Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i midtaustenkunnskap

ingressbilde

Programmet utgår

Studentar vert ikkje tekne opp til dette studieprogrammet. Sjå også desse studieprogramma:

  • Bachelorprogram i arabisk
  • Bachelorprogram i arkeologi
  • Bachelorprogram i historie
  • Bachelorprogram i religionsvitskap
  • Bachelorprogram i sosialantropologi

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Mål og innhald

Å gi innsikt i historie, politikk, religion, kultur og samfunnsforhold i Midtausten og den islamske verda. Studiet gir kunnskap både om Midtausten som geografisk region frå tidlege tider fram til i dag, og om den store kulturkretsen vi kallar "den muslimske verda" - frå vest i Afrika til aust i Asia. Programmet gir innsikt i den rolla islam spelar i denne verda, men også i andre samfunnsforhold av i dag, og viser banda til tida før islam.

Krav til forkunnskaper

Generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Obligatoriske aktivitetar

I løpet av studiet skal studenten ta HIM101 "Oversikt over Midtaustens historie", MKU101 "Midtaustens kultur, religion og samfunn. Dei lange linjene", ARA101 "Innføring i moderne standard arabisk" og MKU250 "Semesteroppgåve i Midtaustenemne". Sjå elles fagplanar for dei enkelte spesialiseringane for opplysningar om kva emne som er obligatoriske i kvar av dei. Frie studiepoeng nyttas innanfor programfaga. Om studenten ynskjer andre fageiningar inn i graden, må dei søkje programstyret. 15 studiepoeng kan nyttast heilt fritt.

Krav om rekkefølgje - emne

I første semester tar alle exphil. og exfac. Førstesemesterstudiet ved HF-fakultetet vert anbefalt. Av dei to exfac.-emna er Akademisk skriving EXFAC00AS obligatorisk.

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Yrkesvegar

Programmet vil kvalifisere til ulike yrke der kunnskap om Midtausten er etterspurt. Yrkesmuligheitene vil variere ut frå kva fordjupingar og emnekombinasjonar studentane vel, men vil kunne omfatte massemedium, næringsliv, offentlege organ, internasjonale hjelpeorganisasjonar og undervisning.

Delstudium i utlandet

Studiar ved lærestader i utlandet kan inngå i programmet. Vi anbefaler at studentar reiser ut i 5. semester.

Oppstart

Haust.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Det Humanistiske Fakultet, ved post doktor Nils Anfinset.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, ved studiekonsulent Torunn G. Saunes. E-post: Torunn.Saunes@ahkr.uib.no, tlf: 55 58 30 29.

