Bachelorprogram i språkvitskap
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Finst det grenser for kor ulike språk kan vere? På yupik kan ein seie «han ønskjer å skaffe seg ein stor båt» berre med eitt einaste bøygd ord, medan kinesisk ikkje har bøying i det heile. Korleis kan ein beskrive så ulike språk med dei same omgrepa? Korleis kan born lære så kompliserte system på mindre enn tre år?
Kva skal til for å omforme tale automatisk til korrekt skriftleg norsk? Korleis kan du med eit tastetrykk omforme ein norsk tekst til forståeleg engelsk?Slike og liknande spørsmål opptek faga allmenn lingvistikk og datalingvistikk.
I bachelorstudiet i språkvitskap kan du fordjupe deg i desse og andre spørsmål som har med menneskeleg språk å gjere. Du får ei innføring i omgrep for å beskrive ulike språk, ei lita innføring i eit språk som står fjernt frå norsk, lære om samanhengen mellom språk og menneskeleg forståing og tankeverksemd, og ei innføring i korleis språk kan analyserast automatisk med ei datamaskin.
Visste du at ...
Litt avhengig av korleis du tel, er det omlag 6000 språk i verda. Omlag 1500 av desse språka finst konsentrert på Papua New Guinea og i Indonesia. Heile 96 prosent av språka i verda blir snakka av berre 4 prosent av verdas folk. Grovt rekna døyr 25 språk ut kvart år. Det er ikkje berre ord som forsvinn når eit språk døyr, men ein heil måte å sjå og forstå natur og kultur på.
Studievegar
Bachelor
I det treårige studiet kan du velje mellom ei spesialisering i allmenn lingvistikk og ei spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi, der fleire emne er felles. Det høver godt å kombinere fordjupingane i dette programmet med emne frå andre språkfag, frå datavitskap eller frå kognitiv psykologi.
Master
Etter bachelorprogrammet i språkvitskap kan du ta eit toårig masterprogram i allmenn lingvistikk eller eitt i datalingvistikk og språkteknologi. Bachelorprogrammet kvalifiserer også for opptak til masterprogrammet i logopedi.
Forsking
Fagmiljøet bak bachelorprogrammet i språkvitskap driv forsking og utvikling på fleire område. Det forskar mellom anna på automatisk omsetjing mellom språk og på fagspråk. Miljøet driv med utvikling av datamaskinelle grammatikkar, mellom anna ein som gjer det mogleg å analysere norsk automatisk. Fagmiljøet arbeider òg med utvikling av store databasar av analysert tekst som gjer det mogleg å samanlikne språk presist og lage dataprogram for omsetjing.
Sjå også desse studia
Framandspråk, nordisk, kognitiv vitskap, datavitskap, informasjonsvitskap.
Utveksling
Som del av graden kan du studere eitt eller to semester i utlandet. UiB har mange avtaler med universitet over heile verda. For studentar som tek språkvitskap kan det vere interessant å reise mellom anna til Nederland.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i språkvitskap gir eit godt teoretisk grunnlag for å arbeide med språk i ulike samanhengar. Ein kan arbeide med språk innanfor forsking og undervisning eller andre felt der språk står sentralt, for eksempel: forlagsarbeid med ordbøker og fagbøker; omsetjingsarbeid og språkleg rådgiving; reklamebransjen/informasjonsbransjen; og offentleg forvalting. Vidare kan ein utdanne seg til logoped gjennom å velje masterstudiet i logopedi som påbygging.
Bachelorprogrammet i språkvitskap er det einaste programmet ved fakultetet som kvalifiserer for denne påbygginga. Ved påbygging til mastergrad kan du kvalifisere deg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Undervisningsspråk
Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.
Studiestart
Kvar haust
Mål og innhald
Bachelorpgrogrammet i språkvitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (exphil og exfac), 90 studiepoeng med spesialisering og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.
I bachelorprogrammet i språkvitskap kan studentane velje mellom spesialisering i faga allmenn lingvistikk eller datalingvistikk og språkteknologi.
Allmenn lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søkjer etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturfenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda.
Datalingvistikk handlar også om menneskeleg språk og språkbruk, men utforskar dette med hjelp av datamaskinelle metodar, det vil seie teoriar og modellar med røter i informatikk, logikk, matematisk lingvistikk og informasjonsteoretiske prinsipp. Datalingvistikken er særleg oppteken av dei prosessane som ligg bak språkforståing og språkproduksjon.Det er eit grunnforskingsfelt som både kan gi psykolingvistisk innsikt i korleis mennesket behandlar språk og gi grunnlag for språkteknologiske applikasjonar. Difor går faget hand i hand med språkteknologi, som har ei rekkje bruksområde, t.d. i naturleg-språkleg kommunikasjon mellom menneske og maskin (i samband med databasar og ekspertsystem), i informasjonssøkingssystem, tekstbehandlingssystem, system for automatisert omsetjing, språkpedagogiske hjelpemiddel og hjelpemiddel for funksjonshemma.
