Hjem

Tysk, bachelor, 3 år

Tyskfaget passar for deg som både ønskjer å skaffe deg ferdigheiter i tysk språk på eit høgt nivå og kunnskap om historia, litteraturen og kulturen i dei tyskspråklege landa.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Som tyskstudent jobbar du praktisk med både tysk språk, lingvistikk (språkvitskap) og litteraturvitskap. Vi meiner at du lærer eit språk best ved å bruke det aktivt. Studiet inkluderer mykje obligatorisk undervisning slik at du, saman med medstudentar, får brukt språket. I litteraturdelen av programmet les du mange verk av spennande forfattarar frå 1750 til i dag. I undervisninga diskuterer vi tema knytt til tekstane vi les. Med innsikt i tysk språk og kultur, kan du bidra til at banda til tyskspråklege område kan oppretthaldast og styrkast.  

Med ein bachelorgrad i tysk har du:

  • gode kunnskapar i tysk grammatikk og lydlære 
  • grunnleggande ferdigheiter i språkleg, kulturell og litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver
  • ei reflektert og sjølvstendig haldning til lærestoffet, gjennom analysar av språklege, litterære og kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng  

Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, til dømes frå tyskundervisning på vidaregåande skole.

Studiekvardag

Bachelorprogrammet i tysk er eit studium på fulltid. I tillegg til sjølvstudium kan ei vanleg veke innehalde forelesingar, seminar, digitale oppgåver og praktiske øvingar. Eit par gongar i semesteret møtest studentar og tilsette til felles lunsj, gjerne med små innslag og aktivitetar.   

I andre semester kan du dra på eit tre-vekers studieopphald ved Det tysk-norske studiesenteret i Kiel. Opphaldet finn stad mellom siste undervisningsveka og eksamen. Her deltar du på ekskursjonar, besøker delstatsparlamentet Landtag og utfører intervju med ein sjølvvald person eller organisasjon. I løpet av studiet får du anledning til å vere minst eitt semester på utveksling ved eit tyskspråkleg universitet.  

Som student hos oss har du det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di – det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Kva kan du jobbe som?

Bachelorstudiet i tysk skjerpar kunnskapane dine i munnleg og skriftleg tysk.

Noko av det som kan vere aktuelt for deg som har ein bachelor i tysk, er:

  • skoleverket 
  • forlagsbransjen, for eksempel som omsettar eller redaktør
  • diplomatiet, for eksempel på aspirantkurset til Utanriksdepartementet, som kan føre deg til ambassaden i Berlin
  • departementa, for eksempel som tolk, konsulent eller rådgjevar
  • media, for eksempel som journalist eller korrespondent
  • næringslivet, både i Noreg og i tyskspråklege land
  • internasjonale relasjonar

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i tysk er eit treårig fulltidsstudium. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.   

Studieløpet kan sjå slik ut:   

1. semester

2. semester

Undervisninga i delar av Grunnemne i tysk språk og Tyskspråkleg kultur kan du følge ved Universitetet i Kiel.   

3. semester

4. semester

5. semester

6. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Alle studentar på programmet kan dra på utveksling til eit tyskspråkleg universitet. Vi anbefaler at du drar på utveksling  i 5. semester, men andre tidspunkt er også mogleg. Du kan vere ute i eitt eller to semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring og språkleg trening. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

UiB tilbyr masterprogram i tysk, om du ønsker vidare studium hos oss.

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@if.uib.no 

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her