Bachelorprogram i nordisk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Kontakt
- Studieplan
- Læringsutbyte
- Studieløp
Introduksjon
Korleis er det for innvandrarar å lære norsk? Kva har Ibsen å seie til oss menneske av i dag? Er dialektane våre i ferd med å døy ut? Korleis høyrdest det ut når vikingane snakka?
Nordisk ber i seg ei mengd ulike tema. Språket og litteraturen er nært knytte til samfunn og kultur, samhandling og samvær, tenking, fantasi og forståing.
På nordiskstudiet vel du eitt av tre fokus: nordisk språk og litteratur, norsk som andrespråk eller norrøn filologi. Innanfor nordisk språk og litteratur får du solid kunnskap om nordiske språk, særleg norsk. Du får òg solid kjennskap til litteraturen på dei nordiske språka i teoretisk og historisk perspektiv. Innanfor norsk som andrespråk møter du mange av dei same tema, men blikket er retta mot det å lære norsk som innflyttar til Noreg. Innanfor norrøn filologi blir du kjent med det gamle norsk-islandske språket og litteraturen og mytologien som er formidla gjennom det.
Studievegar
Bachelor
Bachelorprogrammet samlar dei studia som handlar om dei nordiske språka og litteraturane i fortid og notid. Du kan spesialisere deg anten i nordisk språk og litteratur, norrøn filologi eller norsk som andrespråk.
Master
Med ein bachelorgrad og spesialisering i anten nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk kan du halde fram med masterprogrammet i nordisk språk og litteratur. Har du valt å spesialisere deg i norrøn filologi, kan du halde fram med masterprogrammet i norrøn filologi.
Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du kombinerer nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk med eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk påbygging. Sjå uib.no/utdanning for meir informasjon.
Forsking
Fagmiljøet i nordisk ved UiB har spisskompetanse på ei rekkje område innanfor språk, litteratur og filologi: andrespråkslæring, norrøne handskrifter, namn, forholdet mellom språk og samfunn, retorikk og forholdet mellom tekst og kjønn.
Sjå også desse studia
Lektorutdanning med master i nordisk, kjønnsstudium, retorikk.
Visste du at ...
Bag er eit ord vi har frå engelsk. Ja, det visste du gjerne, men engelsk lånte det frå gammalnorsk baggi! Ein bagge er ein pakke eller ein klumpete person. Du har kanskje høyrt at svenskane stundom taler litt nedlatande om oss nordmenn som norrbaggar.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i nordisk språk og litteratur, norrøn filologi eller norsk som andrespråk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering
3. semester Spesialisering
4. semester Spesialisering
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
Utveksling
Som ein del av utdanninga kan du reise på utveksling i eitt eller to semester. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. Ønskjer du å reise på utveksling i Norden, kan du nytte Erasmus-avtalar mellom UiB og nordiske universitet, eller du kan reise ut gjennom NORDPLUS-nettverket NORDLIKS.
Yrkesvegar
Ein bachelorgrad i nordisk kan gi grunnlag for arbeid med språkleg formidling, for eksempel i undervisnings- og informasjonsarbeid. Utdanninga er relevant for arbeid i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i nordisk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
26
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Undervisningsspråk
Norsk, dansk og svensk. Dersom nordiskstudiet vert kombinert med framandspråksstudium, vil (delar av) undervisninga vere på det aktuelle språket (dei aktuelle språka).
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Bachelorpgrogrammet i nordisk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering og valemne tilsvarande 60 studiepoeng
Innhaldet på studieprogrammet er avhengig av kva spesialisering studenten vel. Det er tre moglege spesialiseringar:
a) norrøn filologi
b) nordisk språk og litteratur
c) norsk som andrespråk
a) Norrøn filologi
Norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen både i Noreg og på Færøyane og Island i mellomalderen, og dessutan på vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte i drygt 500 år, frå landnåmet av Island til seinmellomalderen. Spesialiseringa i norrøn filologi gjev ei grundig innføring i det norrøne språket og den norrøne litteraturen, og begge vert sette inn i eit vidare kulturelt perspektiv.
