Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Kontakt
- Studieplan
- Studieløp
Introduksjon
Korleis kan historiske prosessar forklare dei enorme skilnadene mellom fattig og rik i Latin-Amerika i dag? På kva måte representerer litteraturen ei samansmelting av det rike mangfaldet av kulturar og etnisitetar på kontinentet? Korleis utviklar det spanske språket seg i ei stadig meir globalisert verd?
Studerer du spansk språk og latinamerikastudium, vil du sitje att med solid kunnskap om mange ulike sider av samfunna på eit kontrastfylt og fargerikt kontinent. Studiet gir varierte innfallsvinklar, men også rom for fordjuping i den disiplinen du er mest oppteken av.
Spansk språk og latinamerikastudium er sett saman av tre disiplinar som på ulike vis er viktige og nødvendige for god kommunikasjon. På språkdelen av studiet lærer du mellom anna om grammatikk, dialektskilnader og tilhøve mellom språk, kultur og samfunn. Tekstutvalet i litteraturdelen representerer særs rike litterære tradisjonar og forfattarar frå mange land. I kulturkunnskap leiter vi etter opphavet til dagens store problemstillingar i fortida, og kastar lys på både historiske prosessar og notida.
Studievegar
Bachelor
I det treårige studiet kan du fordjupe deg i språk, litteratur og kultur, men du kan òg ta emne i omsetjing, litteraturvitskap og kjønnsstudium i spesialiseringa.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium.
Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du kombinerer spansk språk og latinamerikastudium med eit årsstudium i eit anna skulefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk påbygging. Sjå uib.no/utdanning for meir informasjon.
Forsking
Noregs forskingsråd satsar i åra framover spesielt på forsking på Latin-Amerika, og fagmiljøet ved spansk språk og latinamerikastudium driv fleire spennande forskingsprosjekt. Eksempel på slike prosjekt er «Karibia: Identitetar og Konfliktar», «Corpus Oral de Lenguaje Adolescente», «Nordmenn i Latin-Amerika 1850-1950» og «Linguistic Identity and Attitudes in Spanish-speaking Latin America».
Sjå også desse studia
Språk og interkulturell kommunikasjon, lektorutdanning med master i framandspråk eller nordisk.
Visste du at ...
Spansk er det mest populære valfrie framand-språket i den norske skulen, det nest største kommunikasjonsspråket i verda og det tredje største språket på internett. 450 millionar menneske har språket som morsmål og ytterlegare mange millionar menneske kan det som framandspråk.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium
3. semester Spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium
4. semester Spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
Utveksling
Du kan dra på utveksling i eitt eller fleire semester, både for å fordjupa deg i spansk språk og latinamerikastudium og for å ta frie studiepoeng. Vi har mange avtalar i både Spania og Latin-Amerika, og studentar har fått godkjent opphald hos for eksempel Universidad de Sevilla, Universidad de Guanajuato (Mexico) og Universidad de Costa Rica.
Yrkesvegar
Med bachelor i spansk språk og latinamerikastudium kan du for eksempel bli lærar, konsulent for reiseliv, næringsliv og offentlege etatar, medarbeidar i frivillige organisasjonar, du kan arbeide i media eller med omsetjing og kommunikasjon. Kva du vel å fylle dei valfrie studiepoenga i graden med spelar ei viktig rolle her.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Eit studium i spansk språk og latinamerikastudium krev gode forkunnskapar i spansk.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 40,8
Førstegangsvitnemål: Alle
Antall studieplasser
38
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Undervisningsspråk
Undervisningsspråket på spanskemna er spansk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium tilbyd ei rad emne som alle fokuserer på den spanskspråklege delen av Latin-Amerika. Tre hovuddisiplinar går inn i studiet: (1) språk, (2) litteratur og (3) historie og kulturkunnskap. Undervisninga i spesialiseringsfaget går føre seg på spansk.
Studiet har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggja til rette for å øva opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen. På den måten er det både reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Latin-Amerika, og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i latinamerikastudiet.
Spansk språk og latinamerikastudium kan med utbyte kombinerast med andre språkfag, allmenn litteraturvitskap, lingvistikk, historie, sosialantropologi, samanliknande politikk, medievitskap eller geografi. Emne frå faget går inn i fleire av dei tilrådde bachelorprogramma ved Det humanistiske fakultetet. Kombinasjonar som femner om utdanning frå andre fakultet, eller frå institusjonar utanfor universitetet, er òg moglege.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med bachelorgrad i Spansk språk og latinamerikastudium skal
1) ha brei generell kunnskap innafor faget
2) ha djupnekunnskapar innafor eit avgrensa område
3) kunne arbeida sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar.
Studentane skal oppnå læringsutbyttet gjennom å studera sentrale tema og problemstillingar i spansk språk og språkvariantar i dei spansktalande samfunna, kulturane og/eller litteraturen i Latin-Amerika, og på same tid få innsyn i ulike fagtradisjonar og deira måte å tilnærma seg Latin-Amerika på. Eksempelvis kan eit tema frå latinamerikansk litteratur vera ein periode, ein genre, ein nasjonallitteratur eller liknande, henta frå eit tekstutval frå 1492 og fram til vår eiga tid.
Den språklege dugleiken blir utvikla slik at studentane kan skjøna og bruka moderne spansk munnleg og skriftleg i prosjektbaserte arbeid, bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis innafor:
a) grammatikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar (morfologi, syntaks), i tillegg til
b) semantikk, pragmatikk, dialektologi, målsoge eller omsetjingsteori.
