Bachelorprogram i berekraftig havbruk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Kva økologiske og biologiske konsekvensar har ressurs-utnytting som fiske, fangst og oppdrett? Kva er dei økologiske føresetnadane for å halde egg, larvar, yngel og fisk i kultur? Kva er god og kva er uakseptabel velferd for akvatiske organismar?
Havbruksstudiet handlar om ansvarleg forvalting av ressursane i havet og berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Havbruksnæringa er den næringa i Noreg som veks raskast, og både offentlege og private interesser har satsa mykje. Næringa sjølv, og forsking og utvikling som skjer i samband med ho, er peikt ut som eit hovudsatsingsområde for landet vårt.
Studiet i berekraftig havbruk gir grunnleggande kunnskap om og forståing av norske oppdrettsartar. Det blir lagt spesielt vekt på samspelet mellom fiskebiologi, anatomi, fysiologi, ernæring og miljøtilhøve. Du lærer dessutan om norsk havbruksnæring, lovverk og forvalting, og du får innsyn i internasjonalt havbruk.
Visste du at ...
I løpet av studiet får du praktisk erfaring frå oppdrettsverksemd.
Studievegar
- Bachelor
Det treårige studiet gir deg ei brei og grunnleggande biologisk/ naturfagleg bakgrunn og du får innsikt i alt frå naturmiljøet sin kjemi til fysiologi, molekylærbiologi, organismebiologi og mangfald, evolusjon og økologi.I tillegg får du kunnskapar i statistikk og matematikk.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i biologi, eller andre mastergradsprogram som gir spesialisering på marine område, som marinbiologi, fiskeribiologi og forvalting, havbruksbiologi, ernæring og fiskehelse.
- Forsking
Fagmiljøet ved UiB er det største innan marin biologi i Noreg. Her blir det drive forsking på marin mikrobiologi, marin økologi, fiskeriøkologi, marin biodiversitet, utviklingsbiologi hos fisk, havbruk, fiskehelse og kvalitet på sjømat.
- Sjå også desse studia
Fiskehelse, biologi, meteorologi og oseanografi, lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk.
Utveksling
Eit studieopphald i utlandet kan erstatte eller supplere delar av bachelorgraden. Vi har i dag avtaler med fleire universitet i Australia, Skottland, Irland, Chile og Spania. Her vil du få tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Om du vel å studere vidare etter å ha fullført bachelorgraden, er det også mogleg å ta eit utanlandssemester i masterprogrammet i havbruksbiologi.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i berekraftig havbruk kvalifiserer til arbeid i havbruksnæringa. Programmet gir både praktisk og teoretisk kunnskap som kan brukast på fleire nivå i havbruksnæringa.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Oppstart haust. Oppstart haust. Frå og med hausten 2012 legg Institutt for biologi om studieplanen for bachelorgraden i havbruksbiologi.
Mål og innhald
Havbruksnæringa er den næringa i Noreg som veks raskast, og både offentlege og private interesser har satsa mykje. Næringa sjølv og forsking og utvikling (FoU) som skjer i samband med ho, er peikt ut som eit hovudsatsingsområde for landet vårt. Havbruksnæringa har vore, og vil i aukande grad vere bygd på kunnskap. Eit breitt og høgt kunnskapsnivå er naudsynt for å kunne nytte nye artar i oppdrett. Studiet i berekraftig havbruk gir grunnleggjande kunnskap om, og forståing av, norske oppdrettsartar. Det blir lagt særskilt vekt på samspelet mellom fiskebiologi, anatomi, fysiologi, ernæring og miljøtilhøve. Vidare tileignar du deg kunnskap om norsk havbruksnæring, lovverk og forvalting, og du får innsyn i internasjonalt havbruk. Du får praktisk erfaring frå oppdrettsverksemd saman med god innsikt i etikk og velferd hos akvatiske organismar. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar frå relevante område innan allmenn kjemi, biologi, mikrobiologi, biokjemi/molekylærbiologi, statistikk og matematikk.
