Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i matematiske fag

Matematiske fag

Introduksjon

Er du interessert i miljø, teknologi, statistikk, finans og forsikring, medisinsk forsking eller berre matematikk for matematikken sin eigen del? Matematikk dannar grunnlaget for gjennombrot på alle desse felta og mange fleire.

I matematikkstudiet vil du lære om bruk av matematikk og matematiske verktøy til modellering av fenomen innan naturvitskap, teknologi og økonomi. Du vil også lære å bruke informasjonsteknologi og å eksperimentere med datamodellar. Utan matematikk ville vi ikkje hatt røntgen, datamaskiner eller teoriane om Big Bang og fundamentale partiklar.

Matematikk er ikkje berre formlar og tal. Det er studiet av korleis ein kan forstå og handtere system som er for komplekse til å hanskast med ved hjelp av anna enn strengt logiske reiskap. For eksempel vil sjølv enkle naturlege fenomen gi opphav til rom med svært mange dimensjonar. Kleinflaska er eit eksempel på eit 2D-rom der det ikkje er forskjell på høgre og venstre (sjå bilete). Topologi er ei grein av matematikk dedikert til å forstå slike rom.

 

Visste du at ...

Den dyraste reknefeilen i norsk historie resulterte i tapet av ein oljeboringsplattform i Rogaland. Det kosta oss fire milliardar kroner.

Studievegar

  • Bachelor

Det treårige studiet har ein felles kjerne innanfor faga matematikk, anvend utrekningsorientert matematikk og statistikk.

  • Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i matematikk, statistikk, fysikk, geofysikk, informatikk, samfunnsøkonomi, energi, biomedisin, prosessteknologi eller reservoarmekanikk.

  • Forsking

Forskinga i fagmiljøet kan delast inn i tre forskingsgrupper: rein matematikk, anvend og utrekningsorientert matematikk og statistikk.

Viktige forskingstema er algebra/algebraisk geometri, matematisk analyse, topologi,hydrodynamikk/havmodellering, industriell matematikk/reservoarmekanikk, bildebehandling, geometrisk integrasjon, reknevitskap, biostatistikk, forsikrings- og finansmatematikk og tidsrekker.

 

  • Sjå også desse studia

Informatikk-matematikk-økonomi (IMØ), fysikk, geofysikk, datateknologi, datavitskap, petroleum- og prosessteknologi, samfunnsøkonomi, lektorutdanning med mastergrad i naturvitskap eller matematikk, adjunktutdanning i matematikk og naturfag.

 

Utveksling

Valfridommen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i matematiske fag vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passer best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.

 

Se http://www.uib.no/math/utdanning/utveksling for meir informasjon.

Yrkesvegar

Utdanning i matematikk kan brukast i mange fleire jobbar enn du kanskje trur. Bachelorprogrammet i matematiske fag kan byggjast ut med masterstudium i fleire retningar og spesialiseringar innan rein matematikk, anvend og utrekningsorientert matematikk, statistikk, energi, petroleumsteknologi, medisinsk biologi og anna, avhengig av fagvalg i bachelorgraden. Med ein mastergrad kvalifiserer du for forsking, leiiande stillingar innan industri og forvaltning og undervisning. Dei fleste av våre kandidatar har fått jobb innan industri, til dømes Statoil og Gexcon, og finans og forsikring, som aktuar i forsikringsselskap. Andre aktuelle arbeidsplassar er Statens kartverk, Det Norske Veritas, Statistisk sentralbyrå, universitet, høgskular, vidaregåande skular og medisinske forskingssentre.

