Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i molekylærbiologi

ingressbilde

Introduksjon

Korleis ser eigentleg cellene ut? Kva for endringar i cella er det som kjenneteiknar ei kreftcelle? Korleis utviklar eit befrukta egg seg til eit ferdig individ? Er det etisk forsvarleg å endre genane til dyr slik at dei kan produsere medisinar?

Molekylærbiologi handlar om dei biologiske makromolekyla og livsprosessane som desse molekyla inngår i. Vi studerer den molekylære oppbygginga, kjemien og fysikken til DNA, RNA, protein, karbohydrat og lipid. Da kan vi forstå deira plass og funksjon i dei levande organismane.

Studium av molekyl og celler har gitt mykje ny kunnskap dei siste 50 åra. Ein har mellom anna funne samanhengen mellom molekyl og ei rekke sjukdommar, identifisert genane til mennesket, fått kjennskap til fosteret si utvikling og delteke i utviklinga av nye vaksinar.

Molekylærbiologi og biokjemi, som er to sider av det same fagområdet, står i dag heilt sentralt i all biologisk og medisinsk forsking. Biokjemiske og molekylærbiologiske prinsipp blir også nytta innan for eksempel farmasøytisk og bioteknologisk industri.

Visste du at ...

Sjukdommen hypotrofisk kardiomyopati ("HCM"), som forårsakar plutseleg hjartedød hos idrettsutøvarar, kjem av ein mutasjon i genet RYR2. Denne mutasjonen gjer at RYR2-kodar får ein mutert versjon av eit protein, som skapar feil signalisering i muskelcellene slik at hjartet sviktar.

 

Studievegar

  • Bachelor

Det treårige studiet gir deg ei brei innføring i moderne molekylærbiologiske teoriar og metodar. Kombinasjonen mellom molekylærbiologiske emne og kjemi gir deg innsikt i dei biokjemiske/molekylære mekanismane bak biologiske prosessar. Matematikk, biologi og informatikk er viktige støttefag.

  • Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i molekylærbiologi, biologi og eventuelt kjemi.

  • Forsking

Fagmiljøet forskar på protein og deira funksjonar, i frå databasert modellering av strukturar til proteinfunksjon i levande celler. Mykje av forskinga er knytt til kreft og andre sjukdomar, som for eksempel Parkinsons sjukdom. Andre område er forståing av molekylære strukturar og mekanismar i celler sin hukommelse, utvikling av vaksinar mot barnediaré og jakta på ei behandling mot lakselus.

  • Sjå også desse studia

Kjemi, biologi, nanoteknologi.

Utveksling

Valfridommen i det sjette semesteret kan med fordel bli nytta til delstudium i utlandet. Bachelorprogrammet i molekylærbiologi har valt ut tre samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best i din bachelorgrad. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Molekylærbiologisk institutt har avtaler med McGill University i Canada, University of Cape Town i Sør-Afrika og James Cook University i Australia. UiB har i tillegg mange andre utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa.

Sjå http://www.uib.no/mbi/utdanning/bachelorstudent-ved-mbi/utveksling-ved-molekylaerbiologisk-institutt for meir informasjon.

Yrkesvegar

Molekylærbiologar arbeidar innan forsking og undervisning ved universitet og statlege høgskular. Universitetssjukehus og andre større sjukehus sysselset også molekylærbiologar. I tillegg jobbar molekylærbiologar i bedrifter innan til dømes matforsking, oljeindustri, marin forsking, kosttilskot, rettsgenetikk, miljøforsking og medisin. Dei kan òg jobbe i internasjonal farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking. For eksempel har kandidatar med ein grad i molekylærbiologi frå UiB fått jobb i Tyskland, Nederland og Australia. Molekylærbiologar arbeidar dessutan innan administrasjon og undervisning i den vidaregåande skule og i offentlig forvaltning.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i molekylærbiologi er 3-årig (180 studiepoeng).

 

Målet med studieprogrammet er å gi studentane ei brei og basal forståing av molekylærbiologiske metodar og tenkemåtar basert på kjemisk analyse slik at dei lett kan bruka kunnskapen til vidare studiar i biologi, kjemi, biomedisin eller byrje arbeide i eit laboratorium.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført bachelorstudiet i molekylærbiologi skal kandidaten kunne:

  • gjere greie for molekylærbiologifaget sin eigenart og utvikling
  • klargjere strukturell mikroskopisk og makroskopisk organiseringar av biologiske system
  • forklare generelle kjemiske omgrep og samanhengane mellom desse i ein biologisk kontekst
  • utføre enkelt eksperimentelt molekylærbiologisk arbeid
  • gi ei oversikt av viktige molekylærbiologiske og biokjemiske metodar og dei fysikalske prinsippa for desse
  • ha ei forståing for biologisk evolusjon
  • kunne forstå samanhengen mellom genotype og fenotype
  • ha forståing av verdien til bioinformatisk analyse og til ei viss grad kunne utføre slik analyse
  • ha fordjupa seg i nokre sentrale molekylærbiologiske arbeidsområde
  • ha ein viss kjennskap til molekylærbiologiske modellorganismar
  • bruke bibliotek og vitskapelege databasar til å hente inn relevant informasjon
  • skrive eit essay om eit molekylærbiologisk tema
  • formidle molekylærbiologiske tema på ulike faglege nivå opp til bachelorgrad

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).

Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY

Innføringsemne

Ex.phil, MAT101 eller MAT111.

Obligatoriske emne / spesialisering

Bachelorgraden i molekylærbiologi har krav om ei spesialisering på tilsaman 100 studiepoeng i tillegg til 20 studiepoeng innføringsemne og 60 valfrie studiepoeng. Spesialiseringa inneheld 60 sp molekylærbiologi, 30 sp kjemi og 10 sp matematikk eller statistikk.

 

Spesialiseringsemna i molekylærbiologi (60 sp): MOL100 Innføring i molekylærbiologi, MOL200 Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering, MOL201 Molekylær cellebiologi, MOL202 Eksperimentell molekylærbiologi, MOL203 Genstruktur og funksjon, MOL204 Anvendt bioinformatikk.

 

Spesialiseringsemne i kjemi (30 sp): KJEM110 Kjemi og energi, KJEM130 Organisk kjemi og eit valfritt emne i kjemi (10 sp). I første semesteret bør studentar som har liten bakgrunn i kjemi ta kjemikurset KJEM100 Kjemi i naturen. KJEM110 Kjemi og energi byggjer på Kjemi 2 eller fullført KJEM100. Ein kan ta KJEM110 første semester dersom ein er kvalifisert for det.

 

Spesialiseringsemne i matematikk eller statistikk (10 sp): Dette kjem i tillegg til det obligatoriske innføringsemnet i matematikk (MAT101/MAT111), men ellers ein kan velje fritt (t.d. MAT121, STAT101 eller STAT110).

Tilrådde valemne

Dei 60 frie studiepoenga kan vere frå andre fagretningar eller set saman av andre emne enn dei tilrådde. Ein bør velje valemne etter interesse og eventuelt i samanheng med planlagt masterstudium. Nokre masterprogram har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.

Tilrådde valemne i molekylærbiologi er MOL231 Prosjektoppgåve og MOL270 Bioetikk. Andre emne i molekylærbiologi høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6.semester av bachelorgraden.

Emne i kjemi som KJEM131 Organisk syntese og analyse, KJEM120 Grunnstoffenes kjemi, KJEM140 Molekylær fysikalsk kjemi, KJEM210 Kjemisk termodynamikk og KJEM260 Radiokjemi og radioaktivitet kan vere relevante å ta.

Biologiske emne som BIO100 Innføring i evolusjon og økologi, BIO101 Organismebiologi I og andre biologisk emne valt etter interesse.

Emne i matematikk, statistikk, fysikk og informatikk, til dømes INF109 Dataprogrammering for naturvitskap og PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære, kan òg vere nyttig. Sjekk alltid forkunnskapskravet og tilrådde forkunnskapar før du vel valemne.

Rekkefølje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.

Delstudium i utlandet

Studentar kan nytte valfridomen i det 6. semesteret til internasjonal utveksling. Det er i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta litt av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. I bachelorprogrammet i molekylærbiologi har vi i tillegg valgt ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for deg. På den måten har du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Molekylærbiologisk institutt tilbyr tilrettelagte delstudium ved University of Cape Town, Sør-Afrika, McGill University, Canada og James Cook University, Australia. I tillegg har instituttet avtalar med fleire europeiske universitet.

Sjå http://www.uib.no/mbi/utdanning/bachelorstudent-ved-mbi/utveksling-ved-molekylaerbiologisk-institutt for meir informasjon.

Vurderingsformer

Obligatorisk undervising og informasjon om vurderingsformer står omtalt under kvart enkelt emne.

Kompetanse for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Yrkesvegar

Molekylærbiologar jobbar innan forsking og undervising ved universitet og statlege høgskular. Universitetssjukehus og andre større sjukehus sysselset også molekylærbiologar. I tillegg jobbar molekylærbiologar i firma innan til dømes matforsking, oljeindustri, marin forsking, kosttilskot, rettsgenetikk, miljøforsking og medisin. Molekylærbiologar kan også jobbe i internasjonal farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking. Til dømes har kandidatar med ei grad i molekylærbiologi frå UiB har fått jobb i Tyskland, Nederland og Australia. Molekylærbiologar arbeidar dessutan innan administrasjon og undervising i vidaregåande skule og i offentleg forvalting.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Fagansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no.

