Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i russisk

ingressbilde

Introduksjon

Korleis er det mogleg at diktatoren Josef Stalin hamna på andre plass i ei kåring av den største russaren gjennom tidene, så vidt slått av den veike tsaren Nikolaj II? Kvifor er det hipt å bruke latinske bokstavar i russisk internettspråk og tekstmeldingar? Korleis klarar eit språk seg utan artiklar?

Russland er det største nabolandet vårt, men trass i det er det få som har innsikt i russisk kultur og snakkar språket. Russisk er eit verdsspråk med 140 millionar morsmålsbrukarar både i og utanfor Russland. Det er òg eit viktig kommunikasjonsspråk for over 100 millionar menneske i mange land i Aust-Europa og Asia. Russisk er eit språk vi vil få meir bruk for etter kvart som handelen med Russland aukar. Eit studium i russisk språk vil opne dører til ein rik og interessant kultur.

Visste du at ...

Motsvaret til dagens sms i mellomalderbyen Novgorod var neverbrev. I Novgorod rissa vanlege menn og kvinner tekstmeldingar til kvarandre inn i bjørkenever, som det sidan 1950-talet er funne over 1000 stykke av.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet gir deg basisdugleik i russisk og kunnskap om russisk språk, litteratur og kultur. Studiet inneheld emne innan grammatikk og språkvitskap, praktisk språkbruk, omsetjing, litteratur og kultur. For dei som ikkje har russiskkunnskapar frå før, startar det eit grunnkurs alt i det første semesteret.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i russisk, som opnar for ei spesialisering i russisk litteratur, kultur eller språk.

Forsking

Fagmiljøet i russisk ved UiB har spisskompetanse på ei rekkje område innanfor språk og litteratur. Nokre eksempel på aktuelle tema det blir forska på er russisk samtidslitteratur, russisk språkbruk på internett, russiske dialektar, språkdebatt i Russland og emne innan moderne russisk grammatikk.

Sjå også desse studia

Språkfag, språkvitskap, litteraturvitskap, retorikk, samanliknande politikk, historie.

Utveksling

Vi tilbyr studieopphald ved det norske universitetssenteret i St. Petersburg etter det andre og i det fjerde semesteret. Dessutan er det mogleg å byggje inn eit studieopphald ved eit russisk universitet når du tek frie studiepoeng.

Yrkesvegar

Tidlegare studentar med kompetanse i russisk språk og kultur arbeider mellom anna i ulike departement og i stillingar tilknytta russisk på fylkes- og kommuneplan, spesielt i Nord-Noreg. Andre har ulike stillingar i massemedia, industri (Statoil, Aker Kværner, Telenor, fiskeri og oppdrett), humanitære organisasjonar, undervisning og dessutan i turistverksemd både i Russland og Noreg.

Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk på russiskemna er norsk og russisk. For alle andre fagemner, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Russisk er det største språket i Europa med over 140 millionar morsmålbrukarar og i tillegg er det første framandspråk for ytterlegare 100 millionar i det tidlegare Sovjetunionen. Det er eit av dei største verdsspråka og eit av dei seks offisielle språk i FN. Russisk er eit indoeuropeisk språk som høyrer til den slaviske språkfamilien. Slaviske språk kan delast inn i tre: aust-, vest- og sørslavisk. I selskap med kviterussisk og ukrainsk dannar russisk undergruppa austslaviske språk. Russisk kultur, og særleg litteratur, utgjer ein viktig del av den felleseuropeiske kulturarven. Som eit kulturhistorisk fenomen er det russiske standardspråket interessant fordi det er oppstått som ei samansmelting av austslaviske talespråk og kyrkjeslavisk, dei ortodokse slavarane sitt religiøse språk gjennom tusen år.

Bachelorstudiet i russisk har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggja til rette for å øva opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen.

I undervisninga blir det lagt vekt på praktisk meistring av moderne russisk språk, der studenten får intensiv trening i å snakka, forstå, lesa og skriva russisk. Studenten får elles ei innføring i russisk historie og samfunn og i russisk litteratur.

Den generelle målsetjinga for russisk-studiet er:

- å øva opp praktisk og aktiv språkdugleik hjå studentane, både skriftleg og munnleg.

- å gje studentane kunnskapar om og innsikt i russisk språk og russisk litteratur, kultur og samfunnstilhøve.