b) Nordisk språk og litteratur
Utanom norsk (bokmål og nynorsk) femner dei nordiske språka om dansk, svensk, islandsk og færøysk. Målet for denne spesialiseringa er å gje studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn. Hovudvekta ligg på norsk. Reint praktisk skal studiet gje grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk og kompetanse for undervisning i ulike skuleslag (i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning) og for arbeid med språklege og litterære emne i andre yrkestilhøve.
c) Norsk som andrespråk
Norsk som andrespråk er norsk lært i Noreg av menneske med eit anna språk som morsmål. Spesialiseringa i norsk som andrespråk skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal lære seg norsk språk og verte integrerte i det norske samfunnet. Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar. Reint praktisk skal studiet gje grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i norrøn filologi frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal
- ha brei og grundig kunnskap om det norrøne språket og språkrelaterte samfunnstilhøve i norrøn tid
- kunne lese norrøne tekstar på eiga hand, med bruk av ordbok
- ha grundig kunnskap om norrøn dikting og dei ulike norrøne tekstsjangrane
- ha kjennskap til sentrale drag ved norrøne samfunnstilhøve og norrøn mytologi
- ha kjennskap til filologisk verksemd generelt
- kunne skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om norrønt språk og norrøn litteratur
- kunne analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte
- kunne hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
- kunne arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget
- kunne gje opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norrønt språk og norrøn litteratur
- kunne kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i nordisk språk og litteratur frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal
- ha brei og grundig kunnskap om det norske språksystemet, norsk språkbruk, norske språkrelaterte samfunnstilhøve, norsk språkhistorie og norske dialektar
- ha noko kjennskap til tilsvarande forhold som gjeld norrønt språk og dei andre levande nordiske språka (dansk, svensk, islandsk og færøysk)
- ha godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur frå norrøn tid til samtida
- ha god innsikt i sentrale nordiske forfattarskapar
- ha brei og grundig kunnskap om dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei
- kunne skilje sakprosa frå andre litterære sjangrar, og gjere greie for viktige undergrupper av sakprosa
- ha kjennskap til ulike prinsipp for litteraturhistorieskriving
- kunne skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
- kunne skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om nordisk språk og litteratur
- kunne analysere og drøfte språklege og litterære problemstillingar på ein fagleg måte
- kunne hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
- kunne arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget
- kunne gje opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norsk språksystem, språkbruk og tekstleg utforming
- kunne kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå nordistikken
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i norsk som andrespråk frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal
- ha brei og grundig kunnskap om norsk lydlære, grammatikk ordforråd og språkbruk
- ha solid kunnskap om andrespråktileigning og -undervisning og tilhøvet til det norske språket
- ha kjennskap til bruken av ulike slag tekstar i andrespråkstileigning og -undervisning
- ha kunnskap om sentrale aspekt ved vurdering og testing av språkleg dugleik
- ha godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur, med vekt på 1900-talet
- kjenne dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei
- kjenne sentrale nordiske forfattarskapar
- kunne skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
- kunne skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om andrespråksrelaterte emne

- kunne gje opplæring og rettleiing i bruken av norsk som andrespråk
- kunne rettleie lærarar med elevar i norsk som andrespråk
- kunne kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar som gjeld andrespråkstileigning og -undervisning
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i nordisk skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet):
- EXPHIL Examen philosophicum (10 stp)
- EXFAC00AK Akademisk skriving (10 stp)
- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 stp) eller
- EXFAC00TK Tekst og kultur (10 stp)
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd, ettersom dei språklege emna på studiet føreset dei kunnskapane som dette emnet gjev.