Siktemålet med bachelorprogrammet i språkvitskap er å bringe studentane sine kunnskapar i språkvitskap opp på eit nivå som gir ein nyttig basis for vidare studium og kvalifiserer for meir sjølvstendig deltaking i forsking innanfor lingvistikk, datalingvistikk og språkteknologisk utvikling. Språkvitskap har også tverrfagleg relevans, særleg for studentar på språkrelaterte fag, t.d. språkfaga, andre humanistiske fag, logopedi, informasjonsvitskap o.l.
Læringsutbyte/resultat
Studentar med bachelorgrad i språkvitskap skal
- ha fått innsyn i dei sentrale greinene av synkron lingvistikk, med deira problemstillingar og metodar: fonologi (læra om lydsystem), morfologi (læra om ordbøying og orddanning), syntaks (læra om setningsbygning), semantikk (læra om språkleg meining)
- med spesialisering i lingvistikk, ha fått innsyn i historiske og typologiske samanhengar mellom språk
- med spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi, ha oppnådd ein grunnleggjande dugleik i programmering for å skrive og modifisere enklare program for språkprosessering
- ha lært å bruke korpuslingvistiske verktøy
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i språkvitskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):
- EXPHIL Examen philosophicum (10 stp)
- EXFAC00AK Akademisk skriving (10 stp)
- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 stp) eller
- EXFAC00TK Tekst og kultur (10 stp)
Språk og kommunikasjon er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Studentane har valet mellom to alternative spesialiseringar:
- Datalingvistikk og språkteknologi
- Allmenn lingvistikk
Kvar spesialisering er på 90 studiepoeng, dvs. til saman tre semesters studium.
Datalingvistikk og språkteknologi
I ei slik spesialisering er dei følgjande emna, eller tilsvarande emne frå andre lærestader, obligatoriske: LING111, LING114, LING116, LING120, LING122, MNF130, DASP106, DASP107, INFO132, DIKULT100, DASP252.
Desse emna skal også inngå i opptaksgrunnlaget for mastergraden.
100-nivået:
LING111 / Syntaks (10 stp)
LING114 / Særspråk (5 stp)
LING116 / Semantikk (10 stp)
LING120 / Morfologi (5 stp)
LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)
DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp)
DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)
MNF130 / Diskrete strukturar (10 stp)
200-nivået:
DASP252 / Emne med varierande tema med bacheloroppgåve (15 stp)
INFO132 / Grunnkurs i programmering (10 stp)
DIKULT100 / Nettbasert kommunikasjon og publisering (5 stp)
Allmenn lingvistikk
I ei slik spesialisering er dei følgjande emna, eller tilsvarande emne frå andre lærestader, obligatoriske:
LING111, LING116, LING120, LING121, LING250.
Desse emna skal også inngå i opptaksgrunnlaget for mastergraden.
Dei 40 studiepoenga frå dei andre emna - LING114, LING122, DASP106, DASP107 og NOSP251 - kan utgjerast av emne frå andre fag etter avtale med instituttet.
100-nivået:
LING111 / Syntaks (10 stp)
LING114 / Særspråk (5 stp)
LING116 / Semantikk (10 stp)
LING120 / Morfologi (5 stp)
LING121 / Fonologi (10 stp)
LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)
DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp)
DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)
200-nivået:
NOSP251 / Nordisk : Språkleg variasjon og endring 1 (15 stp)
LING250 / Språktypologi med bacheloroppgåve (15 stp)
Graden må, uavhengig av kva spesialisering som er valt, innehalde sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet
Tilrådde valemne
Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Datalingvistikk og språkteknologi
Tilrådd progresjon:
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 sp)
2. semester (vår):
LING111 / Syntaks (10 stp)
LING114 / Særspråk (5 stp)
LING120 / Morfologi (5 stp)
MNF130 / Diskrete strukturar (10 stp)
3. semester (haust):
LING116 / Semantikk (10 stp)
LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)
DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp)
DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)
4. semester (vår):
DASP252 / Emne med varierande tema med bacheloroppgåve (15 stp)
INFO132 / Grunnkurs i programmering (10 stp)
DIKULT100 / Nettbasert kommunikasjon og publisering (5 stp)
5. og 6. semester:
60 frie studiepoeng.
Allmenn lingvistikk
Tilrådd progresjon:
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 sp)
2.semester (vår):
LING111 / Syntaks (10 stp)
LING120 / Morfologi (5 stp)
LING121 / Fonologi (10 stp)
LING114 / Særspråk (5 stp)
3. semester (haust):
DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp)
DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)
LING116 / Semantikk (10 stp)
LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)
4. semester (vår):
NOSP251 / Nordisk: Språkleg variasjon og endring 1 (15 stp)
LING250 / Språktypologi med bacheloroppgåve (15 stp)
5. og 6. semester:
60 frie studiepoeng.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen.
Delstudium i utlandet
Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i språkvitskap eller for å ta valemne i graden. Emna må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.
