Bachelorprogram i datavitskap
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Er digitale banktenester like sikre som tidlegare tiders manuelle tenester? Korleis kan vi finne optimal transport i eit trafikknettverk? Korleis kan ein lage eit mobilnett med full dekning og færrast mogleg basestasjonar? Kor intelligent kan ei datamaskin eigentleg bli?
Få fagområde er så sterkt prega av rivande utvikling og raske omveltingar som informasjonsteknologien. For å kunne tilpasse seg nyvinningar i faget trengst det ikkje berre kjennskap til teknisk utstyr og metodar som er i bruk i dag, det trengst også ei grunnleggande forståing for prinsippa bak teknologien.
Utvikling av avanserte IT-løysingar krev ofte datafaglege kunnskapar som bygger på god matematisk forståing av metodane som blir nytta. Studiet i datavitskap gir deg akkurat denne typen kunnskap, og bygger på fundamental kunnskap om matematikk. Stor interesse for og god bakgrunn innanfor matematikk er derfor viktig.
På studiet får du kunnskap om fundamentale metodar som varer lenger enn den spesifikke teknologien som finst i dag. Det gir deg dessutan eit godt grunnlag for å bli ein av dei som utviklar informasjonsteknologien vidare.
Visste du at ...
Datavitskapsstudiet er lagt til rette for at du kan ta delar av studiet utanlands, til dømes i Australia, Uganda eller ved eit av samarbeidsuniversiteta våre i Europa?
Studievegar
- Bachelor
I det treårige studiet inngår emne som datanett, matematikk, statistikk, programmeringsparadigme, algoritmar og datastrukturar, algebra og diskrete strukturar.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informatikk.
- Forsking
Forskingsaktiviteten i fagmiljøet er delt opp i seks grupper: algoritmeteori, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering.
- Sjå også desse studia
Datateknologi, informatikk-matematikk-økonomi, informasjonsvitskap, informasjons- og kommunikasjonsvitskap, kognitiv vitskap.
Utveksling
Dersom du ønskjer å ta delar av studiet i utlandet bør dette gjerast i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtaler med University of Bologna (Italia), Università degli studi di Roma III (Italia), Universitat Politécnica de Catalunya (Spania), Universidad Autónoma de Madrid (Spania), Humboldt-Universität München (Tyskland). UiB har dessutan mange andre utvekslingsavtaler.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Yrkesvegar
Du blir kvalifisert for ei rekke ulike datarelaterte jobbar både innan privat verksemd og offentleg forvalting. Aktuelle arbeidsplassar kan vere IT-bedrifter, men du kan òg arbeide i andre verksemder, så som i finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring og konsulentverksemd. Arbeidsoppgåvene ein har kompetanse til å utføre spenner vidt, gjerne med en matematisk vinkling. Nokre typiske eksempel er programmering, systemutviking, internett, og oppgåver knytte til datasikkerheit. Graden gir også grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skuleverket.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Oppstart haust
Mål og innhald
Utvikling av avanserte IT-løysingar føreset ofte datafaglege kunnskapar som er baserte på god matematisk forståing av metodane som vert nytta. Bachelorstudiet i datavitskap gir deg akkurat denne typen kunnskap.
Dei første semestra av studiet er retta mot å lære dataprogrammering og grunnleggjande matematikk-kunnskapar. Seinare semester gjev grunnlag for spesialisering innan ulike retningar.
Studiet vektlegg fundamental kunnskap og krev god matematisk bakgrunn og interesse. Sidan datateknologi er prega av raske teknologiske omskiftingar, legg utdanninga opp til at studenten tileignar seg fundamentale metodar som varar lengre enn dagsaktuell spesifikk teknologi. Du får også eit godt grunnlag for å bli ein av dei som utviklar informasjonsteknologien vidare.
Gjennom studiet oppnår studentane ei brei fagleg kompetanse og praktisk røynsle, og ei god førebuing til vidare studiar på master- og doktornivå. Moglege retningar finn du under omtalene av masterstudia.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført BA-program i datavitenskap skal studentene kunne
- programmere mellomstore informasjonssystem og analysere store informasjonssystem
- bruke og forstå matematiske teknikkar som statistikk og algebra, knytte til informasjonssystem
- formulere og løyse problemstillingar på ei matematisk presis måte innan programtryggleik, nettverkstryggleik og algoritmar
- formulere og løyse matematiske problemstillingar innan ulike informatikkrelaterte områder
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Obligatoriske emne / spesialisering
Krav til bachelorgraden i datavitskap er ei spesialisering på til saman 110 studiepoeng. I tillegg må minst 30 SP. med INF-emne på 100- og 200- nivå veljast mellom valfrie emne (med unnatak av INF109) og minst 10 SP. mellom MAT-emne på 100- og/eller 200- nivå .
