Bachelorprogram i datateknologi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Lurer du på korleis Google så raskt finn svar på søka dine? Eller på korleis grafikken i eit dataspel eigentleg blir laga? Vil du vere deltakar i utviklinga av IT-løysingar for framtida?
Datateknologi handlar om å løyse problem ved hjelp av datamaskiner. Problema kan stamme frå eit vidt spekter av greiner innan vitskap, teknologi, industri, næringsliv og underholdning. Studiet går ut på å lære korleis ei datamaskin fungerer, og korleis du kan nytte datamaskina til å løyse ulike problem.
Sjølv om dei fleste av oss er avanserte brukarar av denne infrastrukturen, krevst det likevel spesialkompetanse for å vidareutvikle og å drive teknologien som held det heile saman. Studiet i datateknologi gir deg kvalifikasjonar til å arbeide innanfor dette området. Du tek både teoretiske emne, med eit rikt innslag av matematikk, og praktisk retta emne med øvingar på moderne datautstyr. På den måten skal studiet gi deg god teknisk innsikt, men òg utvikle forståing og kreativitet.
Visste du at ...
UiB er medarrangør av NM i programmering og stadig ligg blant dei beste i Noreg og Europa?
Studievegar
- Bachelor
I det treårige studiet inngår emne som datanett, matematikk, statistikk, algoritmar og datastrukturar, funksjonell web-design og diskrete strukturar.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informatikk.
- Forsking
Forskingsaktiviteten i fagmiljøet er delt opp i seks grupper: algoritmeteori, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering.
- Sjå også desse studia
Datavitskap, informasjonsvitskap, informasjons- og kommunikasjonsvitskap, informatikk-matematikk-økonomi, kognitiv vitskap.
Utveksling
Dersom du ønskjer å ta delar av studiet i utlandet bør dette gjerast i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtaler med University of Bologna (Italia), Università degli studi di Roma III (Italia), Humboldt-Universität München (Tyskland), Universitetet i Uppsala (Sverige), Charles University, Praha (Tsjekkia), og University of Newcastle (Australia). UiB har dessutan mange andre utvekslingsavtaler.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Yrkesvegar
Du blir kvalifisert for mange ulike datarelaterte jobbar både i privat verksemd og offentleg forvalting. Aktuelle arbeidsplassar kan vere IT-bedrifter, men du kan òg arbeide i for eksempel finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring og konsulentverksemd. Arbeidsoppgåvene ein er kompetent til å jobbe med spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, internett og oppgåver knytte til utvikling av datasystem. Graden gir også grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skuleverket.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Haust
Mål og innhald
I dag er datamaskiner og internett ein integrert del av samfunnsstrukturen. Sjølv om dei fleste av oss er avanserte brukarar av denne infrastrukturen, krev det likevel spesialkompetanse for å vidareutvikle og drive teknologien som held alt saman. Bachelorstudiet i datateknologi gir deg grunnleggjande kunnskapar til å arbeide innanfor dette området. Studiet inneheld mellom anna tema som programmering, web-teknologi, nettverk og operativsystem. Bachelorstudiet er spesielt ved at du står ganske fritt i val av emne, også emne frå andre fagområde. Du kan velje ei brei tverrfagleg utdanning, eller ei smal utdanning med mange IT-emne. Dei siste semestra av studiet opnar for ulike spesialiseringar, mellom anna med tanke på vidare masterstudiar. Aktuelle retningar kan vere software-utvikling, kommunikasjonsteknologi, datagrafikk, og ulike biologiske problemstillingar.
I undervisninga legg vi opp til at studenten sjølv må vere aktiv gjennom øvingar og prosjektarbeid, i tillegg til at vi også held tradisjonelle førelesningar. Studiet er teknologisk orientert med vekt på bruksmåtar, der eit av hovudmåla er å forberede studenten til å kunne jobbe med og delta i utvikling av større programsystem. Sidan datateknologi er prega av raske teknologiske omskiftingar, er utdanninga lagt opp til at studenten tileignar seg fundamentale metodar som varar lengre enn dagsaktuell spesifikk teknologi.
Bioinformatikk som studiemoglegheit innafor bachelorprogrammet datateknologi
Bioinformatikk er eit fagområde i skjæringspunktet mellom informatikk og biologi. Teknikkar og metodar frå informatikk blir brukte for å løyse problem som er relaterte til molekylærbiologisk forsking, spesielt analyse av den store datamengda som blir produsert. I tillegg til at generelle informatiske metodar blir brukt, er det behov for spesialiserte metodar. Innafor blant anna funksjonell genom- og proteinforsking blir det stadig utvikla ny teknologi som krev nye bioinformatiske metodar. Studiemoglegheiten bioinformatikk skal spesielt førebu studentar til eit masterstudium i bioinformatikk.
