Bachelorprogram i biologi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Kvifor sym sild i sirkel? Kvifor må vi vere sjuke for å halde oss friske? Kan biller ta kampen opp mot brunsnigelen?
Biologi er læra om alt som lever, og tek for seg prosessar, mangfald og samanhengar i naturen. Evolusjon er det overordna prinsippet i biologien, som gir oss ein kraftfull modell til å forstå og forklare korleis alt vi ser i naturen har utvikla seg frå eit felles opphav gjennom 3,5 milliardar år.
Bachelorprogrammet i biologi gir deg ein brei naturfagleg bakgrunn, og du får innsikt i alt frå naturmiljøet sin kjemi og fysikk, matematikk og statistikk, fysiologi, molekylærbiologi, organismebiologi og mangfald, evolusjon og økologi. Du får møte biologi i praksis i omfattande lab- og feltkurs der mikrobar, dyr og planter står i sentrum.
Som student hos oss blir du frå første dag ein aktiv deltakar i det største biologiske fagmiljøet i Noreg. Studiet presenterer heile disiplinen biologi, og er lagt opp slik at studieaktiviteten bidreg til å etablere eit fagleg og sosialt fellesskap. Bergensregionen har sterke marine forskings- og innovasjonsmiljø og dette gjenspegler seg i undervisinga vår.
Visste du at ...
Den minste fisken i verda veg berre 0,2 g når den er vaksen.
Studievegar
- Bachelor
Kjerneemna i det treårige studiet er evolusjon og økologi, organismar og biodiversitet, cellebiologi og genetikk og komparativ fysiologi. Du vil også få kunnskap om molekylærbiologi, kjemi, statistikk og fysikk.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i biodiversitet, evolusjon og økologi, mikrobiologi, geobiologi, ernæring, fiskeribiologi og forvalting, havbruksbiologi, marin biodiversitet, fiskebiologi eller akvatisk økologi.
- Forsking
Universitetet i Bergen har det største akademiske fagmiljøet i Noreg innanfor marinbiologi og driv forsking innan marin mikrobiologi, marin økologi, fiskeriøkologi, marin biodiversitet, utviklingsbiologi hos fisk, havbruk, fiskehelse og kvalitet på sjømat. UiB står også sterkt på fagfelta botanisk økologi, paleoøkologi, evolusjonær økologi, mikrobiologi, geobiologi og systematikk.
Sjå også desse studia
Berekraftig havbruk, molekylærbiologi, fiskehelse, lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk, adjunktutdanning i matematikk og naturfag.
Utveksling
Vi tilrår at valfridommen i det femte og sjette semesteret nyttast til internasjonal utveksling. Eitt eller to semester av utdanninga kan gjennomførast ved eit utanlandsk universitet eller ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Vi har i dag avtaler med fleire universitet i Europa og i Canada, Australia, USA, Sør-Afrika og Uganda.
Se http://link.uib.no/?1gVgf for meir informasjon om utvekslingsmuligheiter ved studiet
Yrkesvegar
Studieprogrammet i biologi er eit godt utgangspunkt for utdanning retta mot ulike yrke, anten du vel å ta ein bachelorgrad eller halde fram med eit masterstudium. I tillegg til ei tung fagleg fordjuping innan eit sjølvvalt område av biologien, vil du med ein fullført mastergrad ha skaffa deg ein vitskapleg, sjølvstendig tenkjemåte som er svært nyttig i arbeidslivet.
Marine ressursar er eit viktig satsingsområde i Noreg. Det finst fleire yrkesalternativ der forvalting av ressursane i havet og utviklinga i havbruksnæringa står sentralt. Både næringsmiddelindustrien og oljebransjen rekrutterer biologar. Det finst òg jobbar innanfor forsking og forvalting i både offentleg og privat sektor. Med master kan ein søke forskarstillingar som bygger på biologiutdanninga. Skulesektoren er også aktuell. Undervisningskompetansen din vil variere etter val av fagleg fordjuping.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Oppstart haust.
