Bachelorprogram i språk og interkulturell kommunikasjon
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Kontakt
- Studieplan
- Studieløp
Introduksjon
Er globalisering ein kime til kulturelle konfliktar? Korleis kan stereotype oppfatningar påverke oss i kommunikasjon med andre? Kva meiner vi med kulturelle kodar?
Ein aukande del av kommunikasjonen mellom menneske og organisasjonar skjer på tvers av kultur-, språk- og landegrenser. Dette utvida og meir innfløkte kommunikasjonsbilete skaper nye utfordringar som krev høgt medvit om det særeigne ved kvart enkelt språk og kulturen det er ein del av.
For at fleirkulturelle møte skal vere prega av god kommunikasjon og toleranse, er det viktig at deltakarane kan tolke signal, kroppsspråk, ord og åtferd hos kvarandre. På studiet lærer du å kommunisere på eit framandspråk, og blir samtidig medviten om dei mange utfordringane som ligg i språk- og kulturmøte. Du får innsikt i kommunikasjon i ulike situasjonar og mellom ulike grupper. I tillegg får du kompetanse innan tolking og omsetjing innanfor fagfelta økonomi, helse, offentleg forvalting og jus.
Studievegar
Bachelor
I det treårige studiet får du spesialisering i språk og interkulturell kommunikasjon. I tillegg kan du velje å spesialisere deg i eitt av faga engelsk, fransk, italiensk, spansk og tysk. Programmet er eit samarbeid mellom Norges Handelshøyskole og Universitetet i Bergen. Språk og interkulturell kommunikasjon er eit todelt studium. Programemna er spesialtilpassa studiet og fokuserer på ulike tema knytte til interkulturell kommunikasjon. Studentane har undervisning i framandspråk saman med studentane på dei andre framandspråksprogramma. I undervisninga blir det lagt særleg vekt på språkvitskaplege aspekt.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i det faget du har spesialisert deg i.
Forsking
Omsetjing, tolking, terminologi og interkulturell kommunikasjon er forskingsfelt som er i rask vekst over heile verda, og studiet opnar for mange spennande forskingsspørsmål. Både UiB og NHH har eit aktivt og produktivt forskingsmiljø innanfor dette feltet.
Sjå også desse studia
Språkfag, litteraturvitskap, retorikk, sosialantropologi, lektorutdanning med master i framandspråk eller
nordisk.
Visste du at ...
I løpet av studiet deltek du i rollespel. Du må ta stilling til ulike situasjonar der din integritet som profesjonsutøvar blir utfordra. På den måten tileignar du deg ei profesjonell holdning til situasjonar du vil kunne møte i arbeidslivet.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, 90 studiepoeng med interkulturell kommunikasjon og 60 studiepoeng med språkemne/valemne. Du kan spesialisere deg både i interkulturell kommunikasjon og i det framandspråket du har valt. Programmet har eit eige førstesemesteremne som gir studentane ei innføring i interkulturell kommunikasjon allereie frå studiestart.
I tabellen kan du sjå eit eksempel på korleis studiet kan leggjast opp. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å leggje opp studieløpet. Du finn den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i interkulturell kommunikasjon og framandspråksemne
3. semester Spesialisering i interkulturell kommunikasjon og framandspråksemne
4. semester Framandspråksemne/valfritt emne
5. semester Spesialisering i interkulturell kommunikasjon
6. semester Spesialisering i interkulturell kommunikasjon
Utveksling
Det er lagt opp til at du kan velje utanlandsopphald i det fjerde semesteret. Faga engelsk, fransk, italiensk, spansk og tysk har ei rekkje avtaler med universitet i og utanfor Europa.
