Bachelorprogram i geovitskap
Programmet tilbys av
Introduksjon
Tenk på kor viktig olje- og gassutvinninga er for nasjonen Noreg. Eller kor viktig det er å vite noko om samspelet mellom menneskeskapte og naturlege endringar for å kunne forstå og føresjå utviklinga av klima og naturmiljø. Naturkatastrofar som jordskjelv, ras, flom og vulkanutbrot er resultat av indre og ytre prosessar på jorda.
Geovitskap - basert på geologi og geofysikk - tek for seg læra om jorda og jorda sitt opphav, oppbygging og endringane ho har gått igjennom. Faget skildrar og prøver å forklare kva som skjer i jorda sitt indre og ytre, og kva for fysiske og kjemiske prosessar som går for seg på jorda.
Jorda har utvikla seg gjennom 4,5 milliardar år og er i stadig endring. Desse endringane er basert på naturlege (biologiske, kjemiske, fysiske og geologiske) og menneskeskapte prosessar og samspel mellom desse. Gjennom studiet får du kjennskap til desse samspela og prosessane, som har innverknad både på klimautvikling, ulike miljøproblem og leiting etter og produksjon av petroleumsressursar.
Innsamling og analyse av feltdata er svært viktig. Teoretiske og eksperimentelle fag blir derfor kombinerte med ekskursjonar og feltkurs som gjer deg kvalifisert til å løyse samfunnsmessige problemstillingar innan geovitskap.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Innen det som i skolen blir definert som geofag er det to ulike bachelorprogram ved Universitetet i Bergen: Bachelorprogrammet i Meteorologi og oseanografi blir undervist ved Geofysisk institutt (Allégt. 70) og studerer havet og atmosfæren. Bachelorprogrammet i Geovitenskap som her blir omtala, tar for seg den faste jords samansetning og utvikling, og blir undervist på Institutt for Geovitenskap, (Realfagbygget, Allegt. 41). Programmet i geovitenskap gir, i likskap med programmet i petroleumsteknologi, utdanning som blant annet vil vere relevant for petroleumsindustrien.
Programmet gir ei brei innføring i fagets sentrale disiplinar for å oppnå ei forståing av korleis jorda har endra seg i tid og rom på global, regional, og lokal skala. Konsekvensar dei geologiske prosessane har for miljø og klima, samt danning og utvinning av ressursar som olje og gass, er også viktige tema.
Programmet har to studieretningar; geologi og geofysikk. Desse er nær beslekta, og geologer og geofysikere arbeider mot dei samme måla. Forskjellen er grovt sett at geofysikk i større grad nyttar seg av fjernmåling av fysiske eigenskapar som til dømes bølgeutbredelse (seismikk) og magnetiske, gravimetriske og elektriske felt for å studere jorda og dens ressursar, medan geologi baserar seg meir på direkte observasjonar av bergarter og løsmassar i naturen og laboratoriet. Felles for begge er at innsamling og analyse av feltdata er eit sentralt element ved siden av modellering, eksperimentelle og metodiske studiar. Studiet kombinerar ei brei teoretisk plattform med praktisk arbeid gjennom ein rekke felt- og metodekurs der ekskursjonar i inn- og utland inngår som ein viktig del av undervisninga.