Om du vil sjå meir om tilrådde forkunnskapar og tilrådd studieplan for bioinformatikk som studiemoglegheit, kan du lese meir på denne sida: http://www.uib.no/fg/bioinformatikk/undervisning/studere-bioinformatikk
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført BA-program i datateknologi skal studentane
- programmere mellomstore informasjonssystem og bidra til store dataprogram
- bruke og forstå operativsystem og nettverk
- formulere og løysa problemstillingar innan programtryggleik, nettverkstryggleik og algoritmar
- formulere og løyse problemstillingar innan ulike informatikkrelaterte områder
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?3iUHB
Obligatoriske emne / spesialisering
Krav til bachelorgraden i datateknologi er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng. I tillegg må minst 30 sp. veljast blant valfrie MAT- og INF-emne på 100- og 200- nivå (med unntak av INF109).
1. sem. Haust: INF100, MAT101/MAT111, Ex.Phil
2. sem. Vår: INF101, MNF130, INF111
3. sem. Haust: INF102, STAT101/STAT110, TOD077
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte byggjer emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt "Krav til forkunnskap" eller "Tilrådde forkunnskapar" på emna.
Delstudium i utlandet
Ønskjer du å ta delar av studiet i utlandet, bør du gjere det i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtalar med University of Bologna (Italia), Università degli studi di Roma III (Italia), Makerere University (Uganda), Universitetet i Uppsala (Sverige), Charles University, Praha - (Tsjekkia) og University of Newcastle (Australia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Kompetanse for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Yrkesvegar
Du vil gjennom studiet kvalifisere deg for ei rekke ulike datarelaterte jobbar både innanfor privat verksemd og offentleg forvalting. Aktuelle arbeidsstader kan vere i reine IT-bedrifter, men også innanfor andre verksemder, som i finans- og bankvesen, oljeindustri, forsikring, konsulentverksemd m.m. Arbeidsoppgåvene spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, systemutvikling, internett, og oppgåver knytt til datatryggleik. Graden gir også grunnlag for undervisingskompetanse i informatikk for skoleverket.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studieveileder@ii.uib.no
Administrativ ansvarleg
Institutt for informatikk har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studieveileder@ii.uib.no Tlf: 55 58 40 93.
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i datateknologi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og
MATRS: Matematikk R1 eller S1+S2
Tilrådde forkunnskapar
Vi tilrår at du har bakgrunn som tilsvarar Matematikk R1+R2.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 40,2
Førstegangsvitnemål: 37,1
Antall studieplasser
50
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva
for program som er opne for intern overgang og korleis du søker,
finn du på uib.no/utdanning.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført BA-program i datateknologi skal studentane
- programmere mellomstore informasjonssystem og bidra til store dataprogram
- bruke og forstå operativsystem og nettverk
- formulere og løysa problemstillingar innan programtryggleik, nettverkstryggleik og algoritmar
- formulere og løyse problemstillingar innan ulike informatikkrelaterte områder
Oppbygging
Krav til bachelorgraden i datateknologi er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng. I tillegg må minst 30 studiepoeng veljast blant nokre valfrie emne.
Gjennom heile studiet vil du møte ein kombinasjon av teoretiske og meir praktiske emne. Studiet har hovudfokus på programmering, men dekker heile spekteret frå tekniske til praktisk orienterte datafag. Gjennom å legge stor vekt på grunnleggande datafag blir du i stand til å tilpasse deg og utvikle deg i takt med dei stadig vekslande trendane på fagfeltet. Du oppnår dermed ei brei fagleg plattform som dannar grunnlag for arbeidslivet og vidare utdanning.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i datateknologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF100 | Grunnkurs i programmering (Programmering 1) | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INF101 | Vidaregåande programmering (Programmering 2) | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| INF102 | Algoritmar, datastrukturar og programmering | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| INF111 | Introduksjon til informasjonsteknologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| INF112 | Systemkonstruksjon | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| INF142 | Datanett | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| MNF130 | Diskrete strukturar | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| STAT101 | Elementær statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Datamaskiner og operativsystem (HiB) | - | - | ||||||||||
| Informatikk/matematikk (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Du vel 30 SP blant matematikk og informatikkemna. NB! INF109 Dataprogrammering for naturvitskap blir ikkje godkjent som ein del av spesialiseringa i bachelorgraden. | ||||||||||||
| Valfrie emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 40 studiepoeng | ||||||||||||
| Valemner på Høgskolen i Bergen | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Avansert programvareteknologi (HiB) | - | - | ||||||||||
| Moderne systemutviklingsmetoder (HiB) | - | - | ||||||||||
| Agentteknologier (HiB) | - | - | ||||||||||
| Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB) | - | - | ||||||||||
| Modell-basert programvareutvikling (HiB) | - | - | ||||||||||