BAHF-MØST/Bachelorprogram i midtøstenkunnskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Foreløpig er det bare mulig å melde seg opp til førstesemesteremnene. Øvrige emner blir lagt til utdanningsplanene i begynnelsen av uke 32.
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00TKSEM Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell 10 1-6 1
EXFAC00TKEKS Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen 10 1-6 1
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-9 1
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1-9 1
Programemner (krav: 75 SP)
MKU 250 er obligatorisk for alle, unntatt de som velger spesialisering i arabisk
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HIM101 Oversikt over Midtaustens historie 15 1-6 2
MKU101 Innføring i Midtaustenkunnskap. Kultur, religion og samfunn: Dei lange linene. - 1-6 2
ARA101 Innføring i moderne standard arabisk 30 1-6 4
  Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
MKU250 Bacheloroppgåve i Midtaustenprogrammet 15 1-6 6
MKU251 Bacheloroppgave i Midtøstenprogrammet 15 1-6 5
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
MKU001 Midtausten i dag - Introduksjonsemne til dagens politiske, samfunnsmessige og kulturelle situasjon. - 1-6 3
Spesialiseringer
Spesialisering i arabisk (krav: 60 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ARA103 Standard skriftleg arabisk, vidareføring 15 1-6 5
ARA201 Klassiske og moderne arabiske tekstar 15 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
ARA105 Munnleg arabisk 15 1-6 5
ARA252 Arabisk språk og samfunn 15 1-6 6
ARA104 Arabisk språk og samfunn - 1-6 3
ARA202 Moderne arabiske tekstar - 1-6 4
Valgfritt emne
Spesialisering i religionsvitenskap (krav: 60 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV101 Innføring i religionsvitskap 15 1-6 5
RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam 15 1-6 5
RELV202 Spesialiseringsemne 15 1-6 6
RELVI250 Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap 15 1-6 6
RELV201 Systematisk religionsvitskap - 1-6 6
Valgfritt emne
Spesialisering i historie (krav: 60 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HIM102 Det moderne Midtausten 1880-2000 - 1-6 3
HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 15 1-6 3
HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750 15 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
HIM201 Fordjuping i Midtaustens historie 15 1-6 5
HIM202 Kjønn, religion og nasjonalisme i Midtaustens historie - 1-6 5
Valgfritt emne
Spesialisering i sosialantropologi (krav: 90 SP)
Du må velge 2 av emnene SANT111-116 og 4 av emnene SANT201-208 i tillegg til SANT101 og SANT250 for å oppnå en bachelorgrad i sosialantropologi
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SANT250 Bachelor-essay - 1-6 6
SANT101 Menneske, kultur og samfunn: Innføring i sosialantropologi - 1-6
Regional etnografi (krav: 20 SP)
Du må velge 4 av emnene SANT112-117.
      Vel minst fire av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
SANT112 Regional etnografi: Sørlege Afrika - 1-6
SANT113 Regional etnografi: Sørøstasia - 1-6
SANT114 Regional etnografi: Oseania - 1-6
SANT115 Regional etnografi: Sirkumpolare område - 1-6
SANT116 Regional etnografi: Europa/Norden - 1-6
SANT117 Regional etnografi: Latin-Amerika I - 1-6
SANT118 Regional etnografi: Norge/Norden - 1-6
SANT119 Regional etnografi: Sør-Asia - 1-6
Tematisk fordypning (krav: 40 SP)
Du må velge 4 av emnene SANT201-208 i tillegg til SANT101 og SANT250 for å oppnå en bachelorgrad i sosialantropologi
      Vel minst fire av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
SANT204 Økonomisk liv i eit globalt perspektiv: Symbolske og materielle aspekt ved produksjon, fordeling og konsum - 1-6
SANT205 Stat, kultur og identitet - 1-6
SANT201 Teori- og faghistorie i sosialantropologi - 1-6
SANT203 Religion, ritual og politiske realitetar - 1-6
SANT207 Mot ein bærekraftig verden: Humanøkologi, utviklingsproblematikk og globalisering - 1-6
SANT202 Dei nære relasjonar: Slektskap, vennskap og intimitet - 1-6
SANT206 Makt og ideologi: Politiske regime, dominansutøving og vald - 1-6
SANT208 Rom og materialitet: Perspektiv på landskap, lokalitet og bygningar - 1-6
Spesialisering i arkeologi (krav: 90 SP)
ARK101-104 er obligatorisk i spesialisering i arkeologi. ARK 201 er obligatorisk, men kan erstattes av ARK 202 for de som skal ta masteroppgave i klassisk arkeologi. Dessuten må studenten gjennomføre et emne med veiledet oppgave. Dette vil til vanlig være ARK204, men også ARK 203 kan tas fordypningsemne.
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ARK101 Jeger- og sankarsamfunn i forhistorisk tid og i skriftlause samfunn 15 1-6 5
ARK102 Utvikling og framvekst av jordbruk, tidleg metallbruk og hierarkiske samfunn 15 1-6 5
ARK103 Kulturar ved Middelhavet, i Nord-Europa og Norden i tidsrommet ca. 1000 f.Kr.-570 e.Kr. 15 1-6 6
ARK104 Mot ein historisk arkeologi: Yngre jernalder og mellomalder i Norden og Nord-Europa ca. 570 e.Kr. - 1500 e.Kr. 15 1-6 6
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
ARK201 Teori og metode 15 1-6 6
ARK202 Klassisk arkeologi 15 1-6 6
ARK203 Kulturkontakt. Midtaustens forhistoriske og tidlege historie (del av arkeologi mellomfagstillegg) - 1-6 6
ARK204 Fordjupingsemne med rettleia oppgåve (del av arkeologi mellomfagstillegg) - 1-6 6