Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Er ekstremvêr eit resultat av klimaendringar? Kan all isen på jorda smelte, og kva skjer i tilfelle då? Kva vil globale klimaendringar ha å seie for klimaet i Noreg? Kva har forholda og rørslene i havet å seie for torskebestanden?
Meteorologi omfattar studiet av vêrsystem, fysiske prosessar i atmosfæra, klima og klimaendringar. Fagområdet oseanografi omfattar studiet av ulike fenomen i havet og dei fysiske og kjemiske eigenskapane til sjøvatn.
I både meteorologi og oseanografi bruker vi dei fysiske lovene, slik dei er formulerte i matematiske likningar, for å skildre og forklare fenomen i naturen. For å forstå klimasystemet betre må vi studere dei enkelte komponentane i klimasystemet, for eksempel atmosfæren og havet. For at opprydningsarbeidet etter eit oljeutslepp i Nordsjøen skal bli vellukka, er det viktig å ha nøyaktig kunnskap om straumforholda i området.
Visste du at ...
Ein vassdråpe i havet treng om lag 1000 år på ei runde rundt heile jorda før han dukkar opp att på den same staden neste gong.
Studievegar
- Bachelor
Primærfaga i det treårige studiet er matematikk, fysikk, meteorologi og oseanografi. Informatikk er også eit viktig fag.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i meteorologi og oseanografi.
- Forsking
Stormkast, havstraumar, regnbyger, snøskred, CO2-opptak og hetebølgjer - det er fysikk alt saman. Ved Geofysisk institutt jobbast det med å auke forståinga av korleis naturkreftene driv verda. Ein stor del av forskinga tek for seg spørsmål kring klimaendringar, energi og miljø.
- Sjå også desse studia
Matematiske fag, fysikk, datateknologi, datavitskap, kjemi.
Utveksling
Du kan nytte valfridommen i programmet til å ta eit studieopphald i utlandet. Eitt eller to semester av utdanninga kan gjennomførast ved eit utanlandsk universitet eller ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), som tilbyr fleire emne innan arktisk geofysikk. Bachelorprogrammet har avtaler med universitet i mange land. Det finst tilbod både i Norden, Europa og andre verdensdelar. Her kan du få eit utanlandsopphald som blir integrert i graden.
Sjå http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet for meir informasjon.
Yrkesvegar
Etter å ha teke bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi, får du kompetanse som er etterspurd innanfor bransjar som oljeindustrien, forsking, skuleverket, vêrvarsling og i miljøretta arbeid. Kandidatar med solide grunnkunnskapar i matematikk og fysikk er mangelvare på arbeidsmarknaden. Vi driv grunnforsking i fag som er heilt sentrale for forståing av naturen, og som dessutan dannar grunnlaget for den teknologien som vil bli nytta i framtida. Faga våre er dermed viktige for notidig og framtidig verdiskaping i samfunnet.
For meir informasjon om kva muligheitar ein har med ei utdanning innan meteorologi, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/meteorolog
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Oppstart haust
Mål og innhald
Primærfaga i studieprogrammet er matematikk, fysikk, meteorologi og oseanografi. Programmet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk og matematikk, og gjev studentane god bakgrunn for arbeid i mellom anna forsking, utdanning, forvaltning, vêrvarsling, klima og fornybar energi. Målgruppa for programmet er studentar med interesse for meteorologi, oseanografi og klima. Kjemi er eit viktig støttefag for dei som ynskjer å gå vidare med masterstudiet i kjemisk oseanografi. Fagområdet oseanografi omfattar studiet av fenomen i havet og sjøvatnet sine fysiske og kjemiske eigenskapar. Havet si rolle for klimaet og klimaendringar er også eit sentralt tema. Meteorologi omfattar studiet av vêrsystem, fysiske prosessar i atmosfæren, klima og klimaendringar. I både meteorologi og oseanografi brukar vi dei fysiske lovene formulert i matematiske likningar for å skildre og forklare fenomen i naturen. Ettersom faga nyttar informasjonsteknologi blir informatikk tilrådd som støttefag. Studieprogrammet skal utnytte forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi og geofysikk til å utdanne kandidatar med kompetanse i meteorologi, oseanografi og klima samt danne grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).
Læringsutbyte/resultat
- Kjenne til den historiske utviklinga av meteorologi og oseanografi og kunne kommunisere meteorologi, oseanografi og
klima på ein utfyllande måte
- Forklare matematiske omgrep og anvende matematisk formalisme innan for eksempel analyse, komplekse tal, lineær algebra
og enkle differensiallikningar på geofysiske problem
- Forklare sentrale omgrep i meteorologi og oseanografi, og greie ut om likskapar og ulikskapar mellom desse
- Analysere problemstillingar i atmosfæren og i havet og utføre berekningar ved bruk av den kunnskapen studenten har tilegna
seg innan væskedynamikk, klassisk mekanikk, termodynamik og dataanalyse
- Kjenne til grunnleggjande eksperimentell apparatur og feltaktivitet i meteorologi og oseanografi, og kunne gjennomføra og
formidla tilhøyrande dataanalyse
- Samanfatte laboratoriearbeid i ein skriftlig rapport
- Utføre sjølvstendig prosjektarbeid, og skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapelig praksis
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Innføringsemne
Obligatoriske emne / spesialisering
Krav til bachelorgraden i meteorologi og oseanografi er ei spesialisering på til saman 110 studiepoeng, der 80 studiepoeng består av følgjande emne: MAT112, MAT121, MAT131, MAT212, PHYS111, GEOF105, GEOF110 og GEOF212, pluss
10 studiepoeng blant emna: GEOF210, STAT110, PHYS116, og
10 studiepoeng blant emna: PHYS112, PHYS113 og
10 studiepoeng blant emna: GEOF220, GEOF231, GEOF236. Dei ulike emna er krav for opptak til ulike studieretningare for vidare masterstudium i meteorologi og oseanografi.