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i biologi er 3-årig (180 studiepoeng). Bachelorprogrammet i biologi plasserar dei klassiske biologidisiplinane i et breitt og moderne perspektiv. Gjennom studiet oppnår studentane ein brei fagleg kompetanse og praktisk erfaring i forsking. Dette vert oppnådd gjennom laboratorieundervising med moderne forskingsmetodikk, feltarbeid og sjølvstendige oppgåver. I studieplanen er det lagt vekt på gje studentane ein brei naturfagleg bakgrunn med kjemi, fysikk og statistikk i tillegg til de biologiske kjernefaga. De biologiske faga spenner om evolusjon og økologi, organismar sitt opphav og evolusjon, biodiversitet, fysiologi, molekylærbiologi, cellebiologi og genetikk. Undervisinga er knytt til forskinga ved Universitetet i Bergen, og det er lagt spesiell vekt på marin biologi som er eit satsingsområde ved universitetet. Målsettinga for studieprogrammet i biologi er å gje studentar ei brei og allsidig utdanning som kombinerar ny forsking innan de biologiske fagfelta.
Læringsutbyte/resultat
Studiet skal gi en bred plattform i naturfag og biologi fra molekylære til evolusjonære prosesser. Gjennom en grunnleggende forståelse av basale prosesser i naturen skal studenten kunne tilegne seg og bruke vitenskapelig kunnskap og innsikt i en rekke samfunnsrelevante utfordringer som omfatter naturmiljøet.
Ved fullført studium skal en kandidat
- ha god kjennskap til moderne biologi og biologiens relevans i samfunnet
- ha en bred og anvendelig naturfaglig bakgrunn
- være i stand til å bruke utviklingslæra som en nøkkel til å forstå organismene sine tilpasninger
- kunne lese og forstå vitenskaplige arbeid om aktuelle miljøspørsmål
- besitte grunnleggende kunnskaper om virkemåten til organismer og økosystem
- ha ferdigheter i naturvitenskapelig metode som gjør kandidaten i stand til å sette seg inn i nye problemstillinger, skrive analyserende rapporter og vurdere hvor sikker kunnskap er.
- evne å løse problemer og oppgaver som krever grunnleggende kunnskap om naturen
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag.
For mer informasjon, se http://link.uib.no/?1jIFY
Innføringsemne
Ex.phil, MAT 101 eller MAT 111
Obligatoriske emne / spesialisering
Kravet til bachelorgraden i biologi er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng, og består av følgjande emne: BIO100, BIO101, BIO102, BIO103, BIO104, STAT101/110, MOL100, KJEM110, KJEM100/130/202 og PHYS101.
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi er obligatorisk i første semester. I første semester inngår óg innføringsemne i matematikk (MAT101/MAT111) og innføringsemne i kjemi (KJEM110/KJEM100). KJEM110 er obligatorisk i bachelorgraden i biologi. Studentar som tek KJEM100 i første semester, bør ta KJEM110 i andre semester. Les meir om tilrådde forkunnskapar for kjemi-emna under emneskildringa for kvart emne.
Obligatoriske emne i andre semester er BIO101 Organismebiologi I og kjemi. Dei som har valt KJEM110 i første semester kan velje mellom KJEM202 Miljøkjemi og KJEM130 Organisk kjemi. Det tredje emnet i andre semester er Ex.phil. Versjonen av ex.phil som vert undervist i vårsemesteret er særskilt tilpasse studieprogramma i biologi, og vi tilrår alle som skal studere biologi å ta denne ex.phil-versjonen. Andre ex.phil-versjonar vert óg godtatt i bachelorgraden.
BIO102 Organismebiologi II er obligatorisk i 3. semester, saman med eit emne i statistikk (STAT101/STAT110) og eit emne i fysikk (PHYS101).
I fjerde semester er obligatoriske emne MOL100 Innføring i molekylærbiologi, BIO103 Cellebiologi og genetikk og BIO104 Komparativ fysiologi.
Femte og sjette semester innheld valfrie emner.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Valfridomen i 5. og 6. semester i studieprogrammet kan nyttast til internasjonal utveksling. UiB har etablert samarbeidsavtalar med ei rekkje universitet på fleire kontinent, og fleire avtalar vil bli inngått dei nærmaste åra. Studentar vil få hjelp til å finne utanlandske lærestader som passar med deira utdanningsplan og interesser. Studentar med interesse for arktisk biologi, geologi, geofysikk og teknologi bør sjå nærmare på tilbodet frå UNIS (Universitetssenteret på Svalbard).