Undervisningsmetodar
Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet i språkvitskap kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i allmenn lingvistikk eller masterprogrammet datalingvistikk og språkteknologi alt etter kva spesialisering studenten har valt. Bachelorgrad i språkvitskap med spesialisering i lingvistikk er vidare det einaste HF-studiet som gir opptaksgrunnlag for masterstudiet i logopedi. Emna innan programmet eignar seg også godt for studentar som ønskjer å skrive språkleg masteroppgåve innanfor eitt av språkfaga.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i språkvitskap kan gi grunnlag for arbeid med forsking og undervisning, og for arbeid innanfor andre felt der språk står sentralt: forlagsarbeid, til dømes i arbeid med ordbøker og fagbøker; omsetjingsarbeid og språkleg rådgjeving; reklamebransjen/informasjonsbransjen, der språk og språkvasking er viktige arbeidsområde; offentleg forvalting; logopedi.
Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Administrativ ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i språkvitskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass. Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
11
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Læringsutbyte/resultat
Studentar med bachelorgrad i språkvitskap skal
- ha fått innsyn i dei sentrale greinene av synkron lingvistikk, med deira problemstillingar og metodar: fonologi (læra om lydsystem), morfologi (læra om ordbøying og orddanning), syntaks (læra om setningsbygning), semantikk (læra om språkleg meining)
- med spesialisering i lingvistikk, ha fått innsyn i historiske og typologiske samanhengar mellom språk
- med spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi, ha oppnådd ein grunnleggjande dugleik i programmering for å skrive og modifisere enklare program for språkprosessering
- ha lært å bruke korpuslingvistiske verktøy
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i allmenn lingvistikk eller datalingvistikk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering
3. semester Spesialisering
4. semester Spesialisering
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Studentane har valet mellom to alternative spesialiseringar: a) Datalingvistikk og språkteknologi b) Allmenn lingvistikk | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Bachelorprogrammet i språkvitenskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): EXPHIL Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) EXFAC00AS Akademisk skriving EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (tilrådd) eller EXFAC00TK Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM - seminarvariant eller EXFAC00TKEKS - eksamensvariant) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering | ||||||||||||
| Spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Anbefalt spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi f.o.m. høsten 2011: 2. semester: LING111, LING114, LING120 og MNF130 3. semester: DASP106, DASP107, LING116 og LING122 4. semester: DASP252, INFO132 og DIKULT100 | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| LING111 | Syntaks | 10 | 1-6 | |||||||||
| LING114 | Særspråk | 5 | 1-6 | |||||||||
| LING120 | Morfologi | 5 | 1-6 | |||||||||
| MNF130 | Diskrete strukturar | 10 | 1-6 | |||||||||
| DASP106 | Statistikk og kognisjonsforskning | 5 | 1-6 | |||||||||
| DASP107 | Innføring i språk og data | 5 | 1-6 | |||||||||
| LING116 | Semantikk | 10 | 1-6 | |||||||||
| LING122 | Språk og kognisjon | 10 | 1-6 | |||||||||
| DASP252 | Datalingvistisk fordjupningsemne: Aktuelle tema innan datalingvistikk | 15 | 1-6 | |||||||||
| DIKULT100 | Nettbasert kommunikasjon og publisering | 5 | 1-6 | |||||||||
| INFO132 | Grunnkurs i programmering | 10 | 1-6 | |||||||||
| DASP101 | Programmering og søkestrategiar | - | 1-6 | |||||||||
| DASP104 | Automatisk analyse av språk | - | 1-6 | |||||||||
| DASP108 | Språk og data | - | 1-6 | |||||||||
| DASP201 | Grammatikkar og datalingvistiske verktøy | - | 1-6 | |||||||||
| DASP250 | Semantisk og pragmatisk prosessering med bacheloroppgåve | - | 1-6 | |||||||||
| DASP251 | Leksikon og ordnett | - | 1-6 | |||||||||
| LING118 | Språk og kognisjon | - | 1-6 | |||||||||
| LING121 | Fonologi | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i allmenn lingvistikk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Anbefalt spesialisering i allmenn lingvistikk f.o.m. høsten 2011: 2. semester: LING111, LING114, LING120 og LING121 3. semester: LING116, LING122, DASP106 og DASP107 4. semester: NOSP251 og LING250 | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| LING111 | Syntaks | 10 | 1-6 | |||||||||
| LING114 | Særspråk | 5 | 1-6 | |||||||||
| LING116 | Semantikk | 10 | 1-6 | |||||||||
| LING122 | Språk og kognisjon | 10 | 1-6 | |||||||||
| LING120 | Morfologi | 5 | 1-6 | |||||||||
| LING121 | Fonologi | 10 | 1-6 | |||||||||
| DASP106 | Statistikk og kognisjonsforskning | 5 | 1-6 | |||||||||
| DASP107 | Innføring i språk og data | 5 | 1-6 | |||||||||
| LING250 | Språktypologi med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| NOSP251 | Nordisk: Språklig variasjon og endring med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| DASP108 | Språk og data | - | 1-6 | |||||||||
| LING119 | Lingvistiske klassikarar | - | 1-6 | |||||||||
| LING203 | Diakron lingvistikk og sosiolingvistikk | - | 1-6 | |||||||||
| LING204 | Typologi | - | 1-6 | |||||||||
| LING118 | Språk og kognisjon | - | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||