Les intervju med tidligere studenter her: https://www.uib.no/math/utdanning/karriereportalen

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Oppstart haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i matematiske fag er 3-årig (180 studiepoeng). Primærfaget i bachelorprogrammet er matematikk. Målgruppa for programmet er deg med allmenn interesse for matematiske fag, fysikk og naturvitskap. Studiet tek for seg det teoretiske grunnlaget for matematikken, og bruk av matematikk til å modellere fenomen innan naturvitskap og teknologi. Det blir lagt vekt på trening i analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, samt trening i skriftleg og munnleg presentasjon av problemstillingar og løysingar til andre. Du vil elles lære å bruke informasjonsteknologi og å eksperimentere med datamodellar, derfor er informatikk med som støttefag. Studiet gir kvalifikasjonar som er etterspurde i samfunnet. Med trening i bruk av matematisk tankegang og kjennskap til innhaldet i den matematiske verktøykassa vil du stille sterkt i tilfelle du seinare ønskjer å gå over til andre fagområde og problemstillingar, samtidig som du har eit prima utgangspunkt for å fortsette med eit vidare studium i anvend og utrekningsorientert matematikk, rein matematikk eller statistikk.

 

 

 

Læringsutbyte/resultat

Etter fullførd bachelor i matematiske fag skal studentane kunne:

  • bruke eit vidt spekter av metodar og teknikkar for analyse og problemløysing innan dei matematiske faga.
  • meistre teori og korleis denne kan brukast til utvikling av alternative metodar og teknikkar.
  • meistre klassiske matematiske felt som kalkulus og lineær algebra.
  • bruke elementære statistiske metodar og numeriske metodar.
  • ha kjennskap til programmering og overordna kunnskap om korleis datamaskina fungerar.
  • gå inn i kompliserte, praktiske problemstillingar, kjenne att struktur og formulere problemet matematisk.
  • finne fram til egna analytiske og/eller numeriske løysingsmetodar og tolke løysingane.
  • ha gode praktiske ferdigheiter både i generell og meir matematisk programmering.
  • kunne samarbeide, gjerne på tvers av faggrenser, med andre fagspesialistar.
  • kunne formulere seg godt, på ei vitskapleg måte, både skriftleg og munnleg.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).

Meir informasjon finn du her: http://tinyurl.com/opptak

Innføringsemne

Ex.phil, MAT111

Obligatoriske emne / spesialisering

Krav til bachelorgraden i matematiske fag er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng, bygd opp av følgjande emne: MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT131 Differensiallikningar I, STAT110 Grunnkurs i statistikk, INF100 Grunnkurs i programmering, samt eit av kursa MAT212 Funksjonar av fleire variable eller STAT111 Statistiske metodar (MAT220 kan erstatte INF100 om du oppfyllar breddekravet i graden gjennom eit anna emne). I tillegg er det krav om eit prosjektskrivingskurs MAT292, MAT264 eller eit tilsvarande prosjektarbeidskurs av 10 studiepoengs omfang. Det niande kurset kan veljast fritt blant kurs i matematikk og statistikk, men vi tilrår særleg at ein vel kurset MAT160 Reknealgoritmar I (for vidare studiar innan anvend og utrekningsorientert matematikk), MAT211 Reell analyse/MAT220 Algebra (rein matematikk) eller STAT210 Statistisk inferensteori/STAT220 Stokastiske prosessar (statistikk).

 

Tilrådde valemne

Studentane står fritt når det gjeld val av andre emne, men ein bør velje støttefag med tanke på kva som trengst på arbeidsmarknaden, eller med tanke på fagleg retning på det vidare studiet. Valemne bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Sjå nærare under dei einskilde masterprogramma. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.

Rekkefølje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.

Delstudium i utlandet

Valfridommen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i matematiske fag vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passer best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.

 

Se http://www.uib.no/math/utdanning/utveksling for meir informasjon.

Vurderingsformer

Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står omtalt under kvart enkelt emne.