Administrativ ansvarleg

Molekylærbiologisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@mbi.uib.no, tlf. 55 58 45 29.

 

 

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i molekylærbiologi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).

Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY

Tilrådde forkunnskapar

Vi tilrår at du har kunnskapar som tilsvarar Kjemi 1+2 og/eller Biologi 1+2 og Matematikk R1.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 46,1

Førstegangsvitnemål: 46,4

 

Antall studieplasser

40

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på: uib.no/utdanning

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.mnfa@uib.no

55 58 30 30

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført bachelorstudiet i molekylærbiologi skal kandidaten kunne:

  • gjere greie for molekylærbiologifaget sin eigenart og utvikling
  • klargjere strukturell mikroskopisk og makroskopisk organiseringar av biologiske system
  • forklare generelle kjemiske omgrep og samanhengane mellom desse i ein biologisk kontekst
  • utføre enkelt eksperimentelt molekylærbiologisk arbeid
  • gi ei oversikt av viktige molekylærbiologiske og biokjemiske metodar og dei fysikalske prinsippa for desse
  • ha ei forståing for biologisk evolusjon
  • kunne forstå samanhengen mellom genotype og fenotype
  • ha forståing av verdien til bioinformatisk analyse og til ei viss grad kunne utføre slik analyse
  • ha fordjupa seg i nokre sentrale molekylærbiologiske arbeidsområde
  • ha ein viss kjennskap til molekylærbiologiske modellorganismar
  • bruke bibliotek og vitskapelege databasar til å hente inn relevant informasjon
  • skrive eit essay om eit molekylærbiologisk tema
  • formidle molekylærbiologiske tema på ulike faglege nivå opp til bachelorgrad

Oppbygging

Bachelorprogrammet i molekylærbiologi inneheld 20 studiepoeng innføringsemne og totalt 100 studiepoeng med spesialisering. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng molekylærbiologi, 30 studiepoeng kjemi og 10 studiepoeng matematikk eller statistikk. Dei siste 60 studiepoenga kan veljast fritt (valemne).

BAMN-MOL/Bachelorprogram i molekylærbiologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, høst - -
Utenlandsopphold, vår - -
Innføringesemne (krav: 20 SP)
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-MNEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 1-6 1
MAT101 Brukarkurs i matematikk I 10 1-6 1
Spesialisering i molekylærbiologi - obligatoriske emne (krav: 80 SP)
For bachelor i molekylærbiologi inngår ei spesialisering; denne inkluderar 50 sp molekylærbiologi, 30 sp kjemi og 10 sp matematikk/statistikk (i tillegg til innføringsemnet). Studentar med svake forkunnskapar i kjemi bør velje KJEM100 i første semester, medan studentar med gode forkunnskapar i kjemi kan velje KJEM110. KJEM 110 er obligatorisk for alle studentar på programmet.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM110 Kjemi og energi 10 1-6 1
KJEM130 Organisk kjemi 10 1-6 2
MOL100 Innføring i molekylærbiologi 10 1-6 2
MOL200 Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering 10 1-6 3
MOL202 Eksperimentell molekylærbiologi 10 1-6 4
MOL201 Molekylær cellebiologi 10 1-6 4
MOL203 Genstruktur og funksjon 10 1-6 5
MOL204 Anvendt bioinformatikk 10 1-6 5
Spesialisering i molekylærbiologi - kjemivalg (krav: 10 SP)
Vel eit kjemiemne (10 SP) etter interesse. Alle studentar skal ta minimum 30 sp kjemi. KJEM110 og KJEM130 er obligatorisk for alle, og ligg som obligatoriske emne i utdanningsplanen din.
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM131 Organisk syntese og analyse 10 1-6
KJEM120 Grunnstoffenes kjemi 10 1-6
KJEM122 Syntetisk uorganisk kjemi 10 1-6
KJEM210 Kjemisk termodynamikk 10 1-6
KJEM212 Molekylære drivkrefter - 1-6
Spesialisering i molekylærbiologi - matematikk/statstikkval (krav: 10 SP)
Eit matematikk- eller statistikkemne i tillegg til innføringsemne i matematikk skal veljast i løpet av bachelorgraden. Statistikk er tilrådd, men vel emne etter interesse. Det er og høve til å velje andre emne enn dei som er lista under.
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT121 Lineær algebra 10 1-6 4
STAT101 Elementær statistikk 10 1-6 3
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 1-6 3
Valfrie emne (krav: 60 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 60 studiepoeng