Læringsutbyte/resultat
Studiet skal gi ein brei plattform i naturfag, biologi og kunnskap om oppdrett, frå generelle molekylære mekanismar til biologien til våre viktigaste oppdrettsartar. Gjennom ei grunnleggjande forståing av basale prosessar i naturen skal studenten kunne tilegne seg og bruke vitskapelig kunnskap og innsikt i ei rekke samfunnsrelevante utfordringar som omfattar naturmiljøet. Kandidatar i havbruksbiologi skal vidare ha solid biologisk innsikt i samspelet mellom miljøet og utvikling, vekst og reproduksjon til viktige oppdrettsartar. Studentane skal likeeins kjenne til, og ha praksis frå utvalde oppdrettsformar, og ha ein oversikt over norske lover, forskrifter og reguleringar innan havbruk. Gjennom studiet skal studentane også skaffe seg oversikt over internasjonal havbruksverksemd.
Ved fullført studium skal ein kandidat
- ha ein brei naturvitskapelig bakgrunn
- være i stand til å bruke utviklingslæra som ein nøkkel til å forstå organismane sine tilpassingar
- kunne lese og forstå vitskaplege arbeid om aktuelle spørsmål innan biologi og havbruk
- ha oppnådd grunnleggjande kunnskap om biologi, anatomi, fysiologi, ernæring og miljøtilhøve for våre viktigaste oppdrettsartar
- ha ferdigheiter i vitskapleg arbeidsmåte som gjør kandidaten i stand til å skrive analyserande rapportar og utgreiingar om spesielle tilhøve innan oppdrett
- evne å løyse problem og oppgåver som krev biologisk innsikt og kjennskap til havbruksnæringa
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Obligatoriske emne / spesialisering
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA). Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Obligatoriske emne / spesialisering
Krav til bachelorgraden i berekraftig havbruk er ei spesialisering på til saman 150 studiepoeng. BIO100, BIO101, BIO102, BIO103,BIO280, BIO291 BIO104, STAT101/110, MOL100, KJEM110, KJEM100/130/202, BIO203, BIO204, BIO205 og BIO206.
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi er obligatorisk i første semester. I første semester inngår óg innføringsemne i matematikk (MAT101/MAT111) og innføringsemne i kjemi (KJEM110/KJEM100). KJEM110 er obligatorisk i bachelorgraden i havbruksbiologi. Studentar som tek KJEM100 i første semester, bør ta KJEM110 i andre semester. Les meir om tilrådde forkunnskapar for kjemi-emna under emneskildringa for kvart emne.
Obligatorisk emne i andre semester er BIO101 Organismebiologi I og kjemi. Dei som har valt KJEM110 i første semester kan velje mellom KJEM202 Miljøkjemi og KJEM130 Organisk kjemi. Det tredje emnet i andre semester er Ex.phil. Versjonen av ex.phil som vert undervist i vårsemesteret er særskilt tilpasse studieprogramma i biologi, og vi tilrår alle som skal studere biologi å ta denne ex.phil-versjonen. Andre ex.phil-versjonar vert óg godtatt i bachelorgraden.
BIO102 Organismebiologi II er obligatorisk i 3. semester, saman med eit emne i statistikk (STAT101/STAT110) og eit emne i fiskesystematikk og -anatomi(BIO280).
I fjerde semester er obligatoriske emne MOL100 Innføring i molekylærbiologi, BIO103 Cellebiologi og genetikk og BIO104 Komparativ fysiologi.