Kompetanse for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Yrkesvegar

Innsikt i matematiske/statistiske metodar har vore, og kjem til å vere, ein føresetnad for grunnforsking i fag som er sentrale for vår forståing av naturen og samfunnet. Framvekst av kraftige datamaskiner med stor reknekraft har ført til at enda fleire fag er blitt storbrukarar av avanserte matematiske modellar. Bachelorprogrammet i matematiske fag kan byggjast ut med masterstudium i fleire retningar og spesialiseringar innan rein matematikk, anvend og utrekningsorientert matematikk, statistikk, energi, petroleumsteknologi, medisinsk biologi og anna, avhengig av fagvalg i bachelorgraden. Med ein mastergrad kvalifiserer du for forsking, leiiande stillingar innan industri og forvaltning og undervisning. Dei fleste av våre kandidatar har fått jobb innan industri, til dømes Statoil og Gexcon, og finans og forsikring, som aktuar i forsikringsselskap. Nokre veljer ein forskingskarriere innan universitet, høgskule eller medisinske forsningssentra. Andre aktuelle arbeidsplassar er til dømes Statens kartverk, Det Norske Veritas og Statistisk sentralbyrå. Du kan dessutan bli faglærar i matematikk på vidaregåande skule ved å byggje på med eit års studium i Praktisk-pedagogisk utdanning etter bachelor eller master.

Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/karriereportalen for informasjon og eksemplar på kva for arbeid ein kan få med ei utdanning innan matematikk.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Fagansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Administrativ ansvarleg

Matematisk Institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@math.uib.no

Tlf 55 58 28 34.

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i matematiske fag.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).

Meir om opptakskravet. http://kortlink.no/U1

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga byggjer på kunnskap som tilsvarar Matematikk R1+R2.

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkarar fekk tilbod om studieplass.

Antall studieplasser

45

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på: uib.no/utdanning

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30

Læringsutbyte/resultat

Etter fullførd bachelor i matematiske fag skal studentane kunne:

  • bruke eit vidt spekter av metodar og teknikkar for analyse og problemløysing innan dei matematiske faga.
  • meistre teori og korleis denne kan brukast til utvikling av alternative metodar og teknikkar.
  • meistre klassiske matematiske felt som kalkulus og lineær algebra.
  • bruke elementære statistiske metodar og numeriske metodar.
  • ha kjennskap til programmering og overordna kunnskap om korleis datamaskina fungerar.
  • gå inn i kompliserte, praktiske problemstillingar, kjenne att struktur og formulere problemet matematisk.
  • finne fram til egna analytiske og/eller numeriske løysingsmetodar og tolke løysingane.
  • ha gode praktiske ferdigheiter både i generell og meir matematisk programmering.
  • kunne samarbeide, gjerne på tvers av faggrenser, med andre fagspesialistar.
  • kunne formulere seg godt, på ei vitskapleg måte, både skriftleg og munnleg.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i matematiske fag inneheld 90 studiepoeng med fagleg spesialisering. Dei siste studiepoenga kan du velje frå andre fag, eller dei kan brukast til vidare spesialisering i matematiske fag.

Dei 90 studiepoenga med spesialisering må oppfylle følgjande krav:

- Ein grunnpakke på sju emne som gir grunnleggande kunnskapar innan matematisk analyse, lineær algebra, differensiallikningar, statistikk og programmering.

- Eit prosjektarbeidsemne i matematikk, normalt i sjette semester.

- Eitt emne i matematikk eller statistikk, fritt valt i samsvar med dine interesser og vidare planar.

BAMN-MATF/Bachelor i matematiske fag
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, høst - -
Utenlandsopphold, vår - -
Innføringsemne (krav: 10 SP)
Seminarmodellen på ex.phil er primært eitt tilbod til 1.semesterstudentane
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
EXPHIL-MNEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Spesialisering i matematiske fag (krav: 80 SP)
MAT220 kan erstatte INF100 om du oppfyllar breddekravet i graden gjennom eit anna emne.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering 1) 10 1-6 1
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 1-6 1
MAT112 Grunnkurs i matematikk II 10 1-6 2
MAT121 Lineær algebra 10 1-6 2
MAT131 Differensiallikningar I 10 1-6 2
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 1-6 3
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT212 Funksjonar av fleire variable 10 1-6 3
STAT111 Statistiske metodar 10 1-6 4
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT264 Laboratoriekurs i reknevitskap 10 1-6 6
MAT292 Prosjektarbeid i matematikk 10 1-6 6
Spesialiseringsval (krav: 10 SP)
Vel eitt emne innanfor matematikk eller statistikk på 10 SP.
Valfritt emne (krav: 80 SP)
Vel fritt emnar som til saman utgjer 80 studiepoeng