Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i norrøn filologi

Introduksjon

Introduksjon

Korleis snakka og skreiv nordmennene i mellomalderen? Kva ville norske kongar med soger om Aleksander den store og Kong Arthur? Kvifor samla kristne islendingar heidne gude- og heltedikt? Korleis lever mellomalderen vidare i dag?

Norrønt er det språket som i mellomalderen vart talt og skrive i Noreg og på Island, og dessutan på Vesterhavsøyane. Den felles språklege og litterære kulturen varte i over 500 år, frå landnåmet av Island til byrjinga av 1400-talet. Den norrøne litteraturen byr på eit uvanleg rikt spekter av tekstar, ikkje minst den verdskjende islandske sogelitteraturen om norske kongar, dei nordiske heltane i fortida, og feidane til islandske stormenn. Ein finn også mytologisk og heroisk dikting, skaldedikt, korte og daglegdagse meldingar skrivne med runer og historier om høviske riddarar og damer.

Den norrøne filologien byr på eit breitt studium av språk, litteratur og kultur, og bygger på tekstar i originalspråket. I studiet lærer du først det norrøne språket så godt at du kan forstå desse tekstane ved hjelp av ordbok og grammatikk. Du får eit historisk perspektiv på både språket og litteraturen med fokus på kjeldene og tolkinga av dei, også i relasjon til andre europeiske kulturar. Studiet gir deg òg innsikt i teoretiske forståingsrammer og metodane i faget.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i norrøn filologi kan gi grunnlag for mellom anna formidlings- og undervisningsarbeid. Studiet gir dessutan profesjonell tekst- og analysekompetanse, og det gir allmenn kompetanse for administrativt arbeid. Utdanninga er relevant for arbeid i museum, arkiv og forlag, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Vidare studium

Masterprogram
Etter bachelorprogrammet kan du halde fram med masterprogrammet i norrøn filologi. Då vil du kvalifisere deg til vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

 

Forsking
Fagmiljøet i norrøn filologi har framståande kompetanse på ei rekke felt, blant anna innanfor historisk språkvitskap, edisjonsfilologi, heroisk og mytografisk litteratur, nordisk-europeiske litteraturrelasjonar og mellomalderleg vitskaps- og teknologihistorie. Du kan lese om ulike prosjekt på nettsida til Forskargruppa for mellomalderfilologi.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei og grundig kunnskap om det norrøne språket og språkrelaterte samfunnstilhøve i norrøn tid
  • har grundig kunnskap om norrøn dikting og dei ulike norrøne tekstsjangrane
  • har kjennskap til sentrale drag ved norrøne samfunnstilhøve og norrøn mytologi

Dugleikar

Kandidaten

  • kan lese norrøne tekstar på eiga hand, med bruk av ordbok
  • kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om norrønt språk og norrøn litteratur og kultur
  • kan analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte
  • kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
  • kan gje opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norrønt språk og norrøn litteratur

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har kjennskap til filologisk verksemd generelt
  • kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi
  • kan arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget
  • kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
  • kan planleggje og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang

Oppbygging

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i norrøn filologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Det vil vere mogeleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet for eksempel ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Du finn den detaljerte studieplanen for programmet nedst på sida.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av læringsutbyte.

Bachelorprogram i norrøn filologi (krav 180 SP)
Første semester (krav 30 SP)
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-HFEKSExamen philosophicum - skuleeksamen101–61
EXPHIL-HFSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
Vel to av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXFAC00SKExamen facultatum, Språk og kommunikasjon101–61
EXFAC00TKEKSExamen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen101–61
EXFAC00TKSEMExamen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell101–61
EXFAC00ASExamen facultatum, Akademisk skriving101–61
NOFI100Innføring i nordiskstudiet med vekt på norrøn filologi101–61
Spesialisering i norrøn filologi (krav 90 SP)
Krav til program og spesialisering går fram av studieplanen for programmet.
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
NOFI101Norrønt språk 152–73
NOFI106Norrøn mytologi52–73
NOFI107Norrøn litteratur og kultur152–74
NOFI108Unormaliserte norrøne tekstar52–74
NOFI109Norrøn dikting52–74
NOFI110Norrøn skriftkultur52–74
NOFI112Norrøn litteratur i omsetjing102–73
NOFI210Norrøn filologi særemne152–75
NOFI250Norrøn filologi bacheloroppgåve152–76
Valfrie studiepoeng (krav 60 SP)
Valfritt
Utveksling 1/2 semester - 15 stp
Utveksling 1 semester
Utveksling 2 semester
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Som ein del av utdanninga kan du reise på utveksling i eitt eller to semester. Fagmiljøet i norrøn filologi har kontaktar og utvekslingsavtalar over heile verda, som for eksempel Erasmus-avtalar med ei lang rekke europeiske universitet. Ønsker du å studere andre stader i Norden, kan du nytte deg av Nordplus-­ordninga. Be gjerne om råd hos studiekonsulenten eller det faglege personalet.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i norrøn filologi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184074

Kontakt

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no

55 58 93 70 (10-14)