Bachelorprogram i teatervitskap
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Kontakt
- Studieplan
- Læringsutbyte
- Studieløp
Introduksjon
Kunne du tenkje deg å arbeide med teater, film eller andre media? Er du interessert i samtidsteater eller teateret si historie? Synest du teoriar og refleksjonar omkring kunst og teater er spennande og viktig?
Teatervitskap knyt saman teoriar om kunst og praktisk teater. I forsking og undervisning undersøkjer vi korleis teateret bruker kunstnariske verkemiddel som skodespelarkunst, regi og scenografi og korleis teateret kommuniserer med publikum og samfunn. Teatervitskap er ikkje berre nyttig for å forstå teateret i seg sjølv, men òg litteratur, film og moderne fjernsynsproduksjon.
I teatervitskap fokuserer vi på utøvande teater i samtida. Derfor har vi også emne der studentane deltek i teaterproduksjon. Workshops med teaterutøvarar, ekskursjonar til utlandet og felles besøk på teaterførestillingar inngår i undervisninga.
Det teatervitskaplege fagmiljøet har god kontakt med teater- og kulturinstitusjonar i Bergen og resten av landet. Vi har dessutan nær kontakt med Studentteateret Immaturus der mange av studentane våre er engasjerte.
Studievegar
Bachelor
Studiet gir ei grunnleggande innføring i teateret si historie med fokus på mellom anna skodespelarkunst, dramaturgi, scenografi og teaterkritikk. I det siste semesteret er det mogleg å skrive ei prosjektoppgåve basert på praksisopphald hos scenekunstinstitusjonar, grupper eller andre teaterprosjekt.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i teatervitskap. Du kan spesialisere deg i ulike emne innan faget.
Forsking
Fagmiljøet i teatervitskap ved UiB har spisskompetanse innan ei rekkje teaterfaglege område, som for eksempel skodespelarkunsten si historie, nye tendensar i samtidsteateret, norsk teaterhistorie, analyse av teaterframsyningar og dramaturgi.
Sjå også desse studia
Litteraturvitskap, kunsthistorie, historie, kulturvitskap.
Visste du at ...
Henrik Ibsen arbeidde i seks år som sceneinstruktør ved teateret i Bergen.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i teatervitskap. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i teatervitskap
3. semester Spesialisering i teatervitskap
4. semester Spesialisering i teatervitskap
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
Utveksling
Som bachelorstudent i teatervitskap kan du studere eitt eller to semester i utlandet. UiB er eit internasjonalt universitet som har utvekslingsavtaler med universitet i heile verda. Teatervitskap har dessutan eigne Erasmus-avtaler med universiteta i Hildesheim, Giessen, Kaunas, Antwerpen og Århus.
Yrkesvegar
Ein bachelorgrad i teatervitskap gir allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar og opnar særleg for jobbar innanfor teater- og kultursektoren og journalistisk verksemd. Studiet kan gi eit godt fagleg grunnlag for deg som ønskjer teater- eller filmrelatert arbeid.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i teatervitskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 34,4
Førstegangsvitnemål: 32,6
Antall studieplasser
25
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Undervisningsspråk
Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet i utdanninga.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Bachelorpgrogrammet i teatervitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering i teatervitskap og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.
Teatervitskap er studiet av scenekunst og scenekunsten sine føresetnader og uttrykksformer i skiftande tidsepokar frå antikken og fram til vår eiga tid. Studiet set fokus på teateret sine ulike element og korleis desse blir sett saman til den ferdige produksjonen som blir presentert for eit publikum. Kunnskap om teaterhistorie og innsikt i teaterproduksjon gir studentane ei auka forståing for teater som eit kunstnarleg uttrykk. Samanhengen som teaterframsyninga er ein del av er også viktig for forståinga, og teaterframsyninga blir kontekstualisert i høve til den kulturen og historia ho er ein del av. Det historiske, dramaturgiske og estetiske studiet av teateret dannar eit grunnlag som skal setje studentane i stand til å forstå og analysere teater frå deira eiga samtid. Teoretisk og metodisk tar studiet utgangspunkt i emne innan fagdidaktikk, teaterhistorie, dramaturgi, regi og skodespelarkunst, i tillegg til den konteksten teateret er ein del av.
