Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i nordisk språk og litteratur

  • Lengde3 år
  • PoenggrenseAlle / Alle
  • Studieplassar15
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng180

Introduksjon

Introduksjon

Du snakkar sikkert ulikt bestemødrene dine. Det kjem av at språket endrar seg heile tida. Hos oss får du vite kvifor. Litterære tekstar speglar og er ein del av verda vi lever i. Tek du nordiskstudiet, får du vite meir om lesemåtar, kulturhistoriske samanhengar og litteraturens plass i samfunnet.

På nordisk studerer du både dei nordiske språka og litteraturen som er skriven på dei, og hovudvekta ligg på norsk språk og litteratur. På litteraturstudiet les du tekstar i ulike sjangrar, du lærer om korleis litteraturen vår har utvikla seg gjennom tida, og du får teoretisk kunnskap til eige arbeid med skjønnlitteraturen. På språkstudiet lærer du om korleis språket er bygd opp frå lyd og ord til setning og tekst, du får oversyn over språk og samfunn frå norrøn tid til i dag, og du tileignar deg teoretisk innsikt til å analysere språklege fenomen. I starten av studiet får du litteratur og språk i like mengder, men seinare kan du konsentrere deg om eitt av dei om du ønsker det.

Bachelorprogram i nordisk språk og litteratur

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur kan gi grunnlag for blant anna informasjons- og undervisningsarbeid og undervisning i skolen. Utdanninga er også relevant for arbeid i forlag og kulturformidling, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Vidare studium

Masterprogram
Med ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur kan du halde fram med masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du kombinerer nordisk språk og litteratur med eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.

Forsking

Fagmiljøet i nordisk ved UiB har spisskompetanse på ei rekkje område innan­for språk og litteratur, som forholdet mellom språk og samfunn, grammatikk, personnamn, retorikk, lyrikk og litterær kjønnsteori.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei og grundig kunnskap om det norske språksystemet, norsk språkbruk, norske språkrelaterte samfunnstilhøve, norsk språkhistorie og norske dialektar
  • har noko kjennskap til tilsvarande forhold som gjeld norrønt språk og dei andre levande nordiske språka (dansk, svensk, islandsk og færøysk)
  • har godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur frå norrøn tid til samtida
  • har god innsikt i sentrale nordiske forfattarskapar
  • har brei og grundig kunnskap om dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei
  • kan skilje sakprosa frå andre litterære sjangrar, og gjere greie for viktige undergrupper av sakprosa
  • har kjennskap til ulike prinsipp for litteraturhistorieskriving

Dugleikar

Kandidaten

  • kan skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
  • kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om nordisk språk og litteratur
  • kan analysere og drøfte språklege og litterære problemstillingar på ein fagleg måte
  • kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
  • kan gje opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norsk språksystem, språkbruk og tekstleg utforming 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå nordistikken
  • kan arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget
  • kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
  • kan planleggje og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang

Oppbygging

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i nordisk språk og litteratur. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Det vil vere mogeleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet for eksempel ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Du finn den detaljerte studieplanen for programmet nedst på sida.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av læringsutbyte.

Bachelorprogram i nordisk språk og litteratur (krav 180 SP)
Første semester (krav 30 SP)
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-HFEKSExamen philosophicum - skuleeksamen101–61
EXPHIL-HFSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
Vel to av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXFAC00SKExamen facultatum, Språk og kommunikasjon101–61
EXFAC00TKEKSExamen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen101–61
EXFAC00TKSEMExamen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell101–61
EXFAC00ASExamen facultatum, Akademisk skriving101–61
NOLISP100Nordisk: Innføring i nordiskstudiet101–61
Spesialisering i nordisk språk og litteratur (krav 90 SP)
Krav til program og spesialisering går fram av studieplanen for programmet.
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
NOLI102Nordisk: Litteratur etter 1900 151–62
NOLI103Nordisk: Den eldre litteraturen151–63
NOSP102Nordisk: Moderne språk151–62
NOSP103Nordisk: Språkhistorie og talemål151–63
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
NOLI250Nordisk: Litterær analyse og teori151–64
NOLI251Nordisk: Litterært fordypningsemne A151–64
NOLI252Nordisk: Litterært fordypningsemne B151–64
NOSP250Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgåve151–64
NOSP251Nordisk: Språklig variasjon og endring med bacheloroppgåve151–64
NOSP252Nordisk: Namnegransking med bacheloroppgåve151–64
NOSP254Nordisk: Språk i Norden med bacheloroppgåve151–64
NOSP255Nordisk: Grammatikk og semantikk med bacheloroppgåve151–64
ISL102Islandsk litteratur og samfunn 151–64
ISL104Islandsk språk og samfunn151–64
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
NOLI211Nordisk: Litterært fordypningsemne C151–64
NOLI212Nordisk: Litterært fordypningsemne D151–64
NOSP210Nordisk: Språkbruksanalyse151–64
NOSP212Nordisk: Språkleg fordjupingsemne151–64
NOSP214Nordisk: Språk i Norden151–64
NOSP221Nordisk: Språkleg variasjon og endring151–64
NOSP222Nordisk: Namnegransking151–64
NOSP225Nordisk: Grammatikk og semantikk151–64
RET205Nordisk retorikk151–64
RET255Nordisk retorikk med bacheloroppgåve151–64
NOFI101Norrønt språk 151–64
NOFI210Norrøn filologi særemne151–64
NORAN104Andrespråkslæring og -undervising151–64
PRAKTINFPraktisk informasjonsarbeid151–64
ISL103Islandsk grammatikk og fonetikk151–64
NOFI106Norrøn mytologi51–64
NOFI112Norrøn litteratur i omsetjing101–64
Valfrie studiepoeng (krav 60 SP)
Valfritt
Utveksling 1/2 semester - 15 stp
Utveksling 1 semester
Utveksling 2 semester
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Som ein del av utdanninga kan du reise på utveksling i eitt eller to semester. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. Ønsker du å studere andre ­stader i Norden, kan du nytte deg av Nordplus- eller Erasmus-avtalar.

Anbefalte utvekslingsavtalar

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider


Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

Om programmet

Søkerkode i Samordna opptak
184889

Les heile studieplanen

Kontakt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no

55 58 93 70 (10.00-14.00)