Begge studieretningane er basert på eit felles grunnlag i geofysiske og geologiske disiplinar, samt emne i basisfag som matematikk, kjemi og fysikk, og i nokre høve også biologi, statistikk og informatikk. Frå 4. semester vel studentane i geofysikk mellom to ulike fordjupingar som gir ulike emneval; enten mot geofagleg orientert problemløysing eller alternativt ein meir matematisk-fysisk fordjuping mot teori og metodikk.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført bachelorstudiet i geovitenskap skal studentene:
- Ha kjennskap til jordas oppbygging og dynamikk, samt de indre og ytre prosesser som former jordskorpen
- kunne formidle geofaglige ideer, problem og løsninger muntlig og skriftlig til både spesialister og ikke-spesialister
- Kunne tilegne seg og anvende geofaglig kunnskap ut over det lærestoff som inngår i studiet
- Kunne bruke bibliotek og vitenskapelige databaser ved innhenting av informasjon
- Kunne arbeide individuelt og i team for å løse et bredt spekter av geologiske problemstillinger
- Ha kjennskap til de viktigste laboratorie- felt- og IT baserte teknikkene for å tilegne seg og bearbeide geovitenskapelige data
- Kunne anvende sine geofaglige kunnskapar i problemstillinger knytett til ressurser og miljø
- Ha en forståelse for sentrale geologiske disipliner som platetektonikk, sedimentologi og, strukturgeologi
Dersom studentene velger studiretningen innen geologi skal studentene i tillegg
- Kunne anvende feltobservasjoner og kartlegging av bergarter, løsmasser og geologiske strukturer mot å forstå et områdes geologiske utvikling og hvilke geologiske prosesser som har vært aktive
- Ha kjennskap til hvordan geologiske metoder marint og på land kan brukes til å rekonstruere fortidens klimasvinginger
- Kunne gjenkjenne og klassifisere bergarter og mineraler og sette denne kunnskapen i sammenheng med en bergarts dannelse og senere utviklingshistorie
- Kjenne jordens geologiske utviklingshistorie fra arkeisk til kvartær tid
Dersom studentene velger studieretningen innen geofysikk skal studentene i tillegg
- Være fortrolige med de fysiske lover som styrer seismisk bølgeforplantning i jorden
- Være fortrolige med teori og anvendelse for innsamling, prosessering og tolkning av seismiske data
- Være fortrolige med hvordan marin seismikk og andre geofysiske teknikker brukes for å finne- og monitorere utvinning av olje og gassforekomster
- Ha kjennskap til prinsipp for- og anvendelsesområde for de ulike potensialfeltmetodene som benyttes innen geovientskap
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må realfagskravet (REALFA) være oppfylt. Matematikk R1 eller (S1+S2) + Matematikk (R1+R2) eller Fysikk (1+2) eller Kjemi (1+2) eller Biologi (1+2) eller Geofag (1+2) eller Teknologi og forskningslære (1+2)
Tilrådde forkunnskapar
Gode forkunnskapar i matematikk er eit føremonn. Vi tilrår matematikk på 3. klasse nivå. For studiar innan geofysikk retninga tilrår vi Fysikk (1+2). For studiar innan geologi retninga tilrår vi Kjemi (1+2).
Innføringsemne
Innføringsemna som er obligatorisk for studieprogrammet er Ex.phil og MAT111/MAT101
Obligatoriske emne / spesialisering
Krav til bachelorgraden i Geovitenskap er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng.
For dei som vel geologi retninga inneheld spesialiseringa emna: GEOV111, GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV105, GEOV107 og 2 av de 3 emna GEOV106/GEOV108/GEOV109.
For dei som vel geofysikk retninga er de første tre semestra like, men frå 4. semester kan studentane velje mellom to fordjupingar:
For fordjuping i geologisk retning inneheld spesialiseringa emna: GEOV111, MAT121, GEOV101, GEOV112, GEOV113, GEOV102, GEOV104, GEOV107 og GEOV272.
For fordjuping i matematisk retning inneheld spesialiseringa emna: GEOV111, MAT121, GEOV101, GEOV112, GEOV113, MAT131, GEOV254, GEOV276 og GEOV115.
Tilrådde valemne
For studentar som tek den geologiske retninga vert det anbefalt å ta en del basisfag som:
kjemi (KJEM 100, KJEM 110, KJEM 120, KJEM122, KJEM 130 og KJEM 131), matematikk (MAT 112, MAT 121, MAT 212), statistikk (STAT 101, STAT 110), fysikk (PHYS 101, PHYS 111), petroleumsteknologi (PTEK100), informatikk (INF 109) og biologi (BIO113).