GEOF220 er obligatorisk for vidare masterstudium i meteorologi eller klimadynamikk, normalt 6. semester.
GEOF231 er obligatorisk for vidare masterstudium i fysisk oseanografi, normalt 6. semester.
GEOF236 er obligatorisk for vidare masterstudium i kjemisk oseanografi, normalt 6. semester.
Grunna overlapp av innhald, vil berre eit av emna GEOF210, STAT110 og PHYS116 gje studiepoeng.
Tilrådde valemne
GEOF211, GEOF230, MAT213, MAT236, MAT252, MAT253, MAT261, KJEM100, INF100 og INF109. Valemner bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Nokre masterprogram har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 sp på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Oppbygging). Ofte byggjer emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er då oppgitt i Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar.
Delstudium i utlandet
Valfridomen i programmet kan ein nytta for å ta eit studieopphald på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) eller i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar både i og utafor Europa som kan nyttas til å studere eit semester eller to i eit anna land. På Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi har vi i tillegg utvalde samarbeisuniversitet der fagtilbuda passar spesielt godt. Utanlandsopphaldet blir integrert i graden.
Studentar som vel å ta undervisning utanfor instituttet må søkje instituttet ved programstyret om godkjenning for studieopplegg ved undervisningsstad.
Sjå http://link.uib.no/?2WKxK for meir informasjon.
Vurderingsformer
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Yrkesvegar
Etter å ha teke bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi, får du kompetanse som er etterspurd innanfor bransjar som forsking, skuleverket, vêrvarsling, klima, fornybar energi og i miljøretta arbeid. Kandidatar med solide grunnkunnskapar i matematikk og fysikk er mangelvare på arbeidsmarknaden. Vi driv grunnforsking i fag som er heilt sentrale for forståing av naturen, og som dessutan dannar grunnlaget for den teknologien som vil bli nytta i framtida. Faga våre er dermed viktige for notidig og framtidig verdiskaping i samfunnet.
For meir informasjon om kva muligheitar ein har med ei utdanning innan meteorologi, sjå: http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/meteorolog
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Administrativ ansvarleg
Geofysisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@gfi.uib.no
Tlf 55 58 26 04
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Undervisninga i bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi bygger på Fysikk 1+2 og Matematikk R1+R2. Desse faga er ein føresetnad for å følgje tilrådd studieplan. Dersom du ikkje har Matematikk R1+R2 må du rekne med å utvida studietida med eitt år.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
30
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på: uib.no/utdanning
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Læringsutbyte/resultat
- Kjenne til den historiske utviklinga av meteorologi og oseanografi og kunne kommunisere meteorologi, oseanografi og
klima på ein utfyllande måte
- Forklare matematiske omgrep og anvende matematisk formalisme innan for eksempel analyse, komplekse tal, lineær algebra
og enkle differensiallikningar på geofysiske problem
- Forklare sentrale omgrep i meteorologi og oseanografi, og greie ut om likskapar og ulikskapar mellom desse
- Analysere problemstillingar i atmosfæren og i havet og utføre berekningar ved bruk av den kunnskapen studenten har tilegna
seg innan væskedynamikk, klassisk mekanikk, termodynamik og dataanalyse
- Kjenne til grunnleggjande eksperimentell apparatur og feltaktivitet i meteorologi og oseanografi, og kunne gjennomføra og
formidla tilhøyrande dataanalyse
- Samanfatte laboratoriearbeid i ein skriftlig rapport
- Utføre sjølvstendig prosjektarbeid, og skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapelig praksis
Oppbygging
Bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og ei spesialisering på 110 studiepoeng. Spesialiseringa er ein kombinasjon av emne i matematikk, fysikk, meteorologi og oseanografi. Dei siste 40 studiepoenga er valfrie, men for å skaffe deg ein heilskapleg fagkrins vil vi rå deg til å ta emne innan fysikk, geofysikk, informatikk, matematikk og statistikk. For å opparbeide seg kompetanse til å undervise i geofag i den vidaregåande skulen, kan ein nytte valemna til å ta noko geologi.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Innføringsemner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| 3 innføringsemner inngår i bachelorgraden. Du velger mellom to ulike varianter av examen philosophicum, eksamensmodellen eller seminarmodellen. I tillegg velger du mellom to ulike varianter av matematikk, MAT101 eller MAT111 - avhengig av din matematikkbakgrunn fra videregående skole. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOF100 | Introduksjon til meteorologi og oseanografi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | - | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | - | 1 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i meteorologi og oseanografi (krav: 100 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT131 | Differensiallikningar I | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| GEOF105 | Atmosfære- og havfysikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| MAT212 | Funksjonar av fleire variable | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| PHYS111 | Mekanikk 1 | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| GEOF110 | Innføring i atmosfærens og havets dynamikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| GEOF212 | Fysisk klimatologi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PHYS112 | Elektromagnetisme og optikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| PHYS113 | Mekanikk 2 og termodynamikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOF210 | Dataanalyse i meteorologi og oseanografi | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| PHYS116 | Signal-og systemananalyse | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Geofysikkvalg (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Skal du kvalifisere deg for Masterprogrammet i Metorologi og oseanografi? Dei ulike emna er krav for opptak til ulike studieretningar | ||||||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOF220 | Fysisk meteorologi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| GEOF231 | Operasjonell oseanografi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| GEOF236 | Kjemisk oseanografi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 40 studiepoeng | ||||||||||||