Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i informatikk: datatryggleik

  • Lengde3 år
  • Poenggrense44,8 / 44,8
  • Studieplassar15
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng180

Introduksjon

Introduksjon

Lit du på nettbanken din? Er elektroniske val sikre? Er netthandel trygt? Får legen helseopplysningane dine når ho treng dei? Er det ­nokon andre som også får tilgang til dei? Kvifor kollapsar nettbaserte samfunnskritiske tenester titt og ofte, og korleis kan vi unngå det?

Dei fleste samfunnstenester er heilt avhengige av velfungerande IKT-infrastruktur. Tilfeldige feil eller ondsinna angrep på IKT-infrastrukturen kan derfor ha ­alvorlege følger. Bachelorstudiet i datatryggleik tek opp korleis ein kan utforme, implementere og analysere IKT-infrastruktur som er robuste mot både tilfeldige feil og målretta angrep. Målet med programmet er å gi både ei teoretisk for­ståing for robuste IKT-system, og ei praktisk evne til å utvikle og halde ved like slike system.

Programmet tar sikte på at studentane tileignar seg forskningsresultat i informatikk og matematikk. I tillegg til å utdanne kandidatar med solide kvalifikasjonar innanfor datatryggleik, bygger programmet eit grunnlag for vidare studium på masternivå.

Datafag og informatikk

Produsent:
MatNat

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Studiet gjev grunnlag for ein karriere innanfor design, implementasjon og analyse av tryggleik og sårbarheit i data- og kommunikasjonssystem. Som ferdigutdanna bachelor i datatryggleik frå UiB vil du ha erfaring med programvare og teknologi for utvikling av robuste og sikre IKT-system. Kandidatar frå dette programmet vil òg ha kunnskap til å evaluere juridiske og etiske sider ved ­utviklingsprosjekt for programvare.

Vidare studium

  • Bachelorprogram

I det treårige studiet inngår emne som datanett, lineær algebra, informasjons­­­teori og algoritmar, datastrukturar og programmering.

  • Masterprogram

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informatikk.

  • Forsking

Forskingsaktiviteten i fagmiljøet er delt opp i seks grupper: algoritmeteori, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten:

- Har god kjennskap til og erfaring med dei vanlegaste sikkerheitsutfordringane og sårbarheitane i data- og kommunikasjonssystem.
- Behersker metodar for å sikre system mot overnevnte utfordringer.

Ferdigheiter
Kandidaten:

- Har erfaring og kunnskap tilstrekkeleg til å delta i arbeid med å analysere sikkerheit og sårbarheit i data- og kommunikasjonssystem.
- Kan gjøre rede for og anvende programvare og teknologi for utvikling av robuste og sikre system

Generell kompetanse
Kandiaten:

- Kan reflektere over sentrale, etiske og vitskapelege problemstillingar.
- Har eit kritisk og analytisk blikk på eiget og andre sitt arbeid.
- Kan på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt.
- Kan arbeide både sjølvstendig og i grupper.

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorgraden i datatryggleik skal innehalde ei spesialisering på til saman 130 studiepoeng. I tillegg må minst 20 studiepoeng veljast blant ei liste med informatikk-/matematikkemne.

Valemne gir deg moglegheit til å sjølv sette saman graden din, fritt ut frå kva faglege interesser og karriereplanar du har. Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på nettet: uib.no/ii/bachelor-programmes

Bachelor i informatikk: datasikkerhet (krav 180 SP)
Innføringsemne (ex.phil) (krav 10 SP)
Du kan velje mellom to variantar av ex.phil (NB! seminarvarianten er atterhaldsam nye studentar i haustsemesteret).
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–61
Spesialisering i datasikkerhet (krav 130 SP)
Obligatorisk emne
Datamaskiner og operativsystem (HiB)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF100Grunnkurs i programmering (Programmering 1)101–61
INF101Vidaregåande programmering (Programmering 2)101–62
INF142Datanett101–62
MNF130Diskrete strukturar101–62
INF102Algoritmar, datastrukturar og programmering101–63
INF143Tryggleik i distribuerte system101–63
INF144Informasjonsteori101–64
MAT121Lineær algebra101–64
INF214Multiprogrammering101–65
INF226Programvaresikkerhet101–65
INF240Grunnleggjande koder101–65
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAT101Brukarkurs i matematikk I101–61
MAT111Grunnkurs i matematikk I101–61
Informatikkval (krav 20 SP)
Vi tilrår at du vel 20 SP blandt informatikkemna under. NB! INF109 Dataprogrammering for naturvitenskap er ikke godkjent som del av spesialiseringen for bachelorgraden.NB! INF109 Dataprogrammering for naturvitenskap er ikke godkjent som del av spesialiseringen for bachelorgraden.
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF112Systemkonstruksjon101–66
INF170Modellering og optimering101–66
INF234Algoritmer101–66
INF237Algoritme-engineering101–66
INF244Grafbasert kodeteori101–66
INF246Informasjonsnettverk101–66
INF247Kryptologi101–66
INF250Dataorientert visuell berekning101–66
INF270Lineær programmering101–66
MAT220Algebra101–66
MAT221Diskret matematikk101–66
STAT110Grunnkurs i statistikk101–66
Valfritt emne (krav 20 SP)
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Vi har i dag tilrettelagde avtalar med blant andre Vienna University of ­Technology (Austerrike), Third University of Rome (Italia) og Charles ­University, Praha (Tsjekkia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar det er mogeleg .

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak .

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i informatikk: datasikkerhet, studiekode i Samordna opptak: 184940

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1 (eller matematikk S1 og S2) og enten Matematikk R2 eller Fysikk 1 og 2 eller Kjemi 1 og 2 eller Biologi 1 og 2 eller Informasjonsteknologi 1 og 2 eller Geofag 1 og 2 eller Teknologi og forskningslære 1 og 2. NB! Fra og med studieåret 2018/2019 blir det endringer i opptakskravet

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorprogrammet i datatryggleik bygger på matematikk R1+R2 og gode mattekunnskapar er ein fordel.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre finn du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

About the programme

Søkerkode i Samordna opptak
184940

Les heile studieplanen

Contact

Institutt for informatikk

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@mnfa.uib.no

55 58 30 30