Hjem

Informatikk: Bioinformatikk, bachelor, 3 år

Bioinformatikk er eit IT-studium der informatikk møter biologi og kjemi. Her lærer du programmering, statistikk og matematikk, og å bruke datakunnskapen til å analysere og tolke biologiske data.  Dette er studiet for deg som liker å tenke logisk og systematisk, og som er interessert i både matematikk og biovitskap.
  • Lengde3 År
  • Ordinær56,5
  • Primær50,5
  • Plassar10
  • OpptakskravMATRS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

 

Kva lærer du? 

I løpet av utdanninga 

  • får du kjennskap til grunnleggande molekylærbiologi og biologiske spørsmål 
  • lærer du å bruke statistiske metodar og algoritmar for å analysere biologiske data 
  • får du kjennskap til sentrale metodar innan maskinlæring 

Studiekvardag 

Bachelorstudiet i bioinformatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. 

I løpet av ei vanleg veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket

Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement. 

Kva kan du jobbe som? 

Som nyutdanna bioinformatikar er du attraktiv for arbeidsgjevarar som krev gode programmeringskunnskapar og evne til sjølvstendig problemløysing. Ein typisk jobb er analytikar eller IT-konsulent i helsesektoren. 

Du kan jobbe 

  • ved forskingsinstitutt eller universitet 
  • innanfor legemiddelindustrien eller medisinteknikk 
  • i helsesektoren 
  • i IT-bransjen 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Generell studiekompetanse og MATRS:

Matematikk R1 eller Matematikk S1 og S2.

Søknadsfristen er 15. april. Søk her

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i informatikk: bioinformatikk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. 

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.   

Slik er studiet lagt opp:   

1. semester  

2. semester

3. semester

4. semester

5. semester

 6. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til samarbeidsuniversiteta våre i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.   

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til eit toårig masterprogram i informatikk (der bioinformatikk er ei av sju studieretningar) eller til masterprogram i programvareutvikling ved Institutt for informatikk. Andre institutt og studiestader kan også ha relevante masterutdanningar  – både i Noreg og i utlandet. Sjekk studiestadene sine eigne nettsider for å finne deira opptakskrav. 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen