Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i latinamerikastudium

ingressbilde

Programmet utgår

Studentar vert ikkje tekne opp til dette studieprogrammet.Sjå desse studieprogramma:

  • Bachelorprogram i geografi
  • Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium
  • Bachelorprogram i samanliknande politikk
  • Bachelorprogram i sosialantropologi

Mål og innhald

Studieprogrammet er utvikla som eit samarbeid mellom fleire fag, i fyrste rekkje språkfaget spansk språk og latinamerikastudier og samfunnsfaga geografi, samanliknande politikk og sosialantropologi. Studiet skal i tillegg til grunnleggjande kunnskap i spansk språk gje studentane innsikt i kultur, natur og samfunnstilhøve som gjeld store deler av landområdet på det amerikanske kontinentet frå Río Bravo/Río Grande i nord til Eldlandet og Kapp Horn i sør. Studieprogrammet opnar for kombinasjonar av fag og emne som latinamerikansk politikk, historie, religion, litteratur med meir og gjev høve til fordjuping innanfor fire spesialiseringsfag. Eitt semesters studieopphald ved eit latinamerikansk universitet er ein integrert del av studieprogrammet.

Krav til forkunnskaper

Generell studiekompentanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskaper

Studentane treng kunnskapar i spansk på nivå med toårig B-språk eller treårig C-språk frå vidaregåande skule for å klare å ta spanskemna i andre semester av studieprogrammet.

I tillegg til norsk er gode engelskkunnskapar ein fordel, då noko av undervisninga i nokre av dei involverte faga kan bli gitt på engelsk.

Undervisning

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; forelesningar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Fageining og spesialisering

Du kan spesialisere deg i følgjande fag:

- spansk språk og latinamerikakunnskap er eit språkstudium som tenderer mot eit områdestudium. I tillegg til utvikling av evner og innsikt i moderne spansk språk, skal studentane òg vinne kunnskap om historie, litteratur, kultur og samfunn i dei spansktalande landa i Latin-Amerika. Spesialisering i spansk språk og latinamerikastudier i dette programmet skal innehalde emna SPLA101, SPLA102, SPLA103, SPLA104, og to av dei tre emna SPLA201/251, SPLA202/252 og SPLA203/253.

- samanliknande politikk utgjer det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt. Spesialiseringa i samanliknande politikk for dette programmet skal innehalde emna MET102, SAMPOL115, SAMPOL110, SAMPOL255 og SAMPOL220.

- sosialantropologi skal formidle forståing for sosial og kulturell variasjon, og gi teoretiske reiskapar for å analysere og samanlikne sosiale og kulturelle institusjonar og prosessar verda over. Studiet tar opp emne som sosial ulikskap, politikk og vald, økonomi, globalisering, kjønns- og slektskapsrelasjonar, økologi, religion, nasjonalisme, etnisitet og identitet, materialitet og meining, rom og stad. Spesialiseringa i sosialantropologi for dette programmet skal innehalde emna SANT101, SANT117, tre av emna SANT111-116, fire av emna SANT201-208, samt SANT250.

- geografi er i seg sjølv tverrfagleg og femner om både samfunnsgeografi - om korleis menneskeskapte tilhøve kjem til uttrykk i forskjellige romlege former i samfunnet; naturgeografi - om korleis ulike prosessar har forma og formar landskapet; og miljøgeografi i skjeringa mellom dei to - om samspelet mellom natur og samfunn. Det dreier seg om mangfald, variasjon og samspel, og tek omsyn til både naturgitte og menneskeskapte faktorar som verker inn på vår kvardag og den i Latin-Amerika. Spesialiseringa i geografi for dette programmet skal innehalde emna GEO231, GEO131, GEO115, GEO250, eit av emna GEO204, og GEO206, og val blant emna GEO123, GEO281, GEO121, GEO111, GEO221, GEO282 og GEO291 eller GEO292.

Obligatoriske aktivitetar

Det kan vere knytt obligatoriske aktivitetar til enkelte fagemne. Dette er i tilfelle opplyst i studieplanane for dei enkelte fagemna.

Emna SPLA101 og SPLA104 er obligatoriske fellesemne i programmet. Det same er Examen philosophicum, Samfunnsvitskaplege tenkemåtar og Akademisk skriving.

Krav om rekkefølgje - emne

Første semester består av EX.PHIL: Examen philosophicum, EXFAC00AS: Akademisk skriving og det samfunnsvitskaplege innføringsemnet SV100: Samfunnsvitskaplege tenkemåtar, eller eit av dei fagspesifikke innføringsemna frå SV-fakultetet.

I andre semester tar alle studentane emne innan spansk språk og latinamerikakunnskap, nærare bestemt, SPLA101: Spansk språk I og SPLA104: Kultur og samfunn i Latin-Amerika.

I tredje semester vèl studentane kva for ei spesialisering dei vil ta. Dei som vil ta spesialisering i spansk språk og latinamerikastudiar, held fram med spansk. Dei som vil ta spesialisering i samanliknande politikk, geografi eller sosialantropologi tar fatt på desse faga i tredje semester.

I fjerde semester tar dei med spesialisering i spansk innvalde emne frå andre fag, såkalla frie studiepoeng. Dei som tar spesialisering i samanliknande politikk, geografi eller sosialantropologi held fram med dette i fjerde semester.

I femte semester blir studentane oppmoda om å ta eit studieopphald ved ein utanlandsk lærestad, først og fremst ved latinamerikanske samarbeidsinstitusjonar. Under utvekslingsopphaldet skal studentane helst velje kurs med klår relevans for latinamerikaprogrammet.

I sjette semester tar studentane 200-nivå i spesialiseringsfaget og skriv bacheloroppgåve om eit tema knytt til Latin-Amerika.

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom programmet kan studentane bli prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. For nærare opplysningar, sjå studieplanane for dei enkelte fagemna.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i Latinamerikastudiar har som mål å utdanne studentar til ulike yrke der kunnskap om Latin-Amerika er etterspurd. Framtidige yrkesvegar vil variere etter kva fagkombinasjonar du vél og kva for ein praksis du eventuelt opparbeider deg i tillegg til universitetsutdanninga, men aktuelle retningar vil til dømes vere arbeid i internasjonale organisasjonar, offentlege organ, media og informasjonsbransjen, næringsliv med verksemd i, eller retta mot, Latin-Amerika. For dei fleste som vil vidare innanfor desse yrkesvegane, vil utdanninga truleg vere ein del av ei lengre skolering, der ein til dømes også tar mastergrad.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for dei som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har fleire utvekslingsavtalar i Latin-Amerika, og opphald ved eit latinamerikansk universitet blir spesielt tilrådd i bachelorprogrammet i Latinamerikastudiar. Det er lagt til rette for utveksling i 5. semester av programmet. Val av kurs bør gjerast i samråd med studierettleiar og gjerne faglærar. Mer informasjon: http://link.uib.no/?nCiC

Oppstart

Kvar haust.

