Bachelorprogram i musikk - tradisjonsmusikk
Programmet tilbys av
Studiestader
Tradisjonsmusikk I, Spelemanns- og kvedarskulen, har opplæring hjå ein eller fleire tradisjonsberarar som viktigaste del. I tillegg er det 12-15 vekeskurs (samlingar), som oftast på Ole Bull Akademiet på Voss. Emnet MUV221 er eit tilbod ved Griegakademiet -Institutt for musikk til studentar frå begge studiestader.
Tradisjonsmusikk II er lagt opp som heiltidsstudium ved Ole Bull Akademiet på Voss, med eitt emne (MUG105 eller tilsvarande) lagt til Griegakademiet - Institutt for musikk i Bergen.
Kompetanse for vidare studium
Oppnådd bachelorgrad i musikk, studieretning tradisjonsmusikk vil saman med opptaksprøve gje grunnlag for opptak til Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon, studieretning Nordisk folkemusikk.
Evaluering
Studiet vert kontinuerleg evaluert av Ole Bull Akademiet og programansvarleg for Bachelorprogram i musikk, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemna i programmet er spesifisert i emneomtalane.
Mål og innhald
Bachelorprogrammet er 4-årig (240 studiepoeng). Tradisjonsmusikk er eit utøvande studium ved Ole Bull Akademiet på Voss, med siktemål å utdanne folkemusikarar som både har eit høgt nivå som solistar, og som kan fungere i variert musikalsk samarbeid og profesjonell verksemd. Studiet er lagt opp og vert gjennomført i samarbeid med Griegakademiet - Institutt for musikk, Universitetet i Bergen, men vert organisert og administrert av Ole Bull Akademiet.
Dei 2 første studieåra: Tradisjonsmusikk I, Spelemanns- og kvedarskulen, er eit studium som er tufta på den tradisjonelle opplæringa i folkemusikken. Studentane skal få høve til å utvikle eit personleg spel-/songuttrykk på grunnlag av grundig kunnskap i eigen tradisjon.
3. og 4. studieår, Tradisjonsmusikk II, har eit studieopplegg med stor vekt på samspel og arrangering. Studentane skal gjerast i stand til å nytte folkemusikken i ulike samarbeidsformer, på eit solid tradisjonelt grunnlag.
Andre musikkfaglege, estetiske eller kulturvitskaplege emne ved Humanistisk fakultet kan òg inngå i 3.- og 4.-årsstudiet. I tillegg tilbyr Griegakademiet - Institutt for musikk praktisk-pedagogisk utdanning for utøvande musikk som kan inngå i bachelorgraden.
Opptaksgrunnlag
Generell studiekompetanse og greidd opptaksprøve.
Eksterne søkjarar til Tradisjonsmusikk II: Greidd opptaksprøve, og 2-årig høgre utdanning som inkluderer minimum 15 stp. folkemusikkutøving og 15 stp. folkemusikkrelevante teori/basisdisiplinar. Vedtak om innpassing av utdanning frå andre institusjonar skjer etter individuell vurdering.
Det gjeld særskilte krav for MUV221 Musikkformidling, MOB121 Folkemusikkutøving2, MOB231 Folkemusikkutøving4 og MOB204 Utøving tilleggsemne, sjå under desse.
Tradisjonsmusikk I: Søknad om opptak skal ha som vedlegg ei repertoarliste med 90 minutt spel eller 60 minutt song (kveding), med eit godt og breitt utval av ulike slåttetypar/vokalgenrar innanfor folkemusikk.
Søkjarane vert kalla inn til opptaksprøve, der hovuddelen er framføring av stoff frå repertoarlista som søkjaren sjølv har valt ut. I tillegg vél så opptakskommisjonen ut slåttar/vokalmelodiar frå repertoarlista som skal presenterast og framførast. Vidare skal søkjaren vise at han/ho meistrar innlæring på tradisjonell vis. Gjennom presentasjonen av det repertoaret som blir spela, og gjennom intervju, skal søkjaren vise kunnskap om og dugleik i eigen musikktradisjon.
Tradisjonsmusikk II: Studentar som ikkje har fullført Tradisjonsmusikk I ved Ole Bull Akademiet, må søkje om opptak. Søknaden skal innehalde dokumentasjon av utdanning og utøvande verksemd. Det er opptaksprøver for alle eksterne søkjarar. Ved opptaksprøva skal det framførast eit musikkprogram på 20 minutt. Gjennom intervju skal søkjaren vise god tradisjonskunnskap og motivasjon for studiet.
Krav til forkunnskaper

Tilrådde forkunnskaper
Tradisjonsmusikk II: bakgrunn frå utøvande verksemd.
Undervisning
Individuell undervisning/rettleiing, gruppeundervisning, seminar, workshops, førelesingar, prosjektarbeid.
.
