta valemne i graden. Emna må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i kunsthistorie gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i kunsthistorie.

Yrkesvegar

Bachelorstudiet i kunsthistorie gir kompetanse for arbeid med til dømes:

  • kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar
  • kulturjournalistikk og informasjonsarbeid innanfor kunst- og kulturfeltet
  • kulturminneforvaltning, kunst- og kulturadministrasjon på sentralt og lokalt plan
  • undervisning i ulike samanhengar

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativ ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Læringsutbyte/resultat

Bachelorprogrammet i kunsthistore gir kunnskap om visuell kultur og kunst frå antikken og fram til i dag. Det skal gi studentane kompetanse i å handsame teoretiske problem i omgangen med ulike visuelle uttrykk med konkrete døme frå historie og samtid.

Kandidaten skal dessutan kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar.