Hjem

Ernæring, bachelor, 3 år

Eit sunt og godt kosthald er viktig for å forebygge og behandle sjukdom, og ein føresetnad for god helse. Med ein bachelor i ernæring får du inngåande kunnskap i fysiologi, biokjemi og ernæring, kunnskap som er nødvendig for å sikre godt kosthald heile livet. Tar du master i klinisk ernæring etter fullført bachelor, får du autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar34
  • OpptakskravMEROD
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Meir informasjon under

Ernæring

Produsent:
Martin Nyhammer

Kva lærer du? 

Med ein bachelorgrad i ernæring får du eit solid fundament i dei medisinske grunnfaga anatomi, fysiologi, kjemi og fysikk. Du får også opplæring i matvarekunnskap, psykologi, forskingsmetodar innan ernæring og kosthaldet si rolle i førebygging av sjukdom, samt ei innføring i korleis ernæring kan brukast i behandling av sjukdom. Dette gir deg eit godt grunnlag for å lære om kva rolle ernæring speler for kroppen sine ulike funksjonar, helse og sjukdom.  

Ein student med bachelorgrad i ernæring  

  • har brei kunnskap om ernæring, inkludert fordøyelse, opptak og omsetting av energi, makro- og mikronæringsstoff, matvarekunnskap, kosthaldsanalyse og kostanbefalingar til ulike grupper i samfunnet  
  • kan beherske metodar for å definere og vurdere matinntak og ernæringsstatus hos individ og grupper  
  • kan kritisk vurdere vitskapleg informasjon innanfor ernæringsfeltet  

Les heile lista over læringsutbytte i studieplanen 

Studiekvardag

Du blir del av eit lite kull som følger kvarandre gjennom studiet. Det er eit aktivt studiemiljø på ernæringsutdanningane med både faglege og sosiale aktivitetar. 

Som ny student på ernæringsstudiet vil du få tilbod om å delta i ei mentorgruppe. Studiekvardagen er variert: I løpet av ei typisk veke vil du ha ca. 20 timar med forelesingar, seminar, laboratorium og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen med pensumlitteratur. I løpet av studiet skal du også ha praksis i primærhelsetenesta. Studiet passar for deg som liker realfag, men som også vil jobbe tverrfagleg med behandling av menneske. 

Som ernæringsstudent vil du halde til i ulike bygg på campus Haukeland, som Bygg for biologiske basalfag, Armauer Hansens hus og Sentralblokka på Haukeland Universitetssjukehus. Lesesalar finn du på Armauer Hansens hus. 

Meir informasjon under

Hvordan er det å studere ernæring ved UiB?

Produsent:
Stine Mari Velsvik

Kva kan du jobbe som?

Med ein bachelorgrad i ernæring kan du jobbe i offentleg og privat sektor, for eksempel i matvareindustrien, på opplysningskontor og i kommunar. 

Arbeidsoppgåver kan vere  

  • førebyggande kosthaldsrettleiing til enkeltpersonar og grupper 
  • undervisning og formidling 
  • produktutvikling 

Bachelorgrad i ernæring kvalifiserer for opptak til masterprogram i klinisk ernæring. Dei fleste som tar bachelorgrad i ernæring vil gå vidare på dette toårige masterprogrammet. Ein mastergrad i klinisk ernæring gir autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog. Kliniske ernæringsfysiologar jobbar med førebygging og behandling av ernæringsrelatert sjukdom i alle delar av helsetenesta. Alle stillingar som medfører pasientbehandling krev autorisasjon, og vi anbefaler alle å fullføre profesjonsløpet.  

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her

Studiets oppbygging 

Bachelorstudiet i ernæring er eit treårig fulltidsstudium som startar i august kvart år. I løpet av desse tre åra vil du bruke mykje tid på spørsmål som: 

  • Korleis påverkar ulike næringsstoff kroppen vår? 
  • Korleis kan vi vite kva som er sunt å ete?   
  • Kva behandling er effektiv mot fedme?   
  • Korleis kan det vi et påverke risiko for å utvikle sjukdom? 

I sjette semester er det praksis i primærhelsetenesta  i fire veker. Det er også kortare praksisperiodar og besøk i bedrifter, storkjøkken og helsevesen undervegs i studiet. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.   

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene. 

Slik er studiet lagt opp:  Oppbygging av bachelor i ernæring

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i tredje, fjerde eller femte semester. Ta kontakt med studierettleiar for å høyre meir om kva ordningar som finst.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Bachelorgrad i ernæring kvalifiserer for opptak til masterprogram i klinisk ernæring

Det er også andre masterprogram som kan vere aktuelle. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 64 00 (open 12.00 - 14.00 kvardagar) 

E-post: info.med@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast. 

Frå og med hausten 2021 vil nye studentar på første studieår følge ny studieplan. Studentar som begynte på studiet hausten 2020 eller tidlegare føljer denne studieplanen