Læringsutbyte/resultat
Med fullført bachelorgrad i teatervitskap skal studenten ha fått ei djupare heilskapleg forståing av teateret som kunstnarleg uttrykk. Ho skal ha oppøvd eit kritisk blikk på teaterframsyningar og dei enkelte delane som teaterframsyninga består av. Gjennom det historiske studiet av teateret skal studenten også ha fått forståing for teateret sin plass i samfunnet som sosialt og kunstnarleg medium.
Kandidaten skal kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i teatervitskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):
- EXPHIL Examen philosophicum
- EXFAC00AK Akademisk skriving
- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller
- EXFAC00TK Tekst og kultur
Tekst og kultur er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i teatervitskap på 90 studiepoeng.
Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa i teatervitskap:
TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)
TEAT112: Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar (15 stp)
TEAT113: Dramaturgi og regi (15 stp)
TEAT114: Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk (15 stp)
TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)
I tillegg må ein velje eitt av desse emna:
TEAT252: Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap med bacheloroppgåve (15 stp)
TEAT253: Praksisbasert prosjektoppgåve med bacheloroppgåve (15 stp)
I emna TEAT252 og TEAT253 skriv ein ei rettleia oppgåve (bacheloroppgåve).
Dette tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Tilrådde valemne
Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa i teatervitskap, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Studieløpet i bachelorprogrammet i teatervitskap kan til dømes sjå slik ut:
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 stp)
2. semester (vår):
TEAT112: Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar (15 stp)
TEAT113: Dramaturgi og regi (15 stp)
3. semester (haust):
TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)
TEAT114: Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk (15 stp)
4. semester (vår):
Valemne (30 stp)
5. semester (haust):
Valemne (30 stp)
6. semester (vår)
TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)
og eitt av desse emna:
TEAT252: Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap med bacheloroppgåve (15 stp)
TEAT253: Praksisbasert prosjektoppgåve med bacheloroppgåve (15 stp)
Ei generelle tilråding som ligg til grunn for dømet over er at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i teatervitskap eller for å ta valemne i graden. Emna må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.
Undervisningsmetodar
Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet
Karakterskala
Ved sensurkan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorgraden i teatervitskap gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i teatervitskap.
Yrkesvegar
Teatervitarar har kompetanse som kan nyttast i ei rekkje ulike jobbar. Faget kan til dømes nyttast i pedagogisk verksemd. Andre aktuelle arbeidsområde er innan journalistikk og teater-, kunst- og kulturadministrasjon.
Evaluering
Evaluering av programmet blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Administrativ ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Læringsutbyte/resultat
Med fullført bachelorgrad i teatervitskap skal studenten ha fått ei djupare heilskapleg forståing av teateret som kunstnarleg uttrykk. Ho skal ha oppøvd eit kritisk blikk på teaterframsyningar og dei enkelte delane som teaterframsyninga består av. Gjennom det historiske studiet av teateret skal studenten også ha fått forståing for teateret sin plass i samfunnet som sosialt og kunstnarleg medium.
Kandidaten skal kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne: -EXPHIL Examen philosophicum - EXPHIL-HFSEM (seminarvariant) eller EXPHIL-HFEKS (eksamensvariant) EXFAC00AS Akademisk skriving EXFAC00TK Tekst og kultur (tilrådd) - EXFAC00TKSEM (seminarvariant) eller EXFAC00TKEKS(eksamenvariant) eller EXFAC00SK Språk og kommunikasjon Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i teatervitenskap (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa i teatervitskap: TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp) TEAT112: Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar (15 stp) TEAT113: Dramaturgi og regi (15 stp) TEAT114: Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk (15 stp) TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp) I tillegg må ein velje eitt av desse emna: TEAT252: Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap med bacheloroppgåve eller TEAT253: Praksisbasert prosjektoppgåve med bacheloroppgåve (15 stp) | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TEAT111 | Eldre teaterhistorie | 15 | 1-6 | |||||||||
| TEAT112 | Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar | 15 | 1-6 | |||||||||
| TEAT113 | Dramaturgi og regi (teatervitskap) | 15 | 1-6 | |||||||||
| TEAT114 | Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk | 15 | 1-6 | |||||||||
| TEAT211 | Teaterestetikk og teaterteori | 15 | 1-6 | |||||||||
| TEAT220 | Forestillingsførebuande dramaturgi | - | 1-6 | |||||||||
| TEAT252 | Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap/bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| TEAT253 | Praksisbasert prosjektoppgåve/bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||