Yrkesvegar
Studiet gjer deg kvalifisert til å fylle ulike funksjonar i både offentleg og privat sektor. Kombinasjonen av språk- og kommunikasjonsdugleik gir eit godt fundament for mange typar språkarbeid. Programmet aleine kvalifiserer ikkje for tolking/omsetjing på eit profesjonelt nivå, men dannar eit særs godt grunnlag for studentar som ønskjer å satse på desse yrka.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i språk og interkulturell kommunikasjon.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Eit studium i engelsk, fransk, italiensk, spansk eller tysk krev gode forkunnskapar i språket frå vidaregåande skule.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 36,8
Førstegangsvitnemål: Alle
Antall studieplasser
32
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Det er i dag utstrakt kommunikasjon mellom menneske og organisasjonar på tvers av land-, kultur- og språkgrenser. I nokre samanhengar går kommunikasjonen direkte på eit anna språk, noko som føreset høg grad av medvit om det særeigne ved kvart språk og kulturen det er ein del av, i tillegg til kunnskap om og dugleik i interkulturell kommunikasjon. I andre samanhengar går kommunikasjonen via eit mellomledd. Då er det personen eller personane i denne mellomposisjonen som må ha slik kunnskap. Målet for dette studiet er tredelt: for det første skal studentane kunne kommunisere på eit framandspråk, for det andre skal dei auke medvitet sitt omkring utfordringar som ligg i språk- og kulturmøte, og for det tredje skal dei kunne fungere som språk- og kulturformidlarar i ymse situasjonar.
I bachelorprogrammet i språk og interkulturell kommunikasjon skal studentane skaffe seg innsikt i kommunikasjon i ulike situasjonar og mellom ulike grupper. Studentane vel engelsk, fransk, italiensk, spansk eller tysk som sitt framandspråk i graden. Tidleg i programmet blir fokus retta mot ulike trekk ved interkulturell kommunikasjon. Studentane arbeider òg med allmennspråklege problemstillingar av praktisk og teoretisk art, både i norsk og i framandspråket. Seinare i programmet arbeider studentane med fagspråkleg kommunikasjon på felta økonomi, helse, offentleg administrasjon og juss. Arbeidet med fagspråkleg kommunikasjon vil vere ei kopling mellom teori og praksis, og studentane får trening i munnleg og skriftleg omsetjing mellom norsk og det valte framandspråket.
Studieprogrammet fører fram til graden Bachelor i språk og interkulturell kommunikasjon. Studiet er treårig (180 studiepoeng) og er ein fellesgrad mellom Noregs handelshøgskole og Universitetet i Bergen.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført studium har studentane kunnskap om utfordringar som ligg i interkulturell kommunikasjon generelt og om tilhøvet mellom norsk og valt framandspråk spesielt. Dei har òg kunnskap om ulike kommunikasjonssituasjonar, inkludert fagspråkleg kommunikasjon. Gjennom arbeidet med skriftlege og munnlege tekster har dei fått trening i innhenting og kritisk vurdering av dokumentasjon, og dei har dessutan kunnskap om og trening i relevante IKT-verkty.
Studentane har gjennom omfattande øving skaffa seg dugleik på eit mellomnivå i tolking og omsetjing innan økonomi, helse, offentleg administrasjon og juss. I tillegg er studentane medvitne om dei vala dei gjer i tolkings- og omsetjingsprosessen og er i stand til å greie ut om og argumentere for desse.
Gjennom studiet får studentane innsyn i etiske og juridiske problemstilingar som kan kome opp i tolke- og omsetjingssituasjonar. Ved bruk av rollespel og kasusstudiar i eit par av programemna får studentane trening i å ta stilling til situasjonar der deira integritet som profesjonsutøvar vert utfordra. På denne måten får studentane ei profesjonell haldning til dei situasjonane dei vil møte i yrkeslivet.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Studiet føreset kunnskapar i framandspråket på nivå 2 frå vidaregåande skole. Studentar med norsk som andrespråk som ikkje har eksamen frå norsk vidaregåande skole må ha forkunnskapar i norsk tilsvarande trinn 3-eksamen frå universitet/høgskole eller Test i norsk, høgare nivå, med poengsum 450 eller betre.