Studentane skal kunna gå vidare med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte innafor alle tre disiplinane.
Studentane kan nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Spansk innføringskurs eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skole.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:
- Examen philosophicum
- Akademisk skriving
- Tekst og kultur eller Språk og kommunikasjon
Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalda inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), og 90 studiepoeng med spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium. Dei siste 60 studiepoenga er frie.
Ei godkjend spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium utgjer normalt opptaksgrunnlaget for mastergrad.
I bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium vil dei 90 studiepoenga i spesialiseringa normalt innehalda SPLA101, SPLA104; to av emna SPLA102, SPLA103, SPLA105; eitt av emna SPLA201, SPLA202, SPLA203 og eitt av emna SPLA251, SPLA252 SPLA253. Emna SPLA101 og SPLA104 er obligatoriske på 100-nivå. For å kvalifisera til opptak til PPU-studiet må SPLA105 gå inn som eit av fire emne på 100-nivå.
Studentane kan eventuelt velja å byta ut eitt av spanskemna på 200-nivå (SPLA201/251, SPLA202/252 eller SPLA203/253) med eitt av emna TRANSHF (med omsetjing mellom spansk og norsk), ALLV201/251, LITTEHF, ALLV202/252, KVIK203 eller KVIK204 i spesialiseringa på bachelorprogram i Spansk språk og latinamerikastudium. Studentane må velja minst eitt emne med oppgåve som vurderingsform på 200-nivå for å få godkjent spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudium, jamfør gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng (sjå Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet).
Innføringskurset SPLA001 eller tilsvarande kan ikkje gå inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa i faget.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velja emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:
1. semester (H):
Førstesemesterstudiet ex.phil. og ex.fac. (30 sp)
2. semester (V):
SPLA101 Spansk språk I (15 sp)
SPLA104 Kultur og samfunn i Latin-Amerika (15 sp)
3. semester (H):
To av tre emne:
SPLA102 Latinamerikansk litteratur (15 sp)
og/eller
SPLA103 Latinamerikansk kulturkunnskap (15 sp)
og/eller
SPLA105 Spansk språk II (15 sp)
4. semester (V):
To av seks emne:
SPLA201/SPLA251 Fordjuping i spansk språk og omsetjing
(15 sp)
og/eller
SPLA202/SPLA252 Fordjuping i latinamerikansk litteratur (15 sp)
og/eller
SPLA203/SPLA253 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap (15 sp)
5. semester (H):
Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 sp)
6. semester (V):
Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 sp)
Studentar kan sjølv velja om dei vil studera det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at somme emne har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium før ein tar fatt på 200-nivå.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velja blant Universitetet i Bergen sine avtalar i heile verda, anten for å studera innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må godkjennast på førehand av UiB.
Det er tilrådd at delstudium i utlandet blir lagt til eit spansktalande land. Universitetet i Bergen har fleire utvekslingsavtalar med universitet i Spania og Latin-Amerika.
Studentar som ønskjer å dra på utveksling som del av spesialiseringa, blir tilrådd å gjera dette på 200-nivå. Ein kan òg reise ut og ta frie studiepoeng. Det er tilrådd å samtala med studierettleiar eller ein fagperson i planlegginga av delstudium i utlandet.
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium.
Yrkesvegar
Internasjonalt samarbeid og samkvem skaper aukande etterspurnad etter kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesalternativ kan nemnast: omsetjingsarbeid, bibliotek, massemedia, forlag, reiseliv, næringsliv, offentlege institusjonar (medrekna utanrikstenesta), hjelpearbeid og liknande. Spansk er dessutan valfritt undervisningsfag i grunnskolen og vidaregåande skole. 60 studiepoeng på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium, med SPLA105 i emnekrinsen, gir formell kompetanse for denne undervisninga.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for framandspråk
Administrativ ansvarleg
Studierettleiar ved Institutt for framandspråk. E-post: studierettleiar@if.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) Akademisk skriving (EXFAC00AS) Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i spansk språk og latinamerikastudier (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| I bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium vil dei 90 studiepoenga i spesialiseringa normalt innehalda fire av fem av dei følgjande emna på 100-nivå: SPLA101, SPLA102, SPLA103, SPLA104, SPLA105; eitt av emna SPLA201, SPLA202, SPLA203, TRANSHF og eitt av emna SPLA251, SPLA252 SPLA253. Ein kan ikkje ta både SPLA201 og SPLA251 eller både SPLA202 og SPLA252 eller både SPLA203 og SPLA253. Emna med oppgåve som vurderingsform (SPLA251, SPLA252 eller SPLA253) oppfyller kravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng. For å kvalifisera til opptak til PPU-studiet må SPLA105 gå inn som eitt av fire emne på 100-nivå. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SPLA101 | Spansk språk I | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA102 | Latinamerikansk litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA103 | Latinamerikansk historie | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA104 | Kultur og samfunn i Latin-Amerika | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA105 | Spansk språk II | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA201 | Fordjuping i spansk språk | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA202 | Fordjuping i latinamerikansk litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA203 | Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA251 | Fordjuping i spansk språk med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA252 | Fordjuping i latinamerikansk litteratur med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| SPLA253 | Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| TRANSHF | Omsetjing | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||