Hjem

Kunsthistorie, bachelor, 3 år

På kunsthistorie lærer du om visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Vi utforskar ulike former for visuelle medium, som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap. Hovedfokus er på den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Korleis kan vi bruke kunstverk, fotografiar, arkitektur eller kunsthandverk som inngang til å forstå historia? Korleis kan religiøs kunst fortolkast? Korleis har antikkens kunst og arkitektur prega vestleg kunsthistorie? Kvifor opplever vi symmetri som vakkert? Kva rolle har kunstverk i dagens samfunn, og korleis kan kunstverk endre framtida? 

På bachelorprogrammet i kunsthistorie undersøker vi kunstverk og kunsthistoriske problemstillingar gjennom historiske, analytiske, kritiske og teoretiske tilnærmingar. Vi utforskar det visuelle kunst- og kulturfeltet, frå forhistorisk grottemaleri til samtidskunst i eit globalt perspektiv. 

Med ein bachelorgrad i kunsthistorie   

  • har du god oversikt over vestleg kunst, arkitektur, visuell kultur og teoriar om det visuelle frå antikken og fram til i dag  
  • kan du formidle sentralt kunsthistorisk fagstoff skriftleg og munnleg 
  • har du innsikt i etiske spørsmål innan kunsthistorisk forsking, formidling, museumsarbeid, kulturminneforvaltning og i offentlege og private kunstformidlingsinstitusjonar 

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i kunsthistorie er eit fulltidsstudium. Ei veke kan innehalde forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ekskursjonar og sjølvstudium. I mange av emna går vi på museum, kunstutstillingar og på byvandring for å utforske faget, i ein av dei aller mest aktive kunstbyane i Noreg. Eit aktivt studentmiljø arrangerer dessutan filmkveldar, lesegrupper og mykje anna.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.  

Meir om studiekvardagen

Kva kan du jobbe som? 

Som kunsthistorikar har du viktige oppgåver i samfunnet: Du skal ta vare på fortida, vere med på å planlegge framtida og vere ein sentral aktør i utforminga av samtida.  

Kunnskap om kunstens historie, om visuell kultur og arkitekturhistorie, så vel som evne til god språkleg og munnleg formidling er etterspurt i museumog av etatar som arbeider med bevaring og vern av historiske bygningar og kulturmiljø. Den er òg etterspurt av etatar som arbeidermed byutvikling, og av turistnæringa.  

Det å kunne sjå kritisk på og reflektere over visuelle medium i historisk perspektiv er nyttig dersom ein driv med marknadsføring og reklame, undervisning  eller kulturforvaltning.    

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i kunsthistorie er eit treårig studium, som startar i august. Studiet kan sjå slik ut:   

1. semester   

2. semester 

3. semester

4.-5. semester

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (60 studiepoeng)  

6. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er lagt til rette for at du skal kunne reise på utveksling til utlandet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie emne. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Med ein bachelorgrad i kunsthistorie kan du søke opptak til masterprogram i kunsthistorie, og fordjupe deg meir i faget.   

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studieveileder.lle@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen 

Søk her