Innføringsemne
Førstesemesteremna Ex.phil., Ex.fac. Akademisk skriving og Ex.fac. Språk og kommunikasjon
Obligatoriske emne / spesialisering
Studiet er sett saman av førstesemesterstudiet, språkemne i det valte framandspråket og norsk, innføringsemne i tolking og omsetjing, emne i fagspråk og terminologi på utvalte felt og eitt valfritt emne. Dei obligatoriske programemna SPIK101, SPIK250, SPIK102, TOLKHF, TRANSHF og NOSP250/PRAKTINF utgjer spesialiseringa i språk og interkulturell kommunikasjon. Ved å ta eit emne i det valte framandspråket som valfritt emne, kan ein i tillegg få ei spesialisering i det valte framandspråket. Kva emne ein må ta for å få ei slik dobbel spesialisering kjem an på kva framandspråk ein har valt. Studentar med eit framandspråk som morsmål kan søkje om å få erstatte nokre emne i framandspråk med emne i norsk, men får i så fall ikkje ei dobbel spesialisering i graden.
Undervisningsstad for dei ulike emna:
Noregs Handelshøgskole har spesielt ansvar for emna SPIK101, SPIK102, ENG010, ENG011, FRA011, FRA012, SPA011, SPA012, TYS011 og TYS012. Dei resterande emna vert gjevne ved Universitetet i Bergen.
Tilrådde valemne
Det er lagt inn 15 frie studiepoeng i det fjerde semesteret.
Ein tilrår at studentane tar eit emne i framandspråket som frie studiepoeng dersom dei ønskjer å oppnå språkspesialisering i graden.
Rekkefølje for emne i studiet
Etter førstesemesterstudiet (Ex.phil., Ex.fac. Akademisk skriving og Ex.fac. Språk og kommunikasjon) vil emnesamansetjinga i studiet variere etter kva framandspråk ein vel. Kvar framandspråkgruppe følgjer difor ein eigen utdanningsplan.
I andre og tredje semester skal studentane ta emne i det valte framandspråket (ved NHH eller UiB) saman med emne i interkulturell kommunikasjon (NHH) og fordjuping i interkulturell kommunikasjon (UiB). I fjerde semester kan studentane velje å studere framandspråk og valemne ved eit utanlandsk universitet. Til femte semester er det lagt eit emne i fagspråk og terminologi ved NHH og eit emne i tolking ved UiB, medan studentane i det sjette og siste semesteret skal ta eit emne i omsetjing og eit emne i norsk språkbruksanalyse ved UiB. Evt. kan studentane velje å byte ut norsk språkbruksanalyse med eit emne i praktisk informasjonsarbeid. Sistnemnte emne har spesielle opptakskrav.
Studiestader
Bergen.
Undervisning i emna SPIK101, SPIK102, ENG010, ENG011, FRA011, FRA012, SPA011, SPA012, TYS011 og TYS012 ved Norges Handelshøgskole. Dei resterande emna vert gjevne ved Universitetet i Bergen.
Delstudium i utlandet
Det er lagt opp til at studentane kan velje utanlandsopphald i fjerde semester som del av studiet. Utreise bør skje gjennom ei av utvekslingsavtalene til Universitetet, og før utreise skal det liggja føre ei førehandsgodkjenning av planlagde studium for å sikre at desse kan gå inn i studieprogrammet. Meir informasjon: http://uib.no/utveksling
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, nettundervisning, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Kompetanse for vidare studium
Ein bachelorgrad i språk og interkulturell kommunikasjon gjev grunnlag for opptak til det planlagde masterprogrammet i tolking, omsetjing og terminologi. Studentar som tar eit emne i det valte framandspråket som valfritt emne, blir òg kvalifiserte for å søkje opptak til masterprogrammet i det valte framandspråket ved UiB. SPIK-studentar som får opptak til masterprogrammet i engelsk ved UiB må skrive ei språkleg masteroppgåve.
