Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i latin

ingressbilde

Introduksjon

Kva kan eit studium av eit språk frå ein klassisk sivilisasjon lære oss om moderne kulturar? Kvifor blir romerske taler framleis rekna som døme på effektiv kommunikasjon? Kva er forhistoria til mange av framandorda vi nyttar i dag?

Latin var daglegspråket i Romarriket, og utbreidd som skriftspråk i Europa frå antikken og fram til 1700-talet. Språk som fransk, spansk og italiensk har utvikla seg frå latin, og andre europeiske språk har lånt mykje frå latin - ikkje minst gjeld det engelsk. Latin er derfor, saman med gresk, nøkkelen til å forstå framandorda i dei fleste europeiske språka.

Nokon studerer latin fordi dei er interesserte i språk. Andre gjer det fordi dei vil vite meir om historie, kunsthistorie, filosofi, religion eller litteratur: Dei romerske klassikarane var lenge dei sentrale førebileta for kunstnarar og forfattarar, og latinen er derfor ein innfallsport til litteratur- og kulturhistoria langt opp mot vår eiga tid.

Med latin kan du lese sentrale historiske tekstar i original og gjere deg opp di eiga meining om korleis dei bør tolkast.

Visste du at ...

Den første noregshistoria vart skriven på latin på slutten av 1100-talet. Forfattaren kalla seg Theodericus, på norsk heitte han truleg Tore eller Tjodrek.

Studievegar

Bachelor

Latin kan gjerne kombinerast med emne frå ei rekkje andre fag, for eksempel gresk, historie, religionsvitskap, kunsthistorie og retorikk, eller med emne frå dei norske institutta i Athen og Roma.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i latin. Ved påbygging til mastergrad kan du kvalifisere deg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Forsking

Latinfaget er representert ved Senter for middelalderstudium (CMS), der det mellom anna blir forska på fragment frå latinspråklege handskrifter frå mellomalderen i Noreg, og kva dei kan seie oss om påverknaden frå meir sentrale delar av Europa.

Sjå også desse studia

Gresk, litteraturvitskap, historie, religionsvitskap, kunsthistorie, filosofi, retorikk.

Utveksling

I samarbeid med dei andre norske universiteta blir det halde ulike kurs i antikkens kultur ved dei norske institutta i Athen og Roma. Du kan for eksempel studere eit semester ved desse institutta og få kursa du har teke inn som del av bachelorgraden din i latin. Elles underviser dei fleste større universiteta i utlandet i latin og gresk.

Yrkesvegar

Latinstudiet gir deg trening i å tolke framande kulturuttrykk. Målet er å få ei praktisk forståing av ulike problemområde med vekt på analyse og nøyaktig språk. Det gir eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, for eksempel i undervisning, forvalting og ulike former for informasjons- og tekstarbeid.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart

Kvar haust

Mål og innhald

Bachelorpgrogrammet i latin er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (exphil og exfac), 90 studiepoeng med spesialisering i latin og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.

Den latinske litteraturen oppstod i det tidlege Romarriket (oml. 200 f. Kr.) og utvikla seg opp gjennom antikken, mellomalderen og heilt inn i tidleg moderne tid. Det var såleis Vest-Europas dominerande litterære og vitskaplege språk frå antikken og opp til det 18. hundreåret.

Gjennom heile bachelorstudiet blir dei latinske tekstane sette inn i sin litteratur- og kulturhistoriske samanheng, med gradvis aukande krav til forståing og tolkingsevne. Målet er å gjere studentane i stand til å lese hovudverk innan den latinske litteraturen på originalspråket og kunne forstå dei språklege og litterære kvalitetane som tekstane har, og å gi dei dei kunnskapane i antikk, mellomalderleg eller tidleg moderne kultur som ein treng for å sette tekstane inn i sin historiske samanheng.

Grunnleggjande kjennskap til latin vil vere ein nyttig bakgrunn for alle humanistiske fag som har å gjere med perioden før omlag 1800. Vidare gir det ein god språkhistorisk basis for studiet av dei romanske og andre europeiske språk og for studiet av allmenn språkvitskap. Ein meir inngåande kjennskap til latin vil setje ein i stand til å arbeide direkte med mangslungne tekstar frå europeisk kultur i antikken, mellomalderen og tidleg moderne tid.

Læringsutbyte/resultat

Studentar med bachelorgrad i latin skal ha gode kunnskapar i latinsk språk, og frå lesing av originaltekstar skal dei også ha førstehands kjennskap til dei viktigaste sjangrane i latinsk litteratur. Dei skal

  • ha oversyn over latinsk formlære og syntaks og vere fortrulege med dei ulike grammatiske omgrepa.
  • ha kjennskap til latinsk metrikk.
  • vere i stand til å bruke språkkunnskapane praktisk gjennom grammatisk analyse.
  • lese latinske tekstar sjølvstendig, bruke det kritiske apparatet i tekstutgåvene og ta stilling til problem knytte til forståing og omsetjing av tekstane.
  • tolke tekstane med syn for deira eiga kulturelle og litterære kontekst.
  • kunne omsetje latinske tekstar til norsk.
  • gjennom bacheloroppgåva ha vist evne til sjølvstendig fordjuping innan eit avgrensa område av faget.
  • kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i latin skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 sp)
  • EXFAC00AK Akademisk skriving (10 sp)
  • EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 sp) eller
  • EXFAC00TK Tekst og kultur (10 sp)

Språk og kommunikasjon er tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne / spesialisering

Spesialiseringa i latin krev til saman tre semester, 90 studiepoeng.

