Hjem

Utdanning

Bachelor

Matematikk for industri og teknologi, bachelor, 3 år

  • Lengde3 år
  • PoenggrenseAlle/Alle
  • Studieplassar15
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng180

Introduksjon

Introduksjon

Dette studieprogrammet passar for deg som vil arbeide med metodar som kan løyse framtidas utfordringar innanfor klimamodellering, medisinsk forsking eller oljeutvinning. Det er også faget for deg som vil jobbe med grøn teknologi.

Matematiske likningar har lenge vore eit viktig verktøy for å forstå verda omkring oss og for å utvikle ny teknologi.

I dag er det ein sterk auke i bruken av matematiske utrekningar på nye fagfelt som medisin, biologi, økonomi og samfunnsfag. Ein konsekvens av dette er at ein må ha djupare forståing av korleis problemstillingar kan formulerast ved hjelp av likningar, og korleis desse likningane kan løysast ved hjelp av datamaskiner. Studiet i matematikk for industri og teknologi gir denne innsikta ved å kombinere matematiske fag med kurs innanfor andre fagfelt, som for eksempel fysikk, informatikk, biologi og økonomi.

Gjennom studiet vil du tileigne deg og bruke kunnskap i grunnleggjande matematisk teori, lineær algebra, differensiallikningar, fysikk, statistikk og programmering. Studiet tek for seg både det teoretiske og metodiske grunnlaget for bruksretta matematikk, og korleis problem innanfor naturvitskap og teknologi kan løysast med matematiske teknikkar og simuleringar.

Som student hos oss vil du få moglegheit til å fordjupe deg innanfor bruksområde som fornybar energi, CO2-lagring, bildebehandling, oljeutvinning og havmodellering.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Kunnskapane du tileignar deg, kan nyttast i vidt forskjellige fagfelt, og du har stor fleksibilitet med tanke på jobbmoglegheiter. Våre studentar har for eksempel fått jobb i industrien (Odfjell Drilling, Statoil, GexCon m.m.), i forskingsinstitutt (Havforskningsinstituttet, UNI Research, Christian Michelsen Research, Nansensenteret), i skolen og ved høgskolar.

Personar som kan rekne og løyse viktige problem, er etterspurde, og dei endar ofte i leiande stillingar etter ei tid. Bachelorprogrammet kan byggast ut med eit masterstudium i bruksretta og utrekningsorientert matematikk eller andre masterprogram.

Sjå også: http://www.uib.no/math/52574/karriereportalen

Vidare studium

  • Master

Studiet leier naturleg til ein mastergrad i Anvend og utrekningsorientert matematikk, men det vil også kvalifisere for fordjuping innanfor andre retningar av matematikk, og gi eit solid grunnlag for masterstudium i nærliggande fag, for eksempel medisinsk biologi, statistikk, prosessteknologi og energi.

  • Forsking

Studiet er knytt til gruppa for Anvend og utrekningsorientert matematikk ved Matematisk institutt. Gruppa forskar innanfor bruksområde som fornybar energi, CO2-lagring, bildebehandling, oljeutvinning og havmodellering, i tillegg til grunnleggande matematiske problemstillingar.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har tileigna seg kunnskap innan grunnleggjande matematisk teori som kalkulus, lineær algebra og differensiallikningar.
  • Har utvikla innsikt i forskjellege utrekningsmetodar i numerisk matematikk.
  • har kjennskap til grunnleggjande metodar i statistikk og informatikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjennomføre matematisk modellering av prosessar i naturvitskap, industri og ressursforvaltning.
  • Kan vurdere modellar og utrekningsverkty med omsyn på bruk innan andre fagområde.
  • Kan bruke metodar for analyse og kvantitativ løysing av matematiske modellar.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere vitskaplege problemstillingar og løyse komplekse problem innan matematikk og programmering.
  • kan formulere vitskaplege tekster på ein hensiktsmessig måte
  • kan arbeide sjølvstendig og i gruppe.
  • Demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit.

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorprogrammet i matematikk for industri og teknologi inneheld 100 studiepoeng med fagleg spesialisering. Dei siste studiepoenga kan du velje frå andre fag, eller dei kan brukast til vidare spesialisering i matematikk.

Dei 100 studiepoenga med spesialisering må oppfylle desse krava:

Ein grunnpakke på åtte emne som gir grunnleggande kunnskap innanfor matematisk analyse, lineær algebra, differensiallikningar, statistikk og programmering.

Eit prosjektarbeidsemne i matematikk, normalt i sjette semester

Eit emne i fysikk, eller eit anna naturvitskapleg emne.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på: uib.no/studieprogram/BAMN-MATEK

Bachelorprogram i matematikk for industri og teknologi (krav 180 SP)
Exsamen philosophicum (krav 10 SP)
Du kan velje mellom to variantar av ex.phil. Seminarvarianten kan kun veljast i 1. semester.
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–61
Spesialisering i matematikk for industri og teknologi (krav 100 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF100Grunnkurs i programmering (Programmering 1)101–61
MAT111Grunnkurs i matematikk I101–61
MAT112Grunnkurs i matematikk II101–62
MAT121Lineær algebra101–62
MAT131Differensiallikningar I101–62
MAT160Reknealgoritmar 1101–63
MAT212Funksjonar av fleire variable101–63
PHYS111Mekanikk 1101–64
STAT110Grunnkurs i statistikk101–63
MAT264Laboratoriekurs i reknevitskap101–66
Valfrie emne (krav 70 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 70 studiepoeng
Utveksling
Valfritt
Utenlandsopphold, vår
Utenlandsopphold, høst
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Valfridomen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa.

Matematisk institutt har for eksempel kontakt med universiteta i byane Heidelberg i Tyskland, Berkeley i USA, Århus i Danmark og Hong Kong i Kina.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i matematikk for industri og teknologi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1 (eller matematikk S1 og S2) og enten Matematikk R2 eller Fysikk 1 og 2 eller Kjemi 1 og 2 eller Biologi 1 og 2 eller Informasjonsteknologi 1 og 2 eller Geofag 1 og 2 eller Teknologi og forskningslære 1 og 2. NB! Fra og med studieåret 2018/2019 blir det endringer i opptakskravet

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga bygger på kunnskap som tilsvarar Matematikk R1+R2.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre finn du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

Om programmet

Søkerkode i Samordna opptak
184555

Les heile studieplanen

Kontakt

Matematisk institutt

Studierettleiar@mnfa.uib.no

55 58 30 30