Yrkesvegar
Dette studieprogrammet utdannar studentar som kan fylle ulike funksjonar i både offentleg og privat sektor. Dugleik i språk og kommunikasjon gir eit godt grunnlag for mange typar språkarbeid. Programmet åleine kvalifiserer ikkje for tolking/omsetjing på eit profesjonelt nivå, men dannar eit svært godt grunnlag for studentar som ønskjer å satse på desse yrka.
Evaluering
Programmet vert jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Administrativ ansvarleg
Studierettleiar ved Institutt for framandspråk.
E-post: studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Studiet er sett saman av førstesemesterstudiet, språkemne i det valte framandspråket og norsk, innføringsemne i tolking og omsetjing, emne i fagspråk og terminologi på utvalte felt og eitt valfritt emne. Dei obligatoriske programemna SPIK101, SPIK250, SPIK102, TOLKHF, TRANSHF og NOSP250/PRAKTINF utgjer spesialiseringa i språk og interkulturell kommunikasjon. Ved å ta eit emne i det valte framandspråket som valfritt emne, kan ein i tillegg få ei spesialisering i det valte framandspråket. Kva emne ein må ta for å få ei slik dobbel spesialisering kjem an på kva framandspråk ein har valt. Studentar med eit framandspråk som morsmål kan søkje om å få erstatte nokre emne i framandspråk med emne i norsk, men får i så fall ikkje ei dobbel spesialisering i graden. Undervisningsstad for dei ulike emna: Norges Handelshøyskole har spesielt ansvar for emna SPIK100, SPIK101, SPIK102, ENG010, ENG011, FRA011, FRA012, SPA011, SPA012, TYS011 og TYS012. Dei resterande emna vert gjevne ved Universitetet i Bergen. | ||||||||||||
| BAHF-SPIK - Førstesemester (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| SPIK101 Språk og interkulturell kommunikasjon: introduksjon (NHH) | - | - | ||||||||||
| Fremmedspråk | ||||||||||||
| Studiet er sett saman av førstesemesterstudiet, språkemne i det valte framandspråket og norsk, innføringsemne i tolking og omsetjing, emne i fagspråk og terminologi på utvalte felt og eitt valfritt emne. Dei obligatoriske programemna SPIK101, SPIK250, SPIK102, TOLKHF, TRANSHF og NOSP250/PRAKTINF utgjer spesialiseringa i språk og interkulturell kommunikasjon. Ved å ta eit emne i det valte framandspråket som valfritt emne, kan ein i tillegg få ei spesialisering i det valte framandspråket. Kva emne ein må ta for å få ei slik dobbel spesialisering kjem an på kva framandspråk ein har valt. Studentar med eit framandspråk som morsmål kan søkje om å få erstatte nokre emne i framandspråk med emne i norsk, men får i så fall ikkje ei dobbel spesialisering i graden. Undervisningsstad for dei ulike emna: Norges Handelshøyskole har spesielt ansvar for emna SPIK100, SPIK101, SPIK102, ENG010, ENG011, FRA011, FRA012, SPA011, SPA012, TYS011 og TYS012. Dei resterande emna vert gjevne ved Universitetet i Bergen. | ||||||||||||
| BAHF-SPIK - ENGELSK (krav: 150 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SPIK250 | Fordjuping i interkulturell kommunikasjon | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| TOLKHF | Tolketeori, -teknikk, -etikk og -praksis | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| TRANSHF | Omsetjing | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ENG125 | Britisk litteratur og kultur | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| NOSP102 | Nordisk: Moderne språk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NOSP250 | Nordisk: Språkbruksanalyse | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| PRAKTINF | Praktisk informasjonsarbeid | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ENG211 | Engelsk språk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| ENG251 | Bacheloroppgave i engelsk språk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ENG101 | Engelsk språk I | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| ENG106 | Engelsk språk II | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| SPIK101 Interkulturell kommunikasjon (NHH) | - | - | ||||||||||
| SPIK102 Fagspråk og terminologi (NHH) | - | - | ||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Alternative engelsk emner ved NHH: ENG010 | - | - | ||||||||||