Spesialiseringa er sett saman av dei fire emna LAT101, LAT102, LAT104 og LAT105, eller tilsvarande godkjend fagkombinasjon, og to emne på 200-nivå.

100-nivået:

LAT101 / Latin elementærkurs

LAT102 / Latin: Prosa og grammatikk

LAT104 / Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid

LAT105 / Latinsk prosa

På 200-nivået kan studenten velje mellom følgjande emne:

LAT202 / Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil

LAT203 / Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi

LAT251 / Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgåve

LAT254/ Latin: Fordjuping med bacheloroppgåve

Eitt av emna på 200-nivå må ha bacheloroppgåve som eksamensform (LAT251 eller LAT254). Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølje for emne i studiet

Tilrådd progresjon:

1. semester (haust):

Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 sp)

2.semester (vår):

LAT101 / Latin elementærkurs (15 stp)

LAT102 / Latin: Prosa og grammatikk (15 stp)

3.semester (haust):

LAT104 / Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid (15 stp)

LAT105 / Latinsk prosa (15 stp)

4.-6. semester:

To spesialiseringsemne på 200-nivå. (sjå ovanfor) (30 stp)

60 frie studiepoeng.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Dei norske institutta i Athen og Roma arrangerer kurs i gresk og romersk kultur på BA-nivå, utan krav om språkkunnskapar. Instituttet i Athen arrangerer også kurs i nygresk. Desse kursa høver godt som frie studiepoeng.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i latin kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i latin.

Yrkesvegar

Latinstudiet er ei oppøving i tolking av framande kulturuttrykk, det legg vekt på ei nøyaktig og analytisk tilnærming til stoffet og har praktisk forståing som mål. Det gjev eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, t.d. innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, offentleg forvalting, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Fagansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Administrativ ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i latin.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass. Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.

Antall studieplasser

5

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no

55 58 93 70

Læringsutbyte/resultat

Studentar med bachelorgrad i latin skal ha gode kunnskapar i latinsk språk, og frå lesing av originaltekstar skal dei også ha førstehands kjennskap til dei viktigaste sjangrane i latinsk litteratur. Dei skal

  • ha oversyn over latinsk formlære og syntaks og vere fortrulege med dei ulike grammatiske omgrepa.
  • ha kjennskap til latinsk metrikk.
  • vere i stand til å bruke språkkunnskapane praktisk gjennom grammatisk analyse.
  • lese latinske tekstar sjølvstendig, bruke det kritiske apparatet i tekstutgåvene og ta stilling til problem knytte til forståing og omsetjing av tekstane.
  • tolke tekstane med syn for deira eiga kulturelle og litterære kontekst.
  • kunne omsetje latinske tekstar til norsk.
  • gjennom bacheloroppgåva ha vist evne til sjølvstendig fordjuping innan eit avgrensa område av faget.
  • kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i latin. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på: uib.no/utdanning

Semester og emne

1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum

2. semester Spesialisering i latin

3. semester Spesialisering i latin

4. semester Spesialisering i latin

5. semester Valfrie emne

6. semester Valfrie emne

BAHF-LAT/Bachelorprogram i latin
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Spesialiseringa i latin krev til saman tre semester, 90 studiepoeng.

Spesialiseringa er sett saman av dei fire emna LAT101, LAT102, LAT104 og LAT105, eller tilsvarande godkjend fagkombinasjon, og to emne på 200-nivå.

100-nivået:

LAT101 / Latin elementærkurs

LAT102 / Latin: Prosa og grammatikk

LAT104 / Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid

LAT105 / Latinsk prosa


På 200-nivået kan studenten velje mellom følgjande emne:

LAT202 / Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil

LAT203 / Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi

LAT251 / Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgåve

LAT254/ Latin: Fordjuping med bacheloroppgåve

Eitt av emna på 200-nivå må ha bacheloroppgåve som eksamensform. Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa.
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS)
Akademisk skriving (EXFAC00AS)
Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller
Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS)

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1-6 1
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1-6 1
EXFAC00TKEKS Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen 10 1-6
EXFAC00TKSEM Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell 10 1-6
Spesialisering i latin (krav: 90 SP)
  Minst 90 studiepoeng
Emnekode Emnetittel SP S A
LAT101 Latin elementærkurs 15 1-6
LAT102 Latin: Prosa og grammatikk 15 1-6
LAT104 Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid 15 1-6
LAT105 Latinsk prosa 15 1-6
LAT202 Latin: Romersk poesi, Horats og Vergil 15 1-6
LAT203 Latin: Stilskriving og romersk retorikk og filosofi 15 1-6
LAT251 Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgåve 15 1-6
LAT254 Latin: Fordypningsstudium med bacheloroppgåve 15 1-6
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 2 semester - -