1. sem. Haust: INF100, MAT111, Ex.Phil
2. sem. Vår: INF101, MNF130, MAT121
3. sem. Haust: INF102, STAT110, MAT221
5.sem Haust: INF121
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er då oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Ønskjer du å ta delar av studiet i utlandet, bør dette gjerast i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtalar med University of Bologna (Italia), Università degli studi di Roma III (Italia), Makerere University (Uganda), Universitetet i Uppsala (Sverige), Charles University, Praha - (Tsjekkia) og University of Newcastle (Australia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Kompetanse for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Yrkesvegar
Studiet kvalifiserer både for jobb innanfor IT-industrien og for ei vidare forskarkarrière. Aktuelle arbeidsgivarar vil vere reine IT-bedrifter, men også andre delar av næringslivet, slik som finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring, konsultentverksemd, m.m. Arbeidsoppgåvene spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, systemutviking, internett, og oppgåver knytte til datasikkerheit. Graden gir også grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skoleverket.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, finn du i emneomtala.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Administrativ ansvarleg
Institutt for informatikk har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet om du har spørsmål: studieveileder@ii.uib.no eller tlf: 55 58 40 93.
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i datavitskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Bachelorprogrammet i datavitskap bygger på Matematikk R1+R2. Dersom du ikkje har desse forkunnskapane må du rekne med lengre studietid.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
20
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på: uib.no/utdanning
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført BA-program i datavitenskap skal studentene kunne
- programmere mellomstore informasjonssystem og analysere store informasjonssystem
- bruke og forstå matematiske teknikkar som statistikk og algebra, knytte til informasjonssystem
- formulere og løyse problemstillingar på ei matematisk presis måte innan programtryggleik, nettverkstryggleik og algoritmar
- formulere og løyse matematiske problemstillingar innan ulike informatikkrelaterte områder
Oppbygging
Krav til bachelorgraden i datavitskap er ei spesialisering på til saman 110 studiepoeng. I tillegg må minst 30 studiepoeng veljast blandt enkelte valfrie informatikkemne og 10 studiepoeng veljast frå valfrie matematikkemne.
Gjennom heile studiet vil du møte ein kombinasjon av teoretiske og meir praktiske emne. Studiet har hovudfokus på programmering, men dekker hele spekteret frå tekniske til praktisk orienterte datafag. Ved å legge stor vekt på grunnleggande datafag blir du i stand til å tilpasse deg og utvikle deg i takt med dei stadig vekslande trendane i fagfeltet. Studiet gir ei brei fagleg plattform som dannar grunnlag for arbeidslivet og vidare utdanning.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i datavitenskap (krav: 100 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF100 | Grunnkurs i programmering (Programmering 1) | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INF101 | Vidaregåande programmering (Programmering 2) | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MNF130 | Diskrete strukturar | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| INF102 | Algoritmar, datastrukturar og programmering | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| MAT221 | Diskret matematikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| INF142 | Datanett | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| MAT220 | Algebra | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| INF121 | Programmeringsparadigmer | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Informatikkval (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Du vel 30 SP blant informatikkemner, som skal inngå i spesialiseringa. NB! INF109 Dataprogrammering for naturvitskap blir ikkje godkjent som ein del av spesialiseringa i bachelorgraden. | ||||||||||||
| Matematikkval (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Du vel sjølv eit matematikkemne (10 SP), som skal inngå i spesialiseringa. | ||||||||||||
| Valfritt emne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Valemner på Høgskolen i Bergen | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Avansert programvareteknologi (HiB) | - | - | ||||||||||
| Moderne systemutviklingsmetoder (HiB) | - | - | ||||||||||
| Agentteknologier (HiB) | - | - | ||||||||||
| Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB) | - | - | ||||||||||
| Modell-basert programvareutvikling (HiB) | - | - | ||||||||||