| Alternative engelskemner ved NHH: ENG011 | - | - | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| BAHF-SPIK - FRANSK (krav: 150 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SPIK250 | Fordjuping i interkulturell kommunikasjon | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| TOLKHF | Tolketeori, -teknikk, -etikk og -praksis | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| TRANSHF | Omsetjing | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| FRAN102 | Fransk litteratur | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| FRAN114 | Omsetjing norsk-fransk og fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk) | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NOSP250 | Nordisk: Språkbruksanalyse | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| PRAKTINF | Praktisk informasjonsarbeid | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| FRAN101 | Fransk grammatikk | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| FRAN103 | Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| FRAN201 | Fordjuping i fransk grammatikk og omsetjing | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| NOSP102 | Nordisk: Moderne språk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| SPIK101 Interkulturell kommunikasjon (NHH) | - | - | ||||||||||
| SPIK102 Fagspråk og terminologi (NHH) | - | - | ||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Alternative franskemner ved NHH: FRA011 og FRA012 | - | - | ||||||||||
| BAHF-SPIK - SPANSK (krav: 150 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SPLA101 | Spansk språk I | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SPIK250 | Fordjuping i interkulturell kommunikasjon | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| TRANSHF | Omsetjing | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| TOLKHF | Tolketeori, -teknikk, -etikk og -praksis | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SPLA201 | Fordjuping i spansk språk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| SPLA251 | Fordjuping i spansk språk med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NOSP250 | Nordisk: Språkbruksanalyse | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| PRAKTINF | Praktisk informasjonsarbeid | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Minst 15 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SPLA104 | Kultur og samfunn i Latin-Amerika | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SPLA105 | Spansk språk II | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SPLA103 | Latinamerikansk historie | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| NOSP102 | Nordisk: Moderne språk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| SPIK101 Interkulturell kommunikasjon (NHH) | - | - | ||||||||||
| SPIK102 Fagspråk og terminologi (NHH) | - | - | ||||||||||
| Alternative spanskemner ved NHH: SPA011 og SPA012 | - | - | ||||||||||
| BAHF-SPIK - ITALIENSK (krav: 150 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ITAL111 | Italiensk språk I | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SPIK250 | Fordjuping i interkulturell kommunikasjon | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| ITAL114 | Italiensk språk II | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| ITAL201 | Italiensk grammatikk og omsetjing | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| TOLKHF | Tolketeori, -teknikk, -etikk og -praksis | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ITAL113 | Italiensk kulturkunnskap | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| NOSP102 | Nordisk: Moderne språk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NOSP250 | Nordisk: Språkbruksanalyse | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| PRAKTINF | Praktisk informasjonsarbeid | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| SPIK101 Interkulturell kommunikasjon (NHH) | - | - | ||||||||||
| SPIK102 Fagspråk og terminologi (NHH) | - | - | ||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| BAHF-SPIK - TYSK (krav: 150 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TYS111 | Grunnemne i tysk språk I | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SPIK250 | Fordjuping i interkulturell kommunikasjon | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| TYS113 | Grunnemne i tysk språk II | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| TOLKHF | Tolketeori, -teknikk, -etikk og -praksis | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| TRANSHF | Omsetjing | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TYS201 | Fordjuping i tysk språk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| TYS251 | Fordjuping i tysk språk med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NOSP250 | Nordisk: Språkbruksanalyse | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| PRAKTINF | Praktisk informasjonsarbeid | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TYS112 | Tyskspråkleg kultur | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| NOSP102 | Nordisk: Moderne språk | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| SPIK101 Interkulturell kommunikasjon (NHH) | - | - | ||||||||||
| Alternative tyskemner ved NHH: TYS011 og TYS012 | - | - | ||||||||||
| SPIK102 Fagspråk og terminologi (NHH) | - | - | ||||||||||