Tredje studieår (3. Haust) gir fagleg spesialisering innan berekraftig havbruk med emna BIO203 Innføring i havbruksbiologi, BIO206 Ernæring hos akvatiske organismar og BIO291 Fiskebiologi - fysiologi. 3. vår utgjør spesialiseringa BIO204 Etikk og velferd hos akvatiske organismar og BIO205 Praksisperiode, lovverk og forvaltning i havbruksbiologi samt et valemne.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Instituttet vil leggje tilrette for studieopphald i utlandet som kan erstatte delar eller supplere delar av bachelorgraden. Dette gjørast fortrinnsvis 3. vår. Vi arbeidar også med eventuelt å leggje til rette for studieopphald i mastergraden i havbruksbiologi.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Vurderingsformer
Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står omtala under kvart einskild emne.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Yrkesvegar
Bachelorgraden i berekraftig havbruk kvalifiserar til vidare studiar og arbeid i havbruk, men kan også nyttast som grunnlag for andre biologiske fag. Bachelorprogrammmet er særskilt tilrettelagt for mastergradsstudie i havbruk, ernæring hos fisk, kvalitet og foredling av sjømat, samt profesjonsstudium i fiskehelse. Bachelorprogram i berekraftig havbruk gir både praktisk og teoretisk kunnskap som kan brukast ved fleire nivå i bransjen.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Administrativ ansvarleg
Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie@bio.uib.no, tlf: 55 58 44 00
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i havbruksbiologi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA)
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Forkunnskapar tilsvarande Biologi 2 og Kjemi 2.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der tallet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
15
Overgangsordninger
Du kan byte studieprogram både haust og vår. På våre nettsider får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Læringsutbyte/resultat
Studiet skal gi ein brei plattform i naturfag, biologi og kunnskap om oppdrett, frå generelle molekylære mekanismar til biologien til våre viktigaste oppdrettsartar. Gjennom ei grunnleggjande forståing av basale prosessar i naturen skal studenten kunne tilegne seg og bruke vitskapelig kunnskap og innsikt i ei rekke samfunnsrelevante utfordringar som omfattar naturmiljøet. Kandidatar i havbruksbiologi skal vidare ha solid biologisk innsikt i samspelet mellom miljøet og utvikling, vekst og reproduksjon til viktige oppdrettsartar. Studentane skal likeeins kjenne til, og ha praksis frå utvalde oppdrettsformar, og ha ein oversikt over norske lover, forskrifter og reguleringar innan havbruk. Gjennom studiet skal studentane også skaffe seg oversikt over internasjonal havbruksverksemd.
Ved fullført studium skal ein kandidat
- ha ein brei naturvitskapelig bakgrunn
- være i stand til å bruke utviklingslæra som ein nøkkel til å forstå organismane sine tilpassingar
- kunne lese og forstå vitskaplege arbeid om aktuelle spørsmål innan biologi og havbruk
- ha oppnådd grunnleggjande kunnskap om biologi, anatomi, fysiologi, ernæring og miljøtilhøve for våre viktigaste oppdrettsartar
- ha ferdigheiter i vitskapleg arbeidsmåte som gjør kandidaten i stand til å skrive analyserande rapportar og utgreiingar om spesielle tilhøve innan oppdrett
- evne å løyse problem og oppgåver som krev biologisk innsikt og kjennskap til havbruksnæringa
Oppbygging
Bachelorprogrammet i berekraftig havbruk inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne, 150 studiepoeng med spesialisering og 10 studiepoeng der du står fritt til å velje fag.
Det siste studieåret gir deg ei spesialisering innanfor havbruk med innføring i emne som havbruk, fiskeernæring og fiskefysiologi. Spesialiseringa vil elles halde fram med ein praksisperiode i havbruksnæringa og undervisning om etikk og velferd hos akvatiske organismar. Det blir også gitt ei innføring i forvalting og lovverket som er knytt til havbruksnæringa.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| Spesialisering i havbruksbiologi - kjemivalg (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| KJEM110 er obligatorisk for alle studentane, og ligg som eit obligatorisk emne i utdanningsplanen din. Alle studentar skal ta minimum 20 sp kjemi. Bortsett fra KJEM110 er kjemiemna valfrie. Organisk kjemi (KJEM130) og miløkjemi (KJEM202) er sterkt tilrådd. Andre kjemiemne veljast etter interesse. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM100 | Kjemi i naturen | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM202 | Miljøkjemi | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i berekraftig havbruksbiologi (krav: 140 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BIO100 | Innføring i evolusjon og økologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| BIO101 | Organismebiologi 1 | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| BIO102 | Organismebiologi 2 | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| BIO280 | Fiskebiologi I -Systematikk og anatomi | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| BIO103 | Cellebiologi og genetikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| BIO104 | Komparativ fysiologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| BIO203 | Innføring i havbruk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| BIO206 | Ernæring hos fisk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| BIO291 | Fiskebiologi II -Fysiologi | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| BIO204 | Etikk og velferd hos akvatiske organismer | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| BIO205 | Praksisperiode, lovverk og forvaltning i akvakultur | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| STAT101 | Elementær statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Valfritt emne (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt eitt emne | ||||||||||||