Obligatoriske emne / spesialisering
Studentane har valet mellom tre alternative spesialiseringar:
a) norrøn filologi
b) nordisk språk og litteratur
c) norsk som andrespråk
Kvar spesialisering er på 90 studiepoeng, dvs. til saman tre semesters studium. a) Spesialisering i norrøn filologiFølgjande emne er obligatoriske:
NOFI101 Norrønt språk (15 stp)
NOFI102 Norrøne tekstar (15 stp)
NOFI104 Norrøn litteratur (15 stp)
NOFI105 Norrøn litteratur, kultur og religion (15 stp)
NOFI211 Norrøn filologi I (15 stp)
NOFI250 Norrøn filologi II (15 stp)Spesialiseringa i norrøn filologi er opptaksgrunnlag til masterstudiet i norrøn filologi.b) Spesialisering i nordisk språk og litteraturFølgjande emne er obligatoriske:
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)
NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 stp)
NOSP102 Nordisk: Moderne språk (15 stp)
NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål (15 stp)
Kvart av desse emna kan bytast ut med tilsvarande emne frå fjernstudiet Fjernord (med kodetillegget -F).
Ein må velje eitt eller to av desse emna (emne med semesteroppgåve):
NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori (15 stp)
NOLI251 Nordisk: Litterært fordjupingsemne A (15 stp)
NOLI252 Nordisk: Litterært fordjupingsemne B (15 stp)
NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse (15 stp)
NOSP251 Nordisk: Språkleg variasjon og endring 1 (15 stp)
NOSP252 Nordisk: Namnegransking 1 (15 stp)
NOSP253 Nordisk: Språksystemet 1 (15 stp)
ISL104 Islandsk språk II (15 stp)
ISL102 Islandsk litteratur og samfunn (15 stp)Dersom ein vel berre eitt av emna med semesteroppgåve, må ein velje eitt av desse emna:
NOLI211 Nordisk: Litterært fordjupingsemne C (15 stp)
NOLI212 Nordisk: Litterært fordjupingsemne D (15 stp)
NOSP211 Nordisk: Språk i Norden (15 stp)
NOSP212 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne (15 stp)
RET205 Nordisk retorikk (15 stp)
RET255 Nordisk retorikk med bacheloroppgåve (15 stp)
ISL101 Islandsk språk (15 stp)
ISL102 Islandsk litteratur og samfunn (15 stp)
NOFI101 Norrønt språk (15 stp)
NOFI104 Norrøn litteratur (15 stp)
NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)
PRAKTINF Praktisk informasjonsarbeid (15 stp)
ISL103 Islandsk språk I (15 stp)Spesialiseringa i nordisk språk og litteratur er opptaksgrunnlag til masterstudiet i nordisk språk og litteratur.c) Spesialisering i norsk som andrespråkFølgjande emne er obligatoriske:
NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 stp)
NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)
NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 stp)
NORAN117 Sosiolingvistikk og tospråklegheit (5 stp)
NORAN119 Språktesting og språkvurdering (10 stp)
NORAN250 Andrespråkslingvistikk (15 stp)
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)Kvart av emna NORAN101 og NORAN104 kan bytast ut med tilsvarande emne frå fjernstudiet Prisme (med kodetillegget -F).Spesialiseringa i norsk som andrespråk er opptaksgrunnlag til masterstudiet i nordisk språk og litteratur.
Tilrådde valemne
Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd progresjon, felles for alle:
1. semester:
Innføringsemne (30 stp)
Dei vidare studieløpa er ulike for dei ulike spesialiseringane. Uavhengig av spesialisering har ein valemne tilsvarande 60 studiepoeng. Det vert tilrådd at dei frie studiepoenga dannar ein naturleg fagleg einskap, t.d. 100-nivået i eitt fag.
a) Norrøn filologi
2. semester:
NOFI101 Norrønt språk (15 stp)
NOFI104 Norrøn litteratur (15 stp)
3. semester:
NOFI102 Norrøne tekstar (15 stp)
NOFI105 Norrøn litteratur, kultur og religion (15 stp)
4.-6 semester:
NOFI211 Norrøn filologi I og NOFI250 Norrøn filologi II i ulike semester, og 60 frie studiepoeng.
b) Nordisk språk og litteratur
2. semester:
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)
NOSP102 Nordisk: Moderne språk (15 stp)
3. semester:
NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 stp)
NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål (15 stp)
4.-6. semester:
to emne på til saman 30 studiepoeng som kompletterer spesialiseringa (sjå ovanfor), og 60 frie studiepoeng.
c) Norsk som andrespråk
2. semester:
NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 stp)
NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)
3. semester:
NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 stp)
NORAN117 Sosiolingvistikk og tospråklegheit (5 stp)
NORAN119 Språktesting og språkvurdering (10 stp)
4. eller 6. semester:
NORAN250 Andrespråkslingvistikk (15 stp)
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)
5. og anten 4. eller 6. semester:
60 frie studiepoeng
Krav til progresjon i studiet
Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen.
Delstudium i utlandet
Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og at valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.
Undervisningsmetodar
Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet i nordisk med spesialisering i norrøn filologi kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i norrøn filologi.
Bachelorprogrammet i nordisk med spesialisering i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.
Yrkesvegar
Kompetanse i nordisk språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.
Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid over alt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.
Bachelor i nordisk med minst 60 studiepoeng i kvart av to skulefag (inkl. anten nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk) kan kombinerast med praktisk-pedagogisk utdanning og gje undervisningskompetanse i skuleverket, primært på ungdomstrinnet i grunnskulen og i vidaregåande skule.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Administrativ ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i norrøn filologi frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal
- ha brei og grundig kunnskap om det norrøne språket og språkrelaterte samfunnstilhøve i norrøn tid
- kunne lese norrøne tekstar på eiga hand, med bruk av ordbok
- ha grundig kunnskap om norrøn dikting og dei ulike norrøne tekstsjangrane
- ha kjennskap til sentrale drag ved norrøne samfunnstilhøve og norrøn mytologi
- ha kjennskap til filologisk verksemd generelt
- kunne skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om norrønt språk og norrøn litteratur
- kunne analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte
- kunne hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
- kunne arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget
- kunne gje opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norrønt språk og norrøn litteratur
- kunne kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i nordisk språk og litteratur frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal
- ha brei og grundig kunnskap om det norske språksystemet, norsk språkbruk, norske språkrelaterte samfunnstilhøve, norsk språkhistorie og norske dialektar
- ha noko kjennskap til tilsvarande forhold som gjeld norrønt språk og dei andre levande nordiske språka (dansk, svensk, islandsk og færøysk)
- ha godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur frå norrøn tid til samtida
- ha god innsikt i sentrale nordiske forfattarskapar
- ha brei og grundig kunnskap om dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei
- kunne skilje sakprosa frå andre litterære sjangrar, og gjere greie for viktige undergrupper av sakprosa
- ha kjennskap til ulike prinsipp for litteraturhistorieskriving
- kunne skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
- kunne skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om nordisk språk og litteratur
- kunne analysere og drøfte språklege og litterære problemstillingar på ein fagleg måte
- kunne hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
- kunne arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget
- kunne gje opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norsk språksystem, språkbruk og tekstleg utforming
- kunne kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå nordistikken
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Ein kandidat med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur med spesialisering i norsk som andrespråk frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal
- ha brei og grundig kunnskap om norsk lydlære, grammatikk ordforråd og språkbruk
- ha solid kunnskap om andrespråktileigning og -undervisning og tilhøvet til det norske språket
- ha kjennskap til bruken av ulike slag tekstar i andrespråkstileigning og -undervisning
- ha kunnskap om sentrale aspekt ved vurdering og testing av språkleg dugleik
- ha godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur, med vekt på 1900-talet
- kjenne dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei
- kjenne sentrale nordiske forfattarskapar
- kunne skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
- kunne skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om andrespråksrelaterte emne
- kunne analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte
- kunne hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
- kunne arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget
- kunne gje opplæring og rettleiing i bruken av norsk som andrespråk
- kunne rettleie lærarar med elevar i norsk som andrespråk
- kunne kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar som gjeld andrespråkstileigning og -undervisning
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Studentane har valet mellom tre alternative spesialiseringar kvar på 90 studiepoeng: a) norrøn filologi b) nordisk språk og litteratur c) norsk som andrespråk | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) Akademisk skriving (EXFAC00AS) Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialisering i nordisk språk og litteratur (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialisering i nordisk språk og litteratur. Obligatoriske emner: NOLI102, NOLI103, NOSP102 NOSP103 Ein må velje eitt eller to av desse emna NOLI250, NOLI251, NOLI252, NOSP250, NOSP251, NOSP252, NOSP254, ISL104, ISL102. Dersom ein vel berre eitt av emna med semesteroppgåve, må ein velje eitt av desse emna: NOLI211, NOLI212, NOSP210, NOSP214, NOSP221, NOSP222, RET205, RET255, NOFI101, NOFI104, NORAN104, PRAKTINF, ISL103. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NOLI102 | Nordisk: Litteratur etter 1900 | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOLI103 | Nordisk: Den eldre litteraturen | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP102 | Nordisk: Moderne språk | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP103 | Nordisk: Språkhistorie og talemål | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOLI250 | Nordisk: Litterær analyse og teori | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOLI251 | Nordisk: Litterært fordypningsemne A | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOLI252 | Nordisk: Litterært fordypningsemne B | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP250 | Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP251 | Nordisk: Språklig variasjon og endring med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP252 | Nordisk: Namnegransking med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP253 | Nordisk: Språksystemet 1 | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP254 | Nordisk: Språk i Norden med bacheloroppgåve | - | 1-6 | |||||||||
| NOLI211 | Nordisk: Litterært fordypningsemne C | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOLI212 | Nordisk: Litterært fordypningsemne D | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP210 | Nordisk: Språkbruksanalyse | - | 1-6 | |||||||||
| NOSP211 | Nordisk: Språk i Norden | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP212 | Nordisk: Språkleg fordjupingsemne | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP214 | Nordisk: Språk i Norden | - | 1-6 | |||||||||
| NOSP221 | Nordisk: Språkleg variasjon og endring | - | 1-6 | |||||||||
| NOSP222 | Nordisk: Namnegransking | - | 1-6 | |||||||||
| RET205 | Nordisk retorikk | 15 | 1-6 | |||||||||
| RET255 | Nordisk retorikk med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOFI101 | Norrønt språk | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOFI104 | Norrøn litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| NORAN104 | Andrespråkslæring og -undervising | 15 | 1-6 | |||||||||
| PRAKTINF | Praktisk informasjonsarbeid | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOLI102-F | Nordisk: Litteratur etter 1900 (Fjernord) | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOLI103-F | Nordisk: Den eldre litteraturen (Fjernord) | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP102-F | Nordisk: Moderne språk (Fjernord) | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP103-F | Nordisk: Språkhistorie og talemål (Fjernord) | 15 | 1-6 | |||||||||
| ISL101 | Islandsk språk | - | 1-6 | |||||||||
| ISL102 | Islandsk litteratur og samfunn | 15 | 1-6 | |||||||||
| ISL103 | Islandsk språk I | 15 | 1-6 | |||||||||
| ISL104 | Islandsk språk II | 15 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i norrøn filologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Følgjande emne er obligatoriske: NOFI101, NOFI102, NOFI104, NOFI105, NOFI211, NOFI250. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NOFI101 | Norrønt språk | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOFI102 | Norrøne tekstar | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOFI104 | Norrøn litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOFI105 | Norrøn litteratur, kultur og religion | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOFI211 | Norrøn filologi I | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOFI250 | Norrøn filologi II | 15 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i norsk som andrespråk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Følgjande emne er obligatoriske: NORAN101, NORAN104, NORAN115, NORAN117, NORAN119, NORAN250 og NOLI102. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NORAN101 | Norsk språk som andrespråk | 15 | 1-6 | |||||||||
| NORAN104 | Andrespråkslæring og -undervising | 15 | 1-6 | |||||||||
| NORAN115 | Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv | 15 | 1-6 | |||||||||
| NORAN117 | Sosiolingvistikk og tospråklegheit | 5 | 1-6 | |||||||||
| NORAN119 | Språktesting og språkvurdering | 10 | 1-6 | |||||||||
| NOLI102 | Nordisk: Litteratur etter 1900 | 15 | 1-6 | |||||||||
| NORAN250 | Andrespråkslingvistikk | 15 | 1-6 | |||||||||
| NORAN101-F | Norsk språk som andrespråk (fjernstudium) | 15 | 1-6 | |||||||||
| NORAN104-F | Andrespråkslæring og -undervising (fjernstudium) | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||