Studentane skal samstundes øvast opp til ei sjølvstendig og reflekterande haldning til faget.

Læringsutbyte/resultat

Hovudvekta i studiet vert lagt på språktileigning og språkforståing. Russisk er eit tidkrevjande språk å læra samanlikna med nære europeiske språk.

Etter eit års studium skal studentane vera i stand til å lesa og forstå tilrettelagte tekstar, føra enkle samtaler om avgrensa tema, skriva enkle tekstar på russisk, og dessutan å omsetja tekstar på eit grunnleggjande nivå mellom russisk og norsk.

 

Etter to år vert det forventa at studentane har tileigna seg eit tilstrekkeleg aktivt og passivt vokabular til å kunna lesa ikkje-adapterte tekstar innan ulike sjangrar med hjelp av ordbok. Dei skal òg kunna meistra alminneleg konversasjon og omsetjing av tekstar på middels nivå.

 

I løpet av dei to første åra vil studenten elles ha fått god innsikt i russisk litteratur, så vel som i russisk historie, kultur og samfunnstilhøve. På den måten er studiet både eit reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Russland og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i eit masterstudium i russisk.

 

Studenten kan nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i russisk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av tre obligatoriske emne:

  • Examen philosophicum
  • RUS100*
  • Språk og kommunikasjon

* RUS100 erstattar akademisk skriving

Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne / spesialisering

Studiet startar med dei tre innføringsemna RUS100, EXPHIL og EXFACOOSK i det første semesteret. (Legg merke til at for bachelorprogrammet i russisk vil RUS100, Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk, erstatta EXFAC00AS, Akademisk skriving, som innføringsemne). Avlagd eksamen i RUS100 er obligatorisk for vidare studium i russisk. Alternativt må ein kunne dokumentera tilsvarande kunnskapar i russisk.

I spesialiseringa inngår følgjande obligatoriske emne: RUS100, RUS111, RUS112, RUS113, RUS114, RUS211 og RUS252.

RUS111SP er ikkje obligatorisk.

I bachelorgraden er alle RUS-emna både på 100-nivå og 200-nivå obligatoriske, med unntak av RUS111SP.

For å bli tatt opp til mastergraden i russisk, må studentar ha tatt alle dei obligatoriske emna som utgjer spesialiseringa i bachelorprogrammet.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i russisk inneheld 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølje for emne i studiet

Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (H):

RUS100, EXPHIL, EXFAC00SK (30 sp.)

2. semester (V):

RUS111, RUS112 (30 sp.)

RUS111SP (6 sp.)*

3. semester (H):

RUS113, RUS114 (30 sp.)

4. semester (V):

RUS211, RUS252, inkludert studieopphald i St. Petersburg (30 sp.)

5. semester (H):

Frie studiepoeng (30 sp.)

Eller

Delstudium i utland

6. semester (V):

Frie studiepoeng (30 sp.)

Eller

Delstudium i utland

Studentar kan sjølv velja om dei vil følgja det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at russiskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i russisk før ein tar fatt på 200-nivå.

* RUS111SP er eit valfritt ekstra studieopphald i St. Petersburg etter vårsemesteret.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Det blir sterkt tilrådd at studentane i løpet av studiet har eitt eller fleire opphald i Russland. Me gjev tilbod om studieopphald ved det norske universitetssenteret i Sankt Petersburg etter det andre og i det fjerde semesteret. Dessutan er det mogleg å byggja inn eit studieopphald ved eit russisk universitet i året med frie studiepoeng.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; m.a. forelesingar, øvingar og konversasjon i grupper.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, t.d. ved mappevurdering, skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.I emnet RUS252 skriv dei ei bacheloroppgåve. I tillegg skriv dei ei bacheloroppgåve.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i russisk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i russisk.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i russisk gjev generell kompetanse som kan nyttast i ei rekkje samanhengar. I tillegg til den praktiske kompetansen du får i det russiske språket, gjev graden ei verdfull innsikt i den russiskspråklege kulturen. Blant yrkesgrupper der kompetanse i russisk og kjennskap til Russland og nabostatane er nyttig, kan nemnast næringsliv og internasjonalt retta organisasjonar, og elles undervisning, kulturformidling, media, reiseliv og offentleg administrasjon og forsking. Kandidatar med russisk er òg å finna i utanrikstenesta og i dei andre departementa.