Programansvarleg

Jon Askeland, Institut for fremmedspråk

Administrativt ansvarleg

Ingunn Voster, Institutt for fremmedspråk

BAHF-LATAM/Bachelorprogram i Latinamerikastudier
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
SV100 Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar 10 1-6 1
GLOB101 Examen facultatum - Global utvikling 10 1-6 1
SAMPOL100 Examen facultatum - Innføring i samanliknande politikk 10 1-6 1
SANT100 Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi 10 1-6 1
GEO100 Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar 10 1-6 1
Obligatoriske emner i programmet (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA101 Spansk språk I 15 1-6 2
SPLA104 Kultur og samfunn i Latin-Amerika 15 1-6 2
Spesialiseringer (krav: 120 SP)
Spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudier (krav: 120 SP)
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA102 Latinamerikansk litteratur 15 1-6 3
SPLA103 Latinamerikansk historie 15 1-6 3
SPLA105 Spansk språk II 15 1-6 3
200-nivå -Spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudier (krav: 30 SP)
      Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA201 Fordjuping i spansk språk 15 1-6 6
SPLA202 Fordjuping i latinamerikansk litteratur 15 1-6 6
SPLA251 Fordjuping i spansk språk med bacheloroppgåve 15 1-6 6
SPLA252 Fordjuping i latinamerikansk litteratur med bacheloroppgåve 15 1-6 6
SPLA253 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgåve 15 1-6 6
SPLA203 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap 15 1-6 6
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 2 semester - -
Spesialisering i Sammenliknende politikk (krav: 120 SP)
SAMPOL220 startes først opp våren 2009. Du har 30 stp til valgfrie emner/utveksling
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MET102 Samfunnsvitskapleg metode 15 1-6 3
SAMPOL115 Demokrati og demokratisering 15 1-6 3
SAMPOL110 Stats- og nasjonsbygging - institusjonar og aktørar 30 1-6 4
SAMPOL250 Bacheloroppgåve i samanliknande politikk 15 1-6 6
SAMPOL220 Politisk utvikling i Latin-Amerika 15 1-6 6
Valgfrie 30 studiepoeng i bachelor (krav: 30 SP)
Spesialisering i Sosialantropologi (fom høst 2009) (krav: 90 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon 15 1-6 3
SANT105 Makt: uttrykk og løyning 15 1-6 3
SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv 15 1-6 4
SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi 15 1-6 4
SANT215 Komparativ regional etnografi 15 1-6 6
SANT260 Bacheloroppgåve 15 1-6 6
Valgfrie 30 studiepoeng i bachelor (krav: 30 SP)
Spesialisering i Sosialantropologi (tom vår 2009 - utgått) (krav: 90 SP)
SANT137 går høsten 2007, deretter normalt hvert 3.semester, det vil si det varierer om det går vår eller høst. I tillegg til dette har du 30 stp til disposisjon for emner innenfor andre fag evt. utveksling.
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SANT101 Menneske, kultur og samfunn: Innføring i sosialantropologi - 1-6 3
SANT137 Regional etnografi: Latin-Amerika II - 1-6 3
SANT201 Teori- og faghistorie i sosialantropologi - 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
SANT250 Bachelor-essay - 1-6 6
SANT260 Bacheloroppgåve 15 1-6 6
Valgfrie emner: (krav: 30 SP)
Du kan velge to av emnene SANT111, 112, 113, 114, 118, 119, og tre av emnene SANT202-208 totalt 30 stp.
      Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
SANT111 Regional etnografi: Midtausten - 1-6 3
SANT112 Regional etnografi: Sørlege Afrika - 1-6 3
SANT113 Regional etnografi: Sørøstasia - 1-6 3
SANT114 Regional etnografi: Oseania - 1-6 3
SANT116 Regional etnografi: Europa/Norden - 1-6 3
SANT118 Regional etnografi: Norge/Norden - 1-6 3
SANT119 Regional etnografi: Sør-Asia - 1-6 3
SANT202 Dei nære relasjonar: Slektskap, vennskap og intimitet - 1-6 3
SANT203 Religion, ritual og politiske realitetar - 1-6 3
SANT204 Økonomisk liv i eit globalt perspektiv: Symbolske og materielle aspekt ved produksjon, fordeling og konsum - 1-6 3
SANT205 Stat, kultur og identitet - 1-6 3
SANT206 Makt og ideologi: Politiske regime, dominansutøving og vald - 1-6 3
SANT207 Mot ein bærekraftig verden: Humanøkologi, utviklingsproblematikk og globalisering - 1-6 3
SANT208 Rom og materialitet: Perspektiv på landskap, lokalitet og bygningar - 1-6 3
Valgfrie 30 studiepoeng i bachelor (krav: 30 SP)
Spesialisering i geografi (fra kull Høst 2008) (krav: 120 SP)
Du har 30 stp til valgfrie emner/utveksling
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO231 Teorier om utvikling og migrasjon 10 1-6 3
GEO131 Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden 10 1-6 4
GEO115 Kartografi og feltkartlegging 5 1-6 4
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO221 Globalisering og stadsutvikling 10 1-6 4
GEO282 Kulturlandskapets geografi 10 1-6 4
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO204 Kvantitativ metode -1 5 1-6 4
GEO206 Kvalitativ analyse 5 1-6 4
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO123 Regional utvikling 10 1-6 3
GEO281 Miljøforvaltning og planlegging 10 1-6 3
Spesialisering i geografi - Alternativ 1 (krav: 30 SP)
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO250 Bacheloroppgåve for studentar ved Bachelorprogram i utviklingsstudiar 10 1-6 6
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO121 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og stad 15 1-6 6
GEO111 Landformdannande prosessar 15 1-6 6
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO204 Kvantitativ metode -1 5 1-6 6
GEO206 Kvalitativ analyse 5 1-6 6
Valgfrie 30 studiepoeng i bachelor (krav: 30 SP)
Spesialisering i geografi - Alternativ 2 (krav: 30 SP)
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO250 Bacheloroppgåve for studentar ved Bachelorprogram i utviklingsstudiar 10 1-6 6
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs 10 1-6 6
GEO292 Regionalgeografisk feltkurs 10 1-6 6
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO282 Kulturlandskapets geografi 10 1-6 6
GEO221 Globalisering og stadsutvikling 10 1-6 6
Valgfrie 30 studiepoeng i bachelor (krav: 30 SP)
Spesialisering i geografi (til og med kull Høst 2007 - utgått) (krav: 120 SP)
For å få godkjent spesialisering i geografi innenfor dette programmet må du ta alle de obligatoriske emnene. I tillegg må du da enten ta GEO123 eller GEO 281, en av emnene GEO121 og GEO 111, og en av de tre emnene GEO 221, GEO 211 og GEO 282. Du har 30 stp til valgfrie emner/utveksling
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO112 Vegetasjon, klima og marin geografi 15 1-6 3
GEO131 Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden 10 1-6 4
GEO115 Kartografi og feltkartlegging 5 1-6 4
GEO250 Bacheloroppgåve for studentar ved Bachelorprogram i utviklingsstudiar 10 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO221 Globalisering og stadsutvikling 10 1-6 6
GEO211 Naturgeografi - 1-6 6
GEO282 Kulturlandskapets geografi 10 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO204 Kvantitativ metode -1 5 1-6 6
GEO206 Kvalitativ analyse 5 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO123 Regional utvikling 10 1-6 3
GEO281 Miljøforvaltning og planlegging 10 1-6 3
GEO111 Landformdannande prosessar 15 1-6 4
GEO121 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og stad 15 1-6 4
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO151 Feltkurs i samfunnsgeografi 5 1-6 3
Valgfrie 30 studiepoeng i bachelor (krav: 30 SP)