Bachelorprogram i tysk
Programmet tilbys av
Introduksjon
Vil du lære eit språk som er enkelt for nordmenn å beherske bra (jf. tysk beherrschen), og kunne snakke med 100 millionar tyskspråklege europearar på morsmålet deira? Vil du kunne lese store forfattarar som Franz Kafka, Günter Grass og Herta Müller på originalspråket? Vil du bli betre kjent med eit sentraleuropeisk område med ein rik kultur?
Tyskstudiet gir deg god kjennskap til tysk språk, tyskspråkleg litteratur og kultur, og det set deg, gjennom øving i praktisk språkbruk, i stand til å kommunisere på tysk om faglege og daglege emne. Eit studium i tysk vil skaffe deg etterspurt undervisningskompetanse i skolen, og gi eit solid grunnlag for å arbeide i næringslivet eller med kulturformidling retta mot det tyskspråklege Europa. Dugleik i tysk er viktig for ein liten nasjon som Noreg, fordi dei tysktalande landa spelar ei sentral rolle i det moderne Europa og Tyskland er vår nest største handelspartnar.
Visste du at ...
13 tyskspråklege forfattarar frå fem ulike land har blitt tildelt Nobelprisen i litteratur.
Studievegar
Bachelor
På bachelorprogrammet kan du fordjupe deg i tysk språk, litteratur og kultur.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i tysk med spesialisering i litteratur, språk eller språklæring/språkundervisning (didaktikk).
Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du kombinerer tysk med eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Forsking
På tyskfaget blir det blant anna forska på omsetting og språklæringsstrategiar. Eit eksempel frå litteratursida er forsking på forfattarskapen til Herta Müller, som i 2009 blei tildelt Nobelprisen i litteratur.
Sjå også desse studia
Lektorutdanning med master i framandspråk, språk og interkulturell kommunikasjon.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråket på tyskemna er tysk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Tyskstudiet skal øve studentane i praktisk språkdugleik (skriftleg og munnleg) og gi dei innsikt i tysk språk og dei tyskspråklege landa sin litteratur, kultur og samfunnstilhøve.
Emna på 200-nivå skil seg frå emna på 100-nivå primært ved at dei skal gi fordjuping i utvalte emne.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført bachelorgrad i tysk skal studentane ha gode kunnskapar i tysk grammatikk og lydlære, derunder kjennskap til viktige kontrastive aspekt tysk-norsk, god evne til å uttrykkje seg på tysk både munnleg og skriftleg og innsikt i språktilhøve og språkleg variasjon i dei tyskspråklege landa.
I kulturkunnskap skal studentane tileigne seg grunnleggjande kunnskap om utvalte tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida fram til i dag, utvikle ei reflektert haldning til stoffet gjennom analysar av ulike kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng og kunne gi skriftlege og munnlege framstillingar av stoffet på tysk.
Med utgangspunkt i litteraturverka studentane les, skal dei tileigne seg kunnskap om hovudtrekk i utviklinga av den tyskspråklege litteraturen etter ca.1750. Dei skal òg opparbeide grunnleggjande dugleik i litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver og utvikle ei reflektert og sjølvstendig haldning til stoffet.
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har forkunnskapar i tysk som svarar til nivå II frå vidaregåande skole.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i tysk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:
- Examen philosophicum
- Akademisk skriving
- Tekst og kultur eller Språk og kommunikasjon
Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Bachelorprogrammet i tysk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), og 90 studiepoeng med spesialisering i tysk. Dei siste 60 studiepoenga er frie.
Spesialiseringa i tysk omfattar emna: TYS111, TYS112, TYS113,
TYS114, eitt av emna TYS201 eller TYS251 og eitt av emna TYS202 eller TYS252.
TRANSHF kan erstatte eitt av emna TYS201 eller TYS251. Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjøvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
For å oppnå spesialisering i tysk på bachelornivå, kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet kome i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i tysk.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i tysk har rom for 60 frie studiepoeng. Studenten kan her velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet ex.phil. og ex.fac. (30 stp)
2. semester (vår):
TYS111 Grunnemne i tysk språk I (15 stp)
TYS112 Tyskspråkleg kultur (15 stp)
Undervisninga i delar av TYS111 og TYS112 er lagt til Universitetet i Kiel.
3. semester (haust):
TYS113 Grunnemne i tysk språk II (15 stp)
TYS114 Tyskspråkleg litteratur (15 stp)
4. semester (vår):
TYS201 Fordjuping i tysk språk (15 stp) eller TYS251 Fordjuping i tysk språk med semesteroppgåve (15 stp)
TYS202 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur (15 stp) eller
TYS252 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur med
semesteroppgåve (15 stp)
5. semester (haust):
Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
6. semester (vår):
Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
Studentar kan sjølv velje om dei vil følgje det tilrådde løpet eller om dei vil byte om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vere merksam på at tyskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i tysk før ein tar fatt på 200-nivå.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Studentar som ønskjer å dra på utveksling som del av spesialiseringa, blir tilrådde å gjere dette på 200-nivå.
Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet i tysk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i tysk.
Yrkesvegar
Tyskstudiet kvalifiserer for undervisning innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig, til dømes informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for framandspråk
Administrativ ansvarleg
Studierettleiar ved Institutt for framandspråk. E-post: studierettleiar@if.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i tysk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Studiet krev gode språklege kunnskapar i tysk frå vidaregåande skole.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass. Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
12
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført bachelorgrad i tysk skal studentane ha gode kunnskapar i tysk grammatikk og lydlære, derunder kjennskap til viktige kontrastive aspekt tysk-norsk, god evne til å uttrykkje seg på tysk både munnleg og skriftleg og innsikt i språktilhøve og språkleg variasjon i dei tyskspråklege landa.
I kulturkunnskap skal studentane tileigne seg grunnleggjande kunnskap om utvalte tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida fram til i dag, utvikle ei reflektert haldning til stoffet gjennom analysar av ulike kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng og kunne gi skriftlege og munnlege framstillingar av stoffet på tysk.
Med utgangspunkt i litteraturverka studentane les, skal dei tileigne seg kunnskap om hovudtrekk i utviklinga av den tyskspråklege litteraturen etter ca.1750. Dei skal òg opparbeide grunnleggjande dugleik i litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver og utvikle ei reflektert og sjølvstendig haldning til stoffet.
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i tysk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet ¿ blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit eller to semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i tysk
3. semester Spesialisering i tysk
4. semester Spesialisering i tysk
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) Akademisk skriving (EXFAC00AS) Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i tysk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialiseringa skal normalt innehalda TYS111, TYS112, TYS113, TYS114. På 200-nivå inngår antan TYS201 eller TYS251, og TYS202 eller TYS252. På 200-nivå må eitt av emna TYS251, TYS252 eller TRANSHF inngå i spesialiseringa. Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjøvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TYS111 | Grunnemne i tysk språk I | 15 | 1-6 | |||||||||
| TYS112 | Tyskspråkleg kultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| TYS113 | Grunnemne i tysk språk II | 15 | 1-6 | |||||||||
| TYS114 | Tyskspråkleg litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| TYS201 | Fordjuping i tysk språk | 15 | 1-6 | |||||||||
| TYS202 | Fordjuping i tyskspråkleg litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| TYS251 | Fordjuping i tysk språk med bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| TYS252 | Fordjuping i tyskspråkleg litteratur bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| TRANSHF | Omsetjing | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||