For studentar som tek den geofysiske retninga vert det anbefalt å ta en del basisfag som:
fysikk (PHYS101, PHYS111, PHYS113), statistikk (STAT101, STAT110, STAT111), geologi (GEOV103, GEOV105, GEOV108), informatikk (INF109), matematikk (MAT112, MAT236), petroleumsteknologi (PTEK100) og for nokre studentar kjemi (KJEM110, KJEM130, KJEM131).
Elles bør valemna velgast i forhold til planlagt fordjuping og eventuell masterstudium. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachleorgraden.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Det er i dag moglegheiter for delstudiar i ulike deler av verden; Norden (København, Island), Europa (Nederland, Frankrike, Tyskland, Storbritannia), USA (Hawaii, Montana) og Australia. Studentar vert anbefalt å reise ut i 6.semester (retning geologi) eller 5.semester (retning geofysikk). Studium i utlandet krev ein del planlegging, ta derfor kontakt med studierettleiaren på programmet ditt så tidleg som mogleg. Verdt å nemne er Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), som gir moglegheit for studiar i unike geologiske omgivingar. For innpassing av eit eller to semester ved UNIS, ta kontakt med studierettleiar.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Undervisningsmetodar
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Karakterskala for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan geovitskap avhengig av fordjuping. For å bli tatt opp til eit masterprogram skal gjennomsnittskarakter på spesialiseringa i bachelorgraden være C eller betre.
Yrkesvegar
Studiet gir kunnskap og kompetanse som kvalifiserer for ulike yrke. Sentrale arbeidsområde er ressursforvaltning, leiting og utvinning av olje og gass, samt klima og miljø. I skuleverket er "Geofag" eit linjefag i den vidaregåande skulen. Geovitskaplege kandidatar er etterspurde innan forsking (private og offentlege institusjonar), petroleumsindustrien, private bedrifter, konsulentverksemder, offentleg forvalting (kommune, fylke, stat) og skoleverket.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Administrativ ansvarleg
Institutt for geovitskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@geo.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Studieretning | ||||||||||||
| Studieretning i geologi (krav: 180 SP) | ||||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i geologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOV101 | Innføring i geologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| GEOV102 | Ekskursjoner og øvelser i geologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| GEOV111 | Geofysiske metodar | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| GEOV103 | Innføring i mineralogi og petrografi | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| GEOV104 | Innføring i strukturgeologi og tektonikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| GEOV105 | Innføring i historisk geologi og paleontologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| GEOV107 | Innføring i sedimentologi | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Vel minst to emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOV106 | Innføring i kvartærgeologi | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| GEOV108 | Innføring i maringeologi og geofysikk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| GEOV109 | Innføring i geokjemi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 70 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 70 studiepoeng | ||||||||||||
| Studieretning i geofysikk (krav: 180 SP) | ||||||||||||
| Innføringsemne (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Seminarmodellen på ex.phil er primært eitt tilbod til 1.semesterstudentane | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1 | |||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i geofysikk (krav: 80 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| PHYS101 | Grunnkurs i mekanikk og varmelære | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| GEOV101 | Innføring i geologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| GEOV111 | Geofysiske metodar | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| GEOV112 | Den faste jordas fysikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| GEOV113 | Refleksjonsseismisk datainnsamling og prosessering | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| MAT131 | Differensiallikningar I | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 40 studiepoeng | ||||||||||||
| Fordjuping i spesialiseringa | ||||||||||||
| Fordjuping i matematikk (krav: 50 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT160 | Reknealgoritmar 1 | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| GEOV254 | Geodynamikk og bassengmodellering | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| MAT212 | Funksjonar av fleire variable | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| GEOV276 | Teoretisk seismologi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Fordjuping i geologi (krav: 50 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOV102 | Ekskursjoner og øvelser i geologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| GEOV104 | Innføring i strukturgeologi og tektonikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| GEOV107 | Innføring i sedimentologi | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| GEOV272 | Seismisk tolkning | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOV103 | Innføring i mineralogi og petrografi | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| GEOV108 | Innføring i maringeologi og geofysikk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| GEOV254 | Geodynamikk og bassengmodellering | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||