Oppbygging av studiet
KodeEmnenamnStp.SemesterByggjer påMOB120Folkemusikkutøving 1301.- 2. (HV)MOB102Arkivkunnskap og feltarbeid151.- 2. (HV)MOB103Musikklære og musikkteknologi I151.- 2. (HV)MOB121Folkemusikkutøving 2303.- 4. (HV)MOB120MOB104Folkemusikkteori 153.- 4. (HV)MOB102MUV221Musikkformidling (Griegakademiet)153.- 4. (HV)MOB230Folkemusikkutøving 3305.- 6. (HV)MOB121MOB202Musikklære og musikkteknologi II155. (H)MOB103MUG105Musikk og kultur, eller tilsvarande (Griegakademiet)156. (V)MOB231Folkemusikkutøving 4307.- 8. (HV)MOB230MOB203Stil, sjanger og tradisjon157.- 8. (HV)MOB104MOB204Utøving tilleggsemne157.- 8. (HV)MOB230
Fageining og spesialisering
Minimumskrav til bachelorgrad i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet er:
- til saman 240 stp.
- folkemusikkutøving: 90 stp., som inkluderer emnet MOB201 Utøving II ved OleBull Akademiet.
- folkemusikkrelevant teori/støttefag: 60 stp.
Oppnådd bachelorgrad i tradisjonsmusikk vil gje grunnlag for opptak til mastergradsstudium i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet, når slik utdanning blir sett i gang.
Krav om rekkefølgje - emne
Bachelorprogrammet er tilrettelagt i 2 delar: Tradisjonsmusikk I og II. Begge inneheld to utøvingsemne på 30 stp. og fire 15 stp.- emne. Emna på 15 stp. skal gje teoretiske og etnomusikologiske innfallsvinklar til tradisjonen, og viktige kunnskapar som er relevante for utøvande musikarar i dagens samfunn.
Tradisjonsmusikk I har krav til obligatorisk rekkefølgje:
1. og 2. semester:
MOB120 Folkemusikkutøving1
MOB102 Arkivkunnskap og feltarbeid
MOB103 Musikklære og musikkteknologi I
3. og 4. semester:
MOB121 Folkemusikkutøving2
MOB104 Folkemusikkteori
MUV221 Musikkformidling
Tilrådd rekkefølgje, Tradisjonsmusikk II:
MOB202 Musikklære og musikkteknologi II (5. semester),
MOB230 Folkemusikkutøving3 (emnet går over 5. og 6. semester),
MUG105 Musikk og kultur (eller tilsvarande, 6. semester).
MOB231 Folkemusikkutøving4,
MOB203 Stil, sjanger og tradisjon,
MOB204 Utøving tilleggsemne (alle 3 emna går over 7. og 8. semester).
Vurdering / Eksamensformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved utøvande prøve/konserteksamen, mappevurdering, skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Sjå den einskilde emneplan for meir informasjon.
Karakterskala
Ved sensur av emna MOB121, 104 og 230 vert karakterskalaen A-F nytta.
Ved sensur av dei andre obligatoriske emna og dei tilrådde valemna vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.
Yrkesvegar
Tradisjonsmusikkstudiet skal gje grunnlag for å arbeide som frilans utøvar eller på andre måtar innafor folkemusikkfeltet, anten som solist eller i ulike slag musikalsk samarbeid. Studiet kan òg supplerast med praktisk-pedagogisk utdanning for utøvande musikk med tanke på arbeid i skule, kulturskule o.l.
Delstudium i utlandet
Det er opning for at studentane kan oppsøkje relevante fagmiljø i utlandet som del av studiet. Det er fleire aktuelle utvekslingsprogram, m.a er Ole Bull Akademiet del av eit nordisk nettverk innanfor Nordplus-samarbeidet.
Oppstart
Tradisjonsmusikk I: annankvar haust (like årstal). Tradisjonsmusikk II: kvar haust.
Programansvarleg
Rektor (Ole Bull Akademiet)
Bachelorkordinator (Griegakademiet - Institutt for musikk)
Administrativt ansvarleg
Ole Bull Akademiet/ Griegakademiet - Institutt for musikk.
Studieleiar (Ole Bull Akademiet)
Studiekonsulent (Griegakademiet - Institutt for musikk)
Ole Bull Akademiet har administrativt ansvar for undervisningsopplegg (nettside: www.olebull.no). Humanistisk fakultet/Griegakademiet - Institutt for musikk har administrativt ansvar for studentregistrering, eksamen og godkjenning av studieplan/emneplanar.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Bachelorprogram i musikk - spesialisering i tradisjonsmusikk (krav: 240 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| MOB101 | Utøving I | 60 | 1-8 | 1 | ||||||||
| MOB102 | Arkivkunnskap og feltarbeid | 15 | 1-8 | 1 | ||||||||
| MOB103 | Musikklære og musikkteknologi I | 15 | 1-8 | 1 | ||||||||
| MOB104 | Folkemusikkteori | 15 | 1-8 | 3 | ||||||||
| MUV221 | Musikkformidling | 15 | 1-8 | 3 | ||||||||
| MOB201 | Utøving II | 60 | 1-8 | 5 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MOB202 | Musikklære og musikkteknologi II | 15 | 1-8 | 5 | ||||||||
| MUG105 | Music in World Cultures | 15 | 1-8 | 6 | ||||||||
| MOB203 | Stil, sjanger og tradisjon | 15 | 1-8 | 7 | ||||||||
| MOB204 | Utøving tilleggsemne | 15 | 1-8 | 7 | ||||||||