Vurderingsformer
Obligatorisk undervising og informasjon om evalueringsformer er skildra for kvart enkelt emne. Sjå emneskildring.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorgraden gjer grunnlag for masterstudier innan fagområdet. For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter i spesialiseringa i bachelorgraden. Enkelte studieprogram/studiretningar kan ha særskilte opptakskrav.
Yrkesvegar
Mange biologar arbeider innan natur- og miljøforvalting, havbruk, skuleverk, offentleg forvalting, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentbedrifter. I dei fleste tilfella opnar det seg langt fleire moglegheiter for dei som har fullført mastergraden. Universitetet i Bergen tilbyr ei rekkje mastergradsstudier som byggjer på bachelorgraden i biologi. Etter avslutta masterstudium har ein i tillegg til ei tung fagleg fordjuping på et valt felt innan biologien, lært å arbeide sjølvstendig og som ein del av ei forskingsgruppe. I tillegg opparbeider ein seg ei rekkje praktiske og akademiske ferdigheiter som er nyttige i arbeidslivet.
Sjå http://www.uib.no/bio/utdanning/biologer-i-jobb for nokon eksemplar på kva ein kan bli som biolog.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Administrativ ansvarleg
Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Beate.Rensvik@bio.uib.no/ studie@bio.uib.no
Tlf 55 58 22 41
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i biologi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
For meir informasjon, se http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Forkunnskapar tilsvarande Biologi 2 og Kjemi 2.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
85
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på uib.no. Dersom du tek valemne knytte til studieplanen i havbruksbiologi og fiskehelse kan du enkelt søke overgang.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Læringsutbyte/resultat
Studiet skal gi en bred plattform i naturfag og biologi fra molekylære til evolusjonære prosesser. Gjennom en grunnleggende forståelse av basale prosesser i naturen skal studenten kunne tilegne seg og bruke vitenskapelig kunnskap og innsikt i en rekke samfunnsrelevante utfordringer som omfatter naturmiljøet.
Ved fullført studium skal en kandidat
- ha god kjennskap til moderne biologi og biologiens relevans i samfunnet
- ha en bred og anvendelig naturfaglig bakgrunn
- være i stand til å bruke utviklingslæra som en nøkkel til å forstå organismene sine tilpasninger
- kunne lese og forstå vitenskaplige arbeid om aktuelle miljøspørsmål
- besitte grunnleggende kunnskaper om virkemåten til organismer og økosystem
- ha ferdigheter i naturvitenskapelig metode som gjør kandidaten i stand til å sette seg inn i nye problemstillinger, skrive analyserende rapporter og vurdere hvor sikker kunnskap er.
- evne å løse problemer og oppgaver som krever grunnleggende kunnskap om naturen
Oppbygging
Bachelorprogrammet i biologi inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne, 100 studiepoeng med spesialisering og 60 studiepoeng som du kan velje frå biologiske fag eller andre fagretningar.
I dei siste semestra vel du sjølv den faglege samansettinga. Her vel du fritt ut frå den faglege interessa di og karriereplanane dine.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| Spesialisering i biologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| BIO100 | Innføring i evolusjon og økologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| BIO101 | Organismebiologi 1 | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| BIO102 | Organismebiologi 2 | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| PHYS101 | Grunnkurs i mekanikk og varmelære | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| BIO103 | Cellebiologi og genetikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| BIO104 | Komparativ fysiologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| STAT101 | Elementær statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Spesialisering i biologi - kjemivalg (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| KJEM110 er obligatorisk for alle studentane, og ligg som eit obligatorisk emne i utdanningsplanen din. Alle studentar skal ta minimum 20 sp kjemi. Organisk kjemi (KJEM130) og miløkjemi (KJEM202) er sterkt tilrådd, men andre kjemiemne kan veljast etter interesse. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM202 | Miljøkjemi | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM100 | Kjemi i naturen | 10 | 1-6 | |||||||||
| MAT102 | Brukarkurs i matematikk II | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 50 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 50 studiepoeng | ||||||||||||