Bachelorprogram i USA-studium
Programmet tilbys av
Programmet utgår
Studentar vert ikkje tekne opp til dette studieprogrammet. Sjå desse studieprogramma:
- Bachelorprogram i historie
- Bachelorprogram i samanliknande politikk
- Bachelorprogram i engelsk
- Bachelorprogram i religionsvitskap
Graden
Bachelorprogrammet i USA-studiar fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Undervisningsspråk
Engelsk og norsk
Mål og innhald
Studiet gir grunnleggjande kunnskap og forståing for litteratur, kultur, religion, historie og politikk i USA. Studiet gir såleis ei innføring i mange delar av samfunnslivet i verdas mest innflytelsesrike land og den mektigaste statsdanninga verda har sett. Bachelorprogrammet i USA-studiar femner om fleire emne som gir ei grundig og spennande innføring i ei rekke ulike sider ved det mangslungne amerikanske samfunnet. Dei fire faga engelsk, historie, religionsvitskap og samanliknande politikk samarbeider om undervisninga. I tillegg underviser medievitskap om film i USA. Bachelorprogrammet i USA-studium er organisert med obligatoriske emne i USA-studium i andre og tredje semester. Deretter startar spesialisering innan eit av dei fire fagområda. Studieprogrammet opnar for å kombinere fag og emne både frå dei deltakande faga og frå andre disiplinar. Eit semesters studieopphald ved eit universitet i USA er ein integrert del av studieprogrammet.
Læringsutbyte/resultat
Bachelorprogrammet i USA-studier har som mål å gi grunnleggande kunnskapar i litteratur, kultur, religion, historie og politikk i USA. De enkelte emna og arbeidet med bacheloroppgåva skal bidra til å utvikle en kritisk og sjølvstendig holdning til kunnskapar om USA. For å nå disse måla må studenten arbeide sjølvstendig med faglitteraturen samt ta aktivt del i undervisning og seminar. Særleg arbeidet med bacheloroppgåva krev sjølvstendig og målretta arbeid. Bacheloroppgåva vi demonstrere at studenten har skaffa seg de nødvendige teoretiske, metodiske og faglige ferdigheiter til å analysere forhold i USA på en kritisk og sjølvstendig måte. Studentane blir oppmoda til å forberede seg tidlig på studentutveksling samt bestemme seg tidlig for fagspesialisering og tema for bacheloroppgåva.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
I tillegg til norsk er gode engelskkunnskapar nødvendige. Ein del av undervisninga og seminara blir gitt på engelsk og delar av eksamen kan gå føre seg på engelsk.
Innføringsemne
Examen philosophicum, Språk og kommunikasjon eller Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar, og Akademisk skriving
Obligatoriske emne / spesialisering
Rekkefølje for emne i studiet
Første semester
består av i) EX.PHIL: Examen philosophicum: ii) SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar (eit innføringsemne i samfunnsvitskap) eller EXFAC00SK Språk og kommunikasjon: og iii) EXFAC00AS Akademisk skriving (eit innføringsemne frå den humanistiske fagtradisjonen).
Andre semester
Alle studentane tar dei to obligatoriske emna HIS111 USA si historie og SAMPOL112 Politikk i USA.
Tredje semester
Studentar i engelsk tar ENG122 og valemne.
Studentar i historie tar ENG122 og HIS101.
Studentar i religionsvitskap tar ENG122 og RELV103.
Studentar i samenliknande politikk tar ENG122 og MET102.
Fjerde semester
Studentar i engelsk tar ENG101 og ENG125.
Studentar i historie tar HIS102 og HIS115
Studentar i religionsvitskap tar RELV101 og RELVI250.
Studentar i samanliknande politikk tar SAMPOL110.
Femte semester
Frå hausten 2011 tar studentar i engelsk ENG106 og valemne eller studieopphald i utlandet. Det er krav om emne i amerikansk litteratur, kultur eller språk under studieopphald i utlandet.
Studentar i historie tar frie emne eller utanlandsopphald.
Studentar i religionsvitskap tar RELV102 og eit av emna RELV202, RELV202SEM, RELV222, RELV225 eller RELV226
Studentar i samanliknande politikk tar utanlandsopphald eller valfrie emne.
Sjette semester
Frå hausten 2011 tar studentar i engelsk ENG252 og valemne.
Studentar i historie tar HIS250 og HIS260 eller HIS116.
Studentar i religionsvitskap tar frie studiepoeng eller utanlandsopphald.
Studentar i samanliknande politikk tar SAMPOL213 og SAMPOL250.
Delstudium i utlandet
Det finst i dag mange alternativ for dei som ønskjer å ta delar av utdanninga si i eit anna land. Universitetet i Bergen har fleire utvekslingsavtalar i USA, og opphald ved eit universitet i USA blir spesielt tilrådd i bachelorprogrammet i USA-studiar. Det er lagt til rette for utveksling i femte eller sjette semester av programmet, avhengig av spesialiseringsvalg. Val av kurs i utlandet bør gjerast i samråd med faglærar og studierettleiar.
Undervisningsmetodar
Forelesninger/seminar/gruppeundervisning/generell rettleiing
Vurderingsformer
Gjennom programmet kan studentane bli prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. For nærare opplysningar, sjå om emne for dei enkelte faga.
Karakterskala
Studieprogrammet bruker skalaen A-F ved graderte vurderingar og greidd/ikkje greidd ved ikkje-graderte vurderingar.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i USA-studiar utdannar studentar til ulike yrke der kunnskap om USA er etterspurd. Framtidige yrkesvegar vil variere etter kva fagkombinasjonar du vel og kva for ein praksis du eventuelt opparbeider deg i tillegg til universitetsutdanninga. Aktuelle yrke vil være innan økonomi, handel og internasjonalt arbeid: innan media, kultur, kommunikasjon og informasjonsarbeid: samt undervisning, utgreiing og analyser. For dei fleste som vil vidare innanfor desse yrkesvegane, vil utdanninga truleg vere ein del av ei lengre skolering, der ein til dømes også tar mastergrad.
Administrativ ansvarleg
Ta kontakt med studierettleiar:
studieveileder@if.uib.no
Læringsutbyte/resultat
Bachelorprogrammet i USA-studier har som mål å gi grunnleggande kunnskapar i litteratur, kultur, religion, historie og politikk i USA. De enkelte emna og arbeidet med bacheloroppgåva skal bidra til å utvikle en kritisk og sjølvstendig holdning til kunnskapar om USA. For å nå disse måla må studenten arbeide sjølvstendig med faglitteraturen samt ta aktivt del i undervisning og seminar. Særleg arbeidet med bacheloroppgåva krev sjølvstendig og målretta arbeid. Bacheloroppgåva vi demonstrere at studenten har skaffa seg de nødvendige teoretiske, metodiske og faglige ferdigheiter til å analysere forhold i USA på en kritisk og sjølvstendig måte. Studentane blir oppmoda til å forberede seg tidlig på studentutveksling samt bestemme seg tidlig for fagspesialisering og tema for bacheloroppgåva.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Spesialiseringen består av 3 obligatoriske emner og en del valg emner. De obligatoriske emnene blir lagt i planen din. Resten kan du velge inn i inneværende semester eller senere. | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Ex.phil (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Velg mellom seminarmodell og skoleeksamen av ex.phil. | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-ENG | Examen philosophicum for engelskspråklege studentar | - | 1-6 | 1 | ||||||||
| Førstesemesterstudiet-exfac (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SV100 | Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| BAHF-USA Programemner (krav: 45 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HIS111 | Oversikt over USA historie | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SAMPOL112 | Politikk i USA | - | 1-6 | 2 | ||||||||
| ENG122 | Amerikansk litteratur og kultur | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| BAHF-USA Spesialiseringer (krav: 75 SP) | ||||||||||||
| BAHF-USA Spesialisering i engelsk (krav: 75 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ENG101 | Engelsk lingvistikk I | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| ENG125 | Britisk litteratur og kultur | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| ENG252 | Bacheloroppgave i engelskspråkleg litteratur og kultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| ENG106 | Engelsk lingvistikk II | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ENG211 | Engelsk språk | 15 | 1-6 | |||||||||
| MEVI213 | Film, historie og analyse | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| SAMPOL213 | Political Economy and the Welfare State | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| ENG124 | Britisk litteratur og kultur | - | 1-6 | 6 | ||||||||
| ENG123 | Britisk litteratur | - | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| BAHF-USA Spesialisering i historie (krav: 75 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HIS101 | Oversyn over eldre historie til 1750 | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| HIS102 | Oversyn over nyare historie frå 1750 | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| HIS250 | Bacheloroppgåve i historie | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Vel minst to emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HIS115 | Fordjuping i nyare historie | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| HIS116 | Fordjuping i nyare historie | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| HIS260 | Fordjuping i nyare historie | - | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HIS114 | Fordjuping i eldre historie | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| HIS240 | Fordjupning i eldre historie | - | 1-6 | 5 | ||||||||
| HIS113 | Fordjuping i eldre historie | 15 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| BAHF-USA Spesialisering i religionsvitenskap (krav: 75 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| RELV101 | Innføring i religionsvitskap | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV103 | Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELVI250 | Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV102 | Kristendommen, jødedommen og islam | 15 | 1-6 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| RELV202 | Spesialiseringsemne | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV202SEM | Spesialiseringsemne med semesteroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV222 | Religionar i antikken | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV225 | Islam | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV226 | Norsk kristendom | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| BAHF-USA Spesialisering i sammenlignende politikk (krav: 75 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MET102 | Samfunnsvitskapleg metode | 15 | 1-6 | |||||||||
| SAMPOL110 | Stats- og nasjonsbygging - institusjonar og aktørar | 30 | 1-6 | |||||||||
| SAMPOL213 | Political Economy and the Welfare State | 15 | 1-6 | |||||||||
| SAMPOL250 | Bacheloroppgåve i samanliknande politikk | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Valgfrie 30 studiepoeng i bachelorgrad (krav: 30 SP) | ||||||||||||