Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i matematikk

Introduksjon

Introduksjon

Moderne teknologi er utenkeleg utan matematikk, og kunnskap om matematikk er ein føresetnad for å kunne treffe kvalifiserte vedtak om nesten alle forhold i det moderne samfunnet.

Matematikk er eit fag i rivande utvikling. Nokon av dei viktigaste eigenskapane du treng for å studere matematikk, er nysgjerrigheit og trong til utforsking. Som student kjem du til å bli undervist av internasjonalt aktive forskarar som er heilt i fronten innanfor forskingsfeltet sitt.

I løpet av studietida kjem du til å opparbeide deg grunnleggande kunnskapar i matematisk analyse, lineær algebra, abstrakt algebra og topologi. Du kjem også til å få solid kjennskap i å lese og forstå matematiske tekstar og høve til å fordjupe deg i faget ved å skrive eit eige prosjektarbeid.

Når du studerer matematikk ved Universitetet i Bergen, har du stor fagleg fridom. Dette gjer at du kan velje å kombinere matematikk med emne frå andre fagfelt som interesserer deg. Men det betyr også at du kan velje berre å fordjupe deg i matematikk, om det er det du ønsker.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Som matematikar vil du vere i stand til å analysere og løyse matematiske problemstillingar. Dette er kvalifikasjonar som det er bruk for i ei rekke stillingar innanfor mange ulike bransjar. Mellom anna gjer det deg kvalifisert til å arbeide i utviklingsavdelinga ved ei bedrift, innanfor kommunikasjon, finans og teknologi.

Etter studia har studentane våre for eksempel fått jobb i konsulentbyrå som SAFETEC, Det Norske Veritas AS og Oliver Wyman. Fleire har valt å gå vidare med forsking og undervisning på vidaregåande skolar, lærar- og ingeniørhøgskolar, forskingsinstitutt og universitet.

Du må du rekne med å spesialisere deg vidare internt på arbeidsplassen etter fullført grad, men du vil stille med eit betre teoretisk fundament enn mange av kollegaene dine gjer.

Eit naturleg framhald på bachelorstudiet er å gå vidare med ein mastergrad i matematikk. Dette er noko som kjem til å gjere deg betre kvalifisert på arbeidsmarknaden.

Sjå også: http://www.uib.no/math/52574/karriereportalen

Vidare studium

  • Master

Avhengig av val kan eit bachelorprogram i matematikk kvalifisere deg til dei fleste masterprogram i naturvitskap. Om du liker å studere matematikk anbefaler vi masterprogram i algebra, algebraisk geometri, matematisk analyse eller topologi.

  • Forsking

Vi forskar innanfor eit breitt spekter av matematiske problemstillingar: klassiske problem, nye problem som dukkar opp i den rivande utviklinga av matematikken sjølv, og problem knytt til andre felt som moderne teoretisk fysikk.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Kan tileigna seg og anvende kunnskap i grunnleggjande matematisk teori som kalkulus, lineær algebra, algebra, reell analyse og elementær topologi.
  • Kan bruka og greia ut om eit vidt spekter av metodar og teknikkar for analyse og løysing av matematiske problem.
  • Kan gjere reie for teori og korleis denne kan brukast til utvikling av nye metodar og teknikkar.
  • Kan summere opp abstrakte delar av faget.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Meistrer grunnleggjande matematiske felt som matematisk analyse og algebra.
  • Kan bruka metodar frå fleire greiner av matematikk.
  • Kan gå inn i kompliserte problemstillingar, kjenne att struktur og formulere eit problem matematisk, finne fram til eigna løysingsmetodar og tolke løysingane.
  • Kan løyse problem med ulike matematiske teknikkar.
  • Kan argumentere matematisk presist og presentere prov og klare resonnement.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan formulere seg på ein vitskapleg måte, både skriftleg og munnleg.
  • Kan bedømme om eit matematisk argument er korrekt.
  • Kan arbeide sjølvstendig og i gruppe.
  • Demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit.

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorprogrammet i matematikk inneheld 90 studiepoeng med fagleg spesialisering. Dei siste studiepoenga kan du velje frå andre fag, eller dei kan brukast til vidare spesialisering i matematikk.

Dei 90 studiepoenga med spesialisering må oppfylle desse krava:

Ein grunnpakke på sju emne som gir grunnleggande kunnskapar innanfor matematisk analyse, lineær algebra, topologi og algebra.

Eit prosjektarbeidsemne i matematikk, normalt i sjette semester.

Eitt emne i matematikk eller statistikk, fritt val i samsvar med dine interesser og vidare planar.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på nettet: uib.no/math.

Bachelor i matematikk (krav 180 SP)
Exsamen philosophicum (krav 10 SP)
Du kan velje mellom to variantar av ex.phil. Seminarvarianten kan kun veljast i 1. semester.
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–61
Spesialisering i matematikk (krav 90 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAT111Grunnkurs i matematikk I101–61
MAT112Grunnkurs i matematikk II101–62
MAT121Lineær algebra101–62
MAT211Reell analyse101–63
MAT212Funksjonar av fleire variable101–63
MAT220Algebra101–64
MAT292Prosjektarbeid i matematikk101–66
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAT213Komplekse funksjonar101–64
MAT224Kommutativ algebra101–65
MAT242Topologi101–65
MAT243Mangfaldigheiter101–66
Breddekrav (krav 10 SP)
Breddekravet i graden er på 10 Studiepoeng. Bruk gjerne den valfrie delen av graden til å ta fleire emne innan et anna fagområde enn matematikk.
Valfrie emne (krav 70 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 70 studiepoeng
Utveksling
Valfritt
Utenlandsopphold, vår
Utenlandsopphold, høst
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Vi anbefaler å ta eit studieopphald i utlandet i løpet av dei siste to studieåra. Alle fag i bachelorprogrammet er standardfag som finst på dei fleste universiteta.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i matematikk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1 (eller matematikk S1 og S2) og enten Matematikk R2 eller Fysikk 1 og 2 eller Kjemi 1 og 2 eller Biologi 1 og 2 eller Informasjonsteknologi 1 og 2 eller Geofag 1 og 2 eller Teknologi og forskningslære 1 og 2. NB! Fra og med studieåret 2018/2019 blir det endringer i opptakskravet

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga bygger på kunnskap som tilsvarar Matematikk R1+R2.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

About the programme

Søkerkode i Samordna opptak
184862

Les heile studieplanen

Contact

Matematisk institutt

studierettleiar@mnfa.uib.no

55 58 30 30