Bachelorprogrammet i russisk kan brukast til undervisning på den vidaregåande skulen. I tillegg vert russisk brukt for variert arbeid både i offentleg og privat sektor innanfor felt der det internasjonaliserte samfunnet treng språk- og kulturkunnskapar.

For å kunna bruka russisk aktivt i jobbsamanheng er lengre Russlandsopphald undervegs i, eller etter studiet tilrådd, eventuelt påbyggjing med mastergradsstudium.

Ved påbyggjing til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til både språk- og kulturkunnskapar.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomførd i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Fagansvarleg

Margje Post

Administrativ ansvarleg

Institutt for fremmedspråk

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i russisk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass. Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.

Antall studieplasser

18

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no

55 58 93 70

Læringsutbyte/resultat

Hovudvekta i studiet vert lagt på språktileigning og språkforståing. Russisk er eit tidkrevjande språk å læra samanlikna med nære europeiske språk.

Etter eit års studium skal studentane vera i stand til å lesa og forstå tilrettelagte tekstar, føra enkle samtaler om avgrensa tema, skriva enkle tekstar på russisk, og dessutan å omsetja tekstar på eit grunnleggjande nivå mellom russisk og norsk.

 

Etter to år vert det forventa at studentane har tileigna seg eit tilstrekkeleg aktivt og passivt vokabular til å kunna lesa ikkje-adapterte tekstar innan ulike sjangrar med hjelp av ordbok. Dei skal òg kunna meistra alminneleg konversasjon og omsetjing av tekstar på middels nivå.

 

I løpet av dei to første åra vil studenten elles ha fått god innsikt i russisk litteratur, så vel som i russisk historie, kultur og samfunnstilhøve. På den måten er studiet både eit reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Russland og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i eit masterstudium i russisk.

 

Studenten kan nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil., ex.fac. og innføringsemne i russisk) og 90 studiepoeng med spesialisering i russisk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning

Semester og emne

1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum (inkludert innføringsemne i russisk)

2. semester Spesialisering i russisk

3. semester Spesialisering i russisk

4. semester Spesialisering i russisk

5. semester Valfrie emne

6. semester Valfrie emne

BAHF-RUSS/Bachelorprogram i russisk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret. EXPHIL Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS)
RUS100 Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. Legg merke til at for bachelorprogrammet i russisk vil RUS100, Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk, erstatta EXFAC00AS, Akademisk skriving, som innføringsemne. Avlagd eksamen i RUS100, eller dokumentasjon på tilsvarande kunnskapar i russisk, er obligatorisk for vidare studium i russisk.

  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RUS100 Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk 10 1
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1
Spesialisering i russisk (krav: 90 SP)
Studiet startar med dei tre innføringsemna RUS100, EXPHIL og EXFAC00SK i det første semesteret. (Legg merke til at for bachelorprogrammet i russisk vil RUS100, Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk, erstatta EXFAC00AS, Akademisk skriving, som innføringsemne). Avlagd eksamen i RUS100 er obligatorisk for vidare studium i russisk. Alternativt må ein kunne dokumentera tilsvarande kunnskapar i russisk.
I spesialiseringa inngår følgjande obligatoriske emne: RUS100, RUS111, RUS112, RUS113, RUS114, RUS211 og RUS252.
RUS111SP er ikkje obligatorisk.
For å bli tatt opp til mastergraden i russisk, må studentar ha tatt alle dei obligatoriske emna som utgjer spesialiseringa i bachelorprogrammet.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RUS111 Russisk grammatikk (1) og skriftleg russisk (1) 15 1-6 2
RUS112 Russisk kultur, tekst og tale 15 1-6 2
RUS113 Russisk grammatikk (2) og Skriftleg russisk (2) 15 1-6 3
RUS114 Russisk kultur (2) Tekst og tale (2) 15 1-6 4
RUS211 Russisk språkstruktur og skriftleg russisk 15 1-6 4
RUS252 Fordjupning i russisk litteratur og munnlig russisk med bacheloroppgåve 15 1-6 4
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
RUS101SP Praktisk russisk i St. Petersburg - 1-6 2
RUS111SP Sumarkurs i russisk språk